torsdag 17. april 2014

Påskeuro i paradis

Det byrja med mumling. Med eit og anna mildt banneord, i løpet av måndagskvelden. Irritasjonen spreidde seg ut på Facebook. Det var fleire, særleg i facebookgruppene til Visjon Norge og nettverka av bedehusa som meinte ein var gått for langt. Tre eller fire protestgrupper vart oppretta før midnatt, og innan klokka tre på natta hadde gruppene blitt splitta på grunn av fraksjonering til minst sju grupper - mykje takka vere overlappande medlemskap med borgervernet i Rogaland og SIAN. Då går det slik det måtte gå.

Tysdagen vart tilbragt på Facebook, der dei kunne hisse kvarandre opp. Då kvelden kom var det ingen veg attende. Fleire hadde tatt seg ut på gatene i Haugesund, Kopervik, Skudeneshamn, Åkrahamn, Kristansand og dei andre metropolane i Bibelbeltet. Andre samla seg for bønnemøter på bedehusa. Kunne herren gje dei råd? Kunne han gje dei eit teikn? Då den første steinen vart kasta, og traff eit drivhus så glaset singla, var nok dét det einaste teiknet dei kom til å få. Steinen fekk selskap av mange fleire, og politiet sleit med å samle inn folk langs heile kyststripa. Til slutt roa gemyttane seg. Mest fordi nokre av dei involverte skulle møte på jobb på Kiwien neste dag - siste dag før påskeferien tok til.

Like heldig var ikkje politiet på onsdagen, då hadde dei verkeleg fått nok, og det brakte laus. Trass av at Solberg-regjeringa innførte umiddelbart portforbod i det rulleteksten på Paradise Hotel byrja å gå, storma folk ut av bedehusa og tok til gatene, med fakler og heilagvatn. Hedningane skulle no faen meg få sitt, og ingen skulle stogge Guds retmessig. Dei hadde blitt håna for siste gong. Politiet la på flukt, og var sist sett i nokre holer langs Hordalandskysten - evt på Solstrand Hotell utanfor Bergen. Haugalandet og resten av Bibelbeltet står no i fyr og flammer. Siste eg høyrde var at dei hadde skutt ned brannslukkingshelikoptre (satans falne engler) og lynsja medlemmer av Human-etisk forbund (hedenske sjeleskjendarar).

Når ulukka er ute, og situasjonen er så ute av kontroll er det lite anna å gjere enn å omfamne etterpåklokskapen. Var det noko vi kunne gjort annleis? Burde vi ha provosert dei slik? Kunne ein ha hindra Mastiff og TV3 i å syne "påskeveke" på Paradise Hotel denne veka når ein visste kor ømtåleg dei kristne gærningane er? Dei ansvarlege hevder dei har ytringsfridom, og rett til å syne kva dei vil. Triana Iglesias slår ut med armane, medan ho sitt med beina i kross og ser med eit ulmande nesten-sexy blikk på nyhendereporteren, og stiller seg uforståande til det ho meiner må vere ein over-reaksjon. 

- Velkommen til påskeveke på Paradise, der vi har rett til å syne at Judas var ein overkåt sunnmøring, Jesus ein litt døll klovn frå austlandet og Barrabas, vel... de kan sjå alle episodane på tv3play.no og gjere opp dykkar eigen meiningen om vår rappande røvar.

- Jesus Christ!, erklærar Ann Mariell og Aurora i kor. Dei har fått synt kor mykje dei kan av bibelhistoria. Ikkje minst at Jesus... han var engelsk, så difor må ein seie namnet hans på engelsk. Jesus Christ, det veit jo alle. Og så var han ein skikkeleg grei fyr å ha på party.

- Skal han ikkje gjere vatn til vin, snart?

Synd han vart tatt av romarane første dagen, etter at Judas sleike han litt på kinnet. Omnomnom. Frelsersveitte.

Til no har Paradise Hotel skuffa sine sjåarar. Det har vore verkeleg dølle greier, med desperate forsøk på å få litt stemning. Narnia-veka fall på trynet fordi ingen hadde sett filmen... eg gjentar... ingen hadde sette filmen. Og så var det Robinson-veka då, då dei skulle klare seg utan sminke i ei veke. Jentene haldt på å gå veggen. Verst var det ikkje å ha sigaretter. Dei røyker mykje desse jentene. Simone er 20 år gamal.

Noko seier meg at røyking ikkje er bra for huden. Rett etter Robinson-veka var det tid for Baby-veka... dei skulle syne oss at dei kunne handtere småbarn. Det... kunne dei ikkje.

Etter alt dette meinte produksjonen at det var ein god ide å la dei gå laus på ein av dei viktigaste kristne høgtidene. Påska, då kristenfolket markerar at Jesu døde på krosset for syndene deira (kristenfolk synder mykje) og stod opp att på den tredje dagen (a-menneske kaller vi det).

Jævla god idè.

Eg har sett mykje blasfemisk i mi tid, men å la nokre av landets mindre begavede menneske prøve å fortolke påskeevangeliet tar ting til heilt nye høgder. Gløym Mohammedkarikaturar, Life of Brian og Pisschrist... Ann Mariell som kliner med ein junkie i bassenget som Jomfru Maria? Søte uskuldige Mats som Judas? Audun som Pontius Pilatus og Aurora som hora Magdalena...? Okay, greit, dei to siste stemmer vel. På eit vis... 

Nei... det var den kristne tradisjonen utradert.

Takke meg til den Stortyske Påskeharen.

God Ostara

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar