Viser innlegg med etiketten Datateknologi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Datateknologi. Vis alle innlegg

søndag 12. september 2010

Telefonskifte

Ein kontortelefon frå gamle dagar.
Det er ikkje meir enn tre år sidan vi fekk hendene våre på det som virka som ein særs avansert telefon. Det var ein businesstelefon frå Nokia, med ein meir eller mindre strategisk plassert knapp for gruppesamtaler. Ein knapp som aldri vart brukt. Då eg først fekk den, nytta eg eit blogginnlegg (som eg no har lagt inn i arkivet her) på eit lite studie av denne avanserte saka som lovte meg viagraspam på bussen til jobb. I dei tider pendla eg, og var særs avhengig av å ha tilgang på mail og anna medan eg slava i veg i det private. For i det private har det private intet rom, så om eg skulle halde kontakta med folk per mail i arbeidstida - så måtte eg jommen ha ein mobiltelefon å gjere det på. Så difor fall Nokias E65 i god smak - trass små tastar, og litt dårleg plassert ringetast. Vant til den vart eg, og særleg tekstmeldinger gjekk suverent. Kven treng å sjå på tastaturet når ein kan det inn og ut? Med Nokia E65 kunne eg gladeleg spankulere ned gata, med armane til sida, medan mobilen vart tasta på med tommelen utan at eg trengte å gje den eit blikk før eg trykte på sendknappen. Oh happy days.

No har tida komen for å slå opp med Nokia. Finnane har tent meg bra, og eg har vore vel nøgd med mine tasteskillz, men er det ikkje på tide å gå vidare? Det er 2010, og vi føler oss klare for HTC. Slik som ungdommen har. Mykje pengar vil vi ikkje bruke på slike nymotens ting, vi går varsamt inn i det nye forholdet, usikker på om alt stemmer og om det vil vere så komfortabelt som vi er vant med. Så vi satsar på denne søte lille saka, ein HTC Wildfire.
Ein hip og ungdommeleg telefon

Ein pitteliten datamaskin er det, med allskens små spel og program. Og ikkje minst ein nymotens touch-skjerm, av den typen som alle kule telefonar har i dag. Faktisk har den ikkje ein einaste knapp, utanom av-og-på, og lydkontroll. Og ja, ein knapp til kamera. Der Nokia prøvde å gøyme vekk ringetasten, har denne telefonen ingen. For alt er touch. Toucha-toucha-touch me, I wanna feel dirty, skrik telefonen til meg. Eg køyrer det gjennom Google-translate appen og får resultatet; ta-meg, ta-meg, ta-meg, bruk meg som et luuuder.

Eit lite problem med å skulle bruke min nye telefon som eit ludder er jo at desse touchskjermane, er jo at dei openbart er designa for bruk av sarte små pikefingre. Ikkje mine akademiske syltelabbar. Så i mine vandringar gjennom kontaktlister og applikasjonar i forsøk på å forstå ting, ender eg sjølvsagt opp med å starte ein heil del program og rinnge opp folk i hytt og pine. Særleg når eg satt og finjusterte sambandet mellom mi gamle kontaktliste og tilhøyrande Facebookprofilar, samt Twitterkontoar. Nesten meir styr enn det er verdt, men no er det gjort.

Vi gjer eit ærleg forsøk på å forstå den nye telefonen. Og der vi før var kjempeglade over å kunne køyre gmail på mobilen, kan ein køyre langt meir tullball på Google sitt operativsystem, Android. Ja, for det er ikkje nok med Facebook og mail. Eg må ha strekkodelesar, for det kan vere nyttig ein dag. Eg må ha stjernekart og ein eigen Youtubelesar! Eg må ha lommelykt og Star Wars-lydar. Og ikkje minst, eit lite program som hindrar meg i å ringe folk berre eg er borti skjermen.

Det er ei fascinerande reise, og eg finn mykje rart til mitt nye leiketøy... men det eg ikkje finn, er ein hendig knapp for gruppesamtaler. Det kjem eg sikkert til å få bruk for, trur de ikkje?

tysdag 31. august 2010

Livet i 8 bit

Når livet passerar deg i revy, er det ikkje best at det gjer det i 8-bit? Då Gud først skapte verda var det trass alt i dette formatet. Og det var slik det var meininga at det alltid skulle vere. I Edens hage var alt i 8-bit. Og ein dag vil det verte det att. Så smak på livet i  8-bit.

tysdag 15. juni 2010

Snikmordareane sitt brorskap på årets fesjå

Ein av årets viktigaste hendingar er i gang, og dette opptar såklart mullaen og han sitt låst til skjermen for å få med seg kvar einaste detalj. Dette påverker sjølvsagt hans evne til å forfatte sine daglege fatwa, men frykt ikkje han har dykk alle i tankane, trass det enorme sirkuset framfor han. Ja, vi snakkar sjølvsagt om E3, den store internasjonale messa for elektronisk som no går av stabelen. Her vert det demonstrert nye spelmaskiner, og fabelaktige nye spel, som etterlet mullaen siklande i skjegget.

Her har det vore mykje godteri, og sikkert mykje som interesserar hans lesarar, men det som tida har visst opptar litt over gjennomsnittet av lesarane her, er Assassin's Creed. Og igår fekk vi vårt første reelle glimt av framhaldinga av Assassin's Creed 2; Assassin's Creed Brotherhood. Ta ein kikk då, det er veldig pent;

Ja, ein fin video... men du lurar vel kanskje på korleis spelet ser ut i aksjon? Og kva med den mykje omtala multiplayerbiten? Vel, mullaen har deg dekka, på dette området òg.

Om du vil sjå meir kos, er det berre å sjekke ut scenepresentasjonen, der dei spelte gjennom byrjinga av spelet og snakka om innhaldet.

Elles er det berre å melde at det er mykje snasent på E3 i år, og vi er som alltid litt svimmel under denne veka. Kan eg får ein Kinect no?

søndag 26. juli 2009

Ein skikkeleg stiv ein

Det er ikkje måte på kva dei får til å lage i disse tider, det føles av og til som vi faktisk endeleg er ankomen i framtida.

Ta denne fjernkontrollen frå Panasonic til dømes. Den er laga av ein merkeleg gele, som ligg slapp og pulserande mesteparten av tida, men når den innebygde sensoren merkar eit menneske, meir presist, ei menneskehand, så stivner den til og er klar for bruk.

Fascinerande er det ikkje? Det minner meg om noko anna, eg kjem berre ikkje på kva. Eg lurar på kvar dei har fått inspirasjonen til dette, og om teknologien kanskje kan nyttast til andre "hushaldningsapparat".

onsdag 25. mars 2009

OnLive... snasent?

Eg er som dei fleste normale menneske glad i dingsebomser. Nye, skinnande gjenstander eg kan plassere i stova eller på kontoret og som gjer noko fancy. Det er likevel sjeldan eg total forelskar meg i potensialet til eit produkt før det i det heile tatt ser dagens lys. Likevel, sjå på dette då folkens, om dei klarar å levere desse varane så er det litt for bra.

No er det ikkje alle mine lesarar som er like glade i spel og denslags moro som det eg er, men dette har potensial til å snu opp ned på både marknaden og korleis vi tenkjer rundt spel. Maskinvare har lenge vore ein flaskehals på brukarsida. Og ein lukrativ ein. Spel har dreve spelinteresserte til å investere i ny og betre maskinvare jamnleg. Ein må det om ein skal ta del i spela som kjem ut dette året, eller til neste år. Og der har det vore mykje pengar å hente. OnLive forbigår heile den prosessen.

Om det fungerar altså.

Det store spørsmålet er: vi som har ein PC (og alt anna av speldingsar i huset), treng jo eigentleg berre å laste ned eit lite program til maskina... men er eg rar om eg har lyst på den dingsebomsen òg? Den var så liten og søt jo! Og eg lurar allereie på - kan eg få den i Hello Kitty-variant?

Les meir her.

tysdag 24. mars 2009

Ada Lovelace, dotter av Lord Byron

Det er kanskje ikkje særleg originalt å skrive om Ada Lovelace på dagen dedikert til henne. Formålet med denne dagen er at bloggarar verda over skal framheve ei kvinne viss bidrag til teknologisk utvikling ein har bitt seg merke i. Her er det fleire å velje mellom, gode kandidatar. Og med over 1500 bidragsytarar vil ein nok få dekka ein del av dei. Så kvifor vil eg skrive om den mest opplagte dama, og ikkje til dømes Madamme Curie eller nokon andre? Fordi eg likar henne. Fordi om nokon spør meg om namet på ei kvinne som verkeleg har bidratt til den teknologiske utviklinga, så er ho den første eg vil nemne. Og fordi eg tykkjer historia rundt henne er minst like interessant som historia om hennar bidrag.

Kven var dette fruentimmeret? Ho vart fødd Augusta Ada Byron den 10. desember 1815, og var det einate anarkjende og ektefødde barnet til George Gordon Byron, poeten kjend som Lord Byron, og hans kone Anne Isabella Milbanke. Ada gifta seg i 1935 med William King, første jarlen av Lovelace, og ein av hennar matematikklærarar, men det er hennar vennskaplege forhold til Charles Babbage som gjer at ho i dag er så kjend som ho er. Ho korresponderte over lengre tid med Babbage om hans idear og tankar rundt det vi i dag kallar datamaskiner. Om henne skreiv han:
Forget this world and all its troubles and if possible its multitudinous Charlatans — every thing in short but the Enchantress of Numbers.
Ho var blant dei få som forstod Babbage sin Difference Engine, og den foreslåtte Analytical Engine som diverre aldri vart bygd. Til sistnemnte skreiv ho det allar første dataprogrammet, og ho er difor rekna som historias første programmerar, på tross av at maskina ho programerte for ikkje vart fullført.

Denne historia er velkjend, og det vil nok vere ein del som skriv om akkurat dette i dag, og om ikkje kan du alltids finne informasjon om denne sida av hennar liv ein annan stad. Min kjærleik for the Difference Engine og the Analytical Engine til side, så har eg alltid vore fascinert av Ada Lovelace sitt forhold til far hennar. Denne viltre og virile poeten, Lord Byron, kjend som litt av ein skandalemakar i si tid, og ein viktig del av ein større litterær krets. Han var si tids Ari Behn, dersom Ari Behn hadde hatt hans talent.

Lord Byron var litt av ein rundbrenner, som utnytta sin posisjon til å forføre sosietetens unge piker. Og dette er årsaka til at det er dei som meiner at han var den sanne inspirasjonen til Dracula-karakteren. Han var sjølv til stade den mørke og stormfulle aftenen i dei sveitsiske alpene der mellom anna Frankensteinmonsteret vart kokt opp, og hans livlege, Polidori, fantaserte fram den moderne, adlege vampyren.

Ada Lovelace sin far var med andre ord ein driftig kar. Når han ikkje skreiv romantisk poesi, forførte unge piker eller generelt sett skapte skandaler var han, som ein god Lord skal vere, involvert i styre og stell av det britiske imperiet. Og han valte mellom anna å kaste seg inn i spørsmålet om luddittane som herja dei britiske øyene på dette tidspunktet.

Inspirert av soga om Ned Ludd, som knuste veven sin, gjorde luddittane opprør mot den industrielle revolusjon. Dei dreiv ikkje berre aktiv sabotasje av industrien, men dei tok til våpen og gjekk laus på sjølve fabrikkane. Og på eit tidspunkt var det større hærstyrkar i kamp mot dette opprøret, enn det var i kamp mot Napoleon på kontinentet. Og medan luddittane i dag har blitt eit symbol på, og har gjeve namn til, det å gjere motstand mot det teknologiske framsteget så var ikkje dette hovudklaga deira mot den industrielle revolusjonen. For med nye industrielle produksjonsmetoder følgde òg ein ny økonomi, den moderne marknadsøkonomien befesta seg no i England, og prisen på varer vart no bestemt av etterspurnad og kostnad i produksjon, og ikkje i tradisjon. Ikkje lenger var prisen som den var, fordi det var det ein alltid hadde betalt. Dei som dreiv tradisjonell produksjon tapte slik i kampen mot masseproduksjonsteknologien. Og dette hadde òg ein innverknad på arbeidsmarknaden. Og det var dette, like mykje som teknologien i seg sjølv, som luddittane aksjonerte mot.

Då alt kom til alt måtte staten få bukt med luddittane ein gong for alle, og det vart innført ein generell dødsstraff for å vere ein aktiv ludditt. Og berre ein mann tok til motmæle og stemte i mot, og skreiv aktivt for deira forsvar i det politiske etablissementet. Det var Lord Byron.

Hans dotter vaks opp i ein heim der ein truleg hadde eit litt anstrengt forhold til han. Ein kan lett forestille seg Ada Lovelace som ei jente som ikkje hadde for nære band til sin far, og kva har dette å seie for korleis ho vart som menneske? Der han var ein flyktig romantikar og poet, ein mann som forsvarte luddismen og anti-teknologiske, anti-vitskaplege straumningar. Ho vaks opp til å få ein sterk interesse for naturvitskapen, for fysikk og for matematikk. Ho vart ein dreven matematikar sjølv. Og som vi fortalde innleiingsvis, vart ho den første dataprogrammeraren. Ho var ei sjølvstendig kvinne, ei kvinne som ikkje lot seg forføre av poetar og romantiske idear som dei hennar far representerte. Ho var ei kvinne som tok del i ei framtid prega av teknologiske verkemiddel, der hennar far for all tid representerte tradisjonen og fortida.

Og det er berre nok ein grunn til å sjå opp til Ada Lovelace, og minnast hennar bidrag til den datastyrte verda vi lev i i dag.

søndag 22. mars 2009

Finding Ada

For dei som følte at markeringa mi av kvinnedagen i år ikkje var oppmuntrande, så kan de trøyste dykk med at eg for eit par månadar sidan meldte meg opp til å bidra til Ada Lovelace dagen; førstkomande tysdag vil eg vere blant i overkant av 1500 bloggarar verda over som skriv om ei kvinne vi ser opp til og som har bidratt til å fremje det teknologiske framsteget.

Eg oppmodar alle andre som har høve til å verte med.

Kjenner du ikkje til Ada Lovelace, som forsåvidt var litt av ei rype, så er du ikkje mykje til nerd, og må vente til mitt innlegg på tysdag, som uoriginalt nok vil vere om henne. Henne, og hennar frimodige far.

fredag 13. mars 2009

Vin på kontormaskina!

Det er fredag. Noko alle vi kontorrotter kjenner veldig godt på kroppen. Helst skulle vi hatt fredag heile veka her, og det finnes det heldigvis endeleg ei god teknisk løysing for:

Ja, her er det altså! Få vin gjennom internett og din kontormaskin, takka vere fabelaktig USB-teknologi. Tappekrana kjem i fleire farger, og du kan velje blant eit stort sortiment av gode viner og du kan sjølv printe ut merkelappar til flaskane. Og det var ikkje dyrt heller, sjekk ut USBwine for priser.

Hugs no å vise måtehald med drikkinga, og ikkje søle på papir og kontorutstyr. Og skal du køyre heim frå kontoret er det kanskje best å la vere... og skal du på fredagsbøn... så burde du ikkje sitte her og lese dette. Det er haram!

tysdag 10. februar 2009

Helsikes fuglekvitter

Twitter. Twitter. Twitter. Kva er det med folk og Twitter? Denne kvitringa forstår eg meg verkeleg ikkje på. Er det eigentleg nødvendig med så mykje eksponering? Ein slik hysterisk informasjonsflyt? Blogger, Myspace, Facebook og alt anna... Det må vel verte nok snart?

Ein eit ein fallar dei for Twitter. Siste mann ut er min venn Arnfinn Pettersen, òg kjend som Den Tvilsomme Humanist, som no kvitrar her. Han registrerte seg på Twitter i det som berre kan omtalast som intens feberrus, der hovudet hans truleg må ha vore som ein gigantisk bomullsdott - han må gjerne protestere, men vi veit alle at dette er sant. Han var simpelthen ikkje ved sine fulle fem.

Vi vert sittande her og lure på om vi burde byrje å kvitre vi òg... men vi vegrar oss grundig. Har vi tid? Har vi lyst? Ein av mine politiske likesinna, den alltids ambisiøse Darth Vader, kvitrar jo. Så burde mullaen gjere likeså?

Kva seier folket?

laurdag 31. januar 2009

Nettaviser er fjongt

Tru det eller ei, det er mogleg å lese morgonavisa på datamaskina. Du kan laste den direkte ned frå avisas serverar når du står opp, og lese dei artiklane du sjølv ønskjer. Du kan til og med kopiere dei artiklane du er mest interessert i over på ein diskett. Få kan fatte kva den langsiktige effekten av dette vil vere, men i åra sidan 1981 har dette systemet nok klart å etablere seg.

Framtida er her folkens. Og den har vore her leeeeenge...

fredag 2. januar 2009

Stekt kylling...

Lunsjtid sa du?

Eg fekk lyst på kylling no. Gjorde ikkje du?

Thank you for your cooperation.

(Via /film)

fredag 26. desember 2008

iKulturen

- Så du har blitt med i iKulturen du òg?

Dette spurde den unge ekspeditøren meg om. Eg kjente han frå før, gjennom ungdomsklubben eg var med å drive for fleire år sidan, no var han tydlegvis ansatt hjå ein av Bergens Apple-forhandlarar som seljar. Han gav uttrykk for lett vantru då eg snubla innom, og ba om ein FM-sendar til iPod. Eg måtte kjapt berolige han, for iKulturen var langt frå mitt sinn, dette var ei julegåve som skulle kjøpast. iKulturen er Apple si benemning på deira altomfattande linje med gadget-produktar, frå datamaskiner til MP3-spelarar og telefonar. Telefonar er det siste utskotet på dette ruvande treet, med iPhone som visstnok skulle revolusjonære korleis du opplevde telefonen. Om du altså då ser vekk i frå at mindre kjente produsentar allereie tilbudde liknande telefonar. iPhone er alt du treng, eit kamera, ein mp3-spelar, ei datamaskin og spelkonsoll? Kva meir treng du?

Vel, kanskje ikkje så mykje meir no;

Ja, for iBoobs oppsummerar vel i stor grad ikkje berre iKulturen, men heile den vestlege siviliasjonens tekniske framsteg?

fredag 12. desember 2008

Til Bartebyen

Flybussen passerar straks forbi, så eg er på veg ut døra. Alt er pakka, og PC har eg mekka på og fjerna lyden, så no er alt godt. Konsert og moro lokker, og etterlet dykk med litt musikk som eg fekk av min venn Herr Thon. For vi likar jo alt Italia har produsert;

torsdag 11. desember 2008

Eit fly kjem inn for landing

Eg har endeleg fått min kjære PC att, etter at den sovna inn her forleden. Det har vore ei lang og hard ventetid, men i dag kunne eg altså kople den opp. Og vel... for å gjere ei kort historie lang så var det ein merkeleg ironi det heile.

I morgon skjønner de, så skal eg ut og reise med fly. Fly lagar mykje lyd, og det er difor flyplassar skal plasserast litt utanfor bolig strøk.

Liknande reglar burde gjelde for denslags viftar som verkstaden har plassert inn i maskina mi, for lyden eg høyrde då eg skrudde på maskina var mistenkjeleg lik den av eit fly som enten letta eller kom inn for landing. Lyden er så høg at eg ikkje kan høyre på musikk når maskina står på faktisk.

Eg må ærleg innrømme at eg fann det heile ein ganske så skuffande oppleving, og eg har gjort verkstaden merksam på dette, og eg tenkjer eg skal ringe dei i morgon før eg reiser om eg får tid. For i morgon formiddag så sett eg meg på flyet til Barteby for å vitje venner, gå på konsert, og opparbeide meg ein god promille.

Det må ein vel kunne like?

tysdag 9. desember 2008

Vi presenterar Zunegate

Ein alvorleg politisk skandale har allereie råka den komande amerikanske presidenten, Barack Hussein Obama.

Han har blitt ferska i å bruke feil merkevare - Zunegate er eit faktum.

Apple jobber hardt med branding. Dei vil at deira i-produkt skal ha kulturell dominans, og har i stor grad lukkast i det. På tross av at både iPhone, iPod og dei andre i-produkta kjem seinare, er dyrare og dårlegare enn tilsvarande produkt frå andre produsentar har merkevarane blitt ein integrert del av kulturen. iPod er einstydande med MP3-spelar, og omvendt. Microsoft har prøvd å ta opp kampen med sin Zune, utan stort hell. Apple sin marknadsdominans er for stor.

I førre veke vart Obama observert på eit treningsstudio av ein bloggjournalist, som publiserte sin trivielle observasjon i bloggen sin. Dette hadde ikkje tydd noko som helst, om det ikkje var for ein enkelt setning i innleggjet:
"But he hopped on the machine next to me and broke a mean sweat while reading a copy of USA Today and listening to his Zune."
Lesarane kasta seg over dette, og bodskapen spreidde seg som ild i tørt gras - den komande presidenten har ein Zune, og ikkje ein iPod. Det var katastrofe. Geeker og nerdar i heile bloggosfæren og tilstøytande territorium måtte kommentere, ha ein meining. Det var ein viktig statement kva overprisa dingseboms Obama nytta, det var det viktigaste spørsmålet som var stilt på lenge. Kvifor vart ikkje dette tatt opp under valkampen?

Det tok heldigvis ikkje lang tid før Obamas representantar to affære med Zunegate. Ein talsmann gjekk ut dagen etter den omstridte bloggposten og understreka at dette ikkje var sant - den komande presidenten eig ein iPod, og den omtalte Zune må ha tilhøyrd nokon annan om det var det observatøren hadde sett. Observatøren på si side, gjekk med på at MP3-spelaren kan ha tilhøyrd ein av vaktane, og berre lånt av Obama.

Er skandalen avverga for godt? Eller vil Zunegate heimsøke Barack Obama gjennom heile presidentskapet? Er dette hans Katrina? Hans Irak?

Strida mellom Apple og Microsoft går inn i eit større bilete, der Microsoft i alle år har vorte framstilt som den store slemme, medan Apple framstår som det snille alternativet. Dette er jo sjølvsagt langt frå sant, men det speler jo inga rolle så lenge Apple har klart å plassere seg så grundig i den kulturelle medvita til media og folk flest.

Vis meg kva MP3 spelar du har, og eg vil sei kven du er kunne ein ha sagt, men meir korrekt er det å seie - vis meg at du har ein iPod elles er du ingen. Personleg har mullaen ein Creative, og har alltid vore vel nøgd med det merket.

måndag 8. desember 2008

KvanteGoogle - Magisk reklame


I dag har eg ikkje fått tilbod om Thai-jenter... i dag har Google vore langt meir interessert i å opplyse meg om vår magiske verd. Jupp, her går det i tankekraft og kvantefysikk;
"Hvor kommer universet fra - www.arkania.no - Finnes det en gud? Hva er vår plass i det hele?"
Kva har eg gjort for å fortene dette? Er det noko i mine surfe og mailvanar som tyder på at eg er eit spesielt søkjande menneske? Har eg gjort KvanteSøk på KvanteGoogle?

søndag 7. desember 2008

ThaiGoogle - Kjærleik til sals

Reklamebransjen og databransjen, med Google i spissen, jobbar hardt for å hente ut så mykje informasjon som mogleg om oss for å kunne gje oss skreddersydd reklame. Reklame basert på våre surfevanar, kjøpevanar og til og med innhald i mailer vi sender og mottar. Er du interessert i bøker, ja då skal du få reklame for bokhandlarar; er du mykje ute og fester, då får du reklame for utestadar. Det dei ønskjer er å knytte søkemotoren din opp mot nettlesaren din, mailen din og alle dei sosiale nettverka du er medlem av og informasjonen du har lagra om deg sjølv der - så skal automatiske system finne ut kva reklame du helst skal få.

Det er like interessant og spanande, som det er skummelt å tenkje på. Det er hittil eit langt stykke att før dei har perfeksjonert teknologien kan det virke som. For min gmail har for vane å servere meg følgjande reklame om dagen:
"Vakre Thai jenter - www.ThaiLoveLinks.com - Thailandske jenter + norske menn. Se profiler og bli kontaktet-Gratis."
Eg har prøvd å lese nøye gjennom mailane mine for å finne ut kvifor Google trur eg er ein kandidat for importbrud frå Thailand utan stort hell. Det må vere informasjon dei hentar frå ein annan stad. Same staden som gjer at min messenger til stadig kan tilby meg single jentar og gutar.

Sluttar dei med det om eg kjøper meg ei thaijente på ThaiLoveLinks?

tysdag 25. november 2008

Ufrivillig tystnad

Sakna meg no folkens? Er berre å beklage min tystnad dei siste fem dagane. Det hadde seg faktisk slik at eg vart utsatt for eit uventa terroråtak - om det var Pandaer, ansvarleg redaktør i ITpro eller andre uhumske nettvesen som stod bak er usikkert. Eg ante fred og ingen fare då min kjære PC brått skrudde seg av medan eg satt og leika før sengetid. Og det var det... ingen straum. Og medan eg sikkert kunne ha fiksa det sjølv, så er maskina av rimeleg ny dato, så denslags får heller butikken ta seg av. Så no vart maskina pakka ned og sendt avgarde. Og slik er det.

Men kvifor ingen innlegg? Eg har jo andre maskiner eg kunne ha blogga frå. Joda, men eg har vore så travel på kontoret - la oss seie det slik. Og så er laptoppen så... nei, vent, det er fordi alt biletmaterialet og notatane til innlegg ligg på PCen som døde, og eg måtte hente ut data frå den først.

Slik var det. Det var ikkje fordi eg var travel, og hadde lyst på litt skrivefri.

Ikkje i det heile tatt, eg forsakar dykk aldri kjære lesarar. Men no må eg gå, for no er Asbjørn Dyrendal her på kontoret og det er moro på plakaten.

tysdag 11. november 2008

Underjordiske basar - no igjen!

"Utslipp via Chemtrails (kjemiske spor) fra fly over Norge antyder en skjult, men observerbar kjemisk-biologisk krig mot den norske befolkning. Den foregår i største hemmelighet - som kun er nødvendig dersom man har noe å skjule"
Dette skriv Frank Aune i artikkelen Politiker avslører kynisk maktelite i Norge med hemmelig agenda. I det minste må vi anta at det er han, sidan han har stempla sitt namn på byline, og han er tross alt ansvarleg redaktør for ITpro, og eigar av dette domenet samt domener som gamespy.no, hesteshop.no, ferieleir.no, itjob.no, x6.no, technet.no osb. Med utgangspunktet i den etterkvart kjente (i mine kretser) rapporten om at ein norsk politikar skal ha avslørt underjordiske basar bygd av den norske stat og forsvar til bruk av "eliten" når Planet X ankomer i 2012, kastar artikkelforfattaren seg galant over eit koldtbord av tilgjengelege konspirasjonsteoriar og dommedagsforestillingar. Alt med godt belegg hjå Per Aslak Ertresvåg og tilsvarande kreative sjeler.

Det var Project Camelot, ei konspirasjonsside, som først mottok brevet frå den norske politikaren, som skal ha lagt ved fullt namn og prov på sin identitet, men som for all ettertid var anonymisert. Her skal han ha fortald om korleis det vert bygd underjordiske, knytt saman av togbaner, som skal huse Noregs elite når Planet X (eller ein tilsvarande katastrofe) inntreff i 2012 (berre få år etter at Siv Jensen, ifølgje den modige politikaren, har blitt statsminister - stakkars Siv). Dette må sjølvsagt òg verte sett i samanheng med såkornslageret på Svalbard som skremmer vettet av paranoide dommedagsfanatikarar verda over - at norske myndigheter tar vare på såkorn må jo vere eit teikn på at dei venter ein katastrofe, ja?

Då Project Camelot seinare i år vitja Noreg og Oslo og hadde avtala eit møte med den anonyme politikaren dukka han ikkje opp. Han hadde blitt arrestert av Politiets Sikkerhetsteneste (PST), og difor hindra i å fortelje heile sanninga personleg. Heldigvis slapp dei han fri.

Ein kan jo stusse litt over at norske myndigheter, som ikkje klarar å halde orden på NSB, eller byggje ein forbanna bybane i Bergen, skal ha klart, i all løyndom, å ha bygd eit nettverk av underjordiske basar, inkludert med togbane. Helvete - er det der ressursane har gått i alle år? Litt meir urovekkande er det at ifølgje politikaren så skal 2.6 millioner Nordmenn etter kalkylen døy i 2012, medan dei resterande 2 millionane skal overleve i reserverte plassar på desse basane. Nesten halvparten av alle Nordmenn er altså involvert i denne konspirasjonen mot eit knapt fleirtal.

Og eg er ikkje ein av dei. Eg forlangar at dei av mine lesarar med reservert plass gjev seg til kjenne med ein gong.

Frank Aune insisterar på at redaksjonen i ITpro har fått bekrefta kven denne politikaren er, men vel likevel å halde hans eller hennar identitet skjult (sjølv om vi alle veit at det mååå vere nokon i SV). Etter å ha gjengjeve det etterkvart klassiske brevet, går Frank Aune vidare og viser korleis det heile er knytta til globalisering og ein konspirasjon om å skjule planeten Niburu frå verdas befolking. Denne planeten vil altså i 2012 komme farleg nær jordkloda og årsake enorme omveltingar, og det er difor nødvendig å kjøpe inn enorme mengder hermetikk, våpen og slå deg saman med likesinna og byggje ein bunkers i skauen. Det heile er sjølvsagt bekrefta av Maya-kalendaren, og FNs plan om å avfolke kloden - noko dei har valt å risse inn i eit monument i Georgia, USA. Ja, Bilderberger-gruppen er sjølvsagt òg med på det heile, i lag med innflytingsrike nordmenn Per Egil Hegge og Johan Olav Koss. Utover det kan Aune informere oss om at Norske myndigheter beskytter opiumsmarker i Afghanistan, og at dei bistår til ein løynd krig mot den norske befolkinga utførd ved hjelp av stråling og kjemikalier:
"Mektige krefter utenfra har erobret oss innenfra med hjelp fra norske medløpere. Vi er utsatt for kjemisk krigføring: Chemtrails fra fremmede fly, bestråling fra NATO-anlegg som svekker befolkningens helse og våre lederes dømmekraft, og vaksinasjonsprogrammer som gjør våre barn syke."
Det er ikkje måte på kor ille det er, men heldigvis kan han fortelje oss at han er positiv angåande framtida - for dei neste åra (fram til 2012) vil ei rekkje avsløringer vise oss sanninga om Eliten som styrar verda.

Eg lover, vi gleder oss alle saman her i menigheta.

I mellomtida må vi berre bekrefte at ITpro har tapt seg som ein av Noregs mest populære nettaviser for IT-interesserte, med stadig meir konspiratorisk innhald og artiklar om UFOar i hytt og pine. Ansvarleg redaktør Frank Aune tok seg til og med bryderiet med å omsetje til nors Blossom Goodchild sine kanaliseringar om The Federation of Light sin ankomst den 14. oktober i år. Diverre vart det ikkje så mykje av det, så då er det vel berre å lene seg attende å vente på 2012 att?

At Frank Aune har 3 års leiarutdanning, og 2 år på "IT-Høgskule" å skryte av, prover vel eigentleg berre at ikkje all utdanning er like mykje verdt om du spør meg. Diverre er det nok slik at dersom vi tilbyr han hjelp i det psykiatriske helsevesenet, så er det berre nok eit prov på at vi er ute etter han.

(Bileta er frekt stolen frå Aunes artikkel, og tipset kom frå Eira)

søndag 21. september 2008

Utan ei... tråd?

Flytande. Utanfor tid og rom. Alt var uhandgripeleg, gjennomsiktig. Ephemeralt.

Nettet mitt var nede då eg vakna i dag. Mi linje til verda rundt meg. Febrilsk pakka eg alt eg kunne få ned i ei lita veske, laptop inkludert, og stridde med sårbare steg ut i den fysiske verda.

Slik at eg kunne kome meg ein stad og poste dette. Sett slikt.

Eg vonar sjølvsagt at eg er oppe og går att på nett i leiligheta i morgon, sidan alt arbeidet mitt ligg på ulike databaser der ute.