torsdag 3. desember 2015

Det er ikkje storleiken det kjem an på, men...

Okay, vi har ikkje noko anna val enn å halde fram med å opne luker i denne kalenderen då. For dei som måtte lure, nei, vi har ikkje fått dette sponsa eller blitt bedt av nokon som helst til å gjere det. Visstnok vil Lego og Disney at vi helst aldri skriv noko om dei. Så er det ute av vegen. No har vi vore så heldige å få ein underleg liten skiff i luke ein og Sarlaacglufsa i luke to, så eg er så klart veldig ivrig på å finne ut kva som er i luke to.

Som vil vanleg er det heilt openbert i det ein har opna luka,
Ja, sant? Nei, kanskje ikkje. Men alt vert faktisk mykje tydlegare når ein har bygd skiten denne gongen. Berre sjå her!
Det er ein liten stor robot! Ein veldig liten, veldig stor robot. Det er iallefall det eg trur. Eg kan ikkje hevde at eg attkjenner den. Gjer du?
Kva robot er eigentleg dette? For det er ein robot, sant? Ein liten fjernsyrt ein! Den har jo antenna og alt! Kva heiter den?

KONKURRANSE: Den som kan gje oss det beste svaret på kva robot dette er vil få ein heilt ekte premie*. Kross på halsen! Legg svar i kommentarfeltet.

Det som forvirrar mest er jo så klart storleiken. For om du ser på skiffen frå luke ein, så er den ca. like stor.
Og det får ein jo til å lure på om nokon prøver å kompensere for noko, eller om Jabba var ein langt mindre kar enn vi skulle tru. Kanskje han burde slutte å gå med horisontale striper? Dei får han til å sjå feit ut. Det same gjeld jo eigentleg sandglufsa sjølv, den mektige Sarlaacen. Eg tviler på at du hadde fått plass til denne roboten ned i hølet der. Og kvifor er den svart? Er det ein diskré rasistisk referanse? Skam dykk lego! SKAM DYKK!

De veit det er jo ikkje storleiken det kjem an på, men kva i all verda det er du prøver å stappa inn i Sarlaacen...

* Premien må hentast personleg i moskeen.

6 kommentarer:

  1. LIN Demolitionmech robot.

    https://starwarsataglance.files.wordpress.com/2014/06/250px-lin-demomech_negtd.jpg?w=268&h=300

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette stemmer. Hugs å hente premien din i moskeen.

      Slett
  2. At horisontale striper gjør at folk ser feite ut, stemmer ikke. Påstanden om at horisontale striper virker slankende, stammer fra et eksperiment som fysikeren Hermann Von Helmholtz ved med å tegne kvadrater av horisontale og vertikale striper.

    Mennesker oppleves ikke som kvadrater (see what I did there), og Von Helmholtz sine resultater kan dermed ikke nødvendigvis overføres direkte til klær. Inn kommer Peter Thompson, som i 2011 publiserte fire forsøk (1) for å se om Helmholtz-effekten var relevant for mennesker. Men, det viste seg at på menneskelige former, så gjorde *vertikale* striper at modellen ble oppfattet som 10.7% bredere enn samme modell med horisontale striper. Forskjellen var også signifikant.

    At Mullahen tror på en slik utdatert konfeksjonsmyte, må tilskrives hans bakgrunn i fagområder som stort sett omhandler eventyr, samt hans avsky for noe som minner om kvantitative metode og kvantifiserbare størrelser i forskning.

    (1) http://ipe.sagepub.com/content/2/1/69.full.pdf+html

    SvarSlett
    Svar
    1. Striper gjer deg feit, tjukken. Berre spør Jabba.

      Slett
  3. Du later som du bygger starwarslego, men alle kn jo se at det der er en spiceminer. Kjeften på sandormen som du har i nederste bilde bekrefter jo det hele.

    SvarSlett