søndag 12. januar 2014

Den tapte krona av Fiume

Det er altfor lenge sidan eg har belært velsigna dykk, kjære lesarar, med meiningslaus trivia interessant kunnskap om ting de ikkje bryr dykk om de ikkje veit nok om. Særleg ting som er relevant for andre ting som de heller ikkje veit noko om. Ja, det er med andre ord på tide å sette dykk på skulebenken eit par minutt medan eg fortel om den tapte krona. Og då snakkar vi ikkje om hovudpynt, men om valuta. Noreg, Island, Danmark og Sverige har alle krone som valuta. Og det rocker. Alle veit det. Ei krone skal helst ha bilete av ei krone på seg, fordi konger har kroner, og det er kult. Dritkult og kongetøft. På konservativ nynorsk kallar vi kongen for drott, og då vert det simpelthen drottkult eller drottøft, men det er ei anna soge. Eg skal no berre kort presentere dykk for ei anna krone... den kunne til dømes sjå slik ut i 1920:
Dette er altså hundrekoners seddelen for den fiumiske krone, som var gjeldande mynteining i Fiume frå oktober 1919 til september 1920. Altså nesten i eit heilt år. Drottkult. Før det var mynteininga den austerrisk-ungarske krona så klart, men det var jo ikkje aktuelt når fiume vart fristat... og dessutan opphøyrde den austerrisk-ungarske krona å vere gyldig i 1918 eller noko slikt. For de skjønner, etter at austerrike-ungarn vart oppløyst etter den første verdskrig, endte Fiume opp med å verte eit vanskeleg spørsmål for alle nasjonane i området. Alt frå serbarar til italienarar krevde byen som sin, men til slutt var det ein italiensk poet med namn Gabriele D'Annunzio som tilførte situasjonen litt passande politisk estetikk ved å okkupere byen og henge opp hengekøya si der. Og medan krona fungerte fint for han i eit års tid, var det den italienske lira som tok over som valuta medan han var inn og ut av byen dei neste fire-fem åra. Å vere inn og ut var noko han likte veldig godt, og sogene om hans omgang med kvinner fram til sin død som gamal gubbe er det mange av. Det er ikkje lite overraskande at D'Annunzio vert rekna som forfaren og den store inspirasjonen til den italienske fascismen som Mussolini gjorde så jævla populær.

Mindre kjend er det at han perfeksjonerte internasjonale teknikker for å verte mata med druer av unge jenter.

Det fann eg eigentleg berre på, men eg er sikker på at det er sant.

Så no har du lært om krona som berre varte i 11 månadar. Den tapta krona.

Det var alt for i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar