fredag 25. januar 2008

Takhøgde i debatten?

Eg er, som kjendt, ein stor tilhengjar av ytringefridomen. Eg er óg ein stor tilhengjar av pressas ansvar, slik den er ivaretatt av mellom anna Vær Varsam-plakaten som mellom anna ber pressa hindre folk i å skade seg sjølv med tåpelege utspel. Det er mange som vert stogga i å uttale seg i dagspressa pågrunn av det, særleg blant kronikørar og på debattidene i avisa vert det etter gamalt gjort ein del sensur av kva som kjem på trykk... idag har eg lurt mykje på kvar denne sensuren brått vart av, etter at eg las Nina Karin Monsen sitt innlegg i debatten om den kjønsnøytrale ekteskapslova; "Det kristne ekteskapets død".

Eg tillet meg sjølv å sitere eit gullkorn:
"Regjeringen har kalt sitt forslag for nøytralt. Det er visstnok fordi loven ikke skal skjelne mellom det tokjønnede og enkjønnede par. Men den aksepterer homofili, hvilket ingen religioner gjør. Forslaget er altså ikke nøytralt. Det diskriminerer alle religiøse mennesker."
Og deretter vert det berre meir og meir usamanhengande. Eg anbefaler alle som er interessert i logikk og debatteknikk om å lese gjennom innleggjet for å sjå korleis ein ikkje skal gå fram. At hennar doktorgradsavhandling i si tid ikkje vart godkjendt, slår meg ikkje som ei overrasking etter dette. Det heile kokar ned til eit paranoid samansurium der ideen om likeverd for ei gruppe ho ikkje likar er det same som eit frontalåtak på hennar religion. At det at samfunnet godtar homofili, er einsbetydande med at dei hatar kristne og andre religiøse. Det heng simpelthen ikkje saman... så eg tok meg sjølv i å lure på dette. Korleis er det med takhøgda i vestlandets største avis for innlegg, har dei eigentleg ikkje eit ansvar for å beskytte aldrande filosofar mot seg sjølv? Så eg forfatta dei ein kort mail:
"Hei,

eg forstår det slik at du står ansvarleg for å publisere "Det kristne ekteskapets død" av Nina Karin Monsen, og eg tar meg sjølv i å lure om ein ikkje er meir kritisk til kva ein slepp til i Vestlandets største avis, det er tross alt ikkje eit innlegg i eit debattforum dette. Argumentasjonen ramlar totalt saman med ein gong, der ho likestiller ein rett gjett til ei gruppe, som ein tvang overfor andre. Det vert ikkje betre når ho likestiller det å vere ikkje-religiøs med å vere anti-religiøs og å fordrive all religion, og at den religiøse sfære på eit eller anna vis vert knust eller ugyldiggjort ved at andre får tilgang på dei same goder og retter uavhengig av kyrkja og religion?

Det heng ikkje på eit greip, og minner meg meir om dei paranoide innleggja til dei mange schizophrene konspirasjonsteoretikarane eg har vore ute for, enn om eit seriøst motargument mot ein kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving. Er det verkeleg så få konservative som ønskjer seg å uttale seg kritisk om dette, at ein må ta inn slikt for å få ein debatt?

Eg lurte på om eg skulle ha skreve eit motsvar til innleggjet hennar, men korleis kan ein ta til motsvar mot nokon som ikkje forhaldar seg til røynda og spinner sine eigne paranoide nettverk utan å faktisk påpeike det, og dermed gjere det til eit personleg åtak?

Difor lurte eg litt på kva kriterie BT har for å leggje ut tekster under "meninger", og om dei ikkje vert vurdert utifrå innhald i det heile tatt.

(sign)
"
Mitt einaste svar hittil er at journalisten som satt sitt namn på saka ikkje var ansvarleg, og at mailen min skulle bli vidaresendt. Vi venter i spenning, for om BT skal bli talerør for paranoid schizophreni trur eg verkeleg at eg må byrje abonnere på papirutgåva.

[Kommentar: Dei fleste vart ganske forargra over dama. BT på si side lot aldri høyre frå seg ang. saka. Året seinare vart Nina Karin Monsen tildelt den prestisjefulle Fritt Ord prisen for sin debatteknikk. Det finnes ingen rettferd i verda.]

torsdag 24. januar 2008

Når Youtube ikkje er nok

Det er no slik med dei fleste nettsider og nettportaler at dei vert "gamaldagse", dei vert forbigått av nyare og betre sider, eller så døyr simpelthen 'hypen' ut og konseptet vert forlatt til fordel for nye måter å underhalde seg på. Dette vil vel kanskje skje med Youtube i framtida, for min del har eg allereie funne det nødvendige alternativet.

Jewtube! Alvorleg talt, det måtte kome, ein ekte jødisk utgåve av Youtube der du får alt frå jødiske komikarar og informative videoer om omskjæring og yiddish spelt inn av lærde Rabbier. Livet mitt har ikkje vore det same sidan eg fann Jewtube.

Oy gevalt!

Here's looking at Jew!