onsdag 9. desember 2015

Katapult, katapow!

I dag er det ein merkedag. Ikkje berre fordi det berre er ei veke til The Force Awakens har premiere i Noreg, men fordi vi ikkje tok eit bilete av posen med lego i Star Wars Lego julekalenderen då eg opna den. Har du sett ein pose med lego, så har du sett dei alle... og du har sett åtte av dei i denne føljetongen.

Om det er vanskeleg å sjå for seg at vi opna luke nummer ni utan å sjå dette biletet, så foreslår eg at du lukker auga og latar som om du ser det.

Så kan resten av oss kasta oss over det som faktisk skjulte seg bak luke nummer ni. Eg vart så spent då eg såg instruksjonane på innsida av luka. Eg såg med ein gong kva det var! Det var ein ewok-katapult! Dei er stilige!

Yeah! Dette vert awesome!

...

Joda, det ser jo... nesten likt ut? Likar at dei har dekorert den med ein liten buskvekst. Er sikkert spesialdesigna av The Knights who say Ni!

Som vi har oppdaga allereie, så har kven enn som lagar dette eit litt underleg forhold til perspektiv og mengden våpen ein ewok bør ha.
Ikkje at eg klagar på katapulten så klart. Denne virker jo! Eg kan faktisk skyte legoklosser med den! Sjå her!
AAAAAARGH

Greitt! Sikte betre neste gong... faen heller, kva er dette for noko? Kven vil gje eit så farleg våpen til denne psykotiske gærningen?
...

Nemleg. Tøffare våpenlover no, slutt på katapultar til psykotiske ewokar.

4 kommentarer:

  1. “We are no longer the knights who say Ni! We are now the knights who say ekki-ekki-ekki-pitang-zoom-boing!”

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett