tysdag 7. juli 2015

Mullaen ranter om Star Wars og Tie Fighter


Okay, folkens! Tillat meg å nerde litt. Berre pittelitt.

Dei av dykk som held ut med mine lange skrivepauser for tida, har kanskje fått med seg at eg likar Star Wars.

At eg er... ein Star Wars-nerd. Og ja, eg gler meg faktisk til Jar Jar Abrams sin nye Star Wars-film, og filmen som kjem til neste år. Dette trass i at det er rimeleg store sjanser for at det kjem til å verte rævva. For kvatid klarte eigentleg Jar Jar Abrams å gjennomføre noko? Gode idear i massevis, men så tryner det, som med Alias og Lost. Eller så berre drit han i alt og lagar Star Trek. Eg mistenkjer at verdas Trek-fans har satt ein pris på hovudet hans no.

Men Star Wars. Det er lite som kan øydeleggje med ideen Star Wars hjå ein ekte fan. Det er barndomsminner. Og barndomsminner er anten veldig sarte (og knuser når du påpeiker at det er noko litt creepy og pedofilt over Jul i Skomakergata) eller så er dei sterke og umogleg å knuse (Kva meiner du Star Wars Christmas Special? Aldri høyrd om. Eksisterar ikkje. Og om det eksisterar så er det superbra!).

Star Wars vart ikkje øydelagd då eg såg julespesialen nei, eller Ewok-filmane, eller Ewok-serien... eller Droids. Star Wars vart ikkje øydelagd av dei nye filmane, sjølv om enkelte personar (I'm looking at you Darth Whiney!) gjorde sitt beste for å besudle historia. Ikkje ein gong då Lucas solgte heile sulamitten til Disney og dei fann ut at ingenting i bøkene eller teikneseriane eller... ja... noko som helst lenger var offisiell Star Wars-historie, vart barndomsminnene øydelagd. Star Wars er Star Wars. Skjønar?

Greitt, eg sporar snart av, så det er på tide å hente seg inn. Det eg vil fram til er noko av det kjekkaste eg veit ved Star Wars. Ved sida av historia og herlege karakterar, ein mytologi og moral som ein kan drøfte til ein vert blå i trynet, så er det jagerflya. Ikkje minst imperiets Tie Fighters.

X-Wingar, Y-Wingar, A-Wingar, B-Wingar, Millenium Falcon og alt dette andre er bra, men det er noko med Imperiets Tie Fighters som suser over skjermen som gjev meg gåsehud. Enkle, enkeltmannsskip, utan skjold, utan oksygen og utan høve til overlyshastighet. Dei er det perfekte symbolet på Imperiets militære filosofi og menneskesyn - i enno større grad enn dei mangfaldige stormtroppane dei kastar på alle problema sine. Korleis? Jo, dei satser på kvantitet og overveldande makt framfor anna - med ein dæsj fryktinngytande biletbruk.

Ein Tie Fighter pilot treng ikkje å overleve: dei har tusen til. Skipet treng ikkje å vende attende, dei er billige å produsere: to enkle motorar og nokre kanonar. Og likeeins - kva i all verda skal piloten med oksygen?

Ikkje berre er dette effektiv ressursbruk, men det motiverar pilotane til å gjere sitt beste. For ein liten feil, ein manøvreringstabbe og *poff* så er karriera over. Dei fleste stryk med i sin første kamp. Dei som er gode overlever kanskje fleire, men berre dei beste overlever lenge nok til å verte forfremma ut av jagerflyet.

Eg seier ikkje at det er så veldig humant av Imperiet, det er berre effektivt. Og det må ein jo respekterte.

Dei av oss som likar desse flya kunne på nittitalet kose oss med ein romsimulator som fokuserte på Tie Fighter-pilotar. Det heitte simpelten Tie Fighter og er eit av dei beste spela nokon sinne gjeven ut. Slik er det med den saka.

Herregud, då! Berre sjekk den introen. Eit solid stykke awesome der. Akk, ja. Dei lagar ikkje slike spel lenger.

Heldigvis finnes det alternativ for oss eldrande nerdar med fast inntekt og laust vet. Mullaen har difor byrja å samle på figurar til X-Wing Miniature Game. Eit strategispel frå Fantasy Flight Games der ein styrer skvadroner av X-wingar og andre skip - deriblant Tie Fighterar  i kamp mot kvarandre. Vi snakkar om eit solid sugerør ned i moskeens finanser.


Ja, det ser ikkje så spennande ute her og no, men pokker det er gøy. Altfor gøy.

Og så frykteleg, frykteleg nerdete. Eg føler eg regresserar mentalt kvar gong eg pakkar ut ein figur og byrjar å pønske på korleis eg skal bruke det.

Det er litt slik som dette:

Berre ikkje heilt. Okay? Mitt indre manchild fryder seg. Ungkaren i meg tenkjer at det er noko alvorleg i vegen.

Men det er Star Wars. Det er Tie Fighterar. Det er automatisk kult. Mitt indre manchild vinn.

Det indre manchild er på frifot. Og har kontroll på lommeboka.

Oh well. Så no kan de sikkert lure på kva som fekk meg til å fortelje alt dette? Og bryte alle regler for god struktur av tekst. Er eg sponsa? Får eg pengar for dette? Nei... eg er enklare enn som så. Eg snubla over ein film, ein vidunderleg liten amatøranimasjon av YouTubebrukaren OtaKing77077. Han brukte 4 år på å lage denne filmen inspirert av spelet Tie Fighter og japansk animasjonsfilm. Og den er belønning nok for å ha lest så langt i teksten.


No skal eg gå og byggje Star Wars-Lego. For mitt indre manchild har transcendert behovet for å ha nevøen sin i nærleiken for å gjere det.

Kva likar du best ved Star Wars? Og kor fritt er ditt manchild?

5 kommentarer:

  1. Fri som ein ungdom som jagar vomprats over sanddynene på Tatooine i sin T-16 Skyhopper.

    SvarSlett
  2. Mitt indre manchild er dessverre litt plassbegrenset. Jeg har for tiden LEGO Ultimate Collector's-utgaver av Millenium Falcon, Executor, Lambda Shuttle og B-Wing liggende fremdeles i esker (i tillegg til at madammen har en R2-D2), samt at Star Destroyeren og Dødsstjernen er halvveis demontert i flyttekasser. Jeg har rett og slett ikke plass i leiligheten til å stille ut disse praktverkene på en verdig (og kattesikker) måte :(

    Når det gjelder mine meninger om TIE Fighter (og den medfølgende musikken), så er bare å bla litt tilbake i G+-historikken min.

    SvarSlett
    Svar
    1. Finnes det ikkje noko du kan kvitte deg med då? Treng du til dømes bilete av familiemedlemmer? Eller frukstskåler? Eg veit ikkje, men eg mistenkjer at du ikkje prioriterar Star Wars legoen din høgt nok.

      Gje den til meg!

      Slett
    2. Jeg tenker det er en bedre løsning å bare kjøpe seg større bolig.

      Slett