torsdag 9. juli 2015

Eit godt nerdeår

Den som laga dette og som eg har stole den av, har ikkje heilt forstått at eit spørsmålsteikn er eit avgjerande trekk ved spørjande setninger...
Det er godt å vere ein aldrande nerd i 2015. Det virker som om heile verda byrjar å ta oss att. Vi som har vore litt sære og lest teikneseriar, science-fiction og fantasy, vi som har sett filmar med eksplosjonar, effekter og eksistensielle spørsmål eller har spelt rollespel til vi vart blå i trynet. Det kan ha noko med at den generasjonen som gjorde slikt no er såpass gamle at vi kontrollerar produksjonsmidlene.

Nesten alle storfilmane som kjem ut i år er science fiction eller fantasy, basert på bøker eller teikneserier. Og som om ikkje det var nok, dei aller største filmane på lista er: Star Wars, Mad Max, Jurassic World og Terminator.

What's not to like?

Så klart, dette er jo berre toppen av isfjellet kva gjeld remakes, reboots og oppfølgjarar. Noko fortel meg at nokon har gått frykteleg tom for idear der borte i Lalaland.

Og ja, mesteparten av dette vert ræl, men nokre gullkorn er det jo. Mad Max: Fury Road er skikkeleg moro i god 80-tals stil. Den er djup i sin manglande djupnad. Det er biljakt, skyting og eksplosjonar. Filmens store styrke er at han gale Max hamner i skuggen av nye karakterar som er langt meir interessante. Og medan det er openbert at Max er sprø og har gode grunner til det, så bruker filmen aldri tid på å utdjupe det. Kvifor skal ein det liksom? Han treng ikkje noko forløysing. Han har blitt ein naturkraft. Ein motorisert øydeleggjande naturkraft.

Og så fekk eg sett Jurassic World her forleden. Kan ikkje seie eg angrar. Så den mangla litt av sjarmen til originalen, og det var meir ein reboot enn ein oppfølgjar. Dei fortel historia på nytt, med litt heftigare effekter og dinosaurer. Og med litt mindre sjel, men det er mange år sidan eg var grinebitar på kino. Eg lo. Eg lo av absolutt alle dei dårlege kommentarane, og eg rista og skreik kvar gong eit menneske døde på grusomt vis.

Eit lite problem var kanskje at salen var heilt stum. Er det meg det er noko i vegen med, eller er det resten av dykk?

Neste på lista er Terminator. Eg gler meg. Forventar innhaldslaust tullball med Arnold og eksplosjonar. Vanskeleg å verte skuffa då.

Og så er det altså Star Wars til jul. Av Jar Jar Abrams. Eg klarar ikkje å la vere å ha forhåpninger etter den førre traileren.

Men innerst inne veit eg at det går til helvete. Det er Jar Jar Abrams trass alt. Oh well. Det er som med alt anna ved jula - ventetida som er best. Star Wars advent.

Og dette er jo berre nokre av filmane vi kan kose oss med som er supernerdete. Og sjølv om alt er av dalande kvalitet og billige kopiar av mine draumar og fantasiar, så er det i det minste i 3D. Det tel jo for noko.

Det er godt vere nerd i 2015.

Det gjer nesten opp for kor kjipt det var å vere nerd på 80- og 90-talet.

Nesten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar