
Vi hadde tatt turen innom ein av byens meir harrye junkfood etablissement, nyoppstarta sådann og difor måtte det prøvast ein gong. Spesialiteten her var kylling, så det hadde vi tinga, og satt og prøvde å ete fjærkrea då vi vart obs på at Radio1 var den utvalte bakgrunnstøyen. Det var ein intenst debatt som pågjekk, og to menn var i strupen på kvarandre. Den eine var Joralf Gjerstad, den berømmelege Snåsakaillen og den andre ein kristen predikant viss namn har forsvunne ut av mitt hovud akkurat no, det var enten Svein Magne Pedersen eller Tom Roger Edvardsen. Temaet? Å ta pengar for helbreding.
For som vi alle veit har Snåsakaillen gått hardt ut mot predikantar for å ta betalt for sine helbredande evner. Sjølv meiner han at slike evner ikkje fungerar om ein tar betalt for det, noko den kristne predikanten var heilt usamd i. Og han understrekte at det var ikkje alle som var like heldige som Snåsakaillen at dei kunne leve av trygda og difor kunne helbrede gratis, dette var eit kall frå Gud og det var berre rimeleg at det lønna seg for han. Dessutan, og dette er viktig, så var hans helbredingstelefon berre halvparten så dyr som dei fleste andre tilsvarande telefontenester.
Så la oss no oppsummere, i Noreg, i år 2009 er debatten ikkje korvidt ein bør sperre inne sjarlatanar som lurar folk for pengane sine med lovnadar om mirakuløs helbreding, men kor vidt pengar kan hindre evnene i å fungere.
Dette er det som verkeleg tel for folk flest i dag skal ein tru Radio1, ein overgjennomsnittleg populær radiokanal. Den fjerde statsmakt og alt det der.
Kva kan eg seie? Kva kunne min makkar seie?
Eg trur det er på tide vi byrjar å inndra den allmenne stemmeretten.
Stemmerett kun for menn over 25 år som eier fast eiendom og har minst fem års udanning utover gymnaset!
SvarSlettSer'u: Du twitrer og her er jeg, tre minutter senere.
SvarSlettSlike ting gjør meg glad at jeg ikke er i Norge lenger.
SvarSlettMen jeg er helt en med Snåsafyren... Man skal ikke ta penger for sine magiske hebredingsevner... Jeg har f.eks en helbredende stav i lommen min... Bare stikk hånden inn og gni den så blir du frisk for det meste.... Vil ikke koste deg fem flate øre.
Arnfinn: Tiltredes - kan vi òg innføre ein test i god smak og allmenn skikkethet til å gjere vurderinger? Det er jo ein del folk med eigedom som går ganske mange år på NHH og BI utan å verte noko som helst til folk ;-P
SvarSlettForresten, at eg eig 2 mål med villmark tel som fast eigedom sant?
DUHH: Ooooh... *stikke handa nedi*
Øy! Vent litt! Gnir eg på det eg trur eg gnir på no?! :-o
Grisegut!