måndag 7. desember 2015

Det kunne ha vore ei hytte i skogen

No har det offisielt gått ei veke med julekalenderopning, og vi byrjar alle å verte skikkeleg lei. Eller kva? Det er jo grenser for kor mykje vi kan skvise ut av dette konseptet. Sakl vi verkeleg klare sytten slike innlegg til? Det er mykje som tyder på at vi knekk lenge før den tid. Men vi gjev ikkje opp av den grunn. Uansett kor stor tabbe dette er, så må vi fullføre. Det er slik vi får nye fjær i hatten!
Så turar på og bryt oss inn i luke nummer sju, vel førebudd at vi får noko ewok-relatert etter gårsdagens brutale paradigmeskifte. Så kva vert det? Ein ewok? Ein speeder? Ein busk? Luka er knekt opp, og det vi finn er dette.
Kanskje ikkje overraskande, men det var ei lita plastpose med legoklosser. Dette stemmer overeins med tidlegare erfaringer. So far so good. vi er meir uroleg for den julekalender som inneheld små plastposer med melis eller noko som vi fekk av ein av moskeens rettruande. Vil han at vi skal bake? Kva er greia, liksom?

Vi smeller kjapt saman figuren. Og avslørar med ein gong kva det er.
Dett er så klart eh... ei hytte i skogen, i trærna... eller noko slikt. Ein essensiell del av ein kvar Ewok-landsby. Dei er jo eit fredsælt folk som lever eit liv i pakt med naturen. I skauen. I tretoppane.

Vel, kanskje ikkje så fredsælt, om dette er eit tre med ei hytte eller to, kvifor er arsenalet deira nesten like stort?!
Vi tenkjer umiddelbart at imperiet ikkje heilt forstod kva slags våpengalne bamsar dei hadde med å gjere. Dette er jo ganske foruroligande. Og så fekk jo imperiet godt merke kor stor tabbe det var å undervurdere desse folka då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar