tysdag 22. juli 2014

Hello Kalifat

Sommaren er travel, vi jobbar hardt med å oppnå vår draum om å verte kalif istadenfor kalifen. Noko som alltid har vore vanskeleg, då det siste ottomanske kalifatet vart oppløyst i 1924 og den komande mahdien og hans endelege kalifat lar vente på seg. Så klart, ein har jo alltids kalifatet til Ahmadiyyasekta. Eg likar dei. Eg gjer jo det. Deira noverande kalif er den femte i rekkja som har tittelen Khalifatul Masih, etterkomaren av messias, og har hatt hovudsete i London etter at hans forgjengar stakk dit. Og der ligg liksom problemet, kva er vitsen med å vere kalif om heile den muslimske verda er dødsirritert på deg? Ahmadiyya er ei kjempekjekk sekt, det er berre det at dei fleste muslimar meiner dei er hakket for sprø - då dei meiner at Messias dukka opp ein gong i India/Pakistan på 1800-talet. Dei er liksom islam sitt svar på Jehovas Vitner. Smak litt på det. Så nei, det er liksom ikkje den kalifen eg har lyst til å bli kalif istadenfor.

Nei, for å få oppfyllt min draum, måtte først amerikanarane velte Saddam Hussein (AKA Tande P med bart), og destabilisere Irak. Deretter måtte vi destabilisere heile regionen (lett som berre det, hallo), og særleg då Syria. Og så måtte jo sjølvsagt verdssamfunnet la vere å gjere noko for å hjelpe befolkinga i Syria, slik at dei kunne vende seg til sprutsprø islamistar som så klart tilbudte hjelp og ein evig straum av heilage krigarar og martyrar.

Og med det er jo scena satt for ISIS / ISIL å kunne etablere seg i Syria og Irak, og opprette det første skikkelege kalifatet på nesten hundre år og byrje å terrorisere sivilbefolkinga. Spesielt ille har det gått ut over dei kristne i områda dei har okkupert, men du må ikkje tru at rettruande muslimar slepp unna. Den sjølverklærte kalifen si tolking av islam er særare enn ein grinande klovn blant meklarane på Oslo Børs. Såeh... dei må gå.

Og dei har jo ikkje akkurat gjort ein stor jobb i å skaffe seg vener. Sjølv ikkje blant dei andre islamistiske opprørsgruppene i Syria er det store entusiasmen å finne for dei. Ei av dei er Jaysh al-Islam, tidlegare Liwa al-Islam (den islamske brigade), som under leiing av Zahran Alloush er ein gjeng på nesten 50 000 drittsekker. Men dei likar ikkje ISIS / ISIL og deira forsøk på å danne eit kalifat.

Difor har dei hamna på mailinglista mi med informasjonsmaterial om korleis eg skal bli kalif istadenfor kalifen, og korleis det nye kalifatet skal bli.

Eg fortel dette, i all hovudsak, for å forklare dette biletet som har gått sin sigersgong på Twitter.

Som de ser, så har han altså fått ein av dei fine Hello Kitty-notatbøkene med planar for kalifatet mitt, men eg veit ikkje om han har lest det og tatt til vet. Siste eg høyrde så var han framleis ein skjeggete dass, så eg tviler.

Men det er lov å vone. For ein dag, ein dag skal eg bli kalif istadenfor kalifen.

Utan å plage dei kule folka i Ahmadiyya-sekta. For dei er eigentleg berre søte. Med meir sans for humor enn alle jihadistane i Syria lagt saman.


4 kommentarer:

  1. Min teori er at Iznogood allerede har tatt over de fleste kalifater.

    SvarSlett
    Svar
    1. Pfffft. Han er ein amatør. Eg skal lukkast der han tryna!

      Slett
  2. Besøk siden ahmadiyya.no eller alislam.org så vil du finne ekte informasjon Ahmadiyya Muslim Jamaat

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skreiv jo ingenting feil, herr Anonym, men ja, folk må gjerne sjekke ut meir om dei vil.

      Slett