fredag 29. februar 2008

Kråkerøy - 60 år

Det er idag 60 års sidan Einar Gerhardsen heldt si berømte Kråkerøy-tale. Tala endra det politiske kartet i Noreg og dytta oss godt og permanent inn i den kalde krigen. Tidlegare idag vart eg spurd om eg kunne kommentere denne i bloggen, noko eg i utgangspunktet ikkje såg meg tid til, men no har eg altså ombestemt meg. Tala er forøvreg å finne hjå vår eminente venn Dronten, som eg trur nok satt større pris på Gerhardsen sine ord enn det eg gjorde. Eg anbefalar alle å lese gjennom talen, om dei ikkje har gjort det allereie.

Tala kom i kontekst av ein internasjonal krise, det stalinistiske Sovjet-imperiet hadde bestemt seg for å gjere kort prosess på tankar om fridom og demokrati i Tsjekkoslovakia, og rykte inn miliært. Og slik kan ein forstå at Gerhardsen, som tidlegare hadde vore relativt moderat, la seg inn på Håkon Lie og gjekk til frontalåtak på kommunismen representert av Noregs Kommunistparti.

Han meiner at dei som i si tid meldte seg inn i partiet for deira bragder under krigen må vete betre og melde seg ut, for den Komintern-lojale leiinga var tilhengjarar av Sovjetisk diktatur og tyranni, og ikkje norsk demokrati.

Så langt, så bra, ja? Vi er alle samde i dette. Forutan eit par folk som framleis klamrar seg til deg gamle alkoholiserte og skjeggete partiet (kvifor er ikkje eg med, mon tru?).

Problem nummer 1:
 Tala signaliserte døden for det opne sosialdemokratiet, og forsurte dei demokratiske prosessane i partiet og landet generelt. Med utgangspunkt i denne talen starta ei heksejakt på kommunistar, sosialistar og andre radikalarar som varte ut heile den kalde krigen og som delvis held på framleis. Dette skapte ikkje-naudsynt aggressive fronter mellom politiske partar, og ikkje minst store mengder bitterhet som lev vidare den dag i dag. Det hjalp ikkje på at det heile førte til sosial ekskludering av venstreradikale og at "registrerte" kommunistar vart nekta arbeid.

Vi kjenner godt til alt av dette. Oppsummert: Som resultat av Gerhardsen si store tale skaut sosialdemokratiet sjølve demokratiet i foten, og lot det halte etter samfunnets sprang mot framtida i 50 år.

Problem nummer 2: Gerhardsen tok ting personleg verker det som. Og når han gjorde det, så tok han òg feil. Før krigen hadde han og Furubotn stått på ulike sider i strida som splitta DNA og førte til grunnleggjinga av NKP. Det ser ikkje ut som om Gerhardsen kom seg over dette, eller det faktum at Furubotn ein gong var truande til å verte partileiar i DNA. Gerhardsen omtaler difor NKP på eit punkt som Furubotns parti, og hevder at han og hans kumpanar aldri vil gjere det redlege og ta avstand frå det som hende på tidspunktet. På dette punktet tok han grueleg feil. Hadde det vore Peder Furubotns parti hadde ikkje han blitt ekskludert året etter då han tok sitt endelege oppgjer med Komintern og Stalinismen. Hadde han vore den mannen Gerhardsen tok han for å vere, så hadde han aldri tatt det oppgjeret. Gerhardsen gløymde kort og godt at Furubotn var ein motstandshelt, og ein mann med nok ære og prinsipper til å be Stalin ryke og reise. Noko som førte då til at han vart kasta ut av partiet han sjølv var med å grunnla.

Så eg er ikkje så imponert av Gerhardsens Kråkerøy-tale, men det er mest fordi eg vart bedt om å kommentere. Og då kjem eg simpelthen i trass-modus.

For eigentleg, så er eg òg Gerhardsen heilt samde i det som er hovudpoenget. Sovjet må augneblinkeleg trekkje seg ut av Tsjekkoslovakia, og eg håper at Stoltenberg-regjeringa forlangar dette offisielt på denne dagen.

[Kommentar: Mykje har endra seg på fire år, men poenga står ved lag.]

Caesar, skuddår og ditt barn

Ikkje ofte vi ser 29. februar folkens. Kanskje berre... kvart fjerde år? Skuddåret er ein av dei gjevaste oppfinningane i den vestlege sivilisasjonen, og ein som bør markerast med stor glede. For kven andre enn Julius Gaius Caesar kunne skjenke oss ein ekstra dag i Februar slik at vi kan få gjort meir før mars kjem (og vi veit jo alle kva som skjer ved Ides av Mars). Faktisk, det er ein dags utsetjing på sorgas månad.

Som folklorist kan eg jo fortelje at det er mykje interessant folketru knytta til denne datoen, og ikkje all er like dum (som om folketru nokon gong eigentleg er dum...). Dagen ærede Caesar skjenka oss er ein dag, mellom andre dagar, ein dag som eigentleg ikkje eksisterar i det vanlege kalendaråret og er difor utanfor tid og rom. Heilt sant! Og det er difor positivt å ta fatt på nye prosjekt og gjeremål denne dagen. Du får eit ekstra løft kan du seie. Ikkje berre det, men rykta seier at det er fordelaktig å verte unnfanga på denne dag. Så om du har planar om å få deg barn, så er dette dagen å gjere noko med det.

I den samanhengen stillar eg meg til rådighet for alle dykk unge jenter som ikkje har ein utvalt partnar ikveld. Eg kjem ikkje til å sette opp avtalar, eg ber dykk berre stille dykk i kø, så befruktar eg dykk ein etter ein. Det er 'first come, first serve' prinsippet som nok må telle her, diverre. Eg kjem til å opne dørene klokka 7, og ta hand om dykk fortløpande fram til midnatt.

Caesar forventar intet mindre av ein folkets mann som meg.

[Kommentar: Resultatet av mitt tilbod er diverre underlagt taushetsplikt i påvente av resultata av gentestinga.]

torsdag 28. februar 2008

Adopter ein clitoris...?

Kva er dette? Eit gamalt brød? Er det ein tøffel? Nei, det er visstnok ein clitoris. Våre vennar, Raelanarane slo til att på den allar første EXPOen til vaksenunderhaldningsindustrien i Japan. Her var alt frå gPod til masturbasjonsmaskiner som jobber i takt med pornofilmen du ser på. Og alt imellom. Deriblant denne vandrande clitorisen utsendt frå det Raelanske Clitoraid-prosjektet. Ifjor kunne eg fortelje om korleis Raelanarar tilbudte seg å klone kjæledyra dine, og Clitoraid er ikkje mindre ambisiøst. Som vi alle veit er Raelanarane tilhengjarar av profeten Rael, som har fått sitt kjærleiksbodskap frå våre skaparar i det ytre rom, og som no banar vegen for at vi skal ta deira plass som skaparar av liv i verdsrommet. Første trinn er allereie utførd av organisasjonen, som for mange år sidan hevda å ha klonet det første menneskebarnet.

No har dei byrja med restlagar òg, for no vil dei dyrke fram nye clitoriser til kvinner som har blitt utsatt for kjønnslemlesting. Dette er altså Clitoraid. Berre eit av mange veldedige prosjekt som profeten Rael har satt i verk i tråd med bodskapen frå oven. Penger donert til å "adoptere ein clitoris" som dei seier, går ikkje til enkeltclitorisar, men til byggjinga av eit sjukehus i Afrika. For å sitere sjølvaste profeten Rael:
Instead of using Clitoraid’s collected money to operate on just a few women, we should create the first Raelian Hospital, the “Pleasure Hospital”, and operate on all African women, for free, with the help of Raelian or non-Raelian benevolent doctor”.


Landområdet skal allereie vere kjøpt. Og det siste eg høyrde var at byggjinga var påbyrja per 26. mai ifjor. Sidan vart det stille. Men for all del... eg trur dei har tenkt å gjere alvor av det. Det er det som alltid er det mest interessante ved Rael og gutta.