tysdag 24. juni 2014

Litt meir Batman

Eg vert jo eigentleg aldri lei av Batman, sjølv ikkje etter at George Clooney ramponerte karakteren. Sjølv ikkje etter at Batfleck vart annonsert. Du har fått det med deg, sant? Ben Affleck skal spele Batman i Superman vs. Batman, oppfølgjaren til The Man of Steel.

Ja, eg har lagt vaken og tenkt ein del på akkurat det. Heile greia. Superman og Batman-kombinasjonar er sjeldan bra. Eg må vere ærleg. Eg likar dei ikkje. Og Ben Affleck? Joda... han er brukandes til mykje rart. Og eg har ikkje noko i mot å sjå filmar med han. Han har faktisk vakse opp dei siste åra og blitt ein dugeleg skodespelar og filmskapar. Men Batman?

Er du sikker?

Jaja, eg likar framleis Batman.

Trass alt.

Batman kunne ha blitt ferska in flagrante delicti med ein eller annan tenåringsgut i spandex, og eg hadde ikkje brydd meg.
Åja, det har kanskje skjedd allereie. Og sjå kor det bryr meg? Eg er kjempeglad for at Batman har funnen nokre gutar å dele livet sitt med. Vicky Vale var ikkje noko å samle på. Vi ha alle vore på henne. Godt for deg. Bruce!

Og godt for deg Bill Finger. Eg er sikker på at det var dette du hadde i tankane då du fann opp Batman og Robin. Eg fekk pittelitt pes i førre innlegg for å ha tilskriven heile Batmanskapinga til Bob Kane. Bob Kane var ein ganske frampå type, og han visste å posisjonere seg, og det er årsaka til at han er kreditert som skaparen av Batman. Han var teiknaren, ja, og sentral i skapinga, men hans originale utkast til denne flaggermusfyren var langtifrå suksessoppskrifta som ein endte opp med. Det var hans ven Bob Finger, teikneserieforfattaren, som tok namnet og skapte ein verkeleg flaggermus av Batman. Ikkje ein superhel, men ein topptrent superdetektiv, både gotisk og sirkusaktig. Og med ein tenåringsgut i sirkuskostyme på slep, joda.

Bok Kane tok ideane og klarte å selge dei, og saman lagte dei nokre av dei formative forteljingane. Dei gjorde det kanskje i lag, men det var Bob Kane som fekk æra.

Slik er livet.

Og det er sabla typisk.

Det er litt som når han der Bjørkelo prøver å ta æra for ting mullaen har gjort, slik han nyleg gjorde på podkasten Udannet. Fysjom for ein fyr. Ein av oss var jo på studenradioen og snakka om Batman òg for ikkje så lenge sidan, du finn opptaket av det på blætunes, eg meiner iTunes.

Det tok ein smule av... orsak til alle barnefamilier som satt og lytta på den søndagen. Det er framleis trygt å bruke ostehøvelen til mat. Og eg dømmer ingen. Ikkje Batman for sin seriepederasteri. Ikkje Tights for å gje meg ein mikrofon.

Eg dømmer ingen.

Joda. Eg gjer det.

4 kommentarer:

  1. Samarbeidet og vennskapet mellom Stålmannen og Lynvingen...jeg mener Supermann og Batman er da en tradisjonell del av DC-universet?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er det... men det tyder ikkje at eg treng å like det.

      Det koker jo ned til forvirring om kven av dei som er på toppen i forholdet, og kven som er botnen. Ja?

      Slett
  2. Det er en teori om at Supermann er USA slik USA liker å seg selv, og Batman er USA sett med utenlandske øyne. Men Batman har bedre smak. 3 primærfarger i drakta? Supermann trenger en stylist.

    SvarSlett
    Svar
    1. I the Man of Steel så har han openbert fått ein stylist... eller blitt kurert for kva enn estetisk liding som plaga han. Batman er New England, Supermann er midtvesten. Døh.

      Slett