laurdag 5. desember 2015

Sandkryper?

Så var vi komen til luke fem. Fem dagar inn i adventstida, og fem luker inn i Star Wars Lego julekalender-dekninga vår og alt byrjar å virke ganske einsformig og repetetivt, ja? Innlegga går som så; vi opner ei luke tar eit bilete av det som er der, vi skriv at vi ikkje veit kva det skal forestille. Vi bygger det, seier kva det er eller at vi framleis ikkje anar kva det er. Gjer narr av storleiken og kjem med ei diskré seksuell referanse. Det er så enkelt at de kan gjere det sjølv. Strengt tatt burde de alle gjere det sjølv, men det gjer de vel ikkje? For de har ikkje vore dumme nok til å svi av ei lita formue på denne kalenderen.

Ein kan jo lure på kvifor vi gjorde det. Vi er kanskje ikkje så smarte. Vi er iallefall ikkje smarte nok til å slutte, sjølv om vi veit kvar det går hen. For vi opna luke nummer fem i dag tidleg og der fann vi...
Vel, først av alt så fann vi legoklosser då, men det var jo ikkje så lett. Vi måtte rive opp luka, og det var like før det reiv deler av katalogen og. Kven er det som har bygd dette? Skal ikkje julekalender vere enkle å opne for born? Jaja. Vel, av bitane å døme skal vi byggje noko som er brunt og oransje. Det kan vere ein babybæsj, kanskje? Evt Jabbabæsj? Det ser ut som å vere eit Tatooine-tema på denne kalenderen, så kvifor ikkje? Eller banthabæsj. BANTHA-POODO! som dei seier så pent i Phantom Menace.

Men nei, det var det ikkje, det var sjølvsagt køyretøyet til gårsdagens Jawa!
Ein sandcrawler! Eller sandkryper som eit bra norsk namn hadde vore. Desse store rare tingene dei tøffer rundt i og lagrar stjålne robotar i. Du ser jo likskapen, ja?
Yes! Nett slik ser det ut.
Eg har alltid trudd at dei var litt... øøøh... jamnare på toppen, men tydlegvis veit Disney og Lego betre enn mine barndomsminner, så vi køyrer på. Vi har fått ein sandkrypar til vår Jawa! UTINI!
Om vi no berre klarte å laste ombord roboten han har stjåle, gudane veit kvar den skal få plass... jaja, alt går vel med vald og vaselin. Så her lever vi i vonet.

Men kvar i all verda skal sjåføren sitte? Skal vi olje inn jawaen og dytte han inn? Eller...?
Aha!

Ja, det såg jo forsvarleg ut. Trur nok vi vil få Trygg Trafikk på nakken no, men dei er kanskje i ei seinare luke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar