onsdag 2. desember 2015

Vi opner ei luke til

Etter gårsdagens lukeopning har vi neppe noko anna val enn å halde fram. Fleire vart sittande i undring over kva i all verda dette kunne vere. Det var faktisk ikkje berre mullaen som undra seg.
Meir observante menneske kunne sjølvsagt meddele at dette er Jabba sin skiff frå Return of the Jedi. Ein Bantha II frakteskiff med namn Khetanna for å vere nøyaktig. Og når dei seier det, så er jo det openbert.
Så klart. Heilt openbert. Det som og er heilt openbart er at vier omringa av heilt sinnssjuke nerdar. Alvorleg tala. Sjå på det då. Korleis kunne vi sjå det heilt umiddelbart?! Det kunne jo ha vore ein Bantha I frakteskiff, sant?! Den til...eh... onkelen til Jabba... og kva i all verda er ein skiff, eigentleg?! Det er ein liten båt. Ein robåt. Ser dette ut som ein fuckings robåt? Sjølv ikkje verdsrommet er dette ein liten båt! Det er jo ei frakteskute, med segl! Helvete altså.

Jaja, vi roer nervene med å opne luke nummer to, greitt?
Det er heilt openbert kva dette skal bli til, ikkje sant? Det skal vere ei... platting? Neida, vi bygger, og kva får vi?
Vagina dentata! Dette har vi sett før! The stories I could tell...

Neida! Ser du ikkje kvar det er? Dette kan vi! Denne forstår vi! La oss hjelpe dykk, vi tar den jævla skiffen frå i går og plasserar på den openbart tiltenkte staden. Den blanke dingsen som ikkje ser ut til å ha ein funksjon!
Tadaaaa! Det er jo sarlaacgropen i the Jundland Wastes (TA DEN NERDJÆVLAR)... du veit der dei har tenkt å dytte Luke oppi fordi han er frekk med sneglen. Yeah! I win!

Eller sagt på normalt språk! Det er Vagina dentata, ei glufse med tenner i ørkenen. No gler eg meg til neste luke. Det bør vere noko fallisk noko, då vert dette den beste julekalenderen nokon sinne. Your father's lightdildo.

5 kommentarer:

  1. Svar
    1. Det kan hende eg må gjere opp for den manglande skrivinga i år. The mullah is back bitches... kanskje.

      Slett
  2. Måhr! Givv øss måhr!!

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett