tysdag 10. september 2013

Demokrati er ikkje lett

Det er ikkje lett å oversjå at det har vore Stortingsval att... og vi har fått eit lite regjeringsskifte. Vi har bytta ut ein gjeng med kjenslevare marionettar, med litt kaldare marionettar. Det er iallefall slik eg har fått det forklart. Eg har som dei fleste veit eit litt anstrengt forhold til heile prosessen, eg venter berre på opprettinga av kalifatet.

Eg vil trass alt verte kalif. Eg lover det vert kjekt.

Nokre ting ved valresultata kan vere vanskeleg å forstå, likeså reaksjonane på det. Om ein skal tru Facebook og Twitter har dommedag komen og gått, og at i morgon vert konsentrasjonsleirene opna, og sigøynerane har allereie blitt slakta ned i gatene av brunskjortene frå FrP. Isåfall var dei jævla diskre, for eg fekk det ikkje med meg.

Den største endringa som vi står overfor (ingenting har endra seg heilt enno) er at vår statsminister, Jens Stoltenberg har erklært at han går av. Han har lidd eit nederlag og mista ein handfull mandatar. Han gjev difor stafettpinna vidare til Erna Solberg, som ved hjelp av pondus og bergensk skremmedialekt sjarm har vunne litt fleire mandatar enn ho hadde vunne før. Stoltenberg sitt parti, som ironisk nok (om ein tar hans CV med i vurderinga) heitar Arbeidarpartiet, er etter valet framleis det største partiet i landet og gjev difor frå seg makta. Jens er simpelthen lei. Det er lenge sidan han har smilt så mykje som når han kasta nøklene til statskassa på JarnErna i går. Det varma eigentleg hjartet.

Dei store taparane i valet var visstnok SV og Venstre. Beggje er litt sånn halvgrøne liberale parti som vil at alle skal ha det bra. SV er leia av ein hardbarka sosialist med pappapermisjon, medan Venstre sjeldan eigentleg har noko leiing å snakke om. SV gjekk fullstendig på trynet etter å ha leika regjering med Jens, og klarte såvidt å halde på eit par seter på Stortinget. Venstre derimot dreit seg skikkeleg ut og vann sju nye seter. Og dei grin, og dei grin, og dei grin. Ja, du høyrer framleis rett... Venstre er lei seg fordi dei har gjort eit godt val. Dette kan ein kun forklare med at den manglande leiinga har funne ut at dei vil støtte opp om ei regjering med Siv Jensen og Framstegspartiet... noko dei har gått til val på at dei helst ikkje ville gjere. Dei føler seg pittelitt dumme no. Piskeslaga du høyrer frå naboleiligheita er mest truleg eit venstremedlem som driv og pisker seg sjølv til blods over ryggen. Og det er berre rett og rimeleg... dei bør gjere lit bot for dette. Idiotar.

For kva har dei gjett oss? Denne vidunderlege framtoninga.

Norsk politikk har ikkje sett makan til fruentimmer, eller makan til feiring. Heimbrenten og champagne flaut godt inn i kvarandre denne kvelden då partiet feira eit knustande nederlag, tap på 11 mandat på Stortinget, og difor ein sjølvsagt plass i regjering med JarnErna.

Og slik fungerar altså demokratiet, kjære vener... det største partiet forlet makta, partiet som vinn sju mandat er kjempelei seg, og partiet som tapte 11 feirar og gryler til langt utover natta.

Eg kan forstå det virker litt forvirrande, men eg vonar dette har vore oppklarande for dykk. Eg tar meg ein drink, ser dykk om fire år. MORNA!

12 kommentarer:

  1. Ja, halvstorvettes. Men kva med utjamningsmandattera?

    Anonym kommentarfelt-Svein

    SvarSlett
    Svar
    1. Utjamningsmandottera ligg og utjamrar på loftet med sin beilar.

      Slett
  2. Eg trur ingen andre en matematikarar, meteorologar og byrokraten som skreiv utjamningsmandat reglane, etter hard charter fyll ei mørk natt i september i før kristen tid forstår reglane for utgjamningsmandat

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er veldig enkelt. Det er mandat gjett til parti og dikstrikt som ein har medkjensle for.

      FrP vil få slutt på det. Keine Mietlied für die Distrikt!

      Slett
  3. Rune Rudberg som kulturminister! Olav Thon som finansminister! Bjørn Kjos tar samferdsel. Mullah blir Mullah!

    Tror vi får noen festlige og fine år fremover. Hvis FrP må ta ansvar så går det nok fort på en "SV" og ender opp med å stå utenfor Stortinget og protestere mot sin egen politikk. Verden er vakker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er eit mirakel om denne regjeringa klarar å gå to år utan å implodere i intern krangel. Dette kjem til å verte veldig vakkert.

      Slett
    2. De vet at alt kommer til å bli så meget bedre bare vi får kastet regjeringen. Det gjelder enhver regjering. Med det kaoset som kommer på dingset nå, spår jeg at det blir så meget bedre minst to ganger før vi får sjanse til å sette sammen et nytt stordings.

      Slett
  4. Men, men, hvorfor oppfører Siv Jensen seg som valgvinner? Valget er jo en katastrofe for Frp, i antall mandater.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er vel ei og anna undertrykt kjensle som må ut? Og med 11 tapte mandatar så er det sjølvsagt at partiet må inn i regjering. Hallo? Noko anna ville ha vore udemokratisk.

      Slett
  5. Tja, kan det være fordi at partiet for første gang kan delta i en regjering? I åtte år har de vært stortingets største parti. Nå er de det suverent 3. største. Mer enn dobbelt så stort som nummer 4.

    Kanskje en kunne forvente en smule respekt for andres valg og væremåte?

    Hvordan kan en gruppe mennesker, som representerer politiske partier under og knapt over sperregrensen, påberope seg mer vett og bedre holdninger enn betydelig større grupper? Hvilken livserfaring og kunnskap har disse tilegnet seg, som overgår de andres?

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje ein kunne forvente ein smule leseferdigheiter?

      Utover det ante eg ikkje at denne moskeen representerte noko parti under eller over sperregrensa. Norsk Kalifatallianse har ikkje stilt til val. Vi venter på klarsignal frå Allah.

      Slett
  6. Leseferdighetene tror jeg er rimelig bra, men har dessverre skummet gjennom store mengder av oppgulp, preget av et sårt valgnederlag. Ved første øyekast, virket dette å være av samme kaliber, men ser nå at denne "moskeen" balanserer sine uttalelser og meninger på en grei og humoristisk måte.
    Var mitt første besøk innenfor dørene her, og titter kanskje innom igjen.
    Skal finpusse brillene og skjerpe sansene til det besøket, slik at misforståelser unngås. :-)

    SvarSlett