onsdag 8. juli 2015

Hello Kitty-dryss (og litt satanisme)

For dei som lurar, så veks framleis Hello Kitty-samlinga med stadige dyss av godsaker. Det kjem truleg ein gjennomgang i september-oktober, men eg lover ingenting. Og ja, vi her i moskeen er veldig spente på moglegheita for ein Hello Kitty-film. Det kan umogleg bli dårleg. Det finnes ingenting dårleg som har Hello Kitty-stempelet på seg. Og her i moskeen sett vi pris på alle Hello Kitty-ting vi får tilsendt, samt nyhendesaker som gjeld denne vakre nihilistiske drottninga utan munn!

Keep it coming!

Som nokre kanskje veit, så fyller mullaen år i desse tider, og han har fått ein pose med fine ting frå nokre av landets flottaste barn. Så då må eg nesten dele med dykk!

Hallo? Beste førehandsgåva mullaen har fått på minst eitt år!

Strengt tatt finn vi alt her ein mulla treng for ein vellukka sommar!
For om eg finn ut at eg vil på ein biltur, så treng eg ikkje lenger bekymre meg for å få sol i auga når eg sitt og pludrar for meg sjølv i baksetet. Kvifor har eg ikkje tenkt på dette tidlegare??
Og det er ikkje berre i bilen eg kan henge opp ting! Eg har fått kunst eg kan henge opp i moskeen! No må eg berre finne den perfekte staden for det. Eit fargelagt bilete og eit handteikna bilete. Ekte kunst!
Og når eg er framme der eg skal, så treng eg verkeleg ikkje keie meg! Eg har hoppetau. Kulaste, finaste hoppetauet nokonsinne. Eg klør etter å springe ut på vegen og hoppe litt. Og eg er sikker på at dei kan brukast til å garrotere mine fiendar òg om eg vil... hmm... det burde eg kanskje ikkje fortelje...
Jaja, om det vert mykje søl med garroteringa så har eg alltids to papirduker eg kan leggje fram. Dei fungerar og fint sidan mullaen har veldig mange sølete venner, så no kan han trygt invitere dei på middagsbesøk.

Og når eg har hoppa, garrotert og spist til eg er heilt utslitt kan eg benke meg ned og gjere det eg likar best å gjere om sommaren.
For eg fekk denne nydelege boka som eg har sikla på lenge. Per Faxnelds Satanic Feminism er hans doktoravhandling utgjeven her som ein seks hundre siders murkloss. Og den er signert. Relevans spør du? Kva er ikkje satanistisk feminisme om ikkje å dyrke nihilismens og det store intets gudinne, Hello Kitty! Dotter av Azathoth, Cthulhu og alle universets svarte hol!

Og satanisme matcher desse kjøleskapsmagnetane som ein ungpike donerte til moskeen tidlegare i sommar.
Er ikkje dei søte? Jo, dei er det. Det følgde med tidenes fine flaskebrikker som òg var perla.
Apropos gårsdagens innlegg, liksom. Kva er greia med perling for tida eigentleg? Det virker veldig in. Eg har eit Hello Kitty-perlesett montert i bokhylla, men har ikkje noko bilete av det nett no. Eg har derimot mottatt perla ting tidlegare!

Så kva er greia folkens? Er det noko hipster-opplegg eg ikkje har fått med meg enno?

Eg anar ikkje. Alt eg veit er at Hello Kitty er satanistisk feminisme, og det drysser over meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar