torsdag 13. oktober 2005

13. oktober 1397

Nokre ord kan seiast om denne datoen, og dens tyding for vestleg historie. Og litt ekte, og faktisk historikk, kan gjerne vere nyttig i desse DaVinci kode-dagar, då alle får sitt frå halvgode pennesvingarar.
Den uheldige fredag den 13. Oktober 1307 klarte Phillip 4. av Frankrike å få med seg Vatikanet, under pave Clement 5., på å forby den mektige Tempelriddarordenen. Brorparten av brødrane av denne ordenen fann seg sjølv under arrest for kjetteri. Kjetterprosessen mot ordenen varte i sju år, og den siste stormeistaren Jaques deMolay gjekk på bålet i 1314 etter å ha trukken attende tilståinga si i siste liten.

Dei var anklaga for å avvise kristus, for å fraternisere med Muhammedanarar, for å ha spytta på krosset, tilbedt eit snakkande demonhovud med namn Baphomet, og ikkje minst kyssa kvarandre bak. Sistnemnde fell gjerne inn under anklager om sodomi, men det er to viktigare aspekt, det eine er at denslags gjerne er knyttatil vekkinga av Kundalini, ein metafysisk slange som ligg langs ryggraden vår. Å vekke Kundalini er ei sentral side av visse austlege filosofiar og yogapraksis. Det å kysse nokon bak, om det er eit symbol for sodomi eller ikkje, er eit motiv som vil dukke opp att gong på gong dei neste hundre åra i kjettersakene, og ikkje minst i dei mest notoriøse av alle kjetterprosessane - hekseprosessane. Her vert ofte heksa anklaga for å ha kyssa satan sjølv på stumpen, i tillegg til å ha spytta eller tråkka på krossen, som ein del av initieringsseremonien på sabbatten.

Fleire av ordensbrødrane tilstod si synd og vart frikjendt, gjerne med instrukser om å verte med i andre liknande riddarbrorskap. Andre vart aldri tatt, enten fordi dei unnslapp lova, eller fordi lova i deira områder aldri brydde seg. Eit døme på dette er riddarane i Skottland, ettersom Robert the Bruce allereie var bannlyst av paven gav han gjerne fritt spelerom til riddarane der. Noko som har styrka segnet om at ordenens rike flåte skal ha segla mannssterk til Skottland og at ordenen lev vidare der i form av det skotske ritus, den mest kjende greinen av spekulativt frimurari.

Og her ligg mykje av den magiske kjerna av denne datoen; kva hende eigentleg med ordenen sine store rikdomar? Og kva med alle den kjetterske kunnskapen dei skulle ha tatt med seg frå Austen?

Mange ordenar vert knytt til oppløysinga av Tempelriddarordenen, frivillig og ufrivillig. Mysterier som dette har skapt grobotn for mange konspirasjonsteoriar, både truverdige og ikkje, og ordenen har fått ei viktig rolle i vår populærkultur. Såpass har ordenen vokse på sitt mysterium at den idag har ei mytisk makt som langt på veg overgår den reelle makt den hadde i mellomaldaren. Og det skal godt gjerast.

Fredag 13. 1307 er ein dato som gjer verda meir magisk, på godt og vondt. Magi og mysteriar gjer verda pittelitt meir vidunderleg for fleire menneske, og eg nøler gjerne med å ta frå folk illusjonane sine. Eg skal likevelavsløre ein ting, Tempelriddarordenen eksisterar den dag idag. I meir enn ein form.

[Kommentar: Min fascinasjon for tempelriddarordenen si historie er lang, og tidvis frykteleg personleg. Og det låg vel mykje til grunn for dette innleggjet, som berre kort oppsummerte deira endelikt på denne datoen. Eg var difor litt overraska over kor mange kommentarar eg fekk om at dette var ny informasjon for mine lesarar.

Eg hadde tenkt å spare å republisere innlegget til ein passande fredag 13., men då tempelriddarmytologi vart langt meir aktuelt etter bomba og massakren 22. juli 2011. Anders Behring Breivik såg seg sjølv som ein tempelriddar, men delte veldig lite med noverande eller historiske tempelriddarar. Myta han baserte seg på er ein han har henta frå ein del populærkulturelle framstillingar av krigarbrorskap.]