fredag 4. desember 2015

Utini!

Her hadde vi satt av god til å snakke om kva vi fann bak luke nummer fire i Star Wars Lego-kalenderen, og så er alt vi klarar å seie... UTINI!

Sjekk her då!
For første gong i denne kalenderen er det synleg med ein gong kva dette er for noko. Den berre spratt ut av luka og UTINI!

PEEEOW! BZZZZT!

Ja? Jaaa?

Jammen, sjå då!
UTINI!

Alles favoritt skraphandlar og robotnappar, jawaen er å finne på Tatooine der dei sel brukte robotar og anna skrot til bønder og whatnot. Dei likar å gøyme seg, kviskre uforståeleg og gaule UTINI når dei skyt robotar som har gått seg vill i audemarka. Noko som må skje ofte sidan dei har ein heil Sandcrawler full av defekte vrak som dei har fanga.

Og viktigst av alt, jawaer rocker. Dei er små, dei er rare og dei sprett ut av bakken. Litt som dei underjordiske, yes?

Eg sa at dei var små sant? Rart at dei er like store som skiffen til Jabba då...

UTINI!

2 kommentarer:

  1. "... har ein heil Sandcrawler full av defekte vrak som dei har fanga."

    Byt ut Sandcrawler med moské, og du har ei heilt grei skildring av Mullahen?

    SvarSlett