søndag 26. juli 2015

Kunsten å negge, illustrert av barter og ein belgiar.

For ikkje så lenge sidan så spytta underskrivne ut ein artikkel om moderne sjekkekunst. Den er sjølvsagt verd å lese, men eit av dei meir fascinerande konsepta dei såkalla sjekkeartistane fartar rundt med er negging. Ideen om at ein skal seie noko negativt eller halvvegs negativt for å gjere nokon meir interessert i deg.

- Hei du, den genseren var ikkje så fin på deg. Du hadde kledd grønt betre.

Eller, meir klassisk, til kompisen som ditt mål er ute med

- Huff, ho fattar jo ingenting. Du kan pynte henne, men du kan ikkje ta henne med nokon stad?

Dette skal demonstrere din manglande desperasjon og interesse (dette skapar jo så klart interesse), og så skal det sjølvsagt slå beina under sjølvtilliten deira slik at dei vil ønskje at du stadfester deira verdi i løpet av samtala.

Og whatnot.

Det er ikkje særleg imponerande teoriar som ligg til grunn, sjølv om det kan fungere. Dersom du er morosam eller har sjarm. Alt fungerar om du er morosam og har sjarm. Som meg. Ditt nek.

Og så må du jo sørge for at mottakaren er open for det. At de beggje er i marknaden for det same, og forstår kva som foregår. Om ikkje står du berre å fornærmar nokon.

Og det er ikkje så sabla kult om mottakaren er den underdanige forhaldet og alt han eller ho vil er å bli sett, og rørt ved. Avogtil er alt som skal til ein klem eller at ein imøtegår ein berøring. Fleire potensielle romanser har grunnstøtt her. Årsaka kan vere så mangt, mild autisme eller at ein er belgisk, men resultatet er det same, at eins utkåra vert utilsikta forsmådd. Ingen har skildra dette betre og meir empati enn Agatha Christie:

Hastings strekk seg her ut mot sin partner, eit varsamt teikn på at han ønskjer Poirot si hand, hans berøring, hans hud mot sin. Poirot snappar opp signalet, og den lille kokette berøringen av håret hans er eit steg i riktig retning sjølv om det gjer han forlegen. Poirot har som du forstår misforstått det diskrè signalet litt og vel å eskalere sjekkesituasjonen med ein neg for å demonstrere verdi. Han går laus på det kjæraste ein mann har, hans andletshår og gruser slik det siste av sjølvtillit Hastings har. Hastings halter derifrå med eit grøss. Han føler seg uelska. Ikkje berre det, umogleg å elske, for hans bart er patetisk. Ikkje ein prydgjenstand slik Poirot fortener i sin partnar.

Og slik held det fram, i bok etter bok, den evige dansen mellom Poirot og Hastings. Der Hastngs den evige subdominante elskar prøver å vinne gunst hjå den lite empatiske Poirot som trur han må kue Hastings ytterligere for å forføre han. Bøkene om Poirot er kanskje ein av dei betre demonstrasjonane av kor fånyttes negging er, som ein kan finne i homoerotisk kanon.

Og den subtile dansen gjev jo det heile eit litt ekstra pirrande aspekt enn den ein er vant med frå andre homoerotiske verk, som Batman.


8 kommentarer:

  1. Denne lille belgieren med de fint manikurerte neglene og alle skrullefaktene slår ut negativt på gaydaren. Det blir for tilgjort, figuren bare later som han homser. Mulig det er for å ikke knuse stakkars Hastings fullstendig, men jeg tviler litt.

    SvarSlett
    Svar
    1. No får eg inntrykk av at du først og framst tenkjer på serien, der David Suchet til ein viss grad overdriver den campye homofilien til Poirot. Agatha Christie var så klart meir subtil i sine homoerotiske skildringer.

      Slett
    2. Beskrev ikke Christie han som aseksuell i en av bøkene?

      Slett
    3. Du må lære deg å lese mellom linjene. Då ho skreiv bøkene kunne ho ikkje gå rett ut og erklære Poirot som homofil. Nei, han måtte vere ein "confirmed bachelor". Ikkje sant?

      Slett
  2. når vi er inne på homsing, det skrevne ord og sånt er det litt deilig å lese en artikkel i dagens blabla:
    http://www.dagbladet.no/2015/08/03/nyheter/nidarosdomen/kirken/40393563/
    Skjønt etter å ha fått bakgrunnshistorien virker det litt søkt å anta dette som en kjærligheterklæring slik det gjøres i artikkelen, virker mer som åttitallets apeberg (dadada er homoseksuell, han vet det ikke selv, men er det likevel) har røtter tilbake til 1200 tallet. Reint nidskriv, på god linje med et Gaaaay fra dagens maskulinisiter på fjasbok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Alle store forfattarar og latrinialistar vil jo på eit eller anna tidspunkt berøre homoerotikken. Det er berre å sjå på denne bloggen, her skjer det heile tida.

      Slett
    2. Latrinen er for lite anerkjent som medie for seksualundervisning.

      Slett
    3. Eg er glad eg har studiepoeng i latrinalia, ja.

      Slett