Eg skal vere den første til å innrøme det - vi nynorskfolk kan gjerne vere litt standhaftige og innbitte når det kjem til målsaka. Eg ser heller ikkje noko problem ved det. Vi er omkrinsa på alle baugar av kantar av filistinarar og andre illitterære barbarar som ikkje hadde attkjendt god norsk lyrikk om det så kraup opp i rauva deira. Det gode norske språk står simpelthen i fare for å verte utreinska av menneske som er for late til å lære seg det. Og dei er i fleirtal, og dei har makta - er det rart vi vert defensive? Tilogmed aggressive?
Språket er viktig for oss. Kanskje viktigst av alt. Noko eit brev frå Noregs Telegrafmållag til Forsyningsdepartementet hausten 1940 kan vitne om. Krig og okkupasjon er ein ting, men målsaka står nok i ein heilt annan liga for oss nynorskfolk:

Brevet fall ikkje i like god smak hos Forsyningsdepartmentet som meinte dei hadde langt viktigare saker å handtere;


Eit tilbakeslag kanskje, men vi er her framleis. Ei historisk fotnote verdt å få med seg er at Knut Knutson Fiane var ein lojal tilhengjar av Nasjonal Samling, og rekna som ein såpass trugsel at Milorg likviderte han mot krigens seine dagar i 1944. Les om det her. Om den nynorskhatande Alf B. Bryn veit vi derimot lite, medmindre det snakk om krimforfattar og patentsekretær Alf Bonnevie Bryn. Ein iherdig nynorskmotstandar var han iallefall, og det var sikkert nokon som tenkte på å likvidere han av den grunn.
Så hugs det barn, når dagen kjem, og invasjonen eller revolusjonen byrjer vil vi målfolk stå på barrikadane. Og forlange, med lova i hand, at det heile skal foregå på båe målformer.
Så hugs det barn, når dagen kjem, og invasjonen eller revolusjonen byrjer vil vi målfolk stå på barrikadane. Og forlange, med lova i hand, at det heile skal foregå på båe målformer.
[Oppdatering: Dette er ei sak som til stadig dukkar opp i sosiale medier, med jamt mellomrom. Så då vart det naudsynt å grave opp saka. Ikkje minst fordi nynorsken til stadig er under åtak av kjipe nazibyråkratar og folk frå Oslo. ]