Ironisk nok er ho og hennar siklande og uvaska tilhengjarar overtydd om at ondskap finnast. Ondskap personifiserast av alle dei slemme umoralske menneska som finn på å vere usamd med Ayn Rand av ein eller annan grunn, noko som gjer desse onde menneska til sjølvmotsigande fiendar av liberalismen. For berre Ayn Rand har rett, det har ho sagt sjølv. Berre ho var istand til å løfte filosofien opp frå sandkassa og gjere til ekte vitskap. Kvifor? Fordi det har ho sagt. Og det ho seier er objektiv sanning. Det er difor det er objektivisme. Det er det ho har sagt iallefall.

Eg snubla over eit glimrande døme på dette idag. Så glimrande at det gav meg ganske så vondt i hovudet. På Onar Åms Lillablogg raljerar bloggaren mot sine motstandarar med den same sjølvinnsikten ein forventer frå ein objektivist (eller eit 2 år gamalt barn, alt ettersom). Han kan fortelje at han nyleg har byrja å lese Ayn Rands "monumentale" verk Atlas Shrugged att. Denne uleselege murklossen hevdar han faktisk er betre ved andregongsgjennomlesing. Mellom anna fordi at dei onde karakterane i første omgang virka litt vel fantasifulle og stereotypiske, men no når han les boka på ny som fullvaksen objektivist (med all den ideologiske forblinding det innebærar) så attkjennar han desse onde menneska som personer i den verkelege verda. Mellom anna blant kritiske kommentatorar i hans eigen blogg.
Det må nesten lesast for at ein skal tru det. Han utfordrar samtlege menneske til å lese Ayn Rand, fordi det vil skille det gode frå det onde; "For rettskafne mennesker vil det utvilsomt være en positiv opplevelse, mens for de umoralske vil det være som et ubehagelig speil, en dramatisering av deres egen ondskap satt fullt ut i system."
Og når du har lidd deg gjennom det, så prøv deg på hans ferske objektivistiske tankar om fascisme og kommunisme, der han kjem fram til at Nazi-partiet låg ein stad mellom SV og DNA.
Eg treng... luft.
[Kommentar: Dette innleggjet fekk ei rekkje kommentarar, som alle tydde på at folk hadde prøvd å lese tekstane eg lenka til, og hjerna deira hadde smelta i forsøket. Det vart mellom anna foreslått å sende robotar attende i tid for å ta knekken på Ayn Rand. Dette skulle vere i ei moralsk gråsone sidan ein drep henne før ho vert ein politisk motstandar, og difor er det ikkje eit politisk drap... og så er det jo alltid spørsmålet om korvidt denne djevelkvinna faktisk var eit menneske. Men slikt er sjølvsagt litt upassande å spekulere i... ]