torsdag 17. desember 2015

Det er Tom Egeland, jo!

Det knirker og knakar i hovudet. Blogge? Skrive? Julekalender? Ikkje gå på kino og sjå the Force Awakens som ein bøling med fanboys? Javel, ja... då får vi vel opne luke nummer 17 og sjå kva som gøymer seg bak den.

Vedder på at det er legoklosser. Fatt mot, det er berre ei veke att med desse innlegga no og folk har slutta å lese for lengst. Forventingspresset er ikkje like sterkt med andre ord.
Det var legoklosser gitt, men ikkje kva som helst klosser! Det er jo, Tom Egeland!
Det var på tide at Tom Egeland, den norske krim- og barnebokforfattaren fekk seg ein eigen Star Wars legofigur. Rart det der, hadde eigentleg venta at det skulle ha hend for lenge sidan. Og greitt, det står ingen stad at det er Tom Egeland, og eg har alltid trudd at han hadde skjegg sjølv under innspelinga av Empire Strikes Back, men dette er detaljar. For meg er denne figuren offisielt Tom Egeland.

Og ikkje Arve Juritzen. Sjølv om han og var med.

Og det burde du vete. Tom Egeland og Arve Juritzen var beggje med som soldatar i Empire Strikes Back. Det var John Ratzenberger som spelte Cliff i Cheers òg, men det er liksom ei anna soge.

Internett vil påstå at dette er eit bilete av Tom Egeland under innspelinga. Det hevder iallefall sida eg stal den frå (Tilgje oss kven enn som eig det originale).
Så kanskje legofiguren hadde rett i at Tom Egeland ikkje hadde skjegg. Dette er bra. Etter at Jawaen og Marlon Bolletryne vart drept av einsam stormtrooper tidleg i kalenderen har det ikkje vore så mykje action utanfor Imperiet, så kanskje dette er eit Nytt Håp for opprøret?

Eller kanskje ikkje!
No kjem stormtrooperen og IG-88 for å ta deg Tom Egeland! Spring! Spring snøggare enn vinden.

Eller som ein A-Wing!
Oj oj! Dette vart spennande! Vil du vete korleis det går med Tom Egeland? Følg med i mullaens julekalender i morgon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar