måndag 17. mars 2008
Sam Raimi i mørkrets teneste
Alltid like skummelt når flotte folk kastar seg hovudstups inn i mørkret. Som no når kultfavoritten Sam Raimi har funne ut at han skal filmatisere Sword of Truth som TV-serie. Det er tinga 22 episodar av serien som er oppkalla etter Wizard's First Rule, den første boka i Terry Goodkinds fantasyserie, og produksjonen skal starte allereie i mai. Gudane veit kvar dette skal ende.
Goodkind er objektivist, desse menneska og deira personlege hygiene har vi snakka om før, og det viser godt i bøkene hans. I mitt foredrag om Rasekrig og Klassekamp i Science Fiction og Fantasy går eg gjerne i djupnaden på dette, men kort sagt er Wizard's First Rule ein pinleg nøyaktig kopi av plottet i Star Wars. Helten vert hjulpen av ein eldgamal trollmann som gjev han eit magisk sverd og sender han ut for å redde ei prinsesse og bekjempe ein ond trollmann som visar seg å vere hans far. Og slik kan han ta si rettmessige plass som Jedi... eg meiner rettvisa sin vokter eller noko slikt. Goodkinds seksuelle frustrasjoner får utløp i heftige sex-scener og grafiske valdtektskildringer, medan skurken er essensen av objektivismens fiendar. Ikkje berre har han tilbøylighet til homofili (iiiip), men han er kommunist og ønskjer å velte monarkiet og fordele godane i eit nytt egalitært samfunn... skrekk og gru.
Veit eigentleg Sam Raimi kva han gjer på? Kjem han til å slutte å vaske seg no?
[Kommentar: Serien gjekk i to sesonger, og var fleire gonger betre enn bøkene. Ikkje at den var god. Den var berre betre. Litt som at fast avføring er betre enn renneræv. Objektivisme er renneræv.]
laurdag 15. mars 2008
Caesar er død!

Det er 15. mars, Ides av Mars, Caesars grimme dødsdag. På denne dag døde verdas framste statsmann, på denne dag døde sjela til den romerske republikken
Eg har snakka om dette mange gonger før, så det er berre å søke i arkivet. Idag ligg sorga tung i lufta... vi nekter å tru at han er død. Vi håper som ifjor, og året før, at han skal reise seg på ny og sparke ned Servilius Casca og dei andre konspiratørane med heftige kung fu triks. Det lov å drøyme i det minste, det var det Caesar lærte oss... å drøyme.
BBC dekker saka idag.
Eg nøyer meg med å lyse fred over Caesars minne, nok ein gong, på denne Ides av Mars.
Og minner forsåvidt om at min fetter idag vert hauggamal. Stakkars jævel.
[Kommentar: Det rare er at medan min fetter vert berre eldre og eldre, så vert ikkje Caesar verken meir eller mindre død eller levande. Han er ein fast storleik, i motsetnad til resten av oss. Er det rart han er sakna?]
Abonner på:
Innlegg (Atom)