fredag 30. august 2013

Ny rekord i jubileumsmånad!

Greit... dette er ille. Ny rekord er det og trur eg. Eg har ikkje blogga på ein månad, og eg føler for å starte med å seie... Hei bloggen! For det er jo ikkje kva som helst månad vi har gått glipp av... det er jo jubileumsmånaden for mine første blogginnlegg. Det aller første blogginnlegget, då bloggen låg på ein litt annan server, la eg ut torsdag 31. juli 2003, og så følgde eg opp med jamt og trutt blogging etter det. Eg reknar difor august for å vere jubileumsmånaden. Ti år med blogging. Det første innlegget kan du difor lese i boka som feirar dei siste ti åra med blogging; Gi meg en scene! - Norsk blogghistorie. Ti år med med traumer, terror og dagens outfit. Og er det noko som oppsummerar livet i moskeen meir enn det, så veit eg ikkje kva det er. Dette veit de alt om kjære lesarar, for de har jo kjøpt og lest boka allereie, har de ikkje?

Bloggen har vore med meg i tjukt og tynt i ti år, jobbar som har komt og gått, kvinnfolk og andre tragedier... bloggen har vore der. Og det er difor litt trist å vete at bloggen vert så stemoderleg handsama når arbeidet kaller på andre fronter, anten det no er kontoret, undervising og førelesingar, artikkelskriving eller, som i den siste tida, bokskriving. Ja, for vi sitt og febrilsk prøver å hamre ut eit nytt bokmanus som vi skal kaste etter dykk.

Det tyder ikkje at bloggen vert gløymd! Eg har framleis ambisjonar om å skrive meir... eg skal skrive meir! For ti år med skriving er det ikkje lett å ta farvel med... så eg feirer like så godt jubileumsåret med å dra ein rekord. Ein heil jævla månad utan blogging... og det trass i glimrande idear til ting eg kunne ha skrive om den siste tida. Som til dømes dette:
Merk det patriotiske flagget til høgre i biletet.

Eller dette:
Og dette:
Evt. dette:
Eller dette, for den saks skuld:
For ikkje å snakke om at det valår i år, og the usual gang of idiots prøver å overtyde oss om at dei ikkje har tenkt å ignorere alle sine løfter med ein gong dei får sjansen. Av ein eller annan grunn så har vi tenkt å la dei sleppe unna med ramponeringa av landet nok ein gong. Demokratiet veit du.

Så det står ikkje på idear... det står på tid og overskot, men eg lover... det kjem. For ti år med skriving. Det er det tøft å slutte med. Kanskje eg tilogmed skriv noko i morgon? Kven veit?

9 kommentarer:

  1. Ti år med skriving, gratulerer! Alle gode ønske for dei neste ti åra, og for bokprosjektet.

    Hipp, hipp, hurra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ti år til?! Faen... er eg slaven din liksom? Hmsk. Jaja...

      Slett
  2. Gratulerer så mye med jubileet! :) Det er ikke bare bare å skulle få gjort alt man har lyst til innimellom, men jeg håper de andre tingene du har prioritert har vært lystbetonte og givende da!

    Jeg har den på leselista! Bare endel anna som fortsatt ligger foran den i køen... *skamme seg litt* ;) Heldigvis fant jeg den på biblioteket, så da vet jeg i alle fall hvor jeg finner den når tiden er inne!

    http://frdbib.fredrikstad.kommune.no/cgi-bin/websok?tnr=273540

    Ha en finfin høstsøndag, lille ulv! *klæm*

    SvarSlett
    Svar
    1. Den er å finne på ganske mange bibliotek, samt som ebok, så den er ikkje vanskeleg å få tak i. Forlaget druknar vel i eksemplar ;-)

      Slett
  3. Skulle gjerne kjøpt den for å støtte oppunder professorøkonomien din (og fordi jeg tror den er vredt å lese, selvfølgelig!), så vi får se om den blir pressa inn i budsjettet mitt en dag..! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. No er diverre ikkje alle som underviser på eit universitet professor, ei heller har vi professorløn. Ikkje at royalties er noko å skryte av heller. Lån på biblioteket du ;-)

      Slett
  4. Hehe, kanskje enda en grunn til at jeg burde spytte inn litt penger i kassa di? ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Den dagen du vil det, så kjøper du direkte frå meg ;-)

      Slett
  5. Hehe, det skal jeg gjøre!! ;-D Ha ei fortreffelig helg, lille ulv! :-)

    Klæmmer fra Rødhette (som foretrekker Roald Dahls versjon - med pistol i trusa..!)

    SvarSlett