
Dei er attende, desse gromslege maoistane med sine raude små bøker, kjappe sitat og merksnodig logikk. Deira linje går frå Marx til Lenin til Stalin til Mao Tse Tung, utan stans til refleksjon. Som venstresida elles roper dei høgt om å læra av fortidas synder, det rare er at for desse maoistane så er syndane alt det positive, og det dei ønskjer å ta med seg er det mest inhumane og brutale ved desse ekstraordinære inhumane og brutale tankegodsa. Det er greit at Stalin hadde ein flott bart, men eg veit ikkje om han er heilt stoverein som politisk filosof enno. Hadde det gjort vondt med ein dæsj Tito? Eller ei aning Glasnost? Nei, skal dei ha noko tillegg til sin maoistiske tanke, så kjem den lengre aust frå - frå han Kim Jung Il og hans nasjonalistiske kommunisme i Nord-Korea.
Inn flokker dei, enkeltvis og i små antal (kanskje ikkje mykje flokk) inn i det nydanna ungdomspartiet Revolusjonær Kommunistisk Ungdom (RKU), og der låser dei seg inn. Dekker til sitt andlet, vifter med knyttneven og snakkar om oss borgarlege knehøner som går i kapitalismens teneste.
Som Eira påpeiker, så er dei ganske så søte. Særleg med fine plakatar hengjande rundt, som ikkje har vondt av nokre kosmetiske endringer.
Hjå Dronten vil dei helst påpeike at dei kanskje er... litt sprø?
Eg skal ikkje seie noko på det, men eg lar meg likevel underhalde av det. Det er litt som å sjå på ei bilulukke - du vert aldri lei av det, uansett kor mange gonger før du har sett det. Berre at dette er ei bilulukke som involverar ein gigantisk tanks.
Deira nettside er stappfulle av gullkorn som får invollane mine til å vri seg, eg tenkte å spare eit par til nokre seinare høve og berre dele eit med dykk i dag. Om ein surfar lenge nok kan ein lære følgjande;
"RKU slåss for et mest mulig demokratisk samfunn. Men for å sikre demokratiet og makta til arbeiderklassen, kan det være nødvendig å innskrenke demokratiet for enkelte. I dag er vi for å forby nazistiske organisasjoner og ytringer."Og i morgon? DEG! Eller i det minste Hastur.
Men eg skal vere ærleg, hadde eg styrt dette landet hadde eg nok ønskt å leggje lokk på maoistisk ungdom. Først og framst fordi dei er ungdom.
Spar meg for ungdomsparti og ungdommeleg engasjement i politikken, det er rota til alt vondt det.
[Kommentar: Innleggjet førte med seg ein del interessante kommentarar, deriblant frå eit medlem av Raudt som påpeikte at desse stalinistiske/maoistiske ungdommane hadde vore bakgrunn for litt debatt hjå dei. Så rart.
Elles var Bjørn Are Davidsen nesten blitt for gamal for å tykkje det var morosamt. Men berre nesten. Dronten på si side valte å framheve nokre av gullkorna frå nettsidene, som:
"For å avskaffe kapitalismen må arbeiderklassen og alle andre som har interesse av et annet samfunn, ta makta fra borgerskapet. De vil aldri gi makta frivillig fra seg, derfor må vi gjøre det gjennom revolusjon."Snirkelsnorkel trår til med:
"Jenta er velkommen til å sette seg på ansiktet mitt ved leilighet. Fyren med munnbind derimot - han ligner mistenkelig på en av Gatas Parlament-brødrene!"Og ikkje minst:
"Om de så mye som PRØVER å forby mine nye yndlinger Eva og Randi får de med meg å gjøre. Her lukter det buksevann lang vei! "Og vi lar han få siste ordet i denne samanhengen, sjølv om vi nok må belage oss på meir frå våre venner i Revolusjonær Kommunistisk Ungdom.]