søndag 30. november 2008

Du er ein pirat! Syng!

Du! Ja, du ja! Du er ein pirat! Lyst til å synge ein song om det?

Islandskprodusert barneTV er noko for seg sjølv, ja...

fredag 28. november 2008

Fleirdimensjonale kulturopplevingar

Kultur kan jo vere så mangt, men eg er ein mann som krev litt substans, litt dybde. Det må vere fleire dimensjonar til det heile. Her forleden kveld vart eg slept ut av kontoret og vidunderleg overtid for å sjå The Journey to the Center of the Earth i 3D. Filmen er sjølvsagt basert på den kjente romanen av Jules Verne, og handlar om ei verd i kjerna av vår eiga. Både boka og filmen følgjer den farefulle reisa gjennom denne verda, frå ein vulkan på Island til utvegen i Italia. Dette er sjølvsagt ein berg og dalbane, og i 3D vert effekten berre betre... ein kan sjå kjøttetande plater og fisker suse mot andletet, og ein vik unna når dinosaurslev renn ned mot auga dine. Og det vert så altfor, altfor tydleg, at dagens filmar, med alskens effekter, manglar djupnad. For all sin 3D og styr, så var karakterane flate, det same med historia. Og ein tar seg sjølv i å lure korleis Hollywood faktisk kan presse ei Jules Verne forteljing så flat og gjere den så uinteressant... nei, det var berre å leggje frå seg 3D-brillene og, etter eit kjapt måltid, finne vegen til Den Nationale Scene.

På teateret var eg vitne til den nye oppsettjinga av Les Miserables, denne fantastiske romanen av Victor Hugo. Versjonen eg såg var ei ny norsk omsetjing av den populære musikalen som har gleda folk i fleire år. Det er eit teikn på Hugo sin styrkje som forfattar at hans verk kan leve vidare i så mangfaldige former over 150 år etter han skreiv det, og den nye norske oppsettjinga er nok eit praktdøme. I første omgang må det nemnast at stykket er framført på velklingande nynorsk, og det passar stykket særs godt. Scenedekoren er ypperleg, og skapar ein herleg verd for stykket å utfalde seg i - og kan definitivt rivalisere og overgå dei fleste effektfilmar når det kjem til faktisk å formidle historia til publikum. Skodespelarane var knupper alle som ein, og med jamnt gode songprestasjonar - noko som ikkje er så dumt når heile historia vert framført i song. Og, ikkje minst, historia kjem godt fram, og vi opplev Victor Hugo si rike verd på eit intimt vis. Du både ler og gret gjennom historiens gong - og helst det første når Helge Jordal i rolla som vertshuseigaren fullstendig stel showet. Det seier ikkje lite om dei andre skodespelarane i stykket at dei i det heile tatt klarte å måle seg med Helge Jordal sin hysterisk morosame skapnad er han vagga inn og ut av scena i kvitbleik sminke og forfallen parykk.

Alt i alt var Les Miserables langt meir tredimensjonal enn det Hollywood hadde prestert å servere meg denne kvelden, inga stor overrasking det kanskje, men moglegeins noko ein må byrje å ta konsekvensen av. Kva tid skal vi byrje å forlange betre frå kulturindustrien? Når det einaste som klarar å redde deira fortolking av Jules Verne er fantastiske effektar og ein tullete Brendan Frasier er det ikkje mykje von.

Vi ventar på den kvite rosa

Eit meir eller mindre apropos til førre musikkinnlegg; vi ventar i spaning på at dabsje Die Weisse Rose må få ut si første plate snart. Det har vi gjort ei stund no - kvar vert den av? I mellomtida må vi nøye oss med Youtube-videoer som den til At the Doorstep of Our Temple:

Vidunderleg søt låt, er det ikkje? Stille, roleg, melankolsk. Om du tykkjer det er litt nazifistisk er du unskulda, men eg rekner med du kjenner soga om den kvite rosa? Litt ulikt denne melankolske låta er det sjølvsagt i liveshowet, med trommer og aggressjon, slik ein kan sjå her i dette opptaket frå Belgia:

Hei vent no litt!

Kva er det eg ser? Er det ikkje ein viss Monsieur Cinque som står der på parade på scenekanten, tromestikke i handa? Ja her outer vi gladleg våre lesarar.

torsdag 27. november 2008

Don't copy that floppy

Eg legg ikkje skjul på at eg har eit ganske så avslappa forhold til nedlasting. Ikkje fordi eg ikkje respekterar andsverk eller kreative krefter, men fordi eg ser verdien i at ting faktisk når ut til folk. Sjølv når dette folket ikkje har midlar til å skaffe seg alt gjennom normale kanalar. Ein annan grunn til å vere litt avslappa, er den totale mangelen på bakkekontakt dei har som freistar å bekjempe kopiering i ulike former. Ikkje berre viser dei null forståing for eksisterande marknadar, men dei vegrer seg mot å takle endring i marknaden, vidare har dei null historisk innsikt og har demonstrert mang ein gong at dei simpelthen ikkje forstår ny teknologi. Tenk deg om nokon skulle prøve å hindre deg i å ta opp musikk frå radio på kassett... rar tanke? Vel, det var førre versjon av piratkopiering, og dei prøvde definitivt å stogge det òg. Og kampanjane var ganske så like den gongen. Dei baserte seg på å prøve å fortelje folk at rike selskap var ofra, og at det ville gå utover kvaliteten. Det hadde kanskje vore interessant dersom dei same rike selskapa viste interesse for kvalitet på produkta sjølv? Vil du eg skal betale, så ikkje sel meg møl.

Årsaka til at eg kom på dette, var at min gode venn jbq snubla over ein klassisk anti-pirat video frå 1992. Og denne har han inkludert i si liste over dei beste anti-piracy videoane i manns (hans) minne. Absolutt verdt ein kikk. Personleg høyrer eg ikkje sjå mykje på det, her eg vassar i DVDar, CDar og lovleg kjøpte MP3ar.

Klem aldri ein Panda!

At folk aldri lærar.

Klemming er noko vennlege, godslege og gjennomført gode dyr gjer. Som menneske. Pandaer derimot, tolerar ikkje klemming av noko anna slag enn når dei klemmer livet ut av små barn, pinnsvin og elg! Men folk lærar jo aldri, lurt av Pandamoniums propagandaapparat og telepatisk kontroll, så trur dei lettpåverkelege kreka til stadighet at fordi pandaer er store og tjukke, og framstår som milde vesen, så er dei klembare. Dei er ikkje det! Høyrer de? Ein gong for alle - prøv aldri å klemme ein panda.

Bruk litt sunn fornuft, i motsetnad til denne kinesiske studenten, som klatra inn i reiret til pandaen Yang Yang og freista å tjuve til seg litt kos frå den lodne tyrannen. Det endte sjølvsagt med ulukke for den dumdristige studenten, som var heldig med å sleppe unna det heile med livet i behold. Andre har ikkje vore så heldige - tidlegare klemmetrengte menneske har fått hovudet sine reven av i forsøk på å tilfredsstille sine behov med pandaer. Det heile får ein til å undre seg over kva som får pandaer til å ville bruke sine manipulative evner til å gjere oss klemmesjuke i utgangspunktet. Det einaste svaret er at det er ein sjukleg leik. Dei leikar med oss. Vi er som ein hyssing som dei kastar ut og så går til åtak på.

Vi er ikkje anna enn leikety for dei. Medmindre vi gjer motstand vil heile verda snart verte lagt under Pandamoniun, pandaenes terrorvelde. Dei sprer si makt verda over. Og har stor innflyting over presse og politikarar. Frå VG som prøver å leggje skulda på offeret, til våre politikarar som beskytter Pandamoniums interesser. For det er langt i frå tilfeldig at VGs artikkel vert komplementert med lenker til å lære meir om Trond Giske og Jens Stoltenberg - to velkjente Quislingar i Pandamoniums teneste.

Gjer motstand! Ta til våpen! Skyt ein panda!
Gjer det for dine barn og barnebarn!
Gjer det for menneskerasen!

onsdag 26. november 2008

Pludder om Ostara

Eit par nye plater ankom min lille moske i går, deriblant den førre plata til Richard Leviathan og hans band Ostara - Immaculate Destruction. Kritisert av fleire av hans fans for å ha vorte både meir homofilt (som om det er eit problem...) og poppete. Personleg likte eg det, og eg innrøm gladeleg at eg høyrer oftare på hans meir rockete album, enn hans tidlege arbeid i Strength Through Joy. Og singelen hans frå Immaculate Destruction, Red Honey, kritisert som den var, opplev eg som ein typisk Leviathanlåt. Den er fengande, enkel (og kanskje ikkje verdas mest originale komposisjon), men med tekst med dobbelt botn:

No er det ofte tekstane til Leviathan eg faller for, musikken er fin, men neppe nyvinnande. Og her er vel fordelen ved å ha det nokre vel å omtale som "uvanleg" musikksmak. For om det høyrer nokonlunde normalt ut, og tekstane ikkje er openbart på kanten, så kan ein sleppe unna med mykje rart.

For kven veit vel eigentleg kva det tyder å ri tigeren?

No har eg ingen planar om å nytte kvelden på å forklare kvifor eg likar Richard Leviathan, kvifor eg har eit julekort frå han hengjande over PCen eller kva det er som gjer han så spesiell. Du får sjølv prøve å finne ut noko om han om du er interessert. Eg vil berre lene meg attende og høyre litt på nokre av dei geniale låtene han har spytta ut, som Bavaria frå albumet Kingdom Gone.

Eigentleg minner det meg på at eg burde få ut fingen og skrive ein musikkavalkade i år, for alle platene som har ramla ned i postkassa dette året. Det har ikkje vore reint lite.

tysdag 25. november 2008

Ufrivillig tystnad

Sakna meg no folkens? Er berre å beklage min tystnad dei siste fem dagane. Det hadde seg faktisk slik at eg vart utsatt for eit uventa terroråtak - om det var Pandaer, ansvarleg redaktør i ITpro eller andre uhumske nettvesen som stod bak er usikkert. Eg ante fred og ingen fare då min kjære PC brått skrudde seg av medan eg satt og leika før sengetid. Og det var det... ingen straum. Og medan eg sikkert kunne ha fiksa det sjølv, så er maskina av rimeleg ny dato, så denslags får heller butikken ta seg av. Så no vart maskina pakka ned og sendt avgarde. Og slik er det.

Men kvifor ingen innlegg? Eg har jo andre maskiner eg kunne ha blogga frå. Joda, men eg har vore så travel på kontoret - la oss seie det slik. Og så er laptoppen så... nei, vent, det er fordi alt biletmaterialet og notatane til innlegg ligg på PCen som døde, og eg måtte hente ut data frå den først.

Slik var det. Det var ikkje fordi eg var travel, og hadde lyst på litt skrivefri.

Ikkje i det heile tatt, eg forsakar dykk aldri kjære lesarar. Men no må eg gå, for no er Asbjørn Dyrendal her på kontoret og det er moro på plakaten.

torsdag 20. november 2008

Som Belgiarar flest

Når ein seier han er som Belgiarar flest, kva meiner han eigentleg då? Belgiarar har jo rykte på seg for litt og kvart, og har berre nyleg blitt forbigått av Austerrike som det landet som har produsert flest bisarre seksualforbrytarar dei siste åra. Før det så var Belgiarar flest stort sett pedofile overgriparar, og før det... vel, så var dei nesten som Franskmenn, berre med snurrig bart og ein eigen evne til å løyse innfløkte mordmysterier. No då? Vel... visstnok er Belgiarar flest i dag slik som dette:

Kva skal eg seie?

onsdag 19. november 2008

Herrens andlet

Medan det er dei profetar som helst vil unngå å la seg avbilete, har den gule konge, din kjære mulla, ikkje noko å skjule. Vi meiner det er sunt å la sine tilhengjarar sole seg i glansen av presise avbiletingar av deira læremeistar.
Særleg når det er Den Unge Herr Holm som har stått for kunstverket. Ein makelaus ung mann som har klart å formidle den strålande glansen som bur i din mulla.

De er sjølvsagt alle velkomne til å henge dette biletet opp på altartavla dykkar.

Drit i julegåva

Tom for gåveidear? Ikkje alltid like lett no dår jula er rett rundt hjørnet. Kva skal du kjøpe til familie? Til dine venner og kjære? Og ikkje minst, kva skal du gje til dei du berre føler deg forplikta til å gje noko til, men som du verken har eit forhold til eller likar?

Løysinga er jo sjølvsagt å sende dei... drit. Dette tilbyr i det minste shitsenders.com, og på sine nettsider tilbyr dei seg å sende (anonymt) kuskit, gorillaskit og elefantskit i ulike mengder til utvalte personer. Dei foreslår ti gode grunner til å sende ei slik gåve til nokon;
  1. To your ex-husband/wife/boyfriend/girlfriend
  2. Neighbors pet crapping on your lawn
  3. For your mean boss
  4. For a salesperson or mechanic that ripped you off
  5. A Last minute gift for some one who has everything
  6. A gag gift
  7. For a rich gloating friend, to knock them down a peg
  8. To the teacher that gave your son/daughter a D
  9. Some one left you negative feedback on your auction
  10. You just don't like them
Vi kan ikkje anna å seie oss heilt samd i det, og merke oss at det er beklagleg at dei ikkje lenger sender internasjonalt. Det må vel vere nyleg innstifta tollreguleringar på drit i posten eller noko slikt.

Så om du framleis er usikker på kva du skal kjøpe folk til jul? Drit i det!

Dessutan er det nesten miljøvennleg eller noko slikt...

tysdag 18. november 2008

Ein katolsk visitt

Kontordøra opna seg, og der stod det ein katolsk religionshistorikar. Han fiska kjapt ut ein rosenkrans frå lomma, og såg seg om etter tilgjengeleg heilagvatn. Bak han fulgte nok ein katolsk kunsthistorikar, av den eldre garden. Eit lurt glimt i auga.

Dei var komen for å drive ut vondskapen. For å drive ut demonar.

Eg dukka unna det verste, og kom meg heilskinna frå det.

Og eg lurar... når slikt til stadig skjer på kontoret mitt, er dette eit teikn på at eg gjer ein god jobb? Eller ein dårleg jobb? Eg veit simpelthen ikkje. Alt eg veit, er at det var ein heilt vanleg dag på kontoret.

måndag 17. november 2008

Alternativ blogging til besvær

Kven her trudde at Mullaen ville gje slepp på Frank Aune etter han plumpa ut i det med sine spekulasjonar om underjordiske basar og Planet X? Ingen. Godt er det. For som han, og fleire på same avdeling, kan fortelje deg, så er det ein ting som konspirasjonen er ekspertar på, så er det å lattarleggjere modige sanningssøkjarar. Og etter at eg vart forsikra om at sjølv eg skulle få plass i ein bunkers i 2012, så rekner eg meg sjølv no som ein del av konspirasjonen. Inntil vidare i alle fall.

Borte hjå Meland Media vart det spekulert i at Aune sin artikkel om basane våre, i likskap med sakene om korleis vi stod bak 11. september og legg skjul på sanninga om utanomjordisk liv, var publisert i seksjon for "offline", og at dette skulle tilseie at det var berre spøk og moro.

Den særs ansvarlege redaktøren for ITpro ser derimot gjennom alle slør, og ser alvoret i situasjonen vi har framfor oss. Han veit likevel at ikkje alle er klare for den heile og fulle sanninga, og tilpassar seg difor publikum. Det er meir her, enn han våger å publisere skjønner de;
"Merk deg at artikkelen er skrevet for vanlig, sovende folk uten spirituell bevissthet eller noe forhold til våre kosmiske venner. Den er skrevet bevisst for å vekke opp flest mulig folk. Det er derfor ikke spart på kruttet i artikkelen. Får vi gjennombrudd så vil oppfølgingsartikler komme med et lysere budskap."
Slik introduserar Frank Aune den mykje omtalte artikkelen sin i bloggen sin hjå Alternativt Nettverk. Og held fram med at
"Vi mennesker må rydde opp i vårt eget rot. Derfor er det essensielt at alle våkner opp til verden slik den er og rydder opp, for så å aksellerere mot en full kosmisk bevissthet."
I sin velskrevne blogg omtalar han ofte sine mindre IT-relaterte artiklar, som fortel oss at valet 4. november aldri vil finne stad, at NRK sensurerar Robbie Williams og at våre venner i Illuminati styrer det meste. Ja, her får du alt du treng å vete, om alt og alle. Det er rimeleg standardkost frå ein modig sanningssøkjer. Her kan du til og med få gladnyhende som at;
"Galactic Federation of Light og Ashtar Command har annonsert at Illuminati vil være historie innen 1. februar 2009."
Det var no enno godt å høyre. Frank Aune er i utgangspunktet ein ganske optimistisk herremann, som på tross av å sjå fanden over alt, er overtydd om at no... no skal det snu. Og han opplever stadig å vakne opp til nye verdener, og ser fram til at resten av menneskeheten slår følgje i nær framtid - som i tilfellet med hans avsløring av 11. september;

"Artikkelen ble skrevet for bare rundt fem måneder siden, men jeg har lært usannsynlig mye på denne tiden og våknet opp som en sjel etter at jeg begynte å grave i virkelighetens verden. Heldigvis er Illuminati, the Secret Government og resten av denne gjengen på full vei ut til fordel for en gylden tidsalder som jeg tror vi vil se starten av den 28.10.2011. Det formerlig kribler i hele kroppen! Jeg gleder meg stort!"
Det gjer vi òg Frank. Verkeleg. Ikkje berre kriblar det her... det sitrar.

I helga vart vi minna på eit element vi hadde heilt gløymd i vår første gledesrus over ansvarleg redaktør Frank Aune sine avsløringar. Eit spørsmål stilt som vekte min nyfikenhet nok ein gong. Kva er eigentleg slektsforholdet mellom Frank Aune og den UFO-glade Pål Aune frå NETI - Norwegian Organization for the study of Extra Terrestrial Intelligence. Eit av disse glade menneska som meiner at vi får besøk frå verdsrommet jamnleg, at jødane stod bak 11. september og at det truleg ikkje var noko slikt som Holocaust. Pål Aune heng gjerne med glade menn i frontkjemparuniformar òg.

Dei deler beggje eit fokus på UFOar og sanninga bak 11. september, så her lukter det eit eller anna. Sjølv har Pål Aune lenge vore eit kjent andlet blant forkjemparar for det alternative, og har haldt foredrag om UFOar,

Er det fullstendig uforsvarleg av meg å berre anta at dei er brødre? Om ikkje fysisk, så i anden? Er det nokon der ute som har informasjon om eventuelt slektskap, så vert eg sjølvsagt kjempeglad.

torsdag 13. november 2008

Ein Demonisk Aften


Absalong presenterar ein

Demonisk aften
Demonar og demonutdriving frå Babylon til New Age

eit foredrag ved Asbjørn Dyrendal

  • Tid: 25. November, 1900.
  • Stad: Klar Bar, Zachen
  • CC: 50,-

At demonar og Absalong har gått hand i hand sidan byrjinga er truleg allment kjent, men no ønskjer vi altså å gå ut opent om dette. Vi har invitert demonolog, fancy ord for demonekspert, og religionshistorikar Asbjørn Dyrendal ned frå NTNU til å fortelje oss om desse ivrige representantane for mørkets kreftar.

Sidan tidenes morgon har vi høyrd soger om demoner som frister, besettar og sprer sin lett attkjennelege vondskap i verda. I desse dagar har den Katolske Kyrkja i Noreg tilsett ein eigen eksorsist for å drive ut demonar. Demonar er med andre ord noko ein framleis tar på alvor. Dei har vore frykta og dyrka i særs ulike kulturar. Og okkultistar og demonologar har ofte hevda å kunne sette dei i system, og å binde dei. Vise kong Salomon skal etter rykta ha hatt 72 demonar bunden i si teneste.

Asbjørn Dyrendal er førsteamanuensis i religionshistorie ved NTNU, og er Noregs framste ekspert på det demoniske og djevelske. Han er forfattaren av boka "Demoner. Besettende djevler og andre ondskapsfulle vesen". Dyrendal er ikkje framand for det mørke og absurde, og vi har lenge sett fram til å kunne invitere han til å å snakke hjå oss om dette temaet.

I tillegg til eit opplysande foredrag vil våre DJar gjere sitt beste for å gje kvelden den rette stemninga. Djevelskapen finn stad tysdag 25. november, og dørene opner klokka 1900, på Klar Bar på Zachen. Det kostar som vanleg 50 kroner å kome inn. Vi garanterar ein festleg aften, både med og utan demonutdriving. Det oppmodast til tungetaling, og vi har sjølvsagt bøker til sals.

Meld deg opp på mailinglista på www.absalong.no for meir informasjon

onsdag 12. november 2008

Nye avsløringar - Akk og ve!

Gårsdagens avsløring frå ITpro har sjølvsagt ikkje gått upåakta hen, og våre venner hjå Skepsis-bloggen og Dekodet har beggje funne det for godt å ta temaet opp sjølv. Så klart prøver Skepsis å distrahere frå avsløringa ved å snakke om tull og fanteri på 1800-talet, og reinvasker både frimurarar og alt anna pakk. Det er jo berre typisk denslags folk.

Kva slags folk spør du? Desinformasjons-agentar sjølvsagt! Asbjørn Dyrendal kan sjølv avsløre at han, "Diderik" Søderlind og Arnfinn Pettersen er avdekka som agentar for CIA, og etterlys no lønninga si. Eg visste at CIA var gnitne (jødestyrte, kanskje?), men at dei ikkje betalar nokre av sine mest aktive agentar i norden er berre for drøyt. Om det er slik det er der i garden, så skal ikkje eg gå i deira teneste med det første. Eg er litt for glad i mine dollar, med alle frimurarsymbola som følgjer med der.

Asbjørn er hyggjeleg nok til å henvise til nokre glade folk hjå Alternativt Nettverk som òg var modige nok til å avsløre han. Og kven andre enn ansvarleg redaktør i ITpro dukka opp i forumet der? Jo, der var han gitt, Frank Aune. Under brukarnamnet Frank Ix skryt han av å nytta fleire veker på å sette saman ein artikkel som stiller spørsmål ved den offisielle forklaringa på hendingane 11. september. I "9/11 en gigantisk bløff - ondskapsfull terrorisme eller iskald kapitalisme" stiller han spørsmålet berre modige menn våger å... uhm... stille.

Og i motsetnad til mainstream media, så er han modig og bruker... internett:
"Jeg utelot spørsmålstegnet i tittelen med hensikt. Det er helt og holdent opp til deg selv å velge hva du mener er fakta. Det du får presentert her er en rekke påstander som genialt enkelt er hentet rett fra internett og som dermed er tilgjengelig for hvem som helst. Denne viktige artikkelen gir grobunn for ikke å ta alt for god fisk av det du blir servert i media. Nyhetene er langt mer partisk og farget enn du tror. Denne artikkelen er et skrekkeksempel på hvordan media og politikere på toppnivå selv i demokratiske land potensielt kan manipulere sannhet til propaganda for sin egen agenda. Det er på tide å våkne opp."
Jo, takk Frank Aune. Takk for at du er ein ansvarleg redaktør. Vi er verkeleg imponert her i moskeen, men no trur eg at eg treng å leggje meg nedpå. Det vart enkelt og greit litt mykje frå deg på kort tid.

tysdag 11. november 2008

Underjordiske basar - no igjen!

"Utslipp via Chemtrails (kjemiske spor) fra fly over Norge antyder en skjult, men observerbar kjemisk-biologisk krig mot den norske befolkning. Den foregår i største hemmelighet - som kun er nødvendig dersom man har noe å skjule"
Dette skriv Frank Aune i artikkelen Politiker avslører kynisk maktelite i Norge med hemmelig agenda. I det minste må vi anta at det er han, sidan han har stempla sitt namn på byline, og han er tross alt ansvarleg redaktør for ITpro, og eigar av dette domenet samt domener som gamespy.no, hesteshop.no, ferieleir.no, itjob.no, x6.no, technet.no osb. Med utgangspunktet i den etterkvart kjente (i mine kretser) rapporten om at ein norsk politikar skal ha avslørt underjordiske basar bygd av den norske stat og forsvar til bruk av "eliten" når Planet X ankomer i 2012, kastar artikkelforfattaren seg galant over eit koldtbord av tilgjengelege konspirasjonsteoriar og dommedagsforestillingar. Alt med godt belegg hjå Per Aslak Ertresvåg og tilsvarande kreative sjeler.

Det var Project Camelot, ei konspirasjonsside, som først mottok brevet frå den norske politikaren, som skal ha lagt ved fullt namn og prov på sin identitet, men som for all ettertid var anonymisert. Her skal han ha fortald om korleis det vert bygd underjordiske, knytt saman av togbaner, som skal huse Noregs elite når Planet X (eller ein tilsvarande katastrofe) inntreff i 2012 (berre få år etter at Siv Jensen, ifølgje den modige politikaren, har blitt statsminister - stakkars Siv). Dette må sjølvsagt òg verte sett i samanheng med såkornslageret på Svalbard som skremmer vettet av paranoide dommedagsfanatikarar verda over - at norske myndigheter tar vare på såkorn må jo vere eit teikn på at dei venter ein katastrofe, ja?

Då Project Camelot seinare i år vitja Noreg og Oslo og hadde avtala eit møte med den anonyme politikaren dukka han ikkje opp. Han hadde blitt arrestert av Politiets Sikkerhetsteneste (PST), og difor hindra i å fortelje heile sanninga personleg. Heldigvis slapp dei han fri.

Ein kan jo stusse litt over at norske myndigheter, som ikkje klarar å halde orden på NSB, eller byggje ein forbanna bybane i Bergen, skal ha klart, i all løyndom, å ha bygd eit nettverk av underjordiske basar, inkludert med togbane. Helvete - er det der ressursane har gått i alle år? Litt meir urovekkande er det at ifølgje politikaren så skal 2.6 millioner Nordmenn etter kalkylen døy i 2012, medan dei resterande 2 millionane skal overleve i reserverte plassar på desse basane. Nesten halvparten av alle Nordmenn er altså involvert i denne konspirasjonen mot eit knapt fleirtal.

Og eg er ikkje ein av dei. Eg forlangar at dei av mine lesarar med reservert plass gjev seg til kjenne med ein gong.

Frank Aune insisterar på at redaksjonen i ITpro har fått bekrefta kven denne politikaren er, men vel likevel å halde hans eller hennar identitet skjult (sjølv om vi alle veit at det mååå vere nokon i SV). Etter å ha gjengjeve det etterkvart klassiske brevet, går Frank Aune vidare og viser korleis det heile er knytta til globalisering og ein konspirasjon om å skjule planeten Niburu frå verdas befolking. Denne planeten vil altså i 2012 komme farleg nær jordkloda og årsake enorme omveltingar, og det er difor nødvendig å kjøpe inn enorme mengder hermetikk, våpen og slå deg saman med likesinna og byggje ein bunkers i skauen. Det heile er sjølvsagt bekrefta av Maya-kalendaren, og FNs plan om å avfolke kloden - noko dei har valt å risse inn i eit monument i Georgia, USA. Ja, Bilderberger-gruppen er sjølvsagt òg med på det heile, i lag med innflytingsrike nordmenn Per Egil Hegge og Johan Olav Koss. Utover det kan Aune informere oss om at Norske myndigheter beskytter opiumsmarker i Afghanistan, og at dei bistår til ein løynd krig mot den norske befolkinga utførd ved hjelp av stråling og kjemikalier:
"Mektige krefter utenfra har erobret oss innenfra med hjelp fra norske medløpere. Vi er utsatt for kjemisk krigføring: Chemtrails fra fremmede fly, bestråling fra NATO-anlegg som svekker befolkningens helse og våre lederes dømmekraft, og vaksinasjonsprogrammer som gjør våre barn syke."
Det er ikkje måte på kor ille det er, men heldigvis kan han fortelje oss at han er positiv angåande framtida - for dei neste åra (fram til 2012) vil ei rekkje avsløringer vise oss sanninga om Eliten som styrar verda.

Eg lover, vi gleder oss alle saman her i menigheta.

I mellomtida må vi berre bekrefte at ITpro har tapt seg som ein av Noregs mest populære nettaviser for IT-interesserte, med stadig meir konspiratorisk innhald og artiklar om UFOar i hytt og pine. Ansvarleg redaktør Frank Aune tok seg til og med bryderiet med å omsetje til nors Blossom Goodchild sine kanaliseringar om The Federation of Light sin ankomst den 14. oktober i år. Diverre vart det ikkje så mykje av det, så då er det vel berre å lene seg attende å vente på 2012 att?

At Frank Aune har 3 års leiarutdanning, og 2 år på "IT-Høgskule" å skryte av, prover vel eigentleg berre at ikkje all utdanning er like mykje verdt om du spør meg. Diverre er det nok slik at dersom vi tilbyr han hjelp i det psykiatriske helsevesenet, så er det berre nok eit prov på at vi er ute etter han.

(Bileta er frekt stolen frå Aunes artikkel, og tipset kom frå Eira)

måndag 10. november 2008

Akira-ra-ra!

Akira, Ghost in the Shell og Ninja Scroll er blant dei klassiske japanske anime-filmane som Hollywood no freistar å spele inn på ny. Det er lenge sidan ein total idètørke slo inn der i garden, så det forundra ingen at dei no vender nasen mot japansk valdsfilm. Tarantino har jo allereie gjort suksess med å blande japansk vald med europeisk rape-revenge, så kvifor ikkje? No forten eigentleg alle desse tre filmane eigne innlegg, då eg må ærleg innrømme at eg likar alle som ein, men Akira er kanskje den viktigaste av denne. Akira var blant storfilmane som introduserte eit vestleg publikum for japansk animasjon- og forteljarstil. Akira hadde ein røff estetisk stil som attspegla eit urbant samfunn i forfall, på randen av raud revolusjon og religiøst kaos. Og det var nok av fart og spaning, og eit deilig suggererande lydspor. Kven bryr seg då om at forteljinga er nær uforståeleg, og tidvis relativt tynn i forhold til møysommeleg fortalde vestlege filmar? Berre ta ein kikk på denne, ganske så velkjente, sekvensen frå byrjinga av filmen:

Dette kan jo faktisk verte bra i spelefilmversjon, eller? Eg skal ærleg innrømme at eg ikkje er meir skeptisk enn det eg vanlegvis er når Hollywood kastar pengar på eit prosjekt. Sjølv ikkje ideen om at Leonardo DiCaprio skal produsere og spele hovudrolla i filmen gjer meg meir uroleg - ein kan jo tross alt ikkje vente anna når Hollywood skal lage film? Verre er det kanskje at filmen flyttast frå Neo Tokyo til Amerika, og eg vedder på at det vert ein saftig bit av eplet - New York - vi får sjå i denne filmen.

Når det er sagt... så føler eg at denne korte videosnutten er skremmande profetisk;

Men tida vil vise, eg held ikkje pusten i påvente av ein god fortolking frå Hollywood. På den andre sida, så vart jo spelefilmversjonen av The Crying Freeman usedvanleg bra.

(Takk til jbq for den søte lille videosnutten)

søndag 9. november 2008

Moro med Swastika

Hakekrossen, eit underleg lite symbol som dukkar opp her og der, meir presist omtala som swastika. Swastika, frå sanskrit Svastik som er ei henvising til ein heldig gjenstand. Symbolet er ofte knytta til hell og lukke (og ikkje bygda Swastika i Ontario, Canada), eller til ein tysk ideologi som gjorde det stort på kontinentet på 30- og 40-talet. Dei henta symbolet frå dei tidlege ariosofiske tekstene som inspirerte rørsla deira, som sjølv henta det frå den austleg inspirerte okkultismen i teosofien. Dette tyder ikkje at tilsvarande symbol ikkje er å finne, heilt utilsikta, i ulike smijernsporter og andre dekorasjonar rundtomkring i verda, det er simpelthen ein veldig naturleg form å lage. Takka vere dårleg PR og utagerande atferd frå desse tyskarane har diverre hakekrossen vorte stigmatisert, og folk skvett gjerne til når det vert tatt i bruk. Dei fleste assosierar symbolet med deira rulleblad, så ein skulle jo tru at symbolet var dødt for alltid.

Likevel er det dei organisasjonane som freistar framleis å bruke symbolet for alt det er verdt, sekter som Ananda Marga Yoga Society (relativt aktive i Bergen, Oslo og Trondheim), brannfaklar som Falun Gong og, ikkje minst, kloneivrikge Raëlianarar. Dei to sistnemnte har til og med oppretta eigne sider dedikert til opplysing om hakekrossen; Legend of the Swastika og Pro-Swastika. Som sett i den fine illustrasjonen (Raël-logo) er det vanleg av desse å kombinere swastikaen med hexagrammet, det vil seie Davidstjerna, gjort kjent av ørkenvandrande krølltoppar i midtausten. Både Raëlianarane og Ananda Marga gjer dette, med stor von om at dette skal frigjere dei frå evt stigma.

Stadig mislukka forhandlingar mellom Raël og Israel om oppretting av ein ambassade for utanomjordiske i Israel vitnar om at dette ikkje hjelp. Og Davidsjerna hjalp dei ikkje å få oppretta ei i Libanon heller.

Du kan ikkje gjere alle til lags er vel det ein seier til det.

fredag 7. november 2008

John Williams acapella

I dag vart eg introdusert for ein vidunderleg liten acapella presentasjon av John Williams sine mest kjende, og beste, verk. For dei som ikkje kjenner til John Williams venter det ikkje anna enn skam og forderving, då han kanskje er ein av vår tids mest brukte og talentfulle komponistar. Eller han var i alle fall, stadige rykter om hans død til side, så er han framleis aktiv, men forutan eit par godbitar til dei nye Star Wars-filmane har hans verk dei siste åra vore grusomt tamme og keisame i forhold til hans store periode på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet. Og det er herifrå brorparten av låtene i denne medleyen er frå;

Men la deg ikkje lure då - den unge mannen de ser framfør dette, er verken Williams eller artisten bak medleyversjonen. Han lipsyncer. Låta syngast av acapellagruppa Moosebutter, som openbart har spelt denne inn i ein sterk Star Wars rus. Ingenting i vegen med det, så etter å ha nytt videoen så kan de alltids laste ned MP3en og leggje inn på MP3-spelaren din.

Det skal eg gjere, mest fordi eg er stor John Williams fan.

torsdag 6. november 2008

Ein dag på festival

Dag 1. på WT Festivalen unnagjort gitt. Difor lite å rapportere herifrå.

Må berre melde at tekniske problem hindra direktesendinga av Timo Vuorensola sitt møte med mullaen å verte utførd på anstendig vis. Opptak kjem derimot så snart som råd. Om ikkje lyden er for dårleg, dette får eg visstnok vete i morgon.

Etter intervjuet var det klart for filmquiz. Trønderseperatistgeriljaen og Yodas Jodlarar forsvann straks frå dei andre i poenggjevinga og kniva om første plassen, men til slutt gjekk sistnemnte av med ei soleklar siger.

Giss kva lag eg var på, og kva lag vår venn jbq var på? HA! Vi takkar Bad Mynock for å ha satt saman ein bra, og utfordrande quiz.

No tar eg kvelden.

onsdag 5. november 2008

WT Festivalen

Startskotet har gått for den tiande WT Festivalen, Os Internasjonale Filmfestival. Gjerne omtalt som Noregs mest sjarmerande festival. Ein gratis filmfestival midt i nyliberalismens høgborg som trekk både kjente og ukjente gjester frå land og strand. Ein av gjestane - er mullaen. Etterkvart i allefall.

Festivalen kan skryte av eit heftig program, som ein av våre faste lesarar var snill å påpeike for nokre veker sidan. Den største perla er kanskje Noregs premieren av Outlander, som eg har behørig omtalt på Fantastiske Nyheter, men det er sjølvsagt ikkje det einaste som skjer. Lesarar her vil kanskje vere interessert i å spare seg for pinlege stunder og trekkje ut internettkontakten i morgon kveld når mullaen skal intervjue Timo Vuorensola på direkten. Det vert eit nær uførebudd stuntintervju av regissøren av den finske sci-fi klassikaren Star Wreck: In the Pirkinning og som no held på å lage film om nazistiske månebasar - Iron Sky. Det interessante er at filmane vert laga på nullbudsjett, og er 100% dugnadsbasert.

Mullaen dukker nok opp i ein av dokumentarfilmane som visstnok har premiere denne helga, men jo mindre eg seier om det jo betre, mistenkjer eg.

I forbinding med festivalen så har vår venn Jack B. Quick vore nøydd å kutte ned på si tilstadevering på verdsveven, og han ba meg difor steppe inn i hans populærkulturelle blogg, som òg er den offisielle festivalbloggen og leggje att nokre tankar der. Og det har eg gjort, då eg hadde ei ledig stund akkurat no, så då har eg ropt frå meg det eg har å seie om ein Forbidden Planet remake og den avtroppande Doctor Who for denne gong.

Så ta turen til WT Festivalens sider for å lese om alt du (kanskje) går glipp av!

Oppdatert: Direktesendinga utgår pga tekniske problem, men video vert lagt ut i løpet av kvelden.

tysdag 4. november 2008

Valdag-schmaldag

Folk er no overmåteleg oppteken av dette amerikanske valet tykkjer eg. Her er det valvaker og nerver på gong, og eg mistenkjer at dersom dette valet skulle vore haldt her - og ikkje der - så hadde det vore større valoppsluttnad. Korleis kan det ha seg at vi bryr oss meir om kven dei har som president, enn dei gjer sjølv? Folk meiner kanskje amerikanarane er rare, men vi er ikkje så fint lite rare sjølv i denne samanhengen.

Nei, kva skal ein med valvake når Absalong presenterar den verkelege vinnaren? Kven det er? Anti-Krist sjølvsagt, for våre nord-norske brødre, så er det altså Ante Krist, den samiske halvbroren til Jesus Krist. Og det er han vi vil konsentrere oss om i kveld.

Dei av dykk som er meir opptatt av sceneshowet der borte - så still dykk sjølvs spørsmålet: Kva forskjell, i konsekvens, har det eigentleg om verda vert torpedert av Barack "Nyarlothotep" Obama eller John "Dagon" McCain? Det er dei gamle guder som sigrer uansett.

måndag 3. november 2008

Bongo frå Kongo (Redux)

Var du blant dei som satt whiskeyen i vrangstrupa då Jagland kom med sin Bongo frå Kongo-kommentar? Eller var du blant dei som fniste stille for deg sjølv?

Uansett kan du vel sikkert la deg tryggje i at stakkars Jagland nok kunne unskulde seg med at han hadde høyrd for mykje på the Andrew Sisters. I helga presterte eg å få dilla på ein ny song. Eller ein gamal song, alt ettersom. Ein vidunderleg lita vise om den vestlege sivilisasjon... og den edle villmann. Ja, vi snakkar her om den store hitten til the Andrew Sisters og Danny Kaye - Civilisation, òg kjend som Bongo Bongo Bongo. Fortel meg at du ikkje får denne på hovudet etter å ha høyrd den eit par gonger;

Sjølvsagt, om du foretrekk ein meir pikant og barnevennleg versjon, så kan du alltids høyre på denne;


Det er vel inga bombe at det første eg gjorde då eg rulla ut av senga idag var å kjøpe songen på MP3, slik at eg kunne høyre den medan eg gjekk til jobb. Klar til å møte studentar frå nær og fjern!

laurdag 1. november 2008

Monkey Island - Sceneversjon

Korleis kan ein introdusere noko så genialt som ein teateroppsettnad av The Secret of Monkey Island? Ein kan jo sjølvsagt snakke om at glade amatørar kan vere så glade dei berre vil, dei er no framleis amatørar. Vi kan snakke om kor pinleg det heile vert. Og manglande setdesign.

Men nei... alt som vert gjort med Monkey Island er kult! Og vi applauderar unge Chris Heady som står bak prosjektet, og som har lagt videoane ut på Youtube. Meir om prosjektet kan de finne på World of Monkey Island, men eigentleg bør de berre sette i gang med å sjå. Piratmoro av høgaste klasse:



















Og sidan han er snill, så har han lagt ut tabber frå stykket òg. Bloopers frå teaterverda? Den var ny.


No skal eg gå og nynne litt på temasongen for meg sjølv, slik som hør og bør.