torsdag 10. desember 2015

Ikkje stuttvokst, men...

Ålrait! Moskeen har mottatt eit hopetal med sinte mail og SMSar fordi vi utelot biletet av posen med legobitar i går, så her er altså dagens pose eter lukeopninga.
Alle er nøgde no, sant? Og om du ikkje ser kva dette skal bli, så har du strengt tatt ingenting her å gjere. Dette er openbert ein av dei mest ikoniske figurane i heile Star Wars-serien. Ved sida av Darth Vader, så er dette ein av dei viktigaste grunnane til at Imperiet er tøffare enn toget. Vi snakkar sjølvsagt om dei kjekke, kvitkledde stormtrooperane. Og dei er ikkje stuttvokste, nei! Ikkje noko ewok eller jawa no, nei!
Åååååh. Det sitrar litt når mullaen ser på den. Vert du ikkje fyllt av eit behov for å ha tusen av desse og invadere nærmaste småby? Eller Sveits? "Vi er eit fredeleg land, og vi har ingen våpen!" PRÆHÆHÆ! BOOM!

Men det er noko i vegen her. Kva er det kjære stormtrooper?
Ja, vi skjønar, vi skjønar. Sjå kor sint og skuffa han er. Forargra tilogmed. Vi forstår han godt. Han har jo ikkje våpen. Korleis skal stormtrooperen stormtroope om han ikkje har våpen. Du kjem berre så langt med å marsjere fram og attende, avogtil må ein vifte med våpen og skyte på nokon. Sjå kor stilig våpendings dei nye stormtrooperane har då!
Åååå! Dei er så store og tøffe!  Okay, seier du kanskje, men dette er ikkje lego. Lego skal ikkje ha våpen! Jammen! Sjå kva andre legotrooperar får då!
Korleis skal han klare å halde stand mot slemme ewokar om han ikkje har våpen?
Stakkars jævelen er jo heilt forsvarslaus. Og sjølv dei pokkers jawaene har jo våpen, lånt av Marlon Bolletryne!
Dette er simpelten urettvist.

Send klagebrev til nærmaste ombud og lego. Dette er eit stygt ubalansert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar