fredag 31. oktober 2008

Snikepusen


For all del, det er ikkje fordi eg er sjuk og er tom for inspirasjon at eg poster denne videoen. Det er fordi eg elskar pusekatter.

(Takk til Sambo for videotips)

torsdag 30. oktober 2008

Barndomsminner

Kva kan ein seie? Barndomsminner er ikkje alltid slik ein trudde. For kven tenkte vel eigentleg på å stille spørsmål ved legninga til store, tøffe Skeletor? Superskurken som sparka rumpe dagleg. Det er dog liten tvil, hans knekk i handleddet, hans fascinasjon for lilla... og vel... heile hans heftige forsøk på å prove sin manndom ved å ta over universet. Her møter vi ein mann som slit med sin seksualitet.

Og det heile kjem på plass... for vi har jo alltid visst at He-Man var homo.
Men søren klype dei var eit bra par då!

(Mullaen er attende frå to-dagars seminar på Voss, og dette er strengt tatt det beste han kan kome på, lamma som han er av hovudpine. Kven skulle tru at Vossingane trudde dei kunne laga smalahovud av den vandrande profeten?)

onsdag 29. oktober 2008

Drep Vader!

Du har sett Kill Bill.

Du har sett Kill Buljo.

Men har du sett Kill Vader?

Slik skal det gjerast folkens. Ha ein fantastisk dag!

tysdag 28. oktober 2008

Det Turkmenske Arkivet

Bergen Internasjonale Film Festival (BIFF) bydde i år på mange ein dokumentarisk godbit, noko som er heilt vanleg for denne årlege festivalen. Ein av disse var The Shadow of the Holy Book om Turkmenbashis berømte nasjonalistiske og religiøse tekst. For dei som kjenner mitt forhold til Turkmenbashi og denne vidunderlege boka, så er det ikkje så vanskeleg å sjå for seg at eg var ganske så lett å overtyde til å sjå denne filmen.

For kva er vel betre enn ein inngåande finsk dokumentar om dette vidunderlege verket, omsatt til ein haug med språk, men sjeldan lest utanfor Turkmenistans grenser? Vi snakkar om boka til den eineveldige diktatoren, og tidlegare middelmådige Sovjetbyråkraten, som kallar seg Turkmenbashi - Alle Turkmenarars Far. Mannen som omdøpte både dagar og månadar som det passa seg, som fekk massive gullstatuar reist av seg sjølv og som likestilte si bok med Koranen i landets moskear - med Herrens velsigning sjølvsagt.

Filmen var diverre særs skuffande, då den berre såvidt var innom det som var interessant og valte heller å fokusere på den politiske opposisjonen og den grusomme menneskerettssituasjonen i landet. Og ikkje minst forfulgte filmskaparane dei mange utanlandske bedriftane, svoltne på landets oljepengar, som gjorde kva som helst for å innynde seg hjå Turkmenbashi. Filmen oser av venstreorienter moralisme, og oppriktig indignasjon over kapitalismens frammarsj.

Jada, jada, vi veit at folk lider under tyranniet, og vi veit at vestens kapitalistar gjer det heile mogleg. Vi veit dette. Enormt gjesp då folkens. Poenget her burde vere at Turkmenistan var (er?) eit av vår tids mest underhaldande diktatur. Sett utanifrå, og det er ikkje utan grunn til at eg i 2006 hadde som motto at forøvreg er det mi oppfatting at Turkmenistan bør bombast.

For å minnast dette presenterar eg difor mi gamle framstilling av Turkmenistan frå dei glade dagar, då eg testa Turkmenbashi på Caesar skalaen og fann han for tung. Eg undre meg eigentleg ikkje særleg over kvifor vi valte å invadere Irak og ikkje Turkmenistan, Turkmenbashi var tross alt ein snill slemming. Vår slemming. Då han døydde same året, så hadde eg sjølvsagt noko å seie om det òg.

I ettertid har han blitt erstatta av ein mann som ser nett ut som han, og eg undrast eigentleg på kor mykje/lite som har endra seg. Kanskje det er på tide å ta opp att mine studiar av dette så sjarmerande annleislandet?

For dei som vil kaste seg over Ruhnama, Turkmenistans heilage bok så finn de fleire omsetjingar her.

Forøvreg antar eg framleis at Turkmenistan burde bombast.

Church Chat er evig

Vi gjev ikkje heilt slepp på valet i USA, det er jo så mykje mas om det. Det er vel slik som hør og bør, men eigentleg er det vel ikkje så mykje som har endra seg? Religion speler som vanleg ein veldig stor rolle for kandidatane, og evangelistane har alltid sitt å seie. Og det gjer at sjølv gamle vitser framleis fungerar.

Det vi treng i dag, er the Church Lady.

(Ja, eg er inspirert av Bjørn Are i dag.)

måndag 27. oktober 2008

Leia, slik dine fantasiar såg henne

Dette er Star Wars slik du har aldri har sett det, men alltid har fantasert om det. Ein ekte guttedraum er det vi ser. Leia i sitt slavekostyme, fleire Leia i ditto kostyme. I gang med dette mest mystiske, og besnærande av feminine systerritual - putekrigen. Dette biletet har gått sin sigersgong på nerdeblogger verda over, og eg klarar ikkje å la vere å ta det med eg heller. På tross av stor personleg fare for å verte stempla som ein kvinneundertrykkande mannsjåvinist.

Dette er ein fare eg medvite trosser fordi biletet er ein ypperleg kommentar på Star Wars nerdens mentale prosesser. Du kan samanlikne han med ein siklande Jabba, som sitt på tronen... og alt han vil ha, er Leia i sitt slavekostyme. Dansande. Svingande. Hoftevrikkande.

Ja, det er lett å forstå kvifor Jabbanerden saliverar der han sitt. Det er noko sublimt over Leia i slavekostymet... og desto meir vert dette biletet tatt på nerdekonferansen DragonCon i 2006. Og om det ikkje var nok, så finn du heile fotoserien her.

(Takk til jbq for tips)

søndag 26. oktober 2008

Soga om Enjoydiary del 3: Det Glade Vanvidd

Eg er kanskje treig, gjerne litt saktmodig, men eg leverar varene til slutt; så etter mykje mas frå folk og fe, kan eg endeleg halde fram soga om Enjoydiary (ED). For dei som ikkje har fulgt med er det nok best å ta fatt ved byrjinga, frå då eg flytta meg frå Enjoydiary til Blogspot, på grunn av konflikt med administrasjonen, som til slutt tok heilt av. Det var nok av dei som har fått mistanke om at eit eller anna skurrar i administrasjonen på Enjoydiary, og som har bedt meg kome meg fleire detaljar. Dette er noko folk, både på ED og utanfor har kommentert til meg, noko som er særleg risikabelt med tanke på dei nye reglane på sidene der, som nektar brukarar å vere kritiske til administrasjonen. Om du tykkjer dette er merkeleg, så er det heilt logisk om ein sett det i samanheng med nokre av dei tingene som skjedde etter eg vart tvungen ut.

Det var jo ikkje nok for ED sin administrator, Lexidh Solstad, å stenge kontoen min, ho fann det òg nødvendig å IP-blokke maskinene mine, både privat og på kontoret. Kvifor? For å hindre meg i å ha kontakt med andre brukarar? For å kommentere? For å lese det ho evt ville skrive om meg? Her står ein jo sjølvsagt fritt til å spekulere.

Umiddelbart etter at kontoen min vart sletta var det fleire som etterlyste meg, andre kommenterte surt det som hadde skjedd, og fekk naturlegvis åtvaring frå administrasjonen. Eg hadde brudt reglene, og eit kvart spørsmål om kva regler som var brudt var i seg sjølv dissens. Nokre fekk åtvaring eine og åleine for å ha henvist til reglementet. Dei meir frustrerte gav opent uttrykk for sine kjenser, gjerne ved å poste dei omstridte FurteFranz-bileta i sine dagbøker/blogger. Framst blant desse var brukaren Robert, som hadde vore ein aktiv støttespelar til ED i fleire år, særleg på det tekniske. Han la ut samtlege av bileta, med klar beskjed om kva han tykte om situasjonen. Administrasjonen reagerte, og kort etter pakka Robert sakene sine. Han sletta i same omgang EDDR. Eit system han hadde utvikla for brukarane på ED, som dei mindre tekniske kunne bruke til å generere designkoder i HTML for bloggane sine. Naturlegvis fulgte det med eit vassmerke i koden som vart generert av dette systemet, som fortalde kvar det kom i frå, og kven som eigde rettane. Heilt naturleg det.

Men som vi veit, så oppererar Enjoydiary i ein litt anna sfære enn resten av verda...

Kort etter at Robert forlot Enjoydiary, kom "Kattungen" med ei heller merksnodig oppmoding. Kattungen er ein av brukarane på ED som er valt ut til å vere med i Task Force, som hjelp Lexidh med å halde "ro og orden" på staden. I sin blogg skriv ho den 8. september;
Som de fleste sikkert har fått med seg, har Robert ikke bare deaktivert seg fra ED, han har fjernet EDDR i tillegg. Jeg oppfordrer derfor alle som har design fra EDDR til å gå inn på "Egendefinert HTML", "rediger HTML" og fjerne den biten her fra nederst i designet sitt:


< !-- ADVARSEL: OM JEG FINNER UT AT DU HAR FJERNET FØLGENDE BILDE, SÅ VIL JEG BLI SINT DU HAR IKKE LOV TIL Å FJERNE DENNE! //-- >
< href="http://eddr.ipwn.se">< src="http://eddr.ipwn.se/eddr.jpg">< /a >
< !-- Slutt på ADVARSEL //-- >



Jeg gidder ikke "reklamere" for en tjeneste som er fjerna på pur trass.

Det var fleire som stussa litt om denne oppmodinga. Det var jo eit litt merkeleg utspel i kjølvatnet av ein copyrightkrangel, for det vi snakkar om her er jo å fjerne copyrightnotisen til mannen som har laga koden. Eit reint tjuveri med andre ord.

Når folk reagerte, så vart dei blankt avvist. Først av Kattepusen som svarte mellom anna;
Stjele hans kode? Ja, ok. Koden vi har fått fri tilgang på. Da er det ikke stjeling. Jeg har gitt creds så lenge siden er oppe, og gidder ikke det nå mer.
Kvar vart det av spørsmålet om varighet på copyright her mon tru? Korpå Robert skyt inn ein kommentar om at koden er framleis hans, men dette har ikkje noko å seie for Kattungen, hennar respons er enkel;
Som du har latt folk bruke som de vil.
Robert gjer eit tappert forsøk på å klargjere overfor Kattepusen kva som er sakas kjerne;
Vent litt, jeg deaktiverer meg på grunn av at ED kjører litt krasst på copyright-regler, og så kommer dette og gjør dagen min mye bedre. Eller gjør det nå det? Jeg har vel gjerne opphavsrett til alt som er laget av eller gjennom EDDR. Å fjerne taggen er litt som at du piratkopierer Windows eller å fjerne vannmerket på et bilde -- ikke spesielt hyggelig.

Jeg håper virkelig du brenner i ban heaven og at admin setter støvelen i baken på deg eller fjerner designet ditt. Gjerne begge delene om din mening ikke endres.
Kattungen stiller seg like uforståande til argumentasjonen. Tenesten var gratis, og no tilbyr han den ikkje lenger. Då eig han den vel ikkje heller då? Det er vanskeleg å trenge gjennom dette skallet, og attpåtil vel no Lexidh Solstad å trå til med eit av sine gullkorn;
Kjøss meg i ræva Robert.

Forøvrig er kattungen med i taskforce ;P

Ja, det seier vel alt? Det er slik Lexidh møter nokon som kjem med copyrightkrav. Hennar forståing av lovverket er like bakvendt som alltid, Robert vert sjølvsagt ganske så frustrert av det han høyrer her;
VENT, sa du akkurat det jeg tror? SA DU DET?!

Satan du er ikke god, da. ED har tydeligvis to sett regler, ett sett for taskforce, ett sett for andre.

Jeg skjønner godt at folk stikker fra dette helveteshullet om dagen.

Lexidh tordnar i gang med sin administrative og juridiske know-how;
Om du skal eie alt design som er laget på EDDR som ikke en gang eksisterer lenger skal vel Microsoft eie alt som er skrevet notepad, eller Word, eller for ikke å snakke om alt som er gjort i IE. Mhm. Jeg har også fjerna det stygge krysset fra dagboka mi. Skal du gå løs på meg også?

Og jeg "sier" hva jeg vil til folk som ikke er EDbrukere. Slik som jeg alltid har gjort.
Og Robert kan ikkje anna enn å svare;
Nei, Lexidh, jeg skal ikke gå løs på deg. For i din lille verden er dette korrekt mens diverse andre tyskerbilder er helt grusomme. Jeg kan tenke meg at om jeg hadde funnet et gammelt bilde av min bestefar ville nok det vært utenkelig å stappe opp i dagboka mi, mens om du hadde Googla et bilde av ville det vært tillatt.

Lexidh, jeg synes synd på deg, for du har latt ting gå deg til hode. Jeg mener det. Du har blitt så gjennomsyret med at du alltid skal ha rett og at du alltid skal ha siste ordet i alle saker (sett bort fra de du taper, som bevist i Hastur-saken, hvor du holder deg til å nekte å ta til deg informasjon når han la fram fellende bevis).

Det var et håp for at jeg kunne funnet på å utgi kildekoden til EDDR, men dessverre har din holdning fjernet dette lille håpet.

Måtte livet være god mot deg, Lexidh, for jeg er ikke sikker på at jeg ville klart det om jeg hadde vært på ED lenger.

PS! Ikke noe vits å blokkere IP-adressen min, vi har IP-rotasjon over mange rekker, så da blir det mange som blokkeres.

Over og ut,

Robert.

Men det hjelp ikkje, for Lexidh står på sitt. Det er ho som er offeret her;
Hihi, er det ikke de gode gamle argumentene mot meg som dukker opp igjen? Det er jo nesten søtt. Alterdinskyldogduerfælogslemfordiduikkebøyeravfor"oss"-greia. Bla bla. Men i bunn og grunn får jeg ikke brydd meg mindre om folk som ikke egentlig har lyst til å være her på ED. Som er min server. Som jeg faktisk gjør som jeg vil med, om jeg vil. Vrient konsept tydeligvis ;P
Stakkars Lexidh. Og med dette prøvde dei òg å IP-blokke Robert. For ikkje pokker om han skal lese at dei oppmoder til å fjerne hans vassmerke og tukle med hans andsverk.

I løpet av det heile har Antidamen kima inn. Ho er ein tidlegare kjenning av ED, med den mest vitja bloggen på serveren før ikkje ein ikkje så lite sjalu Lexidh kasta henne ut for bråkmakeri. Ho grip fatt i det ho oppfattar som forskjellsbehandling;
Lexidh: Mener du virkelig at det er forskjell på mennesker i taskforce og vanlige brukere? Forskjellige regler? ELLER mente du at siden hun er taskforce-medlem kan du ikke tenke deg at hun vil bryte en regel hun selv tar andre for?
Men neida, la oss vere klar. Slik er det ikkje. For dette har jo så klart ingenting med copyright å gjere;
Nei. Men her er det ikke noe regelbrudd. Robert er ikke EDmedlem lenger, EDDR eksisterer ikke lenger, hva faen er problemet her egentlig? At hun ikke har en stygg bildet-mangler-greie på siden sin lenger og anbefaler andre å fjerne sin også? Jiiz.
Eg mistenkjer at all verdas terapi ikkje vil nå inn her. Det er eit eller anna patologisk med heile hennar måte å forhalde seg til verda på. Ho er eit offer skjønner du, og vi har å vere takksame for hennar eksisten. La oss sitere ein av hennar mange reaksjonar, denne frå 4. september;
La meg bare minne alle her på ED om et par viktige ting.

Jeg kan legge ned ED på ca 5 sekunder om jeg vil det. eneste grunnen til at jeg gidder å drive med dette her er fordi jeg er så føkkings grei at jeg lar folk bruke den private serveren til sine private ting. jeg har ingen forpliktelser ovenfor noen. så om dette skal bli en plass der jeg og de som er så snille at de hjelper meg med å drive sidene (til tross for at jeg kan drive ED som et diktatur der brukerene flyr ut i øst og vest, slik jeg absolutt føler for nå) bare skal bli offer for kjeft, trusler og annen dritt så trekker jeg heller ut kontakta.

do not test me.
Ho kan jo tross alt oppføre seg som ein diktator, det er noko vi ikkje har fått med oss. Er det? Ein etter ein vart folk kasta ut for å ha sagt feil ting, eller simpelthen berre ha vore venner med meg eller andre som har sagt henne mot. Det er ikkje lov å seie henne i mot, vi skal berre vere takksame... for ho kunne jo ha vore ein diktator. Ja, for ED har ingen likskapstrekk med ein totalitær stat eller?

Det er symptomatisk at slike beskjeder vert lagt ut i bloggen hennar. Ho forventar faktisk at alle brukarane les den, ho blandar privatperson og administratorrolla når det passar henne, og skil når det ikkje funkar så vel. Som ho seier fleire andre stadar, så skal alle brukarane vere hennar vennar. Det er vel slik ho får vennar?

Etter fleire utkastingar, og ein del krangling, kom det endeleg nye regler til ED, slik eg hadde bedt om. Reglane, og det som følgjer av dei... er strengt tatt ei soge for seg sjølv. Som eg kan kome innpå seinare, om det er eit folkekrav.

Førebels er det berre å oppsummere det vi har lært her i dag; Andsverk gjeld på fotografi som ingen eig, medan ein kan fjerne vassmerke og copyrightnotiser på designkoder dersom ein er uvennar med han som har laga det. Og om du protesterar, ja, så er det Lexidh Solstad som er eit offer.

Ja, så er det vel berre å ta det innover oss då, så slepp vi å høyre på grininga hennar.

Personleg, så likte eg Robert sin respons, for då han var kasta ut og IP-blokka, og dei nekta å gje seg på kodestyret la han ut att ein ny logo for EDDR. Eit vakkert bilete av FurteFranz som gav klar beskjed om at denne koden, den tilhøyrde Robert.

Det var ei lang natt for Lexidh sine frivillige som måtte sitte og luke ut den koden frå alles dagbøker.

(Dette innleggjet er illustrert ved hjelp av våre vennar i det Tredje Riket, Thoken (alias Tarunji), Bad Mynock, jbq, Hjarandr og ikkje minst... anonym)

laurdag 25. oktober 2008

Flekkete tissemann

Ja, tissemann, eller kuk om du vil, med flekker, det er noko for seg sjølv det. Då eg var i Londinium hadde eg den usedvanlege gleda av å sjå to vakre kvinner dele ein sådann, og eg må innrømme at eg fniste. For berre i England anses det som normalt at ein bestilling av spotted dick er noko som skal delast av to, og då helst av to jenter. Det var... ikkje lite interessant å sjå dei stappe den i munnen...
Vi fniste vel alle saman, og eg trur det var velsmakande. Vi andre rundt bordet fornøya oss med mindre velsmakande vitser. Det er strengt tatt framleis morosamt.

Eg fnisar i alle fall framleis.

Takk til Lady Mju for biletet.

fredag 24. oktober 2008

Klar til å stemme?

Når vi er inne på det amerikanske valet, så kan eg like godt halde fram. Det er stor kniving om stemmane i statane for tida, og det er særleg kamp om dei unge og uerfarne. Eg meiner det er grunn til å vere uroleg for at det kanskje vert lagt litt mykje press på ungdommen for å stemme, og at dette kan ha uante konsekvensar. Heldigvis har tidlegare presidentkandidat Stephen Colbert klart å grave opp ein videosnutt som handlar om nett dette;

Din kandidat?

Det amerikanske presidentvalet har mange kandidatar som ikkje får så mykje presse; her er ein av dei.

Til og med den kjente Obama-girl har byrja ein romanse med Ackerman;

Kommunismen har ikkje ein sjanse. Kven støttar du i presidentvalet? Og ikkje minst, kven støttar du i Red Alert?

torsdag 23. oktober 2008

Absalong presenterar: I Dyrets Teikn

Absalong presenterar I Dyrets Teikn - Anti-Krist: Falsk Profet og Forførar
Eit foredrag ved Jan Ingar Thon
  • 4. november 2008, 19.00
  • Klar Bar, Zachen
  • CC: 50

Alle i vår generasjon veit at dette er dei siste tider, det alt har leia fram til - bak eit kvart hjørne lusker profeti om dommedag og verdas undergang. Ein hovudperson i dei fleste populære dommedagsforteljingar er Anti-Krist, den falske profeten som skal forføre massane vekk frå det sanne lys. Kven er denne profeten? Kva er han? Og kva vil han? Absalong lar religionshistorikar Jan Ingar Thon fortelje oss alt vi ikkje veit om han.

Sogene om kven denne mørkemannen skulle vere har vore mange sidan han vart trukken fram i Johannes Openbaring for nesten 2000 år sidan. Denne mannen som skal forføre verda, og underleggje seg all politikk og handel, og merke oss alle med sitt teikn. Dette "dyrets teikn" er populært tolka som 666, og dette er det viktigste sporet ein har hatt for å studere seg fram til kven han kunne vere. Var det Keisar Nero, som brukte kristne som hagedekor? Var det Martin Luther, som forrådte moderkyrkja? Paven og Vatikanet som villeiiar dei truande inn i okkulte ritual? Er det Illuminati eller EU? Eller er Anti-Krist mannen bak alt dette slik andre hevder? Vi vil kaste oss over temaet, frå dei tidlege kyrkjefedre til Rosemary's Baby og moderne konspirasjonsteoriar. Frå barneofring til helsekost!

Den einaste som kan ledsage oss på denne turen er religionshistorikar og forfattar Jan Ingar Thon. Han er ein av Noregs framste eksperter på Anti-Krist-myten og aktuell som bidragsytar til antologien "Dommedag", som kjem ut i tide til vår lille samling, og vil vere til sals til ein vennleg pris. Han har tidlegare forfatta boka "Varulv!", og vitja i den samanheng opningskvelden på Absalong og underhaldt publikum med sin forteljarevne. Vi kan med andre ord garantere høg underhaldingsfaktor i tillegg til god, og sunn folkeopplysing.

I tillegg vil våre DJar underhalde med god musikk og stemning, og i baren kan du få kjøpt leskande drikker. Det er med andre ord nok av grunner til å møte opp på Absalong for dette arrangementet. Det heile skjer tysdag 4. november, på Klar Bar på Zachariasbryggen, og vi opner dørene som vanleg klokka 1900. Det vil koste 50 norske kroner å kome inn, og du må vere av myndig aldar.

Vi ønskjer gamle og nye gjester hjarteleg velkomen til denne kveldens arrangement. RFID-chipping er høgst frivillig

Spring avgarde til absalong.no og meld deg på mailinglista vår!

onsdag 22. oktober 2008

Kling Klang, Knokkelklang!

Boom! Pang! Kablam!

Og denslags.

Fyrverkeri er på sin plass, for eit nytt tidsskrift er fødd! Eit tidsskrift full av knokler, Victoriana og raritetar. Ja, alt du eigentleg treng for å overleve i ei trist verd som skyr kniplingar, tweed og ekte kalde gys.

Vi kallar herligheta Knokkelklang, fordi det klinger så vel. Og dei ansvarlege burde i stor grad vere kjend for dei som les her. Vi er ført an av Arnfinn Pettersen frå Den Tvilsomme Humanist og Norsk Selskap for Drontens Fremme, som då har samla saman ei forsamling som består av Bjørn Are Davidsen frå Dekodet, Didrik Søderlind frå... vel, over alt - men først og framst Playboy - og så sjølvsagt mullaens andre personlighet.

I det første nummeret, som sleppast i dag, kan du heilt gratis lese om kva som eigentleg skjedde med Beatles, om vampyrar, naziporno og druider. Samt eit dikt og eit intervju.

Som sagt, så treng du eigentleg ikkje meir. Så spring vidare - mot KNOKKELKLANG!

Og hugs; vi likar at du gjev oss gratis reklame. Så spre ordet til dine venner og uvenner, send det på mail eller blog om det - kva enn du gjer! Send oss nye lesarar!

tysdag 21. oktober 2008

Ikkje akkurat flytryggleik...

Som eg tidlegare har vore inn på, så er flytryggleik alltid i fokus når ein er ute og reiser. Alt skal vere så trygt som det kan. Ein tar alskens førehandsregler for at vi som passasjerar ikkje har med oss noko vi i teorien kan bruke til å skremme kabinpersonalet eller medreisande. Vår baggasje, og vår corpus, vert sjekka i detalj, inspisert, gjennomlyst og tafsa på.

Alt for å gjere reisa vår trygg.

Men eg ber deg, for all del, ikkje føl deg altfor trygg, for feil kan skje. Ja, det hender jo at farlege folk kjem ombord med farlege sko, eller nokon klarar å snike med seg medbragt drikke ombord på flyet. Ingenting er bombesikkert. Ein skal ikkje alltid stole på at kabinpersonalet er heilt rett bevart heller. Så her er mitt råd for dagen. Ta ein kikk på biletet og hugs - når flyet har landa, og det er på tide å stige av, ikkje følg blindt retninga dei gjev deg. For openbart hender det at dei opner døra på feil side av flyet...

... og det trur eg snøgt kan verte eit smertefullt fall.

måndag 20. oktober 2008

Byen der paraplyar går for å døy

Regnet fell tungt over Bergen, ingenting nytt ved det. Folk utanbysfrå lurar på kvifor vi ikkje er gladare i paraplyar enn vi er. Kvifor så få Bergensarar, meg sjølv medrekna, reknar paraply som nødvendig. Er det fordi vi er så regnvante?

Nei.

La meg forklare. Bergen er staden der paraplyar kjem for å døy. Ikkje klart nok? La meg vere meir spesifikk. Bergen er ein kystby. Dvs, den ligg ved kysten.

Kysten har vind. Mykje vind.

Og er det ein ting paraplyar ikkje er glad i, så er det vind.

Vi snakkar ikkje om ein lett bris, eller eit lite vindkast eller to. Vi snakkar om vind.

På dagar som dette, når regnet har ramla tungt, som om himmelen opna seg, og vinden kasta både i den eine og andre retninga. Så er det ei underleg oppleving å vandre gjennom byen på kveldstid når det først er opplett. Over alt... øydelagde paraplyar, og restar av paraplyar. Eg mista tellinga etter kort tid.

Sanneleg, Bergen må vere byen der paraplyar går for å døy.

fredag 17. oktober 2008

Dans for mullaen

Som alle veit, så er eg glad i song og dans. Og alle er glad i meg. Så kvifor kan ikkje alle synge og danse for meg? Eg tykkjer alle burde følgje dømet i denne videoen, som vart donert meg av ein anonym religiøs skikkelse:
&amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;lt;a href="http://www.grapheine.com"&amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;amp;gt;Grapheine : Agence de communication studio graphique illustrateur création de logo sur Paris et Lyon

Og om du vil lage eigne videoer om din favoritt mulla, så er det jo berre å sette i gang på Bombay TV, som sidan sist eg var innom har oppdatert med ein haug med fine klipp frå Bollywood.

torsdag 16. oktober 2008

Å sjå realiteten i auga

Asbjørn Dyrendal har den siste tida i Skepsis-bloggen fulgt spådomane om at UFOar som skulle ankome tysdag den 14. oktober (helst i ein landsbygd i Wales) for å gjere slutt på elendigheta på jorda. Dette er noko ein har vorte kjent med gjennom kanaliseringane utførd av Blossom Goodchild. Som deira utvalte talerør har ho stått sentralt i det internettsamfunnet og nettverket av blogger som har vakse opp rundt hennar spådomar, og det vart forståeleg nok veldig stille frå henne, og hennar likesinna, då 14. oktober hadde passert utan dei store avsløringane. Verre var det at dei ulike nettverka byrja å fjerne informasjon frå nettet, eller begrense tilgangen til den, då dei innsåg at dei hadde godt i baret. Då er det godt å sjå at nokon i det minste tar inn over seg det som har skjedd, og tar sjølvkritikk, overraskande nok var det sjølvaste Blossom Goodchild som trådde til. I følgjande video innrømmer ho at ho kanskje har kasta vekk fleire år av sitt liv;

Gje den dama ein medalje.

onsdag 15. oktober 2008

Besynderlege menn

Vi kan gjerne skryte av likestillinga i Noreg, og korleis kvinner her står langt friare og har langt fleire moglegheiter enn i andre deler av verda, men det er enno slik at dei må slite med ting som vi menn gjerne slepp. Ein av disse tingene er ubehagjelege mannfolk på byen, som unge jenter flest vert utsatt for litt oftare enn ein likar å tru. Ei slik jente er Lilo. Ho er ei kreativ ung jente frå Bergen - fotokunstnar og DJ - som eg har vore så heldig å ha møtt ved fleire høve.

Nyleg møtte Lilo på ein av disse ubehagjelege mannfolka på byen, som hadde lira av seg mengder med ræl av ulikt slag. Om ein skal tru Lilo si skildring av møtet, så var dette ein tullebukk av ypperste klasse som spytte ut rasistiske kommentarar og skrytte heftig av å ha forfulgt unge jenter. Hans omgangskrets bestod visstnok gjerne av seksuelle overgriparar og det som var verre var.

Eg forstår godt at Lilo reagerar kraftig på eit slikt møte, og føler for å skrive ut det heile på papir. Det er ein reinsingsprosess.

All min sympati går ut til den unge jenta, og andre unge jenter som vert utsatt for denne bablande galningen. Eg veit korleis det er... eg har møtt ein del gærne kvinnfolk i mi tid...

Ein ufin høgsong

Det var ein roleg laurdagskveld, no førre helg, kanskje de hugser den? Det er ikkje lenge sidan. Eg hadde inntatt eit betre måltid og hadde satt meg til rette med litt whiskey og mine stille tankar i mørkret då det brått banka på mi dør. Det var verken hamring eller stille skrap, men meir bestemte knokeslag mot tre, av typen som vekker verken uro eller panikk, så eg opna døra med opent sinn.

Der stod ei vakker jente med mørkt hår og smilte breidt, i handa hadde ho ei bok oppslått og ho erklærte;
"Eg er her for å lese høgt til deg frå høgsongen"
Kjent som eg er med Kong Salomons Høgsong smilte eg likeså breidt attende, for dette er jo meir enn ein ungkar kan vente seg på laurdagar satt til side for innekos. Ute var veret grusomt; det var vått, kaldt og vindfullt, og sofaen hadde heile dagen lokka med sin mjukhet og teppet med sin varme.
"Kom inn!"
Forkynna eg blidt. Les for meg, ungmø. Eg skjenka henne eit glas med Bowmore, og sat meg til rette ved hennar side, og ho byrja å lese frå si lille bok.
"Det er ikke bra å føle for mye glede eller å fryde seg over å være i live. For vi betyr intet, og det må ikke bety noe for oss om vi er levende eller død, for dette skal være slik våre brødre bestemmer det. men vi, Likhet 7-2521, er glade for å være i live. Hvis dette er en last, ønsker vi ingen dyd"
... dette var ukjent for meg, men likefullt kjent. Dette var då ikkje Kong Salomons vakre Høgsong? Nei, eg attkjente den blinde analysen, hatet mot samfunnet... dette var djevelens verk. Ayn Rand, djevelkvinna frå Russland sine ord som forpesta den unge jentas sinn, gjennom "Høysang" den norske omsetjinga av Anthems, eit av Rands tidlege verk. Mi sjel vrei seg, mitt hjarte brast... For eg klarte ikkje å sjå henne i auga; så ung, så vakker... men allereie øydelagd. Kva vondskap hadde infisert henne? Kven hadde latt henne forgifte seg sjølv med denne pure vondskapen som er objektivismen?

Hennar svar var like enkelt, som det var smertefullt.

Det var... meg!
(Attfortald fritt etter røynda, biletet frå The Art of Silena)

Kven er den morosamste Palin?

John Cleese har sagt sitt om visepresidentkandidat Palin, og hans dom er enkel: Michael Palin er ikkje lenger den morosamste Palin.

Ikkje at eg har for vane å kommentere amerikansk politikk då, eg berre likar John Cleese.

(Via Boing Boing)

tysdag 14. oktober 2008

Eit bord frå Phillip Toledano

Eg var nyleg gjort kjent med arbeida til den 40 år gamle fotokunstnaren Phillip Toledano, som med enkle knips og manipulasjonar både underhaldar mi meir smaklause sider, og uttrykkjer meir enn ord.Det var via Boing Boing eg vart kjend med hans nyaste verk - America the Gift Shop, ein fotografisk reise gjennom kitsch suvenirar frå dagens "krigsherja" Amerika. Og då var det først og framst dette bordet eg såg, og som ein liten del av meg eigentleg hadde lyst på.
Som Boing Boing òg påpeiker så kan ein lett sjå at biletet er delvis inspirert av arbeidet til Allen Jones og andre. Koplinga mellom sadomasochisme, kunst og grove overgrep som dei som fann stad i Abu Ghraib er ganske mektig om ein først sett seg ned og tenkjer gjennom det. Det er ein av dei delene av den menneskelege psyke eg finn vanskeleg å forstå, og som eg kanskje ikkje har lyst til å forstå? Berre observere, undre... og kanskje nyte?

For dei som vil sjå noko mindre politisk av Phillip Toledano kan eg anbefale Phone Sex, som er fotografi av telefonsex-operatørar i lag med ein kort presentasjonstekst der dei forklarar kvifor dei gjer som dei gjer. Eg trur det vil både glede og forundre.

måndag 13. oktober 2008

Minnesdag

For dei av oss med historiske interesser er 13. oktober ein viktig dag å minnast. Det er i år faktisk 701 år sidan fredag 13. oktober 1307, då ein av verdas mest innflytingsrike organisasjonar starta på ein sagnomsust omdanningsprosess. Frå økonomisk og politisk maktsentrum til ein myte med utenkjeleg makt, det er metarmorfosen til dei fattige (men akk så velståande) riddarane av Solomons Tempel, Tempelriddarane. Dei var den første anstendige hæren i Europa, og dei var det første store banknettverket, dei satt på eigedom frå Nord-Europa til Midtausten og hadde innflyting over konger og prinser. Det som byrja som eit oppdrag om å beskytte pilgrimer på veg til Jerusalem var blitt ein organisasjon som rivaliserte dei største kongemakter.

Heilt til fredag 13. oktober 1307, då den franske kongen bestemte seg for at nok var nok. Hans grådige blikk var vendt mot Tempelriddaranes rikdom. Og med seg på laget fekk han Paven som motvillig lot han rette anklagar om kjetteri mot Tempelriddarane. På denne dagen starta arrestasjonane og konfiskering av godsa over heile Frankrike. Og det spreidde seg deretter. Anklaga for å ha dyrka geiteguden Baphomet (AKA Mohammad), for å drive med sodomi og djevelske ritual var det lite håp for riddarane, tilstå og be om tilgjeving, eller gå på bålet. 7 år seinare gjekk den siste stormeistaren Jaques de Molay til bålet, etter å ha gått attende på tilståinga. Med sine næraste allierte som framleis var i livet gjekk han modig til kjetterbålet.

I dag er Tempelriddarane sentrum for all verdas konspirasjonsteoriar frå DaVinci koden til Illuminati. Faktisk så har ingen konspirasjonsteori med respekt for seg sjølv lov til å utelate Tempelriddarane frå "the grand scheme". Utallige organisasjonar, frå Frimurarane til Ordo Templi Orientis, og sjølvsagt IOGT og Tempelriddarordenen hevder, meir eller mindre bokstaveleg, å vere arvtakarar til Tempelriddarane. Og enno fleire organisasjonar vert slengt i same bås av konspirasjonsteoretikarar.

Difor spør eg meg sjølv, slik eg ofte gjer på denne dato: Er kanskje Tempelriddarordenen meir mektig i dag, enn før den vart utsletta? Det er vanskelegare å knuse ei myte, enn ein politisk, militær og økonomisk organisasjon. Tempelriddarordenens fiendar gav den ironisk nok evig liv.

I dag drikk vi til Ordenens ære, og dets ideal. Og får Jaques De Molay, som visste at sortie var minst like viktig som entre. VITRIOL.

søndag 12. oktober 2008

Drapsmann i parken

Parklivet er ikkje alltid trygt, heldigvis har vi beskyttande musikk. Ice Spicy Leoncie lagar musikk som... gjer eit eller anna... med sjela.

Takk til Tale for å ha introdusert meg for konseptet.

laurdag 11. oktober 2008

Ramlande ut av hylla

Eg har ikkje gløymd arkivet folkens, ta det med ro. Av og til kjennast det faktisk som om arkivmaterialet kjem ramlande over meg, berre eg såvidt tar i eit dokument. Så nok ein laurdagsformiddag er nytta for å dra fram godbiter frå arkivet.

Ingen av dei krev stort med kommentarar, men ein liten presentasjon skadar jo ikkje. Inspirert av Unitarius og ein gryande lyst til å skrive meir om ufo-sekter, leita eg fram ein av mine favorittsekter - Raelianarane, og to greie saker om dei. Desse kloneivrige ufo-tilhengjarane kunne for ei stund attende love oss å klone våre kjære kjæledyr for oss, og eg vil så gjerne at dei skulle klone meg ein pus. Seinare gjekk dei same ivrige filantropane i Raelstyrte Clonaid ut med eit tiltak for dei mange kjønslemlesta kvinnene der ute. Ja, no kan dei faktisk dyrke fram nye clitorisar; så kvifor ikkje støtte opp om Clitoraid og adopter ein clitoris...?

Mindre hyggjeleg er det å sjå sine helter falle, slik som i dette tilfellet med Max Wright, den kjende familiefaren frå serien ALF. Eg trur eg lar bileta tale for seg.

Bileta talar eigentleg godt for seg sjølv òg i dette studiet av den gode gamle skuledansen. Og til slutt overlet eg ordet til Adobe, som òg har ein oppklarande illustrasjon til oss.

Om de har kommentarar til enkeltinnleggja, så vonar eg at de legg dei i dei aktuelle innleggja. Bon apetite.

fredag 10. oktober 2008

Musikk for helga

Det er helg. For mange tyder dette musikk, så her har vi ein fin liten dose som de kan nyte.



Så går eg på Forbundsmøte i mellomtida. Skål!

torsdag 9. oktober 2008

Litteraturfestivalen knekk under press

Oppvakte lesarar av denne lille blogg har kanskje allereie fått med seg at Norsk Litteraturfestival under ein pressekonferanse i dag trakk attende invitasjonen av Holocaustfornektaren David Irving til fjorårets festival. Han var invitert, i all smaklaushet, til å halde foredrag om Sanning. Dette var det fleire av oss som kasta oss over, ikkje minst venn Arnfinn den Tvilsomme Humanist, der vi mellom anna fekk demonstrert korleis monomani kan spore av ein kvar debatt.

Det var difor vi med eit lite flir i dag kunne motta nyhenda om at David Irving ikkje skulle kome likevel. Då fulgte det sjølvsagt at mannen bak det heile, Stig Sæterbakken, òg trakk seg som kunstnerisk leiar for festivalen. Dette med ein indignert tone som tyder på at han framleis ikkje har forstått kva ytringsfridomen handlar om. Folks protest mot Irving handla jo sjølvsagt om at ein ønskte å kneble han, og å undergrave ytringsfridomen hans. Ja, faktisk, det heile er eit symptom på ytringsfridomen sine dårlege levekår her i landet. Ytringsfridomen har kanskje dårlege kår her i landet, men det var aldri eit spørsmål her - ein må jo forstå forskjellen på å la nokon snakke, og å gje dei ein ropert og ein plattform.

Men for all del, dette endte jo greit... eller gjorde dét det? Eg kjenner meg brått snytt. Vi hadde noko bra på gong her no. Eg var indignert, og festivalleiinga stod samla og var vrang. Vi hadde eit krangletema som kunne vare heilt fram til mai neste år, kor bra hadde ikkje det vore? Vi er definitivt snytt her. Og det er noko litt ubehagjeleg å sjå festivalleiinga gje etter for litt press, er det ikkje? Er det alt som skal til for at dei skal ta ei bråvending? Berre for nokre dagar sidan gjekk dei ut i pressa og sa det ikkje var aktuelt å ta invitasjonen attende. Ikkje mykje til prinsippfasthet her, altså. Faktisk... om ein ser vekk i frå at det opphaveleg var festivalen som gav Irving ein plattform, så krenkar dei jo ytringsfridomen hans ved å ta den attende. Dei tar frå han talerøret sitt? Ser de?

Altså; ein mann har ein ropert. Han har tenkt å bruke den til å spre sin bodskap. Denne roperten vert tatt frå han; han vert sensurert! Hans ytringsfridom er krenka.

At det var dei same aktørane som hadde lova han denne roperten ignorerar eg akkurat no. Eg vil vere indignert! Eg var ikkje ferdig med det. Fy på litteraturfestivalen, dei har knebla David Irving og gjett etter for press.

Pyser. Må ikkje tru at de slepp unna, er de så dumme å invitere han, så kjem eg til å vere indignert aldri så lenge - sjølv om eg må vere kreativ når det gjeld årsaka.


----------------
Now playing: Death in June - Rose Clouds of Holocaust
via FoxyTunes

Ein apropos


Når Cthulhu ligg i senga og strekk seg, så kan han ikkje vente seg å ny flyet, kan han? Tidleg i seng, og tidleg til beins, det er trikset når eg er på tur. Takk til Arnfinn for å ha spora opp denne fine illustrasjonen.

Vel attende?

Ja, Mullaen Hastur er attende i sitt lille tempel. Han sitt og dingler med beina utfor kanten av sin Minaret og skuer over sin lille heimbygd.

Kvifor så stille? Fordi han har vore offline. Takka vere inkompetent nettleverandør har han framleis ustabilt nett, og har ikkje hatt høve til å oppdatere folk.

At det er mykje å gjere på kontoret hjelp ikkje. Så i mellomtida så kan de heller ta turen innom Lady Mju, som tar for seg nokre av dei kulinariske høgdepunkta frå Londinium turen.

Og dei som venter på del tre av Soga om Enjoydiary? Vel, dei venter vel vidare tenkjer eg. Personelg sitt eg og venter på kva Litteraturfestivalen i Lillehammer har å seie for seg sjølv.

fredag 3. oktober 2008

London Calling

Kan du høyre det? Storbyens kall! Metropolens forlokkande liv og spaning. Lyden av trafikk, lyden av sirener, lyden av menneske. Den ukuelege lyden av livets vibrasjonar.

Eller noko slikt, eg er ingen poet. Eg er berre på reisefot. Mullaen gjer kosmopolitt av seg, og gjer som så mange andre rettruande - han reiser til imperiets navle; Londinium. Der skal han spre det gode bodskap, mane til strid... og shoppe til plaskortet går varmt.

Kvifor fortel eg dette? Fordi eg ikkje har sjekka om eg har nettilgang dei neste dagane... så om det vert stille, så er det ikkje fordi eventuelle forsura webadministratorar har tatt livet av meg. Det er fordi eg har tatt ein velfortent ferie i metropolen.

Enkelt og greit. Lev vel, folkens. Eg er attende før de anar det!

----------------
Now playing: The Clash - London Calling
via FoxyTunes

Vil du ha porno på kontoret?

Det er ikkje lenge sidan eg med stor interesse fulgte Vårt Land, den einaste dagsavisa eg les fast, og deira omtale av eit vaksande tema i kristenlivet - pornoavhengighet. Fleire og fleire kristne kjem ut av skapet med dette problemet, og ber om hjelp. Eg lot meg henføre av dei mange sidene som hadde dukka opp på nettet om dette. Ikkje berre med skriftlege tilståingar om korleis porno på nett stadig leia dei ut i synd, men òg program for å hjelpe den kristne i å surfe porno under kontrollerte former - med mål om å slutte heilt sjølvsagt.

Før då ante eg ikkje at pornoavhengighet faktisk var eit problem, men kanskje er dèt det? Det tyder òg at det er nok av dei av dykk som sitt på kontor og skuler der ute som akkurat no saliverar med tanken på litt hud på nett, men er hindra av anstendigheitsfilter eller sosiale konvensjonar frå å oppsøke det (og difor sitt og les dette i stadenfor). Til dei finnes det no ei fantastisk løysing, som vart presentert for meg i dag av min gode venn Nilsan; Safe for Work Porn. Eg garanterar deg, at det du ser her - er trygt for ein kvar arbeidsplass. Og dets kreative innhald er stempla med Mullaens godkjenning, kan det verte betre? Send alle dine kristne venner dit.

torsdag 2. oktober 2008

Har budstikka snudd?

Som dette biletet, knabba frå spesiell.org, viser, så er det lite som kan halde attende pandaenes frammarsj. Sjølv teikna bilete av pandaer er i stand til å gjere fysisk skade på sine omgjevnadar. Det er snart på tide at den allmenne befolkinga i vårt dyrbare land vaknar opp til den farefulle situasjonen vi er i. Pandamonium er på frammarsj. Ikkje nok med at dei i somar har korrumpert våre unge med denne propagandafilmen om ein "vennleg" kung fu panda, i november vil òg oppfølgjaren kome på DVD. Her turar med andre ord Pandamonium fram, og den fjerde statsmakt - vår kjære presse - er velvillige nikkedukker for Pandaenes komande terroregime.

Det er difor opp til kunstnarar og fritenkjarar å få ut bodskapen, og varsle folket om kva som skjer. Dette er ikkje lett når media er mot oss, og freistar å undertrykkje vår ærerike kamp.

Men avogtil... så ser eg eit von om betre tider. Slik som no, når den gamle, konservative budstikka Aftenpoften har gått ut og tatt stilling til kampen mot Pandamonium. Og overraskande nok har dei valt å ta side med menneska denne gongen. Aftenpoften er ikkje uskuldige, dei har publisert mang eit stykke propagandearbeid for Pandamonium, og vil nok halde fram med det. Det som gjer meg så oppglødd er at dei har byrja eit samarbeid med dei to anti-panda krigarane som går under namnet Wullfmorgenthaler. Dei to har lenge avslørt Pandamonium sitt sanne andlet i sine teikneseriestriper, som har stadig vaksande popularitet i Danemarken. Og eg har fulgt dei med stor glede, og er henrykt over at deira bodskapen no skal gå ut i budstikka Aftenpoften. Aftenpoftens eigen kommentar til Pandamoniums rolle i stripane, er sjølvsagt forsiktig og prøver å dytte under teppet det sannferdige i bodskapen;
Dessuten figurerer noen særdeles politisk ukorrekte pandaer i serien. De er onde.
Hittil har såvidt meg bekjent budstikka Aftenpoften berre trykt ein av dei avslørande stripane, der ein fokuserar på pandanes motvilje mot å ha sex med kvarandre og nekte å vidareføre arten - slik meir sinnsfriske, og mindre megalomane, artar gjer.
Vi vonar dette berre er det første av mangfaldige avslørande teikningar som kjem på trykk i budstikka Aftenpoften, og vi vonar likeeins at dette tiltaket vil hjelpe folk med å forstå kva trugsel vi står overfor.

Pandamonium må bekjempast. Før det er for seint!

(Takk til Lady Mju for tips, og gratulerar med dagen til Kikki ein dag på førehand, saman i strid)

Flytryggleik og slikt

Eit stadig like fascinerande tema dei siste åra er flytryggleik. Det eine tiltaket etter det andre som skal skape ein illusjon av tryggleik vert iverksatt, med den framste effekten at dine reiser vert mindre komfortable og meir stressande... utan eigentleg å gjere deg så mykje tryggjare. Når eg skal ut og reise tar eg difor alltid tid til å undersøkje kva nye tiltak og idear som har dukka opp, denne gongen gjekk mine auge til Gatwick Airports Frequently Asked Questions. Og som alltid lurar eg litt på kven som spør om desse tinga ofte, som til dømes;
"How can you assure me that there will be no terrorists on my plane? I would also like to know what checks you make on all the staff working at the airport – how do you know there are no terrorists working in security? Or smuggling bombs on planes via the food that is put on to the planes?"
Dette fulgte eit spørsmål om korvidt ein kunne ta med bryllupskjolen ombord i flyet. Svaret på det var sjølvsagt at det var fare for krølling, men at det var lov.

Det er jo kjekt å kunne lese at dei gjer alt dei kan for å lukke ut slemme (skjeggete?) terroristar frå både passasjerar og stab - eg reknar med dei har ein terroristdetektor ein eller annan stad. Derimot vart eg uroleg for kva dei faktisk slepp ombord utan spørsmål;
"Can I carry my homeopathic medication, which is in liquid form, in my hand luggage? Yes, up to 100ml and if this is essential for the trip. Be aware that it will have to be screened by X-ray though."
Eg veit ikkje korleis det er med dykk andre... men eg vil helst ikkje sitte på flyet ved sida av ein homøopat, eller nokon som trur på det. Dei virker så ustabile... og dersom det er noko i det dei seier, så kan det jo vere spor av eksplosiver i det vatnet der, og eg stoler ikkje på at dei dukker opp i røntgenmaskina på flyplassen. Ein har jo aldri funne spor av noko som helst anna i homøopatisk vatn med noko anna måleapparat. Det er skummelt det.

Heldigvis har vi lov å ha med eit musikkinstrument i tillegg til handbaggasje, simpelthen for å roe nervene. Eller hypnotisere new agere.

onsdag 1. oktober 2008

Soga om Enjoydiary: Ein smakebit

Ja, eg veit - eg har lova del 3 i Soga om Enjoydiary, men eg har vore veldig travel i det siste. Og det tar tid å sette den saman. Og no reiser eg til London om eit par dagar, om eg ikkje får gjort det før då... så tar vi det etterpå. Så enkelt er det. I mellomtida skjer det jo ting der borte; som lova har endeleg Lexidh Solstad lansert eit nytt reglement for sida som står meir i tråd med politikken administrasjonen har hatt. Då folk ville logge inn i går måtte dei første godkjenne dette nye reglementet, men ein får diverre ikkje lest det sjølv om ein ikkje er medlem.

Eg burde sikkert dedikere eit lengre innlegg til det, men det får i såfall vente. Forutan å gjenta eit par gonger at ein har innskrenka ytringsfridom, utmerka det nye reglementet sitt med ei heil rekkje punkter under kva bilete som er tillatt og ikkje (av ein eller annan merkeleg grunn eit eiga avsnitt om bilete frå hotell og hotellrom), og der fann eg følgjande ekstra kosteleg:
"Bilder med innhold som kan virke støtende,
som f.eks. blodige kroppsdeler, dyremishandling, sterke politiske
eller samfunnsmessige bilder osv. skal ikke forekomme i den åpne
dagboken."

Ja, nokon kan jo verte støtt av... bilete av... politiske og samfunnsmessige... ting?

Eg vil sjølvsagt fråråde alle brukarar av ED om å kommentere her, då "nedrakking" (dvs. kritikk eller spørsmål) av administrasjonen er grunn for utestenging. Dette punktet er no utvida til å inkludere at
"Eventuell deltagelse i åpne aksjoner eller lignende mot administratorene eller deres drift av EnjoyDiary som blir utført utenfor EnjoyDiary sin server vil også bli sett på som regelbrudd."

Så det er ikkje rart at det har vore stille på Enjoydiary etter desse reglene vart innført. Stille har det ikkje vore i innboksen min, som har vore full av frustrerte brukarar som har heller fargerike karakteristikker av administrasjonen å dele med meg. Det har vore særs underhaldande.

Den offisielle del 3, kjem så snart eg har tid. Ver tolmodig.