tysdag 22. november 2005

Vegkan: Vegetarkannibalismens fødsel

Eg er nok ikkje åleine om å ha oppdaga kannibalismens mildare side gjennom opplevinga av vegetarkannibalane i det klassiske adventurespelet The Curse of Monkey Island. Desse ein gong så rå, men evig einfaldige, kannibalane som tok opp eit sunnare kosthald basert på frukt, grønsaker og tofu i respekt for deira laktoseintolerante vulkangud. Ja, i sanning er det mykje bra ein kan seie om vegetar- og vegankannibalisme, eller vegkan som vi liker å kalle det i antropophagiske kretser, og det må for all del ikkje forvekslast med tradisjonell veganisme utan k. Antropophagi, for dei som ikkje kjenner til det, er fagtermen for kulinariske aktivitetar som involverar menneskekjøt, eller kannibalisme om du vil. Antropophagi har ein lang og ærerik historie, frå dei gamle aztekarane til Donnergruppa, frå urinvånarane på Fijiøyane til rugbylag i Andesfjella, så har praksisen med å utnytte menneskekroppens fulle potensial vore ein relativt vanleg praksis. I seinare år har gjerne kannibalisme hamna litt i skuggeland, og vore sett ned på av høflege folk her i vesten, og medan visjonen om vegkan inspirerte mange av oss til å tru at det ville finnes eit sunt og sosialtakseptabelt alternativ til å ete våre naboer, så har ikkje denne visjonen blitt eit alternativ for antropophagi-entusiaster i moderne tid.

Inntil no, altså. Ein tapper antropophagi-forkjempar med namn Mark Nuckols som studerar forretningsdrift ved Darthmouth College har no lansert eit sunt alternativ til menneskekjøt: Hufu! (Etter ryktane kjem namnet frå Milla Jovovich!) Eit tofuprodukt sjølv den mest ihuga kannibal kan få vatn i munnen av; hufu er eit soyabasert produkt som har konsistensen og smaken som vi venter av eit ferskt stykke menneske og vil truleg ta verda med storm. Bak hufu ligg enorm mengde arbeid og forsking for å gjere produktet så nær den menneskelege opplevinga som mogleg, og dette er ein innsats som mange antropophager nok har bemerka seg. Ikkje berre er dette eit slag for kannibalismen, eit modig steg for å få denne praksisen ut i lyset og attende i allmentaksepterte former - no i din lokale kebabsjappe, babykebab! - det er òg eit viktig gjennombrot for oss matbevisste antropophager som lenge har hatt eit håp om av vegkan ein dag skulle bli ein realitet. Vi bøyer oss i støvet for Mark Nuckols og takkar han inderleg og ønsker han lukke til i det han håper vert hans nye yrke: internasjonal våpenhandlar.

På sida si, Eathufu.com, får du ikkje berre interessante forteljingar om antropophagi, men òg inspirerande oppskrifter på mellom anna Leningrad pirogi, Serano Nanito og Hufu Stoganof, såvel som høve til å tinge hufu til eiga forbruk. Eathufu.com er både opplysande og appertitvekkande, men òm dette ikkje er nok så vekker kanskje denne utstillinga apetitten din.

Hufu - smaken av medmenneske

[Oppdatering: Ja, dette innlegget årsaka jo ein del debatt om mattrender. Debatt som det kanskje er best å la ligge? Først fire år seinare vart mullaen brått radioekspert på kannibalisme, og temaet om Hufu vart brått interessant att for han. I mellomtida hadde han berre forfatta ein liten artikkel om svindelen for Pegasus. For ja, det var nok ein svindel. Mark Nuckols leverte sjeldan frå seg varene folk tinga, og det var mykje sutring og styr på internett. Difor har eg òg fjerna lenkene til sida hans, den eksisterar jo trass alt ikkje lenger. Akk...

La oss inkludere eit lite bonusspor, berre fordi vi kan. Her er Mark Nuckols hjå The Daily Show i 2005
:


The Daily Show With Jon StewartMon - Thurs 11p / 10c
Flesh in the Pan
www.thedailyshow.com
Daily Show Full EpisodesPolitical HumorRally to Restore Sanity
Det var strengt tatt like morosamt då, som no.]

torsdag 13. oktober 2005

13. oktober 1397

Nokre ord kan seiast om denne datoen, og dens tyding for vestleg historie. Og litt ekte, og faktisk historikk, kan gjerne vere nyttig i desse DaVinci kode-dagar, då alle får sitt frå halvgode pennesvingarar.
Den uheldige fredag den 13. Oktober 1307 klarte Phillip 4. av Frankrike å få med seg Vatikanet, under pave Clement 5., på å forby den mektige Tempelriddarordenen. Brorparten av brødrane av denne ordenen fann seg sjølv under arrest for kjetteri. Kjetterprosessen mot ordenen varte i sju år, og den siste stormeistaren Jaques deMolay gjekk på bålet i 1314 etter å ha trukken attende tilståinga si i siste liten.

Dei var anklaga for å avvise kristus, for å fraternisere med Muhammedanarar, for å ha spytta på krosset, tilbedt eit snakkande demonhovud med namn Baphomet, og ikkje minst kyssa kvarandre bak. Sistnemnde fell gjerne inn under anklager om sodomi, men det er to viktigare aspekt, det eine er at denslags gjerne er knyttatil vekkinga av Kundalini, ein metafysisk slange som ligg langs ryggraden vår. Å vekke Kundalini er ei sentral side av visse austlege filosofiar og yogapraksis. Det å kysse nokon bak, om det er eit symbol for sodomi eller ikkje, er eit motiv som vil dukke opp att gong på gong dei neste hundre åra i kjettersakene, og ikkje minst i dei mest notoriøse av alle kjetterprosessane - hekseprosessane. Her vert ofte heksa anklaga for å ha kyssa satan sjølv på stumpen, i tillegg til å ha spytta eller tråkka på krossen, som ein del av initieringsseremonien på sabbatten.

Fleire av ordensbrødrane tilstod si synd og vart frikjendt, gjerne med instrukser om å verte med i andre liknande riddarbrorskap. Andre vart aldri tatt, enten fordi dei unnslapp lova, eller fordi lova i deira områder aldri brydde seg. Eit døme på dette er riddarane i Skottland, ettersom Robert the Bruce allereie var bannlyst av paven gav han gjerne fritt spelerom til riddarane der. Noko som har styrka segnet om at ordenens rike flåte skal ha segla mannssterk til Skottland og at ordenen lev vidare der i form av det skotske ritus, den mest kjende greinen av spekulativt frimurari.

Og her ligg mykje av den magiske kjerna av denne datoen; kva hende eigentleg med ordenen sine store rikdomar? Og kva med alle den kjetterske kunnskapen dei skulle ha tatt med seg frå Austen?

Mange ordenar vert knytt til oppløysinga av Tempelriddarordenen, frivillig og ufrivillig. Mysterier som dette har skapt grobotn for mange konspirasjonsteoriar, både truverdige og ikkje, og ordenen har fått ei viktig rolle i vår populærkultur. Såpass har ordenen vokse på sitt mysterium at den idag har ei mytisk makt som langt på veg overgår den reelle makt den hadde i mellomaldaren. Og det skal godt gjerast.

Fredag 13. 1307 er ein dato som gjer verda meir magisk, på godt og vondt. Magi og mysteriar gjer verda pittelitt meir vidunderleg for fleire menneske, og eg nøler gjerne med å ta frå folk illusjonane sine. Eg skal likevelavsløre ein ting, Tempelriddarordenen eksisterar den dag idag. I meir enn ein form.

[Kommentar: Min fascinasjon for tempelriddarordenen si historie er lang, og tidvis frykteleg personleg. Og det låg vel mykje til grunn for dette innleggjet, som berre kort oppsummerte deira endelikt på denne datoen. Eg var difor litt overraska over kor mange kommentarar eg fekk om at dette var ny informasjon for mine lesarar.

Eg hadde tenkt å spare å republisere innlegget til ein passande fredag 13., men då tempelriddarmytologi vart langt meir aktuelt etter bomba og massakren 22. juli 2011. Anders Behring Breivik såg seg sjølv som ein tempelriddar, men delte veldig lite med noverande eller historiske tempelriddarar. Myta han baserte seg på er ein han har henta frå ein del populærkulturelle framstillingar av krigarbrorskap.]