måndag 27. februar 2006

Ein fordømt uhøfleg uformelt dementi

I eit nyleg innlegg drøfta eg Caesars manglande formalisme den 15. mars år 44 f.kr. då Brutus og eit knippe andre senatorar valte å stikke han brutalt ned under ein pågåande senatssesjon. Det heile låg i rapporten om at Gaius Julius Caesar sine siste ord til Brutus var Et tu Brute, óg du Brutus, eller Og så du Brutus. Min argumentasjon var som kjend at dette ikkje var særleg formelt, og at det mangla bruken av høfleg form, De. Som gjerne hadde vore meir passande i statlege samanhengar. Eg har allikevel blitt informert om at Et tu Brute gjerne kan ha vert høfleg tiltalte, og at ein ikkje har tilsvarande høflege omgrep som De på latin. Så dette må eg sjølvsagt delvis dementere, med forbehald om at vi anar framleis ikkje kva Caesar sa på gresk som augenvitner hevdar han faktisk nytta i sine siste ord. Og dersom det er slik at Et tu Brute er å rekne som høfleg tiltale, så må tu omsetjast med De og ikkje du, på norsk om de spør meg.

Ikkje at nokon gjer det då. Dessutan er det jo relativt upålitelege vitner som hevder at den Romerske Generalen, konsulen og diktatoren skal ha snakke gresk på sitt siste. Det skjønner jo alle.

Eg nekter å dementere mi påstand om at Caesar var dus med oss alle. Han var seinast dus med meg då han i går spiste fastelavensboller heime hos meg og min familie, der vi drøfta romarrikets ve og vel. Han sa eg skulle vert Praetor istadenfor Brutus - og eg er ganske så beæra av eit slikt utsegn frå ein av historias viktigste (døde) menn.

[Kommentar: Eg kan ikkje forstå at ikkje alle berre innfinnar seg med at mi framstillinga av historie er den rette. Og eg fekk brått lyst på fastelavensbollar... trur de at Caesar gidd å lage det til meg i kveld òg?]

fredag 24. februar 2006

Caesar; Uhøfleg eller uformell død?

Eg høyrde her forleden ein mann, eg kan ikkje hugse kven, men det var nok ein komikar av eit slag, som lurte litt på dette med Caesar sine siste ord; Et tu Brute. Det gjer vi jo alle frå tid til annan, men han påpeikte ein ting som slo meg som interessant - nemleg at han ikkje nytta høfleg form. Reint omsatt så tyder jo orda noko slikt som og så du Brutus, ofte omsatt til óg så du, min son, Brutus. Siste omsetjinga avdi Brutus var å rekna som ein adoptivson av Caesar sjølv, og Caesar stod nær han sjølv etter at Brutus hadde kjempa på side med Pompeius og Cato i borgarkrigen mot Caesar. Fortvillinga og sjokket over at Brutus var ein av senatorane som flokka rundt han med ein blodig kniv i handa kan ha vore nok til at sjølv Gaius Julius Caesar gløymde seg sjølv og kvar han var. Det er jo forsåvidt fullt forståeleg, men Caesar var ein stoisk mann som sjeldan lot seg forfekte, så er dette grunnen for det sosiale glippet? For det er jo ikkje noko berre-berre det er snakk om her, det er senatet, og senatet var i sesjon, så ein må nok rekne med ein viss formalisme, og ein høfleg form; Caesar burde nok ha sagt óg så De Brutus - men han valte altså å vere dus, med sin mordar.

Det finnes ulike måter å forklare akkurat dette fenomenet på. Det er jo rom for ein viss intimitet mellom Caesar og Brutus, dei var nok "dus" utanfor senatet, og det kan jo hende at ein såg mellom fingrane på dette i Senatet. Ein vil jo spørre seg, er ikkje eit drap nok til å øydeleggje eit slikt forhold? Nei, ikkje nødvendig i Roma, og absolutt ikkje for Caesar som hadde ført krig mot fleire av sine næraste venner. Så det kan jo hende at det er dette som er grunnen til den vulgære og uformelle tonen mellom Caesar og hans håpefulle drapsmann, ein kan óg sjå situasjonen i augene. Det var tross alt eit drap det var snakk om, det er ein rimeleg intim situasjon det óg. Eg skulle tru at ein kanskje kan vere dus med sine drapsmenn, om ein ser stort på det, men det er ikkje det eg ville ha valt. Det vart foreslått for meg at Caesar kanskje nytta dusformen fullstendig medvite i eit forsøk på å sette sine drapsmenn, senatorane på plass. Ved å omtale Brutus som du, og ikkje De, opphever han formaliteten ved senatets sesjon, og slik erklære senatorane som uverdige i hans auge. Ved å ty til uformelle erklæringer opphever han senatssesjonen og ugyldiggjer den. Óg, eventuelt, kan han faktisk ha sneke det inn som ei fornærming.

Alt dette er sjølvsagt vanskeleg å seie sikkert, faktisk, er det rimeleg usikkert om han sa noko som helst då han vart drept. Det var ingen stenograf til stades, og nokre seier tilogmed han faktisk sa óg så du, Brutus, men ikkje på Latin, men Gresk og at dette vart av vitnene omsatt til Latin. Det gjer det heile mykje vanskelegare å døme. Særleg sidan eg kan enno mindre Gresk enn Latin.

Ei fortolking, eller eit siste ord om ein vil, om Caesars føyande ord er det at hans bruk av du-formen kanskje seier noko om han. Han var ikkje ein mann som heva seg over andre, sjølv etter at han vart satt inn som diktator av senatet. Han var ein folkets mann, ein egalitær demokrat. Med sine døyande ord, understrekast kanskje det allar viktigste ved Gaius Julius Caesar, at han alltid, sjølv døyande i ein blodpøl på senatsgolvet, var han dus med oss alle, han var ein av oss. Sjølv når vi skuffa han.

[Kommentar: Då eldre språk ikkje er mi sterkaste side, så var det jo alltid rom for at ting kunne lesast på eit anna vis. Noko som førte til eit dementi av eit slag eit par dagar seinare. Eg nekta sjølvsagt å innrøme noko feil i fortolkinga sjølvsagt]

onsdag 22. februar 2006

Gaius Julius Caesars død

Eg er veldig glad i romersk historie, og særleg då alt som har med Gaius Julius Caesar å gjere. Det er ikkje så uvanleg skulle eg tru, Romarriket hadde mykje bra til seg, og han Julius var ein verkeleg grepa kar.

Eg har i den forbinding bestemt meg for å dele nokre tanker om dette, og i første omgang rundt Caesar sin berømte død i senatet - myrda av utakksame senatorar. Dette er ei hending som plager meg, og eg tenkjer same tanken kvar gong eg les ei skildring av hendinga eller ser ei filmatisseringa av den - var det eigentleg nødvendig, folkens? På mange måter demonstrerte senatet der folkevalte forsamlingar si verste side, men det er ei anna soge i seg sjølv. Det som irriterar meg er at kvar gong eg les om Caesar, eller ser ein film om han, så ender det med at han døyr - og eg vert like skuffa kvar gong han ligg og blør i hel i senatet. Eg håper alltid til det siste at han skal klare det - denne gongen. Og eg vert like skuffa kvar gong! Kan han ikkje ha på seg ei brynje under togaen? Berre for ein gongs skuld, kan han ikkje sparke vekk Brutus og dei andre med eit Kung-fu spark eller to, og ta saltomortale ned senattrappa? Berre ein gong? Kan han ikkje vakne frå koma i andre sesong av HBO sin Rome? Kan han kome attende? Vi treng ein Caesar til å redde demokratiet, til å redde republikken - vi treng ein folkets mann! Og Julius er tross alt mykje betre enn både Hitler og Bush.

Men akk... nei, Caesar er død; Sic Transit Gloria Mundi. Men berre ein gong hadde eg hatt lyst til å sjå han overleve og rydde opp i den Romerske republikken med sin stødige hand. Ein dag vil eg sjå han overleve midten av mars og rocke vilt inn i både april og mai.

Kanskje eg skal skrive ei bok om det?

[Kommentar: Dette var første gongen eg kom inn på ideen om at Caesar fortente ein meir verdig avslutting, og at dette burde knyttast til Kung Fu på eit eller anna vis. I kommentarane var det stor semje om at eg burde forfølgje eit bokmanus, medan andre meinte at dette høyrde heime i filmens verd. Nokon foreslo John Carpenter og Kurt Russell som radarparet som kunne gjere dette til verklighet.]