
Det er kanskje ikkje særleg originalt å skrive om Ada Lovelace på
dagen dedikert til henne. Formålet med denne dagen er at bloggarar verda over skal framheve ei kvinne viss bidrag til teknologisk utvikling ein har bitt seg merke i. Her er det fleire å velje mellom, gode kandidatar. Og med over 1500 bidragsytarar vil ein nok få dekka ein del av dei. Så kvifor vil eg skrive om den mest opplagte dama, og ikkje til dømes Madamme Curie eller nokon andre? Fordi eg likar henne. Fordi om nokon spør meg om namet på ei kvinne som verkeleg har bidratt til den teknologiske utviklinga, så er ho den første eg vil nemne. Og fordi eg tykkjer historia rundt henne er minst like interessant som historia om hennar bidrag.
Kven var dette fruentimmeret? Ho vart fødd Augusta Ada Byron den 10. desember 1815, og var det einate anarkjende og ektefødde barnet til George Gordon Byron, poeten kjend som Lord Byron, og hans kone Anne Isabella Milbanke. Ada gifta seg i 1935 med William King, første jarlen av Lovelace, og ein av hennar matematikklærarar, men det er hennar vennskaplege forhold til Charles Babbage som gjer at ho i dag er så kjend som ho er. Ho korresponderte over lengre tid med Babbage om hans idear og tankar rundt det vi i dag kallar datamaskiner. Om henne skreiv han:
Forget this world and all its troubles and if possible its multitudinous Charlatans — every thing in short but the Enchantress of Numbers.
Ho var blant dei få som forstod Babbage sin Difference Engine, og den foreslåtte Analytical Engine som diverre aldri vart bygd. Til sistnemnte skreiv ho det allar første dataprogrammet, og ho er difor rekna som historias første programmerar, på tross av at maskina ho programerte for ikkje vart fullført.
Denne historia er velkjend, og det vil nok vere ein del som skriv om akkurat dette i dag, og om ikkje kan du alltids finne informasjon om denne sida av hennar liv ein annan stad. Min kjærleik for the Difference Engine og the Analytical Engine til side, så har eg alltid vore fascinert av Ada Lovelace sitt forhold til far hennar. Denne viltre og virile poeten, Lord Byron, kjend som litt av ein skandalemakar i si tid, og ein viktig del av ein større litterær krets. Han var si tids Ari Behn, dersom Ari Behn hadde hatt hans talent.
Lord Byron var litt av ein rundbrenner, som utnytta sin posisjon til å forføre sosietetens unge piker. Og dette er årsaka til at det er dei som meiner at han var den sanne inspirasjonen til Dracula-karakteren. Han var sjølv til stade den mørke og stormfulle aftenen i dei sveitsiske alpene der mellom anna Frankensteinmonsteret vart kokt opp, og hans livlege, Polidori, fantaserte fram den moderne, adlege vampyren.
Ada Lovelace sin far var med andre ord ein driftig kar. Når han ikkje skreiv romantisk poesi, forførte unge piker eller generelt sett skapte skandaler var han, som ein god Lord skal vere, involvert i styre og stell av det britiske imperiet. Og han valte mellom anna å kaste seg inn i spørsmålet om luddittane som herja dei britiske øyene på dette tidspunktet.

Inspirert av soga om Ned Ludd, som knuste veven sin, gjorde luddittane opprør mot den industrielle revolusjon. Dei dreiv ikkje berre aktiv sabotasje av industrien, men dei tok til våpen og gjekk laus på sjølve fabrikkane. Og på eit tidspunkt var det større hærstyrkar i kamp mot dette opprøret, enn det var i kamp mot Napoleon på kontinentet. Og medan luddittane i dag har blitt eit symbol på, og har gjeve namn til, det å gjere motstand mot det teknologiske framsteget så var ikkje dette hovudklaga deira mot den industrielle revolusjonen. For med nye industrielle produksjonsmetoder følgde òg ein ny økonomi, den moderne marknadsøkonomien befesta seg no i England, og prisen på varer vart no bestemt av etterspurnad og kostnad i produksjon, og ikkje i tradisjon. Ikkje lenger var prisen som den var, fordi det var det ein alltid hadde betalt. Dei som dreiv tradisjonell produksjon tapte slik i kampen mot masseproduksjonsteknologien. Og dette hadde òg ein innverknad på arbeidsmarknaden. Og det var dette, like mykje som teknologien i seg sjølv, som luddittane aksjonerte mot.
Då alt kom til alt måtte staten få bukt med luddittane ein gong for alle, og det vart innført ein generell dødsstraff for å vere ein aktiv ludditt. Og berre ein mann tok til motmæle og stemte i mot, og skreiv aktivt for deira forsvar i det politiske etablissementet. Det var Lord Byron.
Hans dotter vaks opp i ein heim der ein truleg hadde eit litt anstrengt forhold til han. Ein kan lett forestille seg Ada Lovelace som ei jente som ikkje hadde for nære band til sin far, og kva har dette å seie for korleis ho vart som menneske? Der han var ein flyktig romantikar og poet, ein mann som forsvarte luddismen og anti-teknologiske, anti-vitskaplege straumningar. Ho vaks opp til å få ein sterk interesse for naturvitskapen, for fysikk og for matematikk. Ho vart ein dreven matematikar sjølv. Og som vi fortalde innleiingsvis, vart ho den første dataprogrammeraren. Ho var ei sjølvstendig kvinne, ei kvinne som ikkje lot seg forføre av poetar og romantiske idear som dei hennar far representerte. Ho var ei kvinne som tok del i ei framtid prega av teknologiske verkemiddel, der hennar far for all tid representerte tradisjonen og fortida.
Og det er berre nok ein grunn til å sjå opp til Ada Lovelace, og minnast hennar bidrag til den datastyrte verda vi lev i i dag.