Men kva om eg vert ei senil lesbe på gamleheim? Korleis vil det eigentleg utarte seg? Eg skuldar mine lesarar å utforske denne moglege framtida mi. For korleis går ein frå skjeggete mulla til senil lesbe. Det er ikkje så vanskeleg å forestille seg eigentleg, for kva gjer ein ikkje for kjærleiken? La oss seie no at eg i byrjinga av 30-åra treff ei vakker ung kvinne, som fangar mi interesse. Det einaste som held oss frå kvarandre er mitt kjønn, og hennar legning. Den unge kvinna er lesbisk. Ho foretrekk samvær med andre kvinner, og har inga interesse for maskuline "særtrekk". Heller ikkje mine. Kjærleiken blomar, men det er alltid noko mellom oss. Det einaste rette i ein slik situasjon er å gjennomgå eit kjønnsskifte. Så innan fylte 35 var mullaen blitt ei kvinne, i sambuarskap med ei anna kvinne. Kanskje til og med gift, takka vere den nye ekteskapslova.
Dette er vel ikkje så vanskeleg å sjå for seg reknar eg med. Vi dekorerar vår heim med Hello Kitty, og i bokhyllene plasserar vi Brontè, Austen og side-om-side med Koranen, Ghadaffis Lille Grøne og Rukhnama! Tyngre politisk filosofi får selskap av Queer theory, og mjuk feminisme. Vi vil snakke mykje om det å skape vårt eiga liv, og om å kunne definere sin eigen identitet. Folk vil undre seg om kvifor eg valte å behalde skjegget, og vi vil forklare at det var vårt val. For vi vil understreke at det handlar om valfridom. Vi kan velje vår identitet like mykje som vi skapar den. Og kanskje skriv vi ei bok eller to i lag. Dukkar opp på fjernsynet og fortel om korleis livet vårt er, korleis livet vårt var, og kanskje til og med om korleis livet vårt vil verte. Og vi kjem då sjølvsagt òg til å reise på bokturnè, der vi signerar bøker og gjev folk gode råd. Fortel dei som tviler om å kaste seg inn i det, og opne auga til dei skeptiske og fordomsfulle. Det vil alt i alt verte eit fullt liv, og eit godt liv, med mykje glede, kjærleik og eventyr.Men aldardomen er nådelaus, og tar oss alle att. Vi kan ikkje stogge nedbrytingsprosessane nokon av oss. Heller ikkje eg. Kvinnene i min familie har vore plaga av senilitet. Dei vil sjølvsagt nekte for det, men dei byrjar alltid tidleg å verte litt tullete. Det er kanskje ikkje noko eg har tenkt over når eg skifter kjønn, eller kanskje eg er klar over det, og vel å ta sjansen i kjærleikens namn. Resultatet er verken uventa eller originalt - etterkvart som aldardomen tåkelegg mitt sinn byrjar eg å verte surrete. Eg gløymer meir og meir. Og etterkvart kan eg til og med gløyme å ta vare på meg sjølv. Og min kjære lesbiske partnar er ikkje mykje betre sjølv - om det er fordi ho faktisk er tullete, eller om ho berre latar som fordi ho tykkjer det er morosamt speler inga rolle. Vi kan ikkje halde fram med å bu i vår lille hytte i skogen. Min eldste nevø tar affære og skaffar oss plass på eldreheim. Først er det berre avlasting seier han, men avlastinga halar ut, og vi slår oss til ro.
Eg bryr meg ikkje så mykje om å ha hamna på eldreheim eigentleg, for eg legg knapt merke til det. Hjerneråta har satt inn og eg veit ikkje kvar eg er halve tida. Dette er ikkje så uvanleg, eigentleg. Det er fleire eldre som opplev det slik, det er slik aldardomen har blitt - ein tilstand av konstant tåke. Alt vert uklart og forvirrande. Ein høyrer gjerne frå demente eldre at dei er fortvila over tilstanden. Slik vert det ikkje med meg. Eller eg vert fortvila, men det er av andre årsaker, alt i alt lev eg i lukkeleg uvisse om min begrensa mentale kapasitet.
Mitt liv på eldreheimen utartar seg primært som avslappa rutine. Det er morgonvask, det er morgonavføring og det er frukost. Det er graut. Det er svisker. Det er dulling og stelling. Det er sitte stille i ein krok med fjernsynet på. Det er å la vere å lese avisa fordi brillene ligg på rommet (eller, meir sannsynleg, på panna mi). Det virker kanskje keisamt, men godt er det, for når ting først vert spanande i korridorane vert det gjerne litt for mykje. Når blodet først brusar vert eg gjerne påståeleg og aggressiv, og med hjerne av graut utartar dette seg gjerne.
Du har kanskje lagt merke til ein underleg tendens blant dei eldre når hjerneråta sett inn. Dei finn eit punkt i tida, ei hending eller ei fase i deira liv dei heng seg opp i. Enten det no er tidlegare elskarar frå ungdommen dei vel å utlevere i detalj - noko eg unnar alle å høyre frå snille gamle tanter - eller det er krigens dagar, eit eller anna sitt tydlegvis fast. Eit ankar i deira elles flytande sinnstilstand. Dette er ikkje noko nytt, det er difor dei gjentar dei same spørsmåla om ting som har hendt for lenge sidan. Det er difor grandtante Edna kvar gong du vitjar henne spør om korleis onkel Lars har det, på tross av at han døydde i ein grusom traktorulukke for over ti år sidan. Og det er grunnen til at eg oppførar meg som eg gjer når eg opprømt turer ned korridorane på eldreheimen på jakt etter den skuldige sjukepleiaren.
- Har du sett pikken min?!
Det er det eg spør alle om. Overtydd om at eg burde ha ein penis, ein pikk, ein tissefant. Og no finn eg den ikkje. Nokon har stole den. Og den framste kandidaten er alltid den førre pleiaren som tok seg av morgonvasken - eg såg jo hennar hender der nede. Ho må ha tatt pikken min. Eg spør dei andre eldre, med heva stemme; Har du sett den?? Har du sett pikken min?!
Dei ristar på hovudet og viker unna, mumler med sviske og graut i munnen.Eg grip tak i pleiarar og grynter. Har du sett den?? Veit du kven som har tatt den? Kven tok pikken min?!
Dei ber meg roe ned, spør om eg har tatt medisinen min, og eskorterar meg inn på rommet. Eg mumlar, og vert motvillig lagt til sengs. Fem minutt seinare er eg på beina att.
Eg grip fatt i familier som vitjar sine vekkplasserte bestemødre og bestefedre, fangar dei i eit hjørne, og løfter på min blomstrete eller stripete kjole for å vise dei mitt nakne skritt; Ser de den? Eg ser den ikkje! Eg skulle hatt ein pikk! Har de sett pikken min?!
Barn byrjar å grete, der eg står og brølar til dei, mødre gisper og trekk seg unna, og fedre prøver å roe meg ned. Eg hveser og roper til dei. Dei står i ledtog med tjuven. Dei veit kvar pikken er.
Ein lege og fleire pleiarar må til for å redde dei stakkars familiane. Og blant dei er gjerne pleiaren eg hugser hadde vaska meg, på dette tidspunktet koker det over for meg. Og eg prøver å gripe fatt i henne eller han. Legen held meg attende medan eg hyler på beste bestemoderlege vis: Din lømmel! Få att pikken min! Eg såg nok at du tok den! Få den att din skitne tjuv! Eg burde kutte av deg dei klåfingrane dine!
Pleiaren må flykte, og eg får noko beroligande. Ikkje at det hjelp mykje på dette tidspunktet, men eg vert litt mindre aggressiv. Dei prøver å forklare meg at eg ikkje har ein penis, at eg ikkje skal ha ein fordi eg er kvinne, og alt er noko eg berre innbillar meg. Eg nøler litt, men strittar jamvel i mot. For eg kan klart hugse å hatt ein. Eg kan hugse synet av den, som om det var i går. No er den berre vekk.
Medan dei førar meg attende til rommet mitt legg eg merke til at mi kjære kone sitt ved eit bord og smiler lurt til opptrinnet. Ho sitt omringa av resultatet av hennar siste origamiraptus. Ho lagar origami når ho byrjar å miste taket, det ligg i hendene hennar frå før vi møtte kvarandre. Det er hennar ankarpunkt. Ho held ein halvferdig papirsvane i handa medan ho ser på meg med det smilet som berre ho kunne ha når eg hadde eit påfunn som underhaldt henne.
Eg grip sjansen for å få litt støtte; Kjære! Fortel dei om pikken min! Eg er sikker på at eg hadde ein!
Ho ser undrande på meg og svarar at sjølvsagt hadde eg det. Ho kunne godt hugse at eg hadde ein penis. Legen og pleiarane sukker alle oppgjeven. Vel vitande om at mi kone har det med å fantasere, og ikkje heilt klare å skilje mellom påfunn og røynda. Ein av pleiarane går bort til mi kone og distrahererar henne med å skryte av svanen ho held i handa. Eg vert ført med makt attende til rommet mitt, der eg under strengt oppsyn vert lagt til sengs- Men pikken min?! Eg treng pikken min?!
Ein av pleiarane, ei raudhåra jente med eit varmt smil, gjev etter i sin sympati og fortel meg at dei skal finne den. At eg skal få den att i morgon. Eg spør om ho lover, og ho svarar ja. Og med det fell eg til ro... for i morgon får eg pikken min att.
Og dagen etter er alt gløymd, og eg er klar til å byrje heile runden på nytt. Nok ein gong.
Slik går dagane for meg på eldreheim, som senil lesbe stua vekk av mi næraste familie i lag med mi heller rørete gamle kone. Min familie vitjar meg sjeldan eller aldri, men det legg eg ikkje merke til, for hjerna mi er for lenge sidan gått frå å vere graut til suppe.
Og slik er ein av dei rådande teoriane om min aldardom, og kanskje den mest truverdige. Det kan jo hende at noko heilt anna skjer... og det må jo utforskast òg. Korleis ser du for deg min aldardom? Kva ligg i framtida mi? Biografien min er avhengig av dykkar forslag.
laurdag 31. januar 2009
Eg er ei senil lesbe...
Nettaviser er fjongt
Tru det eller ei, det er mogleg å lese morgonavisa på datamaskina. Du kan laste den direkte ned frå avisas serverar når du står opp, og lese dei artiklane du sjølv ønskjer. Du kan til og med kopiere dei artiklane du er mest interessert i over på ein diskett. Få kan fatte kva den langsiktige effekten av dette vil vere, men i åra sidan 1981 har dette systemet nok klart å etablere seg.
Framtida er her folkens. Og den har vore her leeeeenge...
Framtida er her folkens. Og den har vore her leeeeenge...
torsdag 29. januar 2009
Kulturminner i forfall

Ein vert difor òg overraska når nokon faktisk strittar i mot. Som ønskjer å la ting forfalle og verte ruiner - og å verte støv med tida. Vi vert ståande og måpe, for vi har vanskar for å forstå korleis nokon vil la fysiske påminningar om historia forsvinne på dette vis. Som vil la gamle byggverk synke i jorda og verte erstatta av nye, moderne byggverk.
Sjølvsagt, det er ikkje berre ein besynderleg motforestilling mot fortida som ligg bak. Det er òg økonomiske hensyn. Det er dyrt å vedlikehalde, og det er minst like dyrt å renovere. Og for mange små lokalsamfunn og mindre velståande statar vert det for dyrt å betale det heile sjølv. Dei spør seg kvifor dei åleine skal betale for noko vi alle eig, om det ikkje er Europa eller heile verda som må ta vare på vår felles arv.
Det er jo eit godt argument for å ikkje å punge ut. Eit anna er jo at det er Auschwitz det er snakk om...
onsdag 28. januar 2009
Ferien er over, lenge leve ferien

Tema for bloggen er popkultur. I alle dens former, med hovudvekt på film. Vi forventar litt overlapping med n4f.no, men òg ein langt friskare tone.
Så Holiday By Mistake held nok på sin særeigne sjarm, og det er framleis vår venn jbq som kjem til å bidra det meste. Med andre ord det vert mykje Dr. Who. På spørsmål om han har tid til å bidra, svarte herr Bjørkelo: "Bidra? Til kva? Blogg? Hæ!?"
Sida er framleis under Beta, så alle kommentarar til layout og tekniske løysingar vert nok mottatt med stor takksemd. Oppdater din RSS-feed i dag.
tysdag 27. januar 2009
Om å vere uønskja
Eg treff ein del fordomsfulle kvinner, som har litt og kvart å seie om frimurarorganisasjonar og andre guteklubber. Dei seier det er fæsleg og ekskluderande, og alle argumentar mot vert avfeid som forsvar for det konservative, det reaksjonære og det sjåvinistiske. Eg mistenkjer jo at deira aversjon mot denslags eigentleg stammer frå god gamal avundsjuke, og at dei eigentleg berre er trassige fordi dei ikkje får vere med. Mot protestar freistar eg så å lose dei mot kvinnelosjer og ordener som er opne for beggje kjøn. Med varierande hell.
Eg tykkjer dei sutrar unødig. Det finnes nok av organisasjonar der ute som er langt meir ekskluderande, organisasjonar som baserar seg på at dei skal utelukke dei andre. Og med dei andre så meiner ein ofte jødane (du veit, dei som gjerne anklagast for å stå bak frimureri og slikt). Dette gjeld gjerne meir fasjonable herreklubber og golfbanar, samt mindre fasjonable grupper som like å kle seg ut på kveldstid og arrangere grillfester. Herreklubber som våre vennar i Ku Klux Klan. Den Australske, heilsekulære jøden, John Saffran, testa grensane for denne eksklusiviteten då han forhøyrde seg om medlemskap. Alt saman festa til film i dette programmet:
Han er ikkje den første jøden som har søkt opptak i Klanen. Dan Burros frå New York var i si tid langt meir vellukka i dette prosjektetHan byrja ikkje si karriere i Klanen, men i Rockwells American Nazi Party som han, av ulike årsaker (rykter om at han var... *gisp* jødisk!), braut ut frå til fordel for Klanen, der han til slutt endte opp med å verte ein rekrutterar. Då ein journalist avslørte hans etnisitet tok han livet av seg til musikken av Wagner. Historia inspirerte seinare filmen The Believer med Ryan Gosling og Billy Zane i nokre av hovudrollane, og den anbefalast på det varmaste av mullaen.
Mullaen tar seg i slike stunder seg tid til å stille seg spørsmålet: Kvifor vil du vere med i ein klubb som ikkje vil ha deg som medlem? Og det gjeld ganske mange grupper der ute...
Eg tykkjer dei sutrar unødig. Det finnes nok av organisasjonar der ute som er langt meir ekskluderande, organisasjonar som baserar seg på at dei skal utelukke dei andre. Og med dei andre så meiner ein ofte jødane (du veit, dei som gjerne anklagast for å stå bak frimureri og slikt). Dette gjeld gjerne meir fasjonable herreklubber og golfbanar, samt mindre fasjonable grupper som like å kle seg ut på kveldstid og arrangere grillfester. Herreklubber som våre vennar i Ku Klux Klan. Den Australske, heilsekulære jøden, John Saffran, testa grensane for denne eksklusiviteten då han forhøyrde seg om medlemskap. Alt saman festa til film i dette programmet:
Han er ikkje den første jøden som har søkt opptak i Klanen. Dan Burros frå New York var i si tid langt meir vellukka i dette prosjektetHan byrja ikkje si karriere i Klanen, men i Rockwells American Nazi Party som han, av ulike årsaker (rykter om at han var... *gisp* jødisk!), braut ut frå til fordel for Klanen, der han til slutt endte opp med å verte ein rekrutterar. Då ein journalist avslørte hans etnisitet tok han livet av seg til musikken av Wagner. Historia inspirerte seinare filmen The Believer med Ryan Gosling og Billy Zane i nokre av hovudrollane, og den anbefalast på det varmaste av mullaen.
Mullaen tar seg i slike stunder seg tid til å stille seg spørsmålet: Kvifor vil du vere med i ein klubb som ikkje vil ha deg som medlem? Og det gjeld ganske mange grupper der ute...
måndag 26. januar 2009
Der Luftkrieg der Zukunft
Ein film som har alt.
Der Luftkrieg der Zukunft frå 1909, òg kjent som The Airship Destroyer, er ein film som har alt. Absolutt alt. Den har luftskip. Den har action. Den har spaning. Den har spesialeffektar. Den har suveren musikk.
Og den har ein heilheitleg visjon. Kva meir du vil ha? Eg erklærar den herved den til å vere ein intens steampunkklassikar.
Der Luftkrieg der Zukunft frå 1909, òg kjent som The Airship Destroyer, er ein film som har alt. Absolutt alt. Den har luftskip. Den har action. Den har spaning. Den har spesialeffektar. Den har suveren musikk.
Og den har ein heilheitleg visjon. Kva meir du vil ha? Eg erklærar den herved den til å vere ein intens steampunkklassikar.
Ein løynd bodskap...

Dette er ein bra premiss for ein tv-serie tenkjer eg, så ein tv-serie skal de få. Eller i det minste fem programdeler i NRKs Schrödingers Katt om det alternative - dvs folk som hevder dei er synske og tilsvarande. Noregs framste synske - og nabokjerringa di - inviterast herved til å sende inn forslag, eller heller - svaret - på kva som gøymer seg i denne konvolutten.
"På politihuset i Trondheim står en safe. Inne i safen ligger et skjult budskap, gjemt inne i en konvolutt som ligger i en konvolutt."
Første del får du servert på NRK1 førstkomande torsdag, og meir om temaet kan du lese hjå skepsis.
Vår venn, skepsisredaktør Asbjørn Dyrendal er involvert i dette tiltaket sjølvsagt, og har forfatta den skjulte bodskapen. Så eg mistenkjer at den som klarar å svare rett, har bestukket herremannen med ei flaske god whisky, og eventuelt eit gøyalt dataspel.
søndag 25. januar 2009
Kjærleik for Python
Meir oppvakte lesarar har kanskje avslørt at mullaen er svar for Monty Pythons filosofi, slik den er presentert gjennom det Flygande Sirkus, og ein handfull med filmar. Dette fordi Python avslørar intet mindre enn den harde kalde kjerna av vår eksistens - eller noko slikt. Ein må nesten sette pris på denslags, og mullaen er ikkje åleine om det. Høyr her kvifor andre er tilhengjarar av Pythonismen:
Som vår venn jbq allereie har fortald, så har Monty Python lagt ut ein eigen kanal for sketsjane sine på Youtube. Og stikk i strid med rådande økonomisk logikk har dei auka salet av DVDar med fleire tusen prosent. Dette er jo ganske makalaust.
Eg vil gjerne høyre mine lesarars tankar og kjenslar rundt Monty Python. Så legg att ein kommentar.
Som vår venn jbq allereie har fortald, så har Monty Python lagt ut ein eigen kanal for sketsjane sine på Youtube. Og stikk i strid med rådande økonomisk logikk har dei auka salet av DVDar med fleire tusen prosent. Dette er jo ganske makalaust.
Eg vil gjerne høyre mine lesarars tankar og kjenslar rundt Monty Python. Så legg att ein kommentar.
laurdag 24. januar 2009
Hello Bling-Bling
No har eg nyleg fått meg ein ny laptop, og eg er veldig nøgd med den, men blikket vandrar allereie. Det er ikkje det at eg har eit behov for å erstatte den eg har - den fungerar veldig bra, og den er ganske så fin. Ein stilrein svart sak, men den skinnande "nye" utsjånaden ein ny laptop gjerne skal ha. Likevel... om eg skal ha meg ein ny laptop... når eg skal ha meg ein ny laptop... så vil eg ha ein slik ein:
Det er på tide eg skaffar meg ei Hello Kitty maskin. Og når ein først skal ha ein maskin som ser bra ut, så kvifor ikkje satse på litt Bling-Bling? Eg innser at eg på eit tidspunkt ikkje vil tykkje det er nok at det er rosa, eller at verdas søtaste katt er på trykt på overlata... det må òg glimte. Det må vere edelsteiner, gjerne falske - vi er ikkje rike tross alt.
Når eg er ute på reise kan eg då stolt trekkje fram mi Hello Kitty PC og imponere alle dei andre reisande. Dei kan sjå på meg med store auge og vere misunnelege. Dei får stirre på meg, i trygg visshet om at eg er ein mann av smak og distinksjon.
For det er difor folk stirrar på meg når eg har på meg Hello Kitty-klede, sant?

Når eg er ute på reise kan eg då stolt trekkje fram mi Hello Kitty PC og imponere alle dei andre reisande. Dei kan sjå på meg med store auge og vere misunnelege. Dei får stirre på meg, i trygg visshet om at eg er ein mann av smak og distinksjon.

fredag 23. januar 2009
Trygg sex
Kanskje ikkje noko du vil forklare til dei allar minste, men...
... det er greit å vere trygg. Eller noko slikt.
Og her er eit par mislukka forsøk.
(via BoingBoing)
... det er greit å vere trygg. Eller noko slikt.
Og her er eit par mislukka forsøk.
(via BoingBoing)
torsdag 22. januar 2009
Nazitvillingar i Brazil

Eg treng vel ikkje fortelje at det heile var ganske mislukka?
Eller var det dèt?
Ein historikar med namn Jorge Camarasa har fått for seg at han har funne det ganske så vellukka resultatet av Mengele sitt arbeid. Og det i den Brazillianske landsbygda Candido Godoi i følgje hans bok Mengele: the Angel of Death in South America. For her har han funne ein avsidesliggjande liten stad i utkanten av Brazil smekkfull av blonde tvillingar med blå auge. Faktisk resulterar ein av fem graviditetar i bygda i ein tvillingfødsel, eit heller uvanleg høgt tal som de sikkert forstår.
Dette skal i følgje Camerasa vere eit resultat av ein vandrande dyrelege som skal ha behandla landsbygdas kvinner på sekstitalet. Dette var sjølvsagt ingen ringare enn Joseph Mengele som hadde sneke seg over grensa for å befrukte kvinner og krøter i stort antal - slik nazilegar er kjent for å gjere.
Det var tydlegvis heilt normalt i utkanten av Brazil på 60-talet at dyreleger òg opererte som vandrande gynekologar, og resultatet er i dag ein koloni med blonde blåaugde tvillingar henta rett ut frå Stortyskland.
I allefall om ein skal tru Camerasa og britiske Telegraph.
Crank That Kosha Boy
Min kjærleik for koshermoro har inga ende. I disse tider, der Israel driv etisk sjølvmord og folk tydlegvis har problem med å skilje mellom både det eine og det andre, er det viktig å halde tankane klart. Støtte til det Palestinske folk, og ofrane på Gaza, og kjærleik for jødisk kultur er då ikkje så vanskeleg å kombinere? La meg gå foran med eit godt døme og gje litt kjærleik til dette vidunderlege kosher folkeslaget;
Denne utmerka videoen er av Eric Schwartz aka Smooth-E, om mannen er ein vassekte yid eller berre latar som, bryr meg eigentleg midt bak. Takk til Didrik som tipsa meg om denne finfine underhaldninga.
Denne utmerka videoen er av Eric Schwartz aka Smooth-E, om mannen er ein vassekte yid eller berre latar som, bryr meg eigentleg midt bak. Takk til Didrik som tipsa meg om denne finfine underhaldninga.
Framtidsutsikter?

Då er det greit å ha venner som ser framtida så tydeleg, og som alltid har karrieretips på lur.
Stikk innom min venn jbq og del med oss kva du trur.
onsdag 21. januar 2009
"Goodbye Bush"
Folk er begeistra for insetting av Obama. Det forstår eg. Dei er minst like begeistra for å vere kvitt Bush Jr., òg kjent som Dubya. Personleg vil eg sakne det texanske sjarmtrollet. Han var eit unikt innspel i verdspolitikken, og reaksjonane han inspirerte frå båe tilhengjarar og motstandarar var ubetalelege. Det er ikkje rart at folk vel ut ulike vis å feire hans avgang på, som denne alternative reklamen for Veet-hårfjerning.
"Goodbye Bush"

tysdag 20. januar 2009
Nihilisme ein introduksjonsvideo
Det er mange som forvekslar nasjonalsosialismen med nihilismen, gjerne fordi beggje deler er utprega nihilistisk, men då vil eg seie som Walter i The Big Lebowski:
Det var lærerikt var det ikkje? Eg vonar alle har fått eit nytt og betre innsyn i nihilismens mange sider av dette.
"Nihilists! Fuck me. I mean, say what you like about the tenets of National Socialism, Dude, at least it's an ethos."Eg har lenge hatt ein skummel mistanke om at ungdommen i dag vart først kjent med nihilismen gjennom denne filmen. Det er litt synd, for eg føler ein viss dragning mot god klassisk nihilisme. Ikkje berre å rope fuck, og å drukne folk i dass - sjølv om eg gjerne gjer det òg. Eg skulle likevel likt å sjå at folk vart betre kjent med nihilismen. Så kanskje litt opplysingsfilm er tingen? Ja, la oss sjå korleis det går med to tyske nihilistar på tur i ubåten deira, og kva som skjer når dei møter ein blekksprut...
Det var lærerikt var det ikkje? Eg vonar alle har fått eit nytt og betre innsyn i nihilismens mange sider av dette.
måndag 19. januar 2009
Eit kosher arkiv

Heilt attende til 2004 kan eg dokumentere dette. Frå det sagnomsuste(?) året har eg henta fram kanskje det klaraste provet på at dei fleste lisensavtaler er skreven av jødiske advokatar. Det er ikkje anti-semittisk, eg drar ikkje ein Willoch her, eg berre seier det at når lisensavtala står på yiddish, så er det eit teikn på noko.
For dei som verkeleg forlangar koshervare kunne eg i fjor anbefale Jewtube. Og det gjer eg framleis. Ein fantastisk side som har gjett meg mykje moro. Og minst like moro forventar eg har du får frå den heller besynderlege lista over fantasyvesen som er kosher og ikkje. Lista vart knota saman av Jeff og Ann VanderMeer som får boltre seg med romanar og antologiar i hylla mi her, då dei har slått seg fram som kjente namn innanfor båe Steampunk- og Weirdlitteratur. Eg kan gjerne anbefale dykk å ta ein kikk på noko av det dei har utgjeve.
Og fatt mot, det er meir å hente i arkivet framover.
søndag 18. januar 2009
Nei til innskrenking av ytringsfridomen

I sin ytterste konsekvens kriminaliserar dette kritikk av alle religionar og livssyn(som det norske rettsapparat anarkjenner), då dette gjerne innebærar å gå hardt ut mot det truande oppfattar som heilagt. Dette er urovekkande, og verker lite gjennomtenkt.
Eit opprop forfatta av Lars Gule og Nina Hjerpset-Østlie er på plass, og eg anbefalar alle å signere. Sei nei til innskrenking av ytringsfridomen.
Oppropets fulle tekst følgjer under, på oppfordring av min venn Arnfinn Pettersen.
"Nei til straff for religionskritikk
Regjeringen ønsker å utvide straffelovens paragraf om hatefulle ytringer "slik at denne bestemmelsen vartar behovet for et strafferettslig vern mot kvalifiserte angrep på religion eller livssyn." Dette varsles i Ot.prp. nr. 22 (2008-2009).
Selv om regjeringen også vil fjerne den sovende blasfemiparagrafen, er vi bekymret over den mulighet til straffeforfølgelse av religionskritikk som kan ligge i regjeringens varslede forslag.
Regjeringens begrunnelse er at «Ytringsfriheten må altså avveies mot andre hensyn. Religiøs tro og overbevisning vil ofte forankres i de dypere lag av ens personlighet, og det vil kunne knytte seg sterke følelser til slike overbevisninger. Læresetninger av religiøs karakter vil fortsatt av mange bli holdt for å være «hellige».
Vi kan ikke akseptere at det skal være et offentlig anliggende å beskytte subjektive, religiøse følelser eller legitimere subjektive, religiøse følelser som gyldig argument i samfunnsdebatten. En slik politikk kan lett åpne for subjektiv vilkårlighet i en eventuell straffeforfølgelse av religionskritiske ytringer.
Det foreligger så langt ikke noen konkretisering av hva som regnes for «kvalifiserte angrep» på religioner og livssyn. Vi er derfor bekymret for at det varslede forslaget vil forhindre reell og nødvendig religionskritikk.
Det varslede forslaget innebærer også en styrking av religiøse dogmer på bekostning av annerledestroendes/ ikke-troendes ytringsfrihet. Med andre ord risikerer vi at hva noen føler er hellig, vil måtte holdes hellig av alle. Dette kan i seg selv representere en uakseptabel innskrenking av fritenkeres og ikke-troendes ytringsfrihet, og i verste fall innebære en diskriminering av ikke-troende.
Menneskerettighetene skal både beskytte en videst mulig ytringsfrihet og religionsfrihet for alle. Denne balansen må vi som samfunn kunne klare uten å skulle straffeforfølge at noen opplever sine religiøse følelser som krenket.
Vi ber derfor regjeringen om å skrinlegge det varslede forslaget om å utvide straffelovens § 185 om hatefulle ytringer til også å omfatte «kvalifiserte angrep på trossetninger og livssyn»."
Eg vonar dette er noko dei fleste av mine lesarar finn verdig dykkar støtte, og at de signerar oppropet.
Kalvø feigar ut!

Og alt på vidunderleg nynorsk.
No feigar han derimot ut.
I lag med Else Michelet og Espen Beranek Holm forlatar no Are Kalvø skipet til somaren. Denne inneværande sesongen med Hallo i Uken er altså den siste med denne sanningas røvarbande.
Eg vedder det er bokmålsfolk som har lagt press på han...
Løgnarar, politikarar og journalistar frydar seg.
Og resten av oss er urolege for kva som vil følgje... kvar skal vi no vende oss? Kan vi stole på arvakarane?
laurdag 17. januar 2009
Filmfrelse: Terminator
Eg har det ikkje med å ha store von om Hollywoodfilmar, men eg er svak for Christian Bale, og eg er svak for ideen om at vi endeleg skal få krigen vi såg glimt av på 80-talet i Terminator. Så sjølv utan Charlotte Gainsbourg som kona til motstandshelten John Connor, så ser eg faktisk fram til Terminator Salvation. Dette er den fjerde filmen i serien, om ein reknar med den horrible Rise of the Machines som kanskje var noko av det mest tullete dei hadde gjort sidan vel... eg veit ikkje? Eg likte til og med Robocop vs Terminator (det var noko med ideen om at den kybernetiske purken var opphavet til Skynet som kilte meg rett). Eg har fulgt produksjonen sidan dag ein, og medan eg var skeptisk til prosjektetet til å byrje med, så har eg blitt sakte men sikkert sjarmert av designskisser og lovnadar om å sette den gode historie først. Eg trur eigentleg ikkje på det, men eg vonar det vert moro. Særleg no når ein femte film òg er under oppsegling, og målet om å gjere den nye historia om til ein trilogi verker langt meir sannsyneleg.
Ein må sjølvsagt sjå denne filmen i eit større bilete. Her er det jo grunn til å vere kritiske sjølvsagt. Det er klart at John Connor sin karakter er basert på Max Manus, og at Terminator Salvation berre er eit forsøk på å mjølke den norske filmkua etter at denne filmen viste seg å vere så populær. Terminator Salvation er vel berre ein av eit mangfald komande filmar med staute motstandskjemparar basert på brave nordmenn som hovudfokus. Det er heilt klart
fredag 16. januar 2009
Neste ekspert ut...
Eg tviheld vidare på at andre svarar best på spørsmål om Israel og Palestina, så kan eg konsentrere meg om å vere irritert, frustrert og forbanna avhengig av dagsformen. Dagens ekspert er Bård Kårtveit, stipendiat ved Christian Michelsens Institutt ved Universitetet i Bergen. Han har lenge studert situasjonen i Palestina, og vil svare på spørsmål i nettmøte hjå Bergens Tidende klokka 12 i dag.
Så send inn dine spørsmål no. Eller vent på at han svarar andre sine.
Det er heilt opp til deg.
Så send inn dine spørsmål no. Eller vent på at han svarar andre sine.
Det er heilt opp til deg.
torsdag 15. januar 2009
Ein død fange...
Då eg etter ein lang dag fann senga i grotta mi i går vart eg avbrudt av ei trist melding: Patrick McGoohan er død. Han døydde 13. januar, etter kort tids sjukdom. Patrick McGoohan var ansvarleg for, og spelte hovudrolla i, ein av tidenes flottaste seriar - The Prisoner. Ein serie som du umogleg kan nyte utan eit opent sinn. Ein serie som utfordrar deg, ditt syn på identitet, fridom og - ikkje minst - samfunnet. Korleis er samfunnet strukturert og korleis står individet i forhold til det?
Er vi berre tal, slik Patrick McGoohan var den anonyme Nummer 6? Må vi konformere? Eller kan vi bryte ut?
onsdag 14. januar 2009
Ut i verda?
Då eg ankom kontoret i dag vart eg møtt av følgjande video:
Avsendar var ein ung mann som gjer seg klar til å reise ut i verda. Og eg har vel ingen kommentar.
Avsendar var ein ung mann som gjer seg klar til å reise ut i verda. Og eg har vel ingen kommentar.
tysdag 13. januar 2009
Ein forvirra Teddy
Ted Haggard er ein artig kar. Det har han alltid vore.
Lenge var Teddy, eller Pastor Ted om du vil, ein... pastor (sjølvsagt). Og han hadde si eiga kyrkje. Si eiga meinighet. Med sine eigne meininger. Særleg om ting menn gjer med tissefantane sine i selskap av andre menn.
Men så viste det seg då... at Teddy òg lot andre menn ta han på sin tissefant. Faktisk betalte Teddy for guttekos hjå ein profesjonell kosegut...
Skandalen var eit faktum. Og Pastor Ted var ikkje lenger pastor. Berre Teddy. Og kyrkja kasta han på dør - med berre 2 millionar dollar i fallskjerm.
Stakkars Teddy ante ikkje råd. Og søkte hjelp både her og der. Først prøvde han å verte helbreda gjennom bønn. Men det hjalp ikkje. No har han søkt hjelp hjå kristne terapeuter som nyttar "sekulære" metoder for å frelse han frå synden.
Og han er godt på veg seier han. Hans seksualitet er komplisert, forklarar han no. Han insisterar på at hans seksualitet ikkje kan plasserast i bås.
Fabelaktig. Så no er han der resten av oss alltid har vore?
Andre oppsummerar Teddy på litt anna vis:
Lazy gaming?
Ja, eg veit vi har vore innom denne gjengen tidlegare, men no vil dei altså ha produsert eit dataspel basert på den islandske barne-tv serien, Lazy Town.
Og personleg frydar eg meg. Nesten like bra som Hello Kitty.
måndag 12. januar 2009
Ein folkefiende...

Ikkje før har den gremmelege pandapropagandapandafilmen (pandapropanda) gått av plakaten, er ein oppfølgjar under oppsegling. Og ikkje nok med det. No vert det spelefilm òg, "Xiong Mao Xia" er planlagd spelt inn i Taiwan som 20 episodars TV-serie. Pent omsatt tyder namnet simpelthen "Panda Mann". Bak prosjektet står pandalakei Jay Chou, songer, skodespelar, regissør og forfattar. Ein mann som har gått i pandaens teneste i heile si karriere. Ein mann som kan takke Pandamonium for denne karriera. Ein mann som er ein villig fiende av menneskeheten.
Han er ein ekte folkefiende!
Hans actionorienterte valdsorgie av ein tv-serie vil markere eit nytt slag i andletet på menneskeheten. Om ein skal tru rykte vil han her framstå som eit pandamenneske, ein messianisk superheltskikkelse som ved hjelp av sine pandakrefter rydder opp i menneskehetens "vondskap". Slik skal barn og unge lære å dyrke alt pandarelatert som guddommeleg. Som frelse.
Men Pandamonium er ikkje vår frelse. Det er vår fiende. Vår såkalla "vondskap" er ikkje anna enn vår evne til å gjere motstand mot undertrykkande Pandaer som ønskjer å suge livskraften ut av oss og gjere oss til slavar. Slik Jay Chou velvillig har blitt.
Eg fortel dykk... gjer motstand! NO!
(Takk til jbq for åtvaringa)
søndag 11. januar 2009
Til deg...

Så til deg, kjære pøbel som har manifistert deg att i Syndas Bygd i går, har eg berre ein ting å seie: Ta deg eit tak ditt forbanna nek.
laurdag 10. januar 2009
Eit uslåeleg tilbod
Jula er over, det er klart. Du kan sjå tilbodsskilta over alt. Januarsalet er her! Og alt som ikkje vart solgt i desember skal seljast no, i lag med eit par andre godbiter. Lefdal som du neppe har sett makan til!
Lord of the Rings Conquest til Playstation 3 for berre 99 999,-
Eg trur neppe du finn eit tilsvarande tilbod andre stader. Så om du verkeleg vil ha dette spelet. Så er dette ein unik sjanse.
Eg testa spelet tidlegare i veka, og trur eg står over... det er liksom ikkje verdt det.

Eg trur neppe du finn eit tilsvarande tilbod andre stader. Så om du verkeleg vil ha dette spelet. Så er dette ein unik sjanse.
Eg testa spelet tidlegare i veka, og trur eg står over... det er liksom ikkje verdt det.
fredag 9. januar 2009
Nettmøte i bråket?
Eg prøver å ikkje uttale meg om situasjonen i Gaza. Mine tankar går til sivilbefolkinga i Palestina og i Israel. Mine tankar går til dei etterlatte, familiene til dei mange hundre som er drept i det eg anser for å vere ulovlege militæraksjoner.
Intelligente ting overlet eg til andre å seie.
I mine auge er det ikkje eit spørsmål om kven som starta, eller kven som gjorde kva, men eit spørsmål om anstende. Det finnes ingen unskuldinger. Og det er alt eg har å seie om saka, for eg er ein enkel mann.
For dei som vil vete meir stiller midtaustenekspert Anders Bjørkelo, som eg ærlighetens namn må innrømme å ha meir enn perifer forbinding til, til nettmøte i Bergens Tidende 10:45 i dag. Professoren er til dagleg forskingsleiar ved Senter for Midtausten og Islamske Studier ved Universitetet i Bergen, og om eg ikkje alltid er samd i det han seier, så har han som oftast eit godt og kritisk perspektiv.
Intelligente ting overlet eg til andre å seie.
I mine auge er det ikkje eit spørsmål om kven som starta, eller kven som gjorde kva, men eit spørsmål om anstende. Det finnes ingen unskuldinger. Og det er alt eg har å seie om saka, for eg er ein enkel mann.
For dei som vil vete meir stiller midtaustenekspert Anders Bjørkelo, som eg ærlighetens namn må innrømme å ha meir enn perifer forbinding til, til nettmøte i Bergens Tidende 10:45 i dag. Professoren er til dagleg forskingsleiar ved Senter for Midtausten og Islamske Studier ved Universitetet i Bergen, og om eg ikkje alltid er samd i det han seier, så har han som oftast eit godt og kritisk perspektiv.
torsdag 8. januar 2009
Brutal Pandemisk valdsbølgje

Deira overfall av menneske byrjar å verte ganske så veldokumenterte, og åtak som dette er vanskeleg å halde skjul på. Berre dagen etter at kjempepandaen Gu Gu prøvde å lokke eit barn inn i leiren sin, så hypnotiserte han barnets far, Zhang, til å klatre over gjerdet. Gu Gu venta ikkje eit sekund med å gå til åtak på måltidet han hadde lokka til seg, svolten på noko meir næringsrikt enn bambusskot kasta han seg over Zhang og beit seg fast i han. Zhang kom til seg sjølv og kjempa tappert i mot, men til inga nytte. Først når andre menneske kom til for å hjelpe kom han seg fri, men ikkje før etter dei måtte nytte verkty for å opne Gu Gus kjeve, som då hadde låst seg rundt beinet til Zhang.
Zhang ligg no på sjukehuset, med ny forståing av kva pandaer eigentleg er. Og Zhang var langt i frå Gu Gu sitt første offer, Gu Gu er ein gjengangar når det kjem til denne slags brutale overfall. Pandaene er utolmodige og klarte til å vise sitt sanne eg. Dei gjer seg klar til å gå til åtak. Er du klar til å forsvare deg?
Det er ikkje sikkert du er like heldig som Zhang og slepp unna med livet i behald, så ikkje vent på at det skal skje med deg! Gjer motstand! Pandamoniums pandemisk valdsbølgje er her!
onsdag 7. januar 2009
Eit blikk på Wing Commander
For dei som ikkje har høyrd om serien (ingen av dykk seier de? Barbarar!), så er det ein romkampsimulator blanda med såpeopera og rom opera. Eit spel der manuset var like viktige som dei formidable teknologiske nyvinningane (for den tida). Dei to første spela i serien var tradisjonell animasjon, medan dei neste spela i serien var full motion video, med Mark "Luke Skywalker" Hamill i rolla som helten Christopher Blair. Spela følgjer han over ein heil karriere i kampen mot katteliknande romvesen med namn Kilrathi. Det første spelet foregår 30 år etter krigen mellom menneska og Kilrathi først tok til, og gjennom spela følgjer vi krigen mot dens endelege avslutting - og vi får høve til å avgjere våre fienders skjebner. Og seinare får vi ta eit oppgjer med krigens konsekvensar, og ikkje minst gamle krigsheltar som vert forrædarar. I tillegg til Mark Hamill får vi òg servert Malcolm McDowell, og manus som var meir fyldige enn det ein får servert frå Hollywood i desse dagar. Rart er det då at filmen basert på spela vart så middelmådig som den vart... men eg digresserar.
Poenget er at i eit intervju hjå Retro Gamer fortel no Chris Roberts at han kjenner seg ferdig med Hollywood, og har lyst til å vende attende til dataspel... Vi sitrar.
Og etter å ha lest artikkelen nøye har vi sjølvsagt fått for oss å skaffe oss Wing Commanderspela att. Ein kjapp sjekk av bruktmarknaden og vi innser at prisen er for stiv, men vi har heldigvis båe Wing Commander 3 og 4 i ei kasse her ein stad. Og no dukka Wing Commander 1 og 2 brått opp òg. Eitt stykk glad mulla!
Så gjeld det berre å finne Wing Commander Prophecy, og så å finne tida til å spele alt saman.
I mellomtida får vi alle nyte litt mimrevideoer:
tysdag 6. januar 2009
Løysingsorientert?
Ferien er vel offisielt over no, og dei fleste av oss vender attende til arbeidslivet eller tilsvarande. Dei av oss som tilbringer dagane på kontoret kjem over alskens merkelege problem og nær foreståande katastrofar, og er vi heldige så er det utanfor vårt ansvar. Flytdiagram kjem difor godt med.
Eg trur på flytdiagram.
Eg trur på flytdiagram.
måndag 5. januar 2009
Max Manus sa du?

Vi her i moskeen ser kva ansvar vi har, og på fredag tok vi turen på kino for å bivåne meisterverket. Kva er resultatet, har Hastur blitt bitt av Max Mania?
Neppe.
For det første, la oss berre gravleggje eit par hunder med ein gong. Filmen Max Manus fokuserar på ein mann av mange som utgjorde motstanden i Noreg, ein mann som fulgte ordrene til eksilregjeringa og det britiske forsvaret og difor haldt hovudet lågt store deler av krigen. Filmen handlar ikkje om motstanden generelt, ikkje heller om dei mange som gjorde passiv motstand eller utførde mang ein heltedåd for parti, konge og fedreland. Filmen handlar ikkje om Furebotn og den kommunistiske motstandsrørsla. Den handlar ikkje om krigsseilarane som vart forrådt etter krigen av landet dei risikerte livet for. Den handlar ikkje om Shetlands-Larsen som aldri fekk æra han fortente i løpet av sitt liv. Den omhandlar Max Manus, ein Bergensgut som kjempa i Finlandskrigen og som slo seg saman med motstandsrørsla på austlandet då Noreg vart okkupert, og den handlar om Kjakan og dei andre han omringa seg med. At Hastur er skeptisk til denne gjengen lar han ikkje stå i vegen for å anarkjenne deira bidrag under krigen, ei heller filmen. Filmens premiss er klar - Max Manus i fokus.
Det er difor med glede eg kan meddele at eg faktisk likte filmen. Eg vart underhaldt frå byrjing til slutt. Sjeldan opplev ein norsk film som unngår å deprimere og i staden for er morosam, spanande og tidvis trist. Den presenterar fleire sider ved filmens protagonist, hans stolthet, hans mot, hans tvil og hans kjærleik. Og det som overraska mest var korleis skodespelet haldt vatn - har vi endeleg funne nok norske skodespelarar til å fylle ein heil langfilm utan at det vert flaut? Eg måtte gni meg i auga, særleg var eg imponert over Aksel Hennie som hadde tittelrolla. Dette var ein jobb han takla bra.

Filmens manglar ligg stort sett på faktafeil, og på deira rot med historia. Samt ein litt for einsidig framstilling av tyskarane som skurkar. Slikt er likevel å vente av ein underhaldningsfilm, vil du vete sanninga så les du ei bok (Eller ein blogg har eg forstått).
Eg kunne gått inn på det tekniske handverket, men det er lite å utsette på det. Ei heller noko å skryte opp i skyane. Dei har filma etter regelboka, og det fungerar bra i ein slik film.
Så alt i alt, ein bra film. Hastur anbefalar den faktisk. Så kvifor ikkje Max Mania? For guds skuld folkens, ro dykk ned. Det er jo berre ein film! Ein film du kan kose deg med ein valfri kveld. Og ein film som bakmenn (og bakkvinner) kan vere stolte av.
Ein skål for ein god norsk film.
søndag 4. januar 2009
He did it his way...
Eg må seie at eg set pris på at Youtube avogtil minner meg på videoer eg ikkje har sett på lenge. Særleg slike oppbyggjelege songer med oppløftande bodskap.
Ja, det er visdom i denne gamle klassikaren. Ver tru mot deg sjølv.
(Ein annan dag skal eg kanskje fortelje meir om han Alfons... eit tips eg fekk for eit par år sidan).,
Ja, det er visdom i denne gamle klassikaren. Ver tru mot deg sjølv.
(Ein annan dag skal eg kanskje fortelje meir om han Alfons... eit tips eg fekk for eit par år sidan).,
laurdag 3. januar 2009
Eit born er fødd i bloggosfær'n

Ein kvar blogg som startar si karriere med å utlevere The Avengers og å hylle Muhammad Asad og hans dyktige omsetjing av Koranen vert ekstra verdsatt hjå oss her i moskeen, og når dette vert fulgt opp med omtale av ein av nordens mest interessante digitale kunstnarar, Viktor Kvant, kjent òg frå det vidunderlege svenske orkesteret Solblot, så vert dette mottatt med ståande ovasjonar.
Vi her i moskeen sett pris på det anstendige og distingverte, og det får vi i rikt mon hjå vår venn Lord Bassington-Bassington, ein hund kjent for sin danna opptreden og smak. Bloggen er altså ført i pennen av denne gentlemannen av gentlemenn. Eller rettere sagt: diktert. Då det sjølvsagt er hans sekretær som faktisk trykker på tastaturet. Hans eigen Watson, som vi er forsikra om at òg er eit respektabelt menneske.
Så kast til side det vulgære moderne samfunnet, med sine sneakers og bandskjorter, og sett deg ned i godt danna selskap. Ta med deg din laptopp eller PC inn i salongen, og få på deg din beste røykejakke og fyr opp pipa, og nyt The Lord Bassington-Bassington Chronicles.
fredag 2. januar 2009
Stekt kylling...
Lunsjtid sa du?
Eg fekk lyst på kylling no. Gjorde ikkje du?
Thank you for your cooperation.
(Via /film)
Eg fekk lyst på kylling no. Gjorde ikkje du?
Thank you for your cooperation.
(Via /film)
torsdag 1. januar 2009
Velkomen til verda

Og dette er no mogleg i Taiwan, som har fått sin første offisielle Hello Kitty fødeklinikk. Her er personalet kledd i rosa, med forkle med den kjente japanske kattepusen på. I lobbyen vert vordande foreldre møtt av ein stor Hello Kitty statue, og barnet får sjølvsagt ein rosa fødselsattest med Hello Kitty på.
Det er så perfekt som ein får det! Så dette kan berre tyde ein ting, Hastur bør bli far i 2009. Og det i Taiwan. Huff, så mykje å planleggje no.
(Tips via Boing Boing, foto av Christine Lu)
Abonner på:
Innlegg (Atom)