
Tolmod skal lønne seg meiner eg, så her kjem endeleg del to av mi soge om Enjoydiary og mi utveksling med administrator der. For dei som ikkje er oppdatert, så spring og les
del 1, eller eventuelt "
Ja, så var vi her då" for å førebu deg på kva som kjem no.
Som vi hugser frå
del 1, så hadde Lexidh Solstad, administratoren av blogg og dagboksida Enjoydiary.net fått det for seg at
eit av mine underfundige innlegg var belemra med ein del copyrighbelagt material. Ho valte å informere om dette med eit par ord i kommentarfeltet til min blogg, og eg svarte likeleis der med henvising til dei aktuelle lover og reglement som gjeld for biletbruk i Noreg. Dette førte til ein krangel der ho insisterte på at hennar fortolking av det interne reglementet på wikipedia og ein artikkel på foto.no, i lag med hennar heller bisarre styringsstil, kunne overstyre den norske andsverklova og sunn fornuft.
Då ho etter ein dag med utveksling enno ikkje hadde lest lova ho sjølv henviste til slutta ho å korrespondere, og eg fekk ein mail som informerte meg om at eg hadde fått eit "straffepoeng", og eg berre hadde kunne få tre slike før min konto vart fjerna. Og deretter vart det tyst... i ei veke.
Så fekk eg på ny ein mail frå Lexidh Solstad og Enjoydiary;
Din konto på EnjoyDiary har blitt gitt et straffepoeng pga misbruk. Følgende kommentar ble gitt av administratoren som ga deg straffepoenget:
Brudd på copyrightregler. Siste sjanse.
Og dette var jo ei såpass fascinerande og ufullstendig forklaring at eg gjerne ville ha ei utdjuping. I mellomtida hadde eg jo skjønt at norsk lov åleine ikkje var noko ho ville la seg anfekte av, så eit litt djupare studie av fotografia av Franz Ritter von Epp var på sin plass. Dette er dei fotografia som ein kanskje kunne ha hevda var kunstneriske fotografiske verk, sidan dei var portrettfotografi - eg vil jo hevde at dei har null kunstnerisk verdi, men frøken Solstad kunne kanskje meine noko anna, eg veit jo ikkje kva forhold ho har til det tyske krigsmaskineriet.
Det eg fann var at beggje fotografia var tatt av Heinrich Hoffmann ein fotograf som stod Hitler nær og hadde god tilgang på maktapparatet i det Tredje Riket, og at det var Hoffmann-arkivet som har ivaretatt arven etter denne fotografen. Dette problematiserast av at originalane vart konfiskert av amerikanske myndigheiter i 1945 då Hoffmann vart arrestert, og at ei amerikansk domsavgjersle i 1995 avklarte at fotografia av denne grunn var public domain. I ettertid har og Hoffmann-arkivet blitt tilgjengeleg på nett, i lag med instruksjonar for korleis leggje bilete ut på nettsider. Eg tar det som ein sterk indikasjon på at Hoffmann-arkivet har tatt domsavgjersla i 1995 til etteretting. Når Lexidh Solstad då vel å forfølgje saka, og gje meg ein siste sjanse, så tenkte eg at dette var eit bra høve til å avklare dette, og tidlegare problem. Eg tenkte òg at eg skulle forklare henne at eg jobbar nært med eit fagmiljø som arbeidar ein del med dette.
Ikkje at eg hadde stor tru på at eg ville nå fram, men eg er no av den oppfattinga at ein alltid må prøve å kommunisere med andre som om dei var modne, vaksne og intelligente menneske - sjølv om dei sjeldan er det. Mitt svar var som følgjer;
Hei,
dette forventer eg ei betre begrunning av.
Det har seg slik at vi har eit skriftleg regelverk på EnjoyDiary, og det må vi alle forhalde oss til. Omtale av misbruk må konkretiserast med hjemmel i desse skriftlege reglane.
Eg får anta at dette gjeld dei same bileta som vi tidlegare har diskutert. Og då må eg etterlyse at det enno ikkje har blitt tatt stilling til fleire punkter ang. dei bileta. Det ber eg om at det vert gjort før ein tar i bruk straffereaksjoner. Dette fordi dei skriftlege reglane til EnjoyDiary er ein gjensidig og bindande kraft for både brukarar og administratorar, og skal beskytte beggje partar. Reaksjonar utan hjemmel i desse reglane og norsk lov er eit kontraktbrot frå administrator si side. Difor ber eg om klargjering om korleis bileta er eit brot på reglementet, som i følgje admin nyttar norsk lovs definisjon av copyright (altså Andsverklova), og då vil eg ha dette belyst i henhald til følgjande punkter;
a) Andsverklovas §43a gjev fotografi begrensa beskyttelse, i forhold til anna andsverk. Definisjonen av skillene finn ein i §1. I tråd med dette hevder eg at bileta ikkje lenger er beskytta material
b) Norsk sedvane, samt andsverklova, opner for bruk av bilete for å illustrere. Og god skikk her er at ein ikkje utgjev fotografia for å vere eigne, eller freistar å tene pengar på dei under ei slik forutsetnad. Vidare at historisk material og arkivmaterial er tilgjengeleg for å illustrere tekster om gitt historisk periode.
Vidare vil eg leggje til følgjande punkter ang. dei spesifikke bileta;
c) at det i ei domsfelling frå 1995 vart avgjort at bileta til fotograf Hoffmann, som inkluderar mellom anna bileta av Franz Ritter von Epp, var allment tilgjengeleg for bruk då dei var eig av amerikanske myndigheter. Originalane vart konfiskert då fotografen vart arrestert i 1945, og amerikanske myndigheiter slapp fri copyrighten på biletmaterialet frå krigen.
d) at Hoffmannarkivet ved museet i Bayern som har ivaretatt arven frå Hoffmann sjølv har valt å opent oppfordre folk til å bruke bileta som illustrasjonar, og tilbyr dei gratis til brukarar på nettet - utan vilkår.
Eg kan forøvreg og påpeike at slik copyrightreglement fungerar, og ED sitt reglement er formulert, så ligg ansvaret ikkje hjå ED å handheve dei. Ei heller ligg bevisbyrda i copyrightsaker på dei som er antatt å ha brote dei, men hjå dei som krev eigarskap til bileta. Eg kan òg leggje ved ein personleg notis om at eg er ansatt som konsulent for fagmiljøet i kunsthistorie og digital kultur ved Universitetet i Bergen, og deler korridor med nokre av landets framste ekspertar på desse områda. Så om det skulle vere noko ein lurar på, så kan eg vidareformidle spørsmåla.
Beste helsing
Hastur
Til dette hadde Lexidh Solstad berre følgjande seie;
Et fotografisk verk er beskyttet i 70 år etter
fotografens død. Om du
mener det er snapshots som kun er beskyttet i 15 år etter fotografens
død har ikke vi noen intensjoner om å ta det til rettsvesenet for å få
det avgjort om det er så eller ikke. Enten fjerner du bildene, ellers
mister du kontoen din på ED. Dette er noe vi ber brukere gjøre så godt
som hver eneste dag, så det er ingen grunn til å oppføre seg som om
dette er noe spesielt. Dette er ikke dine bilder, dette er ikke en
diskusjon du har noen mulighet til å "vinne". Du har kun få dager på
deg til å fjerne bildene.
Eg følte kanskje ho ikkje hadde fått med seg kva eg hadde skreve, så eg gjorde eit nytt forsøk:
Og hei igjen. Om dette er noko de gjer kvar dag, så vonar eg at det gjer det med meir profesjonalitet til vanleg, for hittil har det vore ein urovekkande mangel på dette. Sjølv om du skulle meine at desse fotografia er fotografiske verk på lik linje med fotografisk kunst (noko eg bestrider), så endrar ikkje det faktum at originalane var konfiskert av amerikanske myndigheter i 1945, og at ein domstol i 1995 avgjorde at dei er public domain. Dette har òg Hoffmann-arkivet som ivaretar arven etter fotografen innstilt seg på, og dei distribuerar databasen gratis til bruk som illustrasjonar. Korleis du då kan overstyre dei som evt. har rett til å kreve copyright på bileta forblir ubesvart. Det er heller ikkje eg eller du som har bevisbyrda i denne saka, men dei som evt. krev opphavsretten. Noko dei har gjett klart uttrykk for at dei ikkje planar å gjere, og det vart fastlått av ein domstol for over 10 år sidan at dei ikkje kan gjere det. Å "vinne" denne diskusjonen er ikkje det eg har i tankane. For det er ingen diskusjon så lenge du nekter å ta stilling til dei punkta som vert lagt fram for deg. Faktum er at bileta ikkje er under copyright, og at dette kan påvisast. Ein kvar straffereaksjon basert på din overstyring av dette er eit brot med reglane på enjoydiary, og som eit kontraktsbrot å rekne. Og eg har problem med å forstå kvifor du framleis ønskjer å gjere ei sak av dette.
Beste helsing Hastur
Noko slikt skulle vel vere rimeleg enkelt å forhalde seg til, og eventuelt svare på... men Lexidhs veger er uransaklege;
For hver gang du svarer på dette forandrer du forklaring på hvorfor du
skal ha lov til å benytte disse bildene. Taskforce sitt standpunkt er
derimot helt klart, bildene skal vekk. Hvis det vil få deg til å "føle
deg bedre" kan vi godt kalle dem støtende og kreve dem fjernet av den
grunn. Resultatet er uansett at de blir borte om kort tid. Om det da
vil inkudere hele dagboka di eller ikke er ikke opp til Taskforce. Det
er du og kun du som bestemmer over det. Det er ingen som tvinger deg
til å offre dagboken din på grunn av et innlegg der du ber en død mann
om å smile mer.
Jaha... så det er viktigare at ein straffereaksjon finn stad, enn eit faktisk regelbrot? Det er vel ikkje anna å lese her. No vert eg litt krassare, då eg ser det nødvendig å drive litt oppdraging her;
Då du nekta å ta innover deg norsk lov, la eg til at ei domsavgjersle frå 1995 ein gong for alle frigjorde bileta frå copyright for å hjelpe deg med å få klarhet i saka. Dette gjorde eg i den første mailen eg sendte, så at eg har endra forklaring vil eg ha meg fråbedt. Derimot nekter du konsekvent å ta stilling til dei fire punkta eg la fram. Eg finn det uprofesjonelt og urovekkande at du meiner du veit betre om desse bileta er underlagt copyright eller ikkje enn ein domstol samt det statlege arkivet som ivaretar arven etter fotografen. Det er faktisk eit viktig prinsipp på spel her, om du meiner at innhald på EnjoyDiary skal til sjuande og sist godkjennast av deg - uavhengig av andsverklov og andre regler - så bør du nedfelle det skriftleg i reglementet for ED. Eit slikt punkt ville eg aldri ha godtatt då eg meldte meg inn, og eg vil aldri blitt verande dersom du nedfellte eit slikt punkt i reglementet. Slik reglementet står no. Så har eg ikkje brutt det, og det må du og Taskforce faktisk godta. Om de vil endre reglene til å passe denne faktiske policyen, så gjer det skriftleg. Og eg pakkar saman sakene min og reiser frivillig, for det er eit reglement eg ikkje kan eller vil godta.
Beste helsing Hastur
Diverre er det å argumentere med Lexidh Solstad som å ete rømmegraut med spisepinner, men ho skal ha for å vere kort og konsis, og å halde ting enkelt. Svaret eg fekk frå henne på dette, var simpelthen:
Farvel da.
Ei veke seinare fekk eg ein ny mail.
Din konto på EnjoyDiary har blitt gitt et straffepoeng pga misbruk. Følgende kommentar ble gitt av administratoren som ga deg straffepoenget:
Brudd på regler.
VIKTIG!
Dette er ditt tredje straffepoeng på et år. Det betyr at din konto umiddelbart har blitt deaktivert og vil bli slettet innen èn uke om vi ikke hører noe fra deg.
Og med det var min konto deaktivert. Og mi IP-adresse både heime og på mitt kontor var blokkert for at eg ikkje skulle lese eventuell omtale av det som skjedde, eller kommentere det.
Eg var særs imponert over korleis eg fekk tilbod om å få klaga endra, sidan ho ikkje klarte å argumentere sak på eit einaste nivå. For ikkje å snakke om at begrunninga no simpelthen var a eg hadde brudt regler, ikkje noko forklaring på kva regler? Kvifor, fordi eg har brudt ein usynleg regel - eg var usamd, og eg vågde å seie i frå. Dette er symptomatisk for hennar vis å forhalde seg til verda på, og som vil verte tydleggjort i del 3 av denne soga, der vi tar for oss etterspelet av mi utkasting. Og om du trur dette var underhaldande, så kan eg love deg at det som kjem vil gje deg bakoversveis. Så ver tolmodig, så skal du få oppleve vanvidd på eit nivå du aldri skulle tru var mogleg frå nominelt vaksne menneske utan rulleblad.
Del to er illustrert ved hjelp av Hjarandr og Kaptein Sinnsfrisk, og for dei som berre følgjer med på bileta så har eg eit par godbitar i neste del òg... men send meg gjerne fleire!