fredag 17. januar 2014

La dei ete kakediagram!

La oss byrje med kaka, prøv å halde følgje på denne tankerekkja folkens. Klamre dykk fast til den raude tråden som om det stod om livet. Her er ein ny historieleksjon.

Vi har alle høyrd om korleis den franske drotninga, Marie Antoinette, i si manglande forståing for folkets liding, skal ha fnyst over at dei ikkje hadde brød og protesterte mot dette. "La dei ete kake", fortel historia oss at ho sa. Dette er sjølvsagt, som det meste av slike forteljingar, særs ukorrekt. Det er korrekt at Marie Antoinette var eit skikkeleg hespetre, med langt mindre bakkekontakt enn til dømes Norwegian sine Dreamliners. Eller... ei hyperaktiv floge, for den saks skuld. Så, ja, ho kunne ha sagt "La dei ete kake", for ho hadde neppe store forståinga for fattigdom og svolt i si samtid. Ho hadde vakse opp utan å mangle noko som helst. Likevel er det feil. For det første så er det korrekte sitatet: "Qu'ils mangent de la brioche”. Altså, la dei ete brioche. Brioche er eit horribelt stykke bakverk som franskmenn til stadig prøver å tvinge på resten av verda. Det inneheld mykje egg og smør, og kan tidvis ta ei form som kan forvekslast med kake. Særleg når dei er flyt med klissete, ekkel krem. Fyttigrisen for noko svineri. Noko som berre understreker vondskapen i sitatet... eg svelt heller enn å ete brioche! Næringsfattig er det og... trur eg. Eg veit ikkje, eg kan ingenting om ernæring.

Ein annan grunn til at ho umogleg kan ha sagt "La dei ete kake", er fordi sitatet vi snakkar om er henta frå ei bok av Rosseau som vart påbyrja då Marie Antoinette var kun 9 år gamal. Sitatet er tilskriven ei anonym frøken på hoffet... men neppe altså Marie Antoinette. Eg mistenkjer ho tilogmed var i Austerrike på tidspunktet, og ikkje ved det franske hoffet.

Men for all del, ho var ei ganske så fæl dame, og det er få som sørger over at ho til slutt vart halshogd av dei revolusjonære jakobinarane. Og dei fleste har jo eigentleg god forståing for korleis kongelege og aristokratar som henne provoserte fram den franske revolusjonen. Ho er ein av dei første tingane ein tenkjer på, når ein tenkjer på revolusjonen.

Kanskje like ofte som ein tenkjer på storminga av Bastillen 14. juli i 1789, som i lag stenderforsamlinga som fann stad samstundes i Versailles, er å rekne som startskotet for revolusjonen. Bastillen var eit berykta fengsel for skurkar som trengte spesialhandsaming. Det vil seie at det aldri var meir enn 40 fanger der samstundes i løpet av 1700-talet, og då i juli 1789 var det berre sju stykk. Kommandanten på tidspunktet var Bernard-René de Launay, og han var, tru det eller ei, fødd på Bastillen. Han var son av den førre kommandanten, og oppdratt til ei karriere som offiser. Allereie som åtteåring vart han utnemnt som æresmedlem av kongens musketerar. Det er eigentleg ganske kult. Synd han satsa på ein ganske rævva karriere, for folk såg ikkje akkurat blidt på Bastillen som symbol på kongemakta. Sommaren 1789 var det dårleg stemning i Paris, og de Launay var smart til å styrke forsvarsverka og få inn forsterkingar av 32 sveitsiske leigesoldatar.

Samstundes var innbyggjarane i byen frykteleg urolege over kva som haldt på å hende i Versailles. Til slutt storma sintre borgarar  Hôtel de Invalides, der kommandanten hadde overgjeve seg og overlatt fleire tusen våpen. Det dei mangla var krutt, så dei vendte seg mot Bastillen som hadde krutt i rikt mon. Opprørarane dukka opp ved Bastillen på formiddagen, deira krav var klart; at de Launey skulle kapitulere festningsverket. Forhandlingane førte ingen veg, og opprørarane myldra inn og la festninga under beleiring. De Launay såg ikkje anna val enn å opne ild mot folkemassen, og dei skaut attende. Forsøk på kapitulasjon i bytte mot at soldatane i festninga fekk gå fri vart avvist, og dette gjorde ikkje forsvararane særleg villige til å leggje ned våpna. Dei hadde eit ess i ermet, dei venta forsterkingar frå lokale hærstyrkar.

Då forsterkingane endeleg kom klokka tre på ettermiddagen, var det ikkje til jubelrop frå de Launay og forsvararane. Dei desserterte og slo seg saman med opprørarane sitt åtak på Bastillen. Frustrasjonen og desperasjonen var til å ta og føle på i det gamle festningsverket. Det vart klarare og klarare for de Launay at det var umogleg å unngå ei massakre om dette fekk halde fram. Kunne han stå ansvarleg for det? I femtida fekk han lurt ut ei melding gjennom porten til opprørarane. Ein lten papirlapp med tilbod om kapitulasjon, om berre hans soldatar fekk gå fri. Dette vart avvist, men kva kunne han gjere? Han overgav seg likevel. Halv seks var storminga av Bastillen eit faktum.

I lag med dei andre forsvararane var de Launay pågripen, og slept ut av Bastillen. Dei vart ført gjennom byen av illsinte menneske som slo, sparka og hetsa. Vi kan lett forestille oss den julinga dei sinte parisbuarane delte ut til sine nye fangar. Ein godt forslått, fortvila og desperat de Launay reiv seg laus og sparka ein av sine voktarar i skrittet, kokken Dulait. “Nok!” skreik han “Drep meg no!”. Han trengte ikkje å be to gonger. Han vart slått i bakken og knivstukken fleire gonger, før dei skar hovudet av hans forslåtte og blodige kropp. Hovudet vart tredd på eit spydd og bert rundt i gatene av Paris.

“Er det eit opprør?” Skal kong Ludvig XVI ha spurd då han høyrde nyhenda. “Nei, det er ein revolusjon!” var svaret til La Rochefoucauld-Liancourt.

Kva gjer ein ikkje for litt krutt?

Ein av dei som storma bastillen og var med på drapet av de Launay var ein skotte med namn William Playfair, ein iherdig tilhengjar av opplysingsfilosofien som inspirerte revolusjonen. Og ein usannsynleg livat statistikar. Forfattar var han og. Han skreiv mellom anna vidunderlege verk som For the Use of the Enemies of England, a Real Statement of the Finances and Resources of Great Britain. Som sikkert vart til stor hjelp for alle som ønskte England vondt (som dei fleste skotter gjer). Etter storminga av Bastillen og revolusjonen var det litt som tyda på at han mista trua på det som foregjekk der og jakobinarane som styrte showet. Iallefall om ein skal tru boktitler som Thoughts on the Presnt State of French Politics, and the Necessity and Policy of Diminishing France, for Her Internat Peace, and to Secure the Tranquility of Europe og, ikkje minst, The History of Jacobinism. Its Crimes, Cruelties and Perfidies: Comprising an Inquiry into the Manner of Disseminating, under the Appearance of Philosophy and Virtue, Principles which are Equally Subversive of Order, Virtue, Religion, Liberty and Happiness. Det var som de forstår, diverre ikkje plass til ein lenger tittel på omslaget. Sjølv om det sikkert hadde vore best. Eg er framleis usikker på kva desse bøkene handlar om. Playfair, må vi rekne med var rettvis i sine omtaler av både England og Frankrike... det ligg jo litt i namnet, eller kva? Playfair... Play fair... leike pent... ja? Ja?... nei, okay, sorry.

Playfair hadde ei veldig omfattande karriere for å hovudsakleg ha vore ein statistiker. Han jobba mellom anna som sølvsmed, handelsmann, aksjemekler, eigedomsmekler og innsatt i fengsel. Desse tingane heng gjerne saman. Det var likevel hans fikling med tal som gjorde han mest kjend. Inspirert av Joseph Priestley sin bruk av tidslinjer nokre år tidlegare, gjorde villmannen Playfair det utrulege... han framstilte talmaterialet sitt med linjegrafer som viste vekst, og samanlikna tallmaterial ved hjelp av... søylediagram! Hans underlege teori var at data framstilt grafisk var langt lettare å forstå, enn berre ramser med tal... tru det eller ei.
Og ikkje nok med det. Mannen kjende verkeleg ikkje sine eigne grenser... for berre nokre få år seinare, truleg med han var på syre eller sopp, fann han ut at brioche... eg meiner kake var godt. Altså godt for å samanlikne data - hovudsakleg deler av det heile. Ja, du ser det, han oppfann, kakediagrammet!

For ein røvar.

Og som de ser, så går det ei line her, frå Marie Antoinette via den franske revolusjonen og storminga av Bastillen og opphavet til kakediagrammet. La dei ete kakediagram, erklærte Playfair, og det gjorde vi pokker meg og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar