laurdag 28. februar 2009

200!

Dette er post nummer 200 i denne bloggen.

Og alt det berre i løpet av eit knapt halvt år i min nye heim.

Det inkluderar utdrag frå arkiva som eg har hatt høve til å snike inn. Eg trur dette må feirast med boller og brus!

onsdag 25. februar 2009

Ukjend kvitring?

Vi får unnagjort litt blogging i det siste, då vi har planlagd å ta ein liten tulletur til Syndas Bygd frå og med i dag og til fredag, og som på tulleturar flest er det jo uvisst om ein får blogga. Ein siste ting som bør nemnast før avgang er denne kvitringa, eller Twitter som dei seier på finspråket.

Som dei fleste har fått med seg, så er eg innbakt skeptisk til slike nymotens tidssluk og rapporteringssystem for private aktivitetar. Og eg hadde i utgangspunktet bestemt meg for å halde meg langt unna.

At det då brått dukkar opp ein kvitrekanal, som etter alt å døme tilhøyrar meg, fell meg difor veldig tungt. Då eg av prinsipp ikkje likar slikt, så kan det umogleg vere eg som dei siste vekene har rapportert om mine gjeremål og tankar. Det må simpelthen vere ein som utgjev seg for å vere meg, og som har intim kjendskap til alt eg tar meg til, og kven eg omgås.

Eg finn dette sjølvsagt veldig urovekkande og vil følgje nøye med på aktiviteten framover. De må gjerne de òg gjere, hjelp meg å avsløre kven det er som veit absolutt alt eg tar meg til. Til og med kva eg mottar i posten frå dag til dag. Den som avslørar det skal sjølvsagt få all verdas ære og berømmelse!

Kan det hende det er David Lynch som rotar med meg?

Hello... world?

Forestill deg no, slik eg gjer, at du er ei søt lita jente, omringa av det rosa og det søte, forestill deg så at... nei, berre sjå:

Og no veit de kva som skjedde med meg... det er høgt under taket hjå Hello Kitty.

(Via Boing Boing)

Holocaustfornektar utvist

Den nominelt katolske biskopen Richard Williamson er i følgje sikre kjelder på veg til England, etter å ha blitt kasta ut frå Argentina der han har haldt til dei siste åra. No har eg overlatt til min tvilsomme venn Arnfinn å dekke stridighetane rundt han og Pius X-brorskapen (SSPX), og ei oppsummering er etterkvart litt vanskeleg å få til. Det heile koker ned til at det vart litt bruduljar då Vatikanet ville ta tradisjonalistane i SSPX inn att i varmen, og oppheve bannlysinga av dei. Inkludert Williamson som er den mest uttalte anti-semittiske raringen av dei. Williamson gjorde sitt for å gjere prosessen interessant ved å svare på Vatikanets godvilje for han og hans kumpanar ved å stille opp i svensk fjernsyn for å fortelje at ikkje ein einaste jøde vart gassa i hel i dødsleirane. Nei, for Holocaust fann jo aldri stad.

Slikt vert det bråk av, men for å kunne gjere noko med han, måtte først Paven ta til seg heile selskapet att og så luke han ut for straff. Ikkje verdas lettaste manøver.

Midt opp i det heile har Argentina funne ut at han skal forvisast frå landet, der han har spreidd sitt glade bodskap i fleire år. Og vips var han på flyet attende til sitt opphavsland. Grunngjevinga var såre enkelt den at Williamson hadde «dypt sjokkert det argentinske samfunnet, det jødiske folk og hele menneskeheten».

Ja, det trur eg så gjerne. Argentina er harde når det kjem til historiske fakta, og dei tar historia til det tredje riket og holocaust veldig alvorleg. Dei ansvarlege busatte seg tross alt i hopetal i Argentina etter krigen, og Williamsons utsegn har nok nedverdiga deira arbeid, og gode posisjon i det argentinske samfunnet grundig.

Slagkraftige lønsforhandlingar

Alle som har vore med på forhandlingar rundt løn veit at det kan gå hardt for seg. Om det er individuelle forhandlingar så er det gjerne eit sterkt press på den enkelte, og i kollektive forhandlingar er det gjerne viktige prinsippar og dei store spørsmåla som står på plakaten. Særleg i kollektive forhandlingar er det lett for at situasjonen kan tilspisse seg, og forhandling vert til konflikt. Ein konflikt som kan vedvare til neste forhandlingsrunde, eller som kulminerar i ein streik, eller, i nokre tilfelle, ein lock-out. Her om kring har vi tatt konsekvensane av dette, og arbeidskonfliktar er sesongbaserte, knytta til særlege tider i kalendaren der slike forhandlingar og konfliktar skal finne stad. Og vi har eit system på plass for å hindre at nokon skal ta skade av at forhandlingane bryt saman. Ein kan gjerne drøfte, og eg gjer det veldig gjerne, klokskapen i ein slik gjennomregulering av forhandlingar i arbeidslivet, og korvidt det gjer oss ute av stand til å gjennomføre ein skikkeleg, og effektfull streik.

Men no er det no slik at det er det systemet vi har her i nord, og det er det systemet vi kjenner til. Andre stader vel dei å gjere ting annleis, i USA er det kontrollert av mafiaen, og i Israel er forhandlingane i all hovudsak kontrollert av jødiske interesser. I Bangladesh... vel, der skyt ein gjerne på dei kollegene som har meir i løn. Slik er visstnok livet i land der mikro-kreditt står sterkt.

Det har i alle fall vore tilfelle i dag, når medlemmar av Bangladeshi Rifles (ein militærorginisasjon i hovudstaden) var misnøgd med løna si, tok leiarskapen som gislar og opna ild på motstandarar. Inkludert hæren som såg for seg at dette var noko dei skulle gripe inn i.

Så ein kan seie kva ein vil... vi kan vere glad vi ikkje forhandlar om løn etter Bangladesh-modellen?

tysdag 24. februar 2009

Lær språk av Yoda

Yoda er ein vis mann. Ein mann du kan kome til med dine spørsmål. Dette veit vi frå George Lucas sine Star Wars-filmar. Han er den klassiske asiatiske vismann, som bur utanfor allfarveg, er vanskeleg å kome til og som snakker litt rart. Som asiatar flest. Dei utmerkar seg jo i å snakke rart og kryptisk, og å vere litt kloke.

Vi likar i alle fall å tru det, men eg veit eg tvilar når eg høyrer Dalai Lama opne kjeften. Heldigvis er Yoda aldri langt unna, og han rettar opp att uttrykket. Får ting til å vere som dei skal - for visste du? Yoda er japansk. Det er eit japansk namn, han har merkelege auge og er stuttvokst, javisst. Men viktigst av alt, han snakkar engelsk som ein japanar. Du kan lære mykje om japansk gramatikk og setningsstruktur av å høyre på den lille grøne muppetten.

Det meiner i alle fall Koichi, og han demonstrerar korleis hjå Tofugu.

Veldig informativt det er.

(Via Theforce.net)

måndag 23. februar 2009

Dette er snikislamisering!

Etter Siv Jensens brune fråspark er det dei som har spurd seg sjølv: Kva er eigentleg snikislamisering? Ulike forslag er på bordet, inkludert ein del av mine nattlege aktivitetar, men eg trur den beste kandidaten presenterast i denne videoen.

Ja, Siv... vart du skremt no? Her er det visst grunn til å vere paranoid. Sjekk dine barns leikar, og høyr dine verste frykter spelt for deg. Og lytt for all del til stemmene i hovudet ditt òg. (Via WPRI Eyewitness News)

Siv Hitler? Adolf Jensen?

Så, alle latar som om dei er overraska over dei siste utsegna, og nokre latar til og med som om dei er overraska over reaksjonane. Siv Jensen har sparka flittig frå seg, og det nedover, mot Noregs muslimske befolking. Desse fæslege andre som kjem og øydelegg hennar kvite, reine og kristne nasjon. Hennar åtak på halalmat i fengselet og andre overgrep mot hennar sarte sensibilitet, er ein vidunderleg nostalgisk kake til dei som har fulgt med i historietimene.

Nei, no snakkar eg ikkje først og framst om det Tredje Riket, og Hitler sine beske utspel mot våre vennar jødane. Neida, eg snakkar attende til dei glade dagane då FrP verkeleg rulla i brun, brun gjørme. Då deira viktigste kampsaker var å bekjempe åleinemødre og nordlendingar, og ein bonde eller to, i tillegg til slemme muslimar og innvandrarar. Eg snakkar om tida då Carl stilte opp på fjernsynet med forfalska brev som skulle prove at muslimane konspirerte om å ta over landet. Eg tenkjer på dei glade dagar då vi alle visste at FrP var ein brun, brun vits.

Det var tider det.

Men no? No tar vi dei seriøst. No er dei eit av landets største parti, og deira motstandarar er sjokkerte over at formannen (forkvinna?) i FrP snakkar som ein FrPar. Hitling kjem det nok av, og det snøgt. Ja, for samanlikningsgrunnlag er jo der, om ein latar som om FrPs landsmøte er ein massiv partikonferanse i Nürnberg.

Det er lov å reagerte kraftig på Siv Jensens sine utsegn, det er faktisk på sin plass å ta avstand, og at vi alle minnast dei gode dagar då vi snudde ryggen til Carl & co.

Men kan vi vise litt respekt? Kan vi la vere å drive med Hitling? Det er uverdig. Korleis i all verda har Hitler gjort seg fortent til å verte samanlikna med Siv Jensen!?

fredag 20. februar 2009

Mira Craig, krigarprinsessa

På godt og vondt er vår kultur ein kjendiskultur. Vi dyrkar vår kjendisar som heltar, som halvgudar. Dei er noko betre enn oss, dei har klart det vi ikkje har klart - å fange verdas merksemd. Dette er fullstendig uavhengig av eventuelle talent eller moralsk styrke desse kjendisane har. Det er ikkje det vi ser etter i dei, vi ser simpelthen etter dei som har den magiske kvaliteten. Den kvaliteten som gjev dei merksemd for det dei gjer, den magien som gjer at vi ser til dei for inspirasjon. Denne magiske kvaliteten har songerinna Mira Craig. Og det veit ho. Ho takkar The Secret for sin suksess, ideen om at ein tiltrekk seg det ein vil ved hjelp av tankekraft. Ho har tenkt seg sjølv til suksess. Det ligg noko magisk over dette, og den bakenforliggjande krafta som ho kallar "kvantum fisiks, liksom".

Det tyder ikkje at ho har gjort dette heilt utan arbeid, det er for det første vanskeleg for Craig å tenkje. På suksess altså. Og ho har måtte kjempa ein del slag på vegen. Og banka opp sine næraste. I dag vart eg tipsa om eit sitat i VG, som dei henta frå det minst like ærerike tidsskriftet Mann, som skildrar dette. Situasjonen var slik at frøken Craig hadde observert sin kjæreste kysse ei anna jente, noko som vil opprøre dei fleste. Hennar reaksjon var snøgg og nådelaus:
Han var riktignok full, men jeg bar gikk bort og banket ham opp. Egentlig er jeg imot vold, men gutter må også ta konsekvensene av det de gjør.
Spørsmålet som er naturleg å stille seg, er om Mira Craig òg meiner at kvinner må ta dei same konsekvensane for det dei gjer, eller om det finnes andre regler for slike situasjonar. Hjelp det då òg om mannen er i mot vald, men må slå sin kjære for å lære henne ein lærepenge? Nokon må spørre henne om dette trur eg.

Vi må òg sjå hendinga i lys av hennar "kvantum fisiks, liksom", og stille oss spørsmålet om det var slik at Mira Craig eigentleg ønskte å slå, og slik skapte situasjonen. Eller om det var kjæresten som skapte situasjonen fordi han ønskte å verte slått av Mira Craig, krigarprinsessa. Og enno viktigare, må vi forstå dette at kvar gong Mira Craig opner kjeften for å synge eller snakke, om dette er noko ho gjer som ein effekt av hennar underliggjande ønskje om at eg skal slå henne. Med eit balltre. Hardt.

Eg berre lurar. Eg forstår ikkje "kvantum fisiks, liksom" eg.

Finanskrisa

Det er helg rett rundt hjørnet, og med tanke på den pågåande finanskrisa er det nok mange som vegrar seg for å ta helgefylla heilt ut. Fatt mot kjære nordmenn, det er framleis håp for grøftefylla dykkar, vår kjære statsministar Jens Stoltenberg har ein finanspakke som skal løyse alle våre problem!

torsdag 19. februar 2009

Det var denne fildelinga då

Dei fleste har fått med seg at diskusjonen om andsverk og fildeling og nett har blussa opp att, og mange har engasjert seg sterkt i dette. Det som starta aktiviteten denne gongen har vore den pågåande rettssaka mot The Pirate Bay i Sverige, og all merksemda denne har fått.

Blant dei som har engasjert seg er Ida Jackson, aka Ida Jackson, som i lag med partiet Raudt har starta nettkampanjen Filesharer.org. Der fildelarar oppmodast til å laste opp bilete av seg sjølv for å gje kriminaliteten eit andlet. Du kan lese meir om denne kampanjen hjå Fantastiske Nyheter og hjå Virrvarr mellom anna. Ein lengre kommentar om temaet er òg på plass hjå Holiday by Mistake. Og vår gode, snuskete, venn Kim Holm har òg slengt ut sine tankar.

Så kva meir er det å seie? Ikkje så mykje, eg vil berre dele ein dagsfersk anekdote.

Ved ein tilfeldighet snubla eg i dag over eit relativt nystarta band som kallar seg The Clockwork Quartet, eit tolvmanns prosjekt basert i London som har latt seg inspirere av Steampunk. På nettsidene deira er det lite å hente, utanom to låter du kan lytte til og laste ned. Og kvaliteten og stemninga på dei var ikkje så dum, så eg lurte sjølvsagt på om det var meir å hente.

Som vanleg i ein slik situasjon tok eg difor kontakt, og etterlyste plata dei haldt på å spele inn. Dei svarte kontant at dei hadde ikkje planar om å utgje noko plate. Eg tillet meg sjølv å omsetje til vårt vene målføre:
Vi har faktisk ikkje planar å om utgje noko fysisk plate i det heile tatt. Vi skal gje vekk musikken vår gratis på nett. Vi tenkte som så, at sidan ein kvar som kom til å høyre musikken vår kom til å laste den ned gratis uansett, så kvifor produsere meir skrot til å fylle opp huset deira med?
Og dette er ikkje eit billig garageband, men eit lite orkester som satsar på høg lydkvalitet. Kvar skal pengane kome frå? Dei planlegg eksklusive, storstilte konsertar der dei tar i bruk varehus og liknande som dei kan byggje om. I tillegg vil dei gje ut bøker med historier basert på songtekstene, samt notehefter og alt folk skulle trenge for å spele musikken deira sjølv på sitt eiga vis.

Eg kallar det å ta innover seg realitetane i den nye mediekvardagen. Eg kallar det å tenkje nytt folkens.

Så sjekk ut The Clockwork Quartet, og del biletet ditt på Filesharer.org

onsdag 18. februar 2009

Kvar kjem born frå? (Ein sexguide)

Har du nokon gong lurt på kvar babyar kjem i frå? Tyskarane har sjølvsagt svaret, og som germanophil mulla vidarebringar eg gladeleg forklaringa. Teksten er for liten til å verte lest på desse bileta, så eg vel å tolke dei så godt eg kan sjølv.
Babyer... dei kjem godt innpakka. Det heile byrjar med ein skjeggete mulla og ei søt blondine med musefletter.
Når jenta ikkje går med hijab er det lett å la seg frista til å kvitte seg med alle kleda. "Vil du sjå noko stilig?" Spør mullaen, og peiker på sin manndom som no har oppdaga at blondina ikkje er tildekt på sømmeleg vis. Dei to klemmer.
Dei to ramlar over ende og deler ein spesiell type klem som berre skjeggete mullaer kan gje unge blondiner. Denne klemmen kaller ein gjerne eit samleie, eller på fagspråket eit ligg. I denne klemmen prøver mannen for harde livet å stikke hull på blondina - som du ser av teikninga.
Resultatet er at blondina får ein liten mulla inn i seg der han stakk hull på henne. Som oftast i nærleiken av navelen. Dette gjer ho feit og frustrert, for jenter likar ikkje å leggje på seg. Sjølv ikkje stripete genser skjuler at ho har noko i magen.
Overtydd om at blondina har eit akutt tilfelle av luft i magen, og er sprengklar av flatulens, køyrer mullaen til sjukehuset. Der kan legen svøpe henne inn (for å halde inne flatulensen sjølvsagt.)
Men når blondina trur ho skal fise så skjer det noko rart. Ut kjem eit hovud. Ein skalla liten mullaspire stikker ut av hennar private delar. Legen og mullaen stirrar på i vantru medan barnet vinker til verda.N
Når blondina oppdagar kva som har ramla ut av henne, vert ho først særs forundra over kva det kan vere, men ho tykkjer det er søtt. Ho klarar til slutt å overtyde mullaen og legen til å la henne få behalde barnet. Babyen vert så pakka inn, av profesjonelle sjølvsagt, og mullaen og blondina tar med seg babyen heim.

Og slik vert babyar til. Slik kom du, min kjære lesar, til verda.

tysdag 17. februar 2009

Siste spelnytt: Valdtekt og slapp tiss

Spelmarknaden er i stadig utvikling. Og nye grensar skal sprengast. Slik er det berre. Det har seg òg slik at ulike kulturar har ulike grenser som skal sprengast, medan her i vesten er opptatt av Grand Theft Auto, kan ein i japan få dataspelseriar som simulerar valdtekt. Og takka vere den globale marknaden kan du alltids få kjøpt denslags på Amazon:
Rapeplay is an offshoot of the Illusion series, Interact Play. You, like in previous installments, play as a public nuisance that gets away from captivity and starts scouting for new targets. This time around you find a family of a single mother and her two daughters. You quickly begin your hunt and capture each woman one by one. The gameplay involves an amusing training/disposition system with which to break each respective target to your liking. Watch where you blow your load, or you might get them pregnant!

Amazon var snøgge til å fjerne spelet då the Belfast Telegraph (Via BoingBoing) skapte litt merksemd om det, og den naturlege moralske harnisken som fulgte fekk futt i seg. Dette vart forståeleg nok hard kost for oss her i vesten, her er vi mest vant med å få moralsk panikk over spel som Grand Theft Auto, der damer i bikini gnir seg opp mot hovudkarakteren som ektefødde sexobjekt medan han kjem med nedverdigande kommentarar. Ja, og så har han sex med dei då, og han betalar gjerne for det og slår dei i hel etterpå for å få att pengane. Eller han og han fru blom, det var du som gjorde det. Du satt med kontrolleren.

I dag vart den nyaste versjonen av Grand Theft Auto lansert, The Lost and Damned, og vi spår at det nok vert litt bråk denne gongen òg, så snart moralistane har fått summa seg. Denne gongen tar Rockstar spelet eit steg lenger. Denne gongen står såkalla "full frontal nudity" på plakaten i ei av spelets scener. Vi her i Noreg har jo fått vår dose full frontal nakenhet i det siste, der sex og fisk har vore involvert, men elles pleier vi jo å vere langt meir opent for slikt enn fleire av våre kumpanar her i vesten.

No er det inga bombe at Rockstar på eit eller anna tidspunkt ville prøve seg på dette, men det som gjer det interessant er at nakenheten i dette tilfellet er inspirert av filmen Eastern Promises, med Viggo Mortensen i hovudrolla. I denne filmen vert Viggo overfalt medan han er i badstu, og han har ikkje anna val å gjere motstand med sin slappe tissefant i fri dressur. Ein absolutt vidunderleg scene, og obligatorisk for alle som har hatt lyst til å sjå Viggo Mortensens slappe penis. Nøyaktig i kva samanheng, utanom at det er i ein badstu, vi får servert den slappe tissen i GTA: The Lost and Damned er meg uvisst, då eg ikkje har hatt tid til å spele spelet enno og ingen av mine vanlege kjelder har hittil valt å leggje ut eit bilete av herligheta.

Eg er likevel ganske sikker på at nokon vert støytt av det heile... men kanskje mest den homofobe demografien som vanlegvis kjøper denslags spel.

Frå Mr. Buckstone's Voyage Round the Globe

Av og til føler eg at denne bloggen ikkje er litterær nok. Eg skriv for mykje om film, musikk og dataspel, og ikkje på langt nær nok om den litteraturen som berørar meg mest. For det er jo ein del av det. Ein Mulla les jo gjerne meir enn berre Koranen, han må berike sitt sinn på same vis som han berikar andre. Her forleden las eg ei strofe frå ei bok frå 1854, som eg fann verdig å vidarebringe.

Vi menneske lev med dei snodigaste forestillingar om andre. Vi trur til dømes at det Victorianske samfunnet var langt meir snerpete og reaksjonært enn det faktisk var. Det Victorianske mennesket på si side, hadde dei same forestillingane om Amerikanarane der i vest. Høyr no desse ord frå Mr. Buckstone's Voyage Round the Globe av J.R. Planché:
'To the West, to the West, to the land of the free -'

Which means those that white people happen to be -


'Where a man is a man -' if his skin isn't black -


If it is, he's a Nigger, to sell or to whack...


Where the legs of the table in trowsers are drest:


Away, far away, to the land of the west.

Merk den nest-siste setninga her, om bordbein kledd i bukser. Dette er i dag ei vanleg forestilling vi har om det Victorianske samfunnet, og som dei i si tid hadde om amerikanarane. Det stemte ikkje for nokon av dei. For dei var sanneleg deilig perverse folkeslag, som satt stor pris på nakne bordbein. Heite saker!

Psykiatar stod bak 11. september!

I denne videoen kjem det for ein dag korleis det er psykiatrien, og berre psykiatrien som skapar terrorisme. Bin Laden planla åtaka den 11. september 2001 under påverknad av hans psykiatar Al Zawahiri:

For Scientologikyrkja lyg vel aldri?

Om du ser vekk frå at Al Zawahiri ikkje er ein psykiatar.

(Via BoingBoing)

måndag 16. februar 2009

I mean to have you...

Min gode venn Dodofuglen er på Withnail and I køyret for tida, og det har jo ein naturleg smitteeffekt. Withnail and I er ein av dei filmane ein bør ha sett i løpet av sitt liv, ei sjeldan perle. Ein film der fleire av oss sikkert kan attkjenne oss i. Og det er grunnen til at eg unngår å gå i strikkevester, eg vil ikkje vere ansvarleg for kva endring i mi personlighet som forekommer då:

Kven vert med meg på hyttetur no?

Gratulerar med dagen Kim!

Ein gledens dag er her! Kim har busjda!

Denne joviale leiaren av folkerepublikken Nord Korea fyller år i år, og heile landet frydar seg. Etter å ha tatt over for sin far, statens store beskyttar, har Kim Jung-Il ført den demokratiske folkerepublikken (ein mann, ein stemme) inn i ein gullaldar. Ja, for kva elles skal vi kalle det? Det er jo ikkje noko spørsmål om at landet under hans leiarskap har fått minst like mykje internasjonal merksemd som under Korea-krigen, og no har han til og med stabla på beina ein romutforskingsprosjekt i tillegg til ein blomstrande filmindustri.

Ja, altså... å stable på beina er vel ikkje rette terminologien. Stabla på folket sin rygg, heller. Og folket berar det stolt. Utan å protestere. Protestar er ikkje aktuelt i ein demokratisk folkerepublikk.

Så kjære Kim; folkemassane står og ventar på deg, klar for å hylle deg. Uinteressert i historiene som forteljast om at du ikkje har vist deg offentleg på fleire månadar. Slag-schmag, denslags rammar ikkje folkets store leiar. Nei, du har å feire dagen slik du ønskjer, dette er din dag. Så slå deg ned med heimekinoen din, i dag står pølser, popcorn og brus på menyen, og alle dine favorittfilmar.

Gratulerar med dagen Kim, og skulle det mot all formodning vere pølser att, så kunne du - kanskje - latt dine undersåttar smake litt? Deira magars rumling overdøyver snart deira entusiasme for ditt brave leiarskap.

søndag 15. februar 2009

Leselystne jenter

Vi lev i ei verd der lesekunsten til stadig er trua av ignoransens sterke krefter. Til stadig vert det meiningslause, hole og uintelligente hylla som eit opprør mot det autoritære, gamaldagse og kunnskapsbaserte. Den klassiske danninga vert fnyst av, og få ser intelligens og lesekynde som synonymt med skjønnthet og attråverde. Det finnes heldigvis von, og ikkje overraskande nok snubla eg over det på verdsveven.

Det finnes ein blogg for alt, likeeins finnes det eit fetisj for alt òg. Vanlegvis vil eg ikkje sende mine kjære lesarar avgarde til ein einaste blogg med "Babe" i tittelen, men eg vil gjere eit unntak for Babes with books.

Den omtala bloggen er ikkje overraskande nok dedikert til fotografi av vakre unge jenter, sylfider om du vil, men med eit partikulært tillegg: Bøker. Jentene er avfotografert i bibliotek og omringa av bøker, eller med nasen djupt gravd ned i bøkene. Bloggens innehavar, Hardley Sutton, Beauty Addict, er ein fornem herre som vel å skildre bloggen som dedikert til "photos of beautiful women engaged in the art of reading. A bizarre fetish you can tell your grandma about! ". Og vi protestarar ikkje. Det er nok av sexye, kvinnelege bibliotekarbloggar der ute, men veldig få av dei er dedikert til fotografi. Babes with Books attreisar mi tru på at det finnes kvinner som kombinerar leselyst og intelligens med skjønnhet; takk Hardley Sutton, Beauty Addict.

laurdag 14. februar 2009

Valentinsdagshelsing

Då eg er ute på vift har eg ikkje høve til å forfatta noko valentinsdagshelsing til dykk i år, eg veit at ein del av mine kvinnelege lesarar nok vert skuffa av dette... til dykk har eg berre eit forslag: Vurdert nettdating?

Eller kanskje ikkje...

fredag 13. februar 2009

Nikopol på PC


Eg slo nyleg klørna i Nikopol: Secrets of the Immortals til PC (Original omtale finn de på n4f.no). Eit adventure spel frå White Bird basert på, og inspirert av, Enki Bilal sin berømte Nikopol trilogi. Bilal har tidlegare regissert ein vakker film basert på teikneseriane, og dataspelet gjentar mykje av det som gjorde filmen til ein vellukka tolking. For det første har White Bird latt Enki Bilal sjølv stå for mykje av omskrivingane, der han har valt å la historia bere meir preg av vår tid framfor tida den vart skreven i, og dei har valt å la historia følgje sonen til Nikopol frå dei tidlegare teikneseriane.

Like viktig er det at White Bird har klart å bevare stemninga frå teikneseriane, og ikkje minst Enki Bilal sin eigen grafiske stil. Det er nok dei som vil reagere på at det ikkje er så "fotorealistisk" 3d som ein kan vente seg frå dagens spel, men spelet treng ikkje denslags i mine auge så lenge eg føler eg sitt og stirrar på ein teikning av den Yugoslavisk-Franske meistaren.

Hittil er eg halvvegs i spelet, på tross av at eg berre har hatt høve til å spele i rykk og napp når eg har tatt pauser i arbeidet. Spelet ser ikkje ut til å vere særleg langt, og det får prisen på 299 til å virke ganske stiv med tanke på kva ein kan få ein episode av Sam & Max, Casebook, Strong Bad's Cool Game for Attractive People eller andre nye kortare eventyrspel for til nedlasting. Der Nikopol scorer høgast hittil, og som nok vil skremme vekk fleire enn med prisen er vanskelighetsgraden. Spelet er vanskeleg, og er langt i frå eit casual game. Skikkelege hjernesmertepuzzles møter deg til stadighet og hindrar deg i å gå vidare. Dette er med andre ord eit eventyrspel av den gode gamle sorten som hentar sin inspirasjon frå Myst og ulike FMV-eventyrspel. Og tankane faller snøgt til skildringar som "insane object puzzles".

Ikkje at det plagar meg så langt, hittil har eg hatt det moro. Og om eg får tid til å verte ferdig med det snart. Så skal eg hoste om ei meir utførleg omtale, eventuelt overlate jobben til nokon andre (jbq - er du der?).

torsdag 12. februar 2009

Velkomen herr Holm

Sidan Den Unge Herr Holm no har byrja å blogge er det ikkje anna å gjere å ønskje han velkomen, og oppmode alle om å stikke innom den hardt arbeidande teikneseriekunstnaren. Den talentfulle sjela sitt for tida og snufsar med store mengde feber (om eg har forstått det rett) i Hellas, og koker opp den eine teikninga etter den andre i feberrusen.

For dei som ikkje kjenner til arbeidet hans, så er han jamleg å finne i Nemi, og er herremannen som har udødleggjort din mulla med dette biletet. I tillegg til det har han lage illustrasjonar til brorparten av Absalong sine plakatar. Dette er jo sjølvsagt berre dråper i havet av hans produksjon, og vi var alle triste då han ved nyttår forlot sine vante, og våte, Bergensgater og ein byrjande karriere som køntriartist til fordel for kystlivet i Hellas.

No sitt han åleine på eit knaus der nede og produserar idear og teikningar for harde livet. Så eg er sikker på at dette kan verte veldig interessant.

Så følg med på Den Unge Herr Holm her.

Ta deg ei bolle...

evt ei pille - og slutt å ver til bry for andre!

onsdag 11. februar 2009

Demokratisk rapport: Noreg i dag.

Vi var beggje samde om at for ti år sidan hadde vi aldri trudd at vi kunne nå dette punktet. Vi vart sittande og stirre på kvarandre, utan heilt å vete kva vi skulle seie.

Vi hadde tatt turen innom ein av byens meir harrye junkfood etablissement, nyoppstarta sådann og difor måtte det prøvast ein gong. Spesialiteten her var kylling, så det hadde vi tinga, og satt og prøvde å ete fjærkrea då vi vart obs på at Radio1 var den utvalte bakgrunnstøyen. Det var ein intenst debatt som pågjekk, og to menn var i strupen på kvarandre. Den eine var Joralf Gjerstad, den berømmelege Snåsakaillen og den andre ein kristen predikant viss namn har forsvunne ut av mitt hovud akkurat no, det var enten Svein Magne Pedersen eller Tom Roger Edvardsen. Temaet? Å ta pengar for helbreding.

For som vi alle veit har Snåsakaillen gått hardt ut mot predikantar for å ta betalt for sine helbredande evner. Sjølv meiner han at slike evner ikkje fungerar om ein tar betalt for det, noko den kristne predikanten var heilt usamd i. Og han understrekte at det var ikkje alle som var like heldige som Snåsakaillen at dei kunne leve av trygda og difor kunne helbrede gratis, dette var eit kall frå Gud og det var berre rimeleg at det lønna seg for han. Dessutan, og dette er viktig, så var hans helbredingstelefon berre halvparten så dyr som dei fleste andre tilsvarande telefontenester.

Så la oss no oppsummere, i Noreg, i år 2009 er debatten ikkje korvidt ein bør sperre inne sjarlatanar som lurar folk for pengane sine med lovnadar om mirakuløs helbreding, men kor vidt pengar kan hindre evnene i å fungere.

Dette er det som verkeleg tel for folk flest i dag skal ein tru Radio1, ein overgjennomsnittleg populær radiokanal. Den fjerde statsmakt og alt det der.

Kva kan eg seie? Kva kunne min makkar seie?

Eg trur det er på tide vi byrjar å inndra den allmenne stemmeretten.

tysdag 10. februar 2009

Helsikes fuglekvitter

Twitter. Twitter. Twitter. Kva er det med folk og Twitter? Denne kvitringa forstår eg meg verkeleg ikkje på. Er det eigentleg nødvendig med så mykje eksponering? Ein slik hysterisk informasjonsflyt? Blogger, Myspace, Facebook og alt anna... Det må vel verte nok snart?

Ein eit ein fallar dei for Twitter. Siste mann ut er min venn Arnfinn Pettersen, òg kjend som Den Tvilsomme Humanist, som no kvitrar her. Han registrerte seg på Twitter i det som berre kan omtalast som intens feberrus, der hovudet hans truleg må ha vore som ein gigantisk bomullsdott - han må gjerne protestere, men vi veit alle at dette er sant. Han var simpelthen ikkje ved sine fulle fem.

Vi vert sittande her og lure på om vi burde byrje å kvitre vi òg... men vi vegrar oss grundig. Har vi tid? Har vi lyst? Ein av mine politiske likesinna, den alltids ambisiøse Darth Vader, kvitrar jo. Så burde mullaen gjere likeså?

Kva seier folket?

Stjernedans

"Dancing with the Stars" er ein populær greie har eg skjønt. Eg har prøvd å sjå på nokre av dei enorme mengdene med danseprogram som går på fjernsynet for tida, men eg har store problem med å verte engasjert. Kvar er dervisjane? Kvar er drag-artistane? Kvar er sparkepikene?

Alvorleg talt, det må meir interessant dans til enn dette for å gjere meg interessert. Kvar er futten? Jo futten... den vart brukt opp på desse to arrangementa frå henhaldsvis 2008 og 2007 - her snakkar vi stjernedans.


Eg ser fram til 2009 for å seie det slik. Dette må jo verte bra.

måndag 9. februar 2009

Who the fuck is Alice?!

Min gode venn Dodofuglen har valt å halde fram i å gjere motstand mot mi omtale av Lewis Carrols Alice in Wonderland. Som faste lesarar har fått med seg, så byrja det med at eg såg likskapen mellom ein musikalsk utgåve av boka og min arbeidsdag. Dodofuglen følte at denne ikkje var god nok og svarte med å leggje ut Rackham sine illustrasjonar frå 1907. Dette kunne eg sjølvsagt ikkje la stå, og eg svarte sporenstreks med å vise til ulike fortolkingar av boka, og satt det heile i kontekst ved å snakke om bokas opphav. Slik som hør og bør, må ein jo då kome innom at Lewis Carrol, eller Charles Dodgson som han eigentleg heitte, var vidkjent for å ta stilfulle bilete av nakne småjenter, Alice der i blant, og at han kanskje hadde eit litt for nært forhold til desse jentene. Dodofuglen brusa med fjæra så godt han kunne, og respliserte med at ein ikkje kan tolke Alice in Wonderland på noko som helst vis, og i det minste ikkje psykologisere det... kvar han vil med det? Vi undrast, så la oss gripe fatt i det.

Dodofuglen gjorde noko smart, nemleg å trekkje fram ein av mine favorittfolkloristar frå studiedagane, den danske Bengt Holbek som mest er kjend for sitt grundige verk Interpretation of Fairy Tales. Ei bok alle burde lese om dei er interessert i denslags - gjerne kortversjonen utan alle eventyra han analyserar. Det Dodofuglen finn verdig å hente frå boka er korleis alle psykoanalyser av folkets sjel basert på Raudhette og Ulven er feilaktige fordi dei baserar seg på ein litterær versjon av folkeeventyret, godt omskreven av Perrault. Så langt, så godt. Her er det ingen protestar frå meg, og eg vil på langt nær seie meg samd i at psykoanalysering av folkegrupper basert på enkelttekster er ganske så søkt, og at poppsykologi har lite i vitskapleg arbeid å gjere. Men kan ein forstå Holbek si bok som avvising av tekstanalysen? Langt derifrå, det er jo nett det som er hans prosjekt. Og om eg tørr påstå det, så trur eg neppe at Bengt Holbek så mykje som snuste på feltarbeid i heile si karriere, han satt lenka til skrivebordet. Dette hindra han sjølvsagt ikkje å kritisere mangelen på feltarbeid, men det er ei anna soge.

Eg stiller og spørsmål ved påstanden om at Alice in Wonderland er rein overflate, utan noko som helst rom for tolking av forfattarens intensjonar. Dette av to årsaker.

1) Det er klart at i sin opphavelege form var nok historia reint oppgulp for å underhalde Liddell borna under ein piknikk. La oss leggje til side umedvite uttrykk for augneblinket, og innrømme at her er det neppe noko intensjonelle bodskap og metaforar å hente. Dette er derimot ikkje slik historia framstår i si trykte versjon. Etter først å ha fortald eventyret sendte Carrol manuskriptet til sin venn George MacDonald, kjend victoriansk fantasyforfattar og venn av Carrol. MacDonald lot barna sine lese forteljinga, som gav den tommelen opp - dei same borna dukkar òg opp i nettoen hjå Carrol sine fotografi. Først tre år seinare, etter mykje bearbeiding vart boka gjeven ut. Stikkordet her er bearbeiding. Litterær bearbeiding. Alice in Wonderland er ikkje noko spontant oppspinn på ein piknikk lenger, men eit produkt av 3 år med arbeid. At det difor er sannsynleg at forfattaren har lagt meir enn berre umedvite spor etter seg sjølv i forteljinga.

2) Eg meiner at ein ikkje kan skilje forfattar frå det litterære produktet, medmindre forfattaren har gjort eit medvite og vellukka forsøk på å ikkje inkludere seg sjølv. Og det, mine venner, er lettare sagt enn gjort. Kvifor skal ein ikkje forvente at Lewis Carrol òg la mykje av seg sjølv att i dette verket han jobba med i så mange år? I ei bok han skreiv om eit jentebarn han kjende godt og haldt kjær?

Rett skal vere rett, min venn Dodofuglen innrømmer at boka er eit produkt av Carrols sitt sjelsliv, og eit produkt av den Victorianske samtida. Han skriv vidare at ein ikkje kan psykoanalysere heile det Victorianske samfunnet basert på denne boka. Og dette er vi sjølvsagt heilt samde i.

Eg meiner likevel ein kan forstå boka betre om ein ser den i lys av Lewis Carrol sitt sjelsliv, og eg trur ein forstår Lewis Carrol betre gjennom boka. Det er han og denne boka som står i fokus, ikkje det Victorianske samfunnet som heilhet sjølv om dette, lik Carrol, var oppslukt av barn, uskuldighet, sex og fantasiar av ulikt slag.

Så medan Dodofuglen står fritt til å hevde at Alice in Wonderland er nonsense, på same vis som dei fleste psykoanalytiske teoriar er det, så vil eg heller trekkje fram potensialet til å betre vår forståing av Carrol og Alice in Wonderland gjennom ein kombinert analyse av beggje to. Ein analyse som vert inspiret og styrkja gjennom dei ulike lesingane av verket ulike tolkarar har gjort opp gjennom åra.

For til sjuande sist, er og blir Alice in Wonderland eit produkt av den undertrykte seksualiteten til Lewis Carrol tatt form som hysterisk feberfantasi. For kva elles vil du kalle dette?

Dodofuglen skal forøvreg ha kudos for bruk av Tove Jansson, ein tilbakevendande favoritt her i moskeen.

søndag 8. februar 2009

Living Next Door to Alice

Det var visst ikkje alle følte at musikalversjonen av Alice in Wonderland var ei verdig fortolking av forteljinga til Lewis Carrol. Deriblant min gode, fjærkledde, venn Dodofuglen, som følte at det var nødvendig å svare med å leggje ut nokre gamle illustrasjonar til forteljinga. Dei var fine dei, men eg må ærleg innrømme at eg opplevde det som ei utfordring. Det kan virke som om han tykkjer at hans versjon av Alice, er betre og meir sannferdig enn den eg presenterte - og dermed, i vidare forstand, at Alice ikkje er ein god parallell til kontorlivet mitt. Dette kan eg ikkje akseptere sjølvsagt, så eg hadde ikkje anna val enn å plukke opp handsken som han kasta framfor meg. Om enn berre for å rufse fjæra til Dodofuglen.

Sanninga er at Alice in Wonderland er ei forteljing som har levd eit rikt og godt liv i populærkulturen sidan boka først kom ut. Forteljinga har blitt attfortald eit uttal gonger, og blitt fortolka i eit uttal bøker, filmer og teikneseriar. Til og med som skrekkorientert dataspel. Og meire til. Det er ei forteljing om ei jente som finn sin veg i verda, litt som The Wizard of Oz, og som det er lett for mange å kjenne seg att i. Den er òg vidunderleg surrealistisk og tidvis ganske mørk, og det skulle difor berre mangle at nokon vel å gripe fatt i den. Slik som i ein av mine favorittversjonar - Alice in Acidland. Ein film som åtvarar om farane ved narkotika og utsvevande sexliv for unge jenter. Youtube har ein kortfatta video med høgdepunkt, men eg anbefalar at den vert sett i sin heilhet.

Om du tykkjer dette er overraskande, så er det kanskje fordi du ikkje kjenner opphavet til historia. Eller opphavsmannen. Lewis Carrol er det meir kjende forfattarnamnet til Charles Dodgson, ein fotograf, diakon og matematikar som vanka i dei finare kretsane av England på sluten av 1800-talet. Hans arbeid som fotograf var velrenommert, og det var ikkje uvanleg at han fotograferte barna til venner og kjente. Deler av det Victorianske samfunnet var ikkje så reint lite opptatt av barns uskuldighet, og festa dette jamnleg til film. Charles Dodgson kan seiast å ha hatt stor glede av dette arbeidet, og det er kjent at han hadde ein god og kjærleg tone med barna, og han var veldig flink med dei. Dei som er oppriktig glade i barn, er gjerne det.

Eit av disse barna var Alice Liddell, den nest yngste dottera til ekteparet Liddell som var venner av Dodgson. Alice skulle får ein spesiell plass i Dodgson sitt liv, og det er henne som romankarakteren Alice var oppkalla etter, og romanen byrja som ei historie Dodgson fortalde til Alice og hennar to systre då ho var 10 år gamal. Biletet til høgre er eit av fleire fotografi Dodgson tok av den lille jenta, og dette er forteljande for stilen han hadde. I løpet av sin karriere skulle han ta eit utal bilete av jenter opp til 11-12 års aldaren heilt eller delvis avkledd, men Alice var spesiell. Forsvunne dagbøker og utrevne sider bidrar til spekuleringa om at det er noko å skjule, og biografane kranglar den dag i dag og motiva for Dodgsons omgang med Liddell-familien. Det forteljast at forholdet braut fullstendig saman etter at Dodgson ønskte å gifte seg med den då 11-år gamle Alice, medan andre meiner at hans omgang med Alice berre var for å dekke over eit forhold til hennar tre år eldre syster.

Var Dodgson pedofil? Er Alice in Wonderland dei perverterte feberfantasiane til Dodgson, ein mann fengsla av Victoriansk sømmelighet? Det ville vere uhyre spekulativt å hevde det, all den tid biografar held fram å drøfte spørsmålet. Så eg gjer sjølvsagt det. Alice in Wonderland er noko griseri! Men ein fabelaktig bok likeeins.

Så neste gong du les boka, eller les Disneyversjonen, så tenk på alle gongane Alice stod naken framfor forfattaren som med skjelvande hand handterte sitt gamle kamera. Det er ei ganske annleis oppleving.

torsdag 5. februar 2009

Mad Mullah in Wonderland

Barna lurar kanskje på kva Mullaen gjer heile dagen? Han ramlar stadig seint inn døra (slik som no), etter å ha tilbragt dagen på kontor og i korridor. Der har han dytta papir, gått i møter, haldt studentar i handa og hatt interessante diskusjonar med folk frå ulike fagmiljø. Diskusjonar om ting som Alice in Wonderland. Som at det finnes ein musikalinnspeling av denne;

Det fine med slike filmer er at dei eigentleg seier mykje om kva Mullaen faktisk gjer på. Han hjelp folk med problema sine, for ofte treng studentane berre nokon å snakke med, nokon å vise veg, nokon som gjev dei litt merksemd:

Det fine med det, er at kvar dag byr på nye overraskingar:

Det er betryggjande å vete at det finnes filmar der ute som oppsummerar arbeidsdagen min så godt. Særleg den biten med at det er ein musikal. For eg syng jo heile tida.

onsdag 4. februar 2009

Khans vrede

The Wrath of Khan er ein velkjent sci-fi klassikar; den andre Star Trek filmen kom i 1982 og var ein stor suksess. Nyleg avdøde Ricardo Montalban spelte den hemngjerrige Khan som skulda Kaptein James T. Kirk for sin kones død. Det heile utspegler som ein klassisk tragedie, så det er vel på tide med ein operaversjon?

Simulert skrik?

Forestill deg skriket som ljoma gjennom korridorane då Sims offisielt vart utsatt frå 20. februar til "rundt juni". Eg tykkjer eigentleg litt synd på mine arbeidskolleger... på den andre sida, så burde dei ha gått heim til familiane sine for fleire timar sidan!

Kva skal eg no ta meg til!? Må eg liksom gå på jobb fram til somaren likevel då? Fillern!

tysdag 3. februar 2009

Men Jens då...!

Det har vore mykje oppstyr rundt regjeringas forsøk på å vekke til live blasfemiparagrafen i ny ham i det siste. Særleg er det Arbeidarpartiet som får på pukkelen (forståeleg nok, sidan SV er opptatt med å forsvare helbreding ved bønn), og det heile framstår som eit politisk søl der ingen veit lenger kva den eine eller den andre vil. Særleg ikkje etter dagens pressekonferanse der Statsminister Jens Stoltenberg prøvde å klargjere ting... dette var ikkje heilt vellukka kan du seie. I beste fall viser det seg no at dei ikkje vil gjere som dei har sagt dei vil gjere, eller noko slikt.

Kvifor så stor forvirring? Fordi dei overlet dette til den store kommunikatoren, Jens Stoltenberg - og Jens har ikkje heilt det same grepet som han ein gong hadde. Ta dette innleggjet om fjorårets første mai til dømes;

Ein ting er å ta seg ein kjapp dram før du talar til forsamlinga, det er lov Jens... men eg trur du er ute av kontroll no... Livet kan ikkje berre vere fest, sjølv ikkje for pikenes Jens.
(Takk til Sambo for videotips)

måndag 2. februar 2009

Død som ein dronte

For nokre dagar sidan mottok eg nyhenda om at ein av mine favorittbloggar hadde avgått med døden. Dørene på Norsk Selskap til Drontens Fremme som har vore til jamnleg glede for mullaen og vore eit opphav til mang ein humring inn i skjegget var for evig og alltid lukka.

Ein kan vel ikkje vente anna frå ein utdødd fugleart at den faktisk... døyr?

Men visste du at drontefuglen, som langtifrå er mytisk, er i slekt med ein enno meir kjent fugl? Nemleg Føniksen! For opp av livets aske, frå ruinane av Det Norske Selskapet stig Dodofuglens nebbete notater.

Her held den vakre fuglen fram med å finne fram vakker musikk og interessante tekster å lese. Så oppdater blogglista di - Dronten er død, Dronten lev.