Og moskeen frydar seg. Eg har høyrd at Bin Laden òg ser fram til dette, og planlegg å ta ei veke i ei ukjend hole på grensa mellom Afghanistan-Pakistan og spele gjennom det når det først kjem ut. Nett som han gjorde med første.
søndag 31. mai 2009
Sa du Mass Effect 2?
Og moskeen frydar seg. Eg har høyrd at Bin Laden òg ser fram til dette, og planlegg å ta ei veke i ei ukjend hole på grensa mellom Afghanistan-Pakistan og spele gjennom det når det først kjem ut. Nett som han gjorde med første.
Red Cliff - tankar om ein film.

Ein ting først. John Woo er ikkje kjend for sine sterke plot. Slik er det berre. Ser du ein John Woo-film, så kan du berre vente deg action. Og mykje av det. Gjerne med stilfull filming, og folk som kastar seg gjennom lufta i sakte kino.
Og det var det du fekk med Red Cliff òg. Du vil like vel verte overraska av ein ting. Det er ikkje så mykje sverdkamp i filmen som du skulle vente.
For i denne filmen går det mykje i spyd. Lange heftige, skarpe spyd som spidder folk i hytt og pine.
Red Cliff er ein rad med heftig koreograferte kampscener satt til ein borgarkrig i Han-dynastiet. Den slemme førsteministeren erklærar krig mot dei fredselskande herremennene i dei sørlege provinser. Med oddsa i mot dei kjemper dei for fridom og for å redde sivilbefolkinga frå førsteministerens enorme hær. Alt saman berre tidvis avbrudt av poetiske scener der karakterar og mellommeneskelege forhold.
Filmen kulminerar i ei rekkje enorme slag der tusenvis av menn kastast mot kvarandre i blodige kamp, og tusenvis fell (stykkevis og delt) mot bakken. Dette er storstilt film på sitt allar beste, og ein vert minna om dei gamle "sand & sandal"-filmane, der hundrevis av statistar vart tatt i bruk for å gje liv til fortida. Og det heile får meg til å tenkje...
... Det er frykteleg mange kinesarar der ute. Seriøst. Det var eeeeeenorme mengder statistar involvert. Eg visste det var mange kinesarar der ute, men hjelpe meg... dette var overveldande. Litt skummelt.
Og nei, ingen kommentarar om digitale figurar som alle ser like ut. Det ville ikkje vore pent...
torsdag 28. mai 2009
Den 18. baronen av Dunsany

Dette er dog ikkje årsaka til at han er kjend, eller at eg ofte henvis til han i samtaler. Han var den 18. baronen av Dunsany, og bar det fabelaktige namnet Edward John Moreton Drax Plunkett - eller Lord Dunsany blant vennar. Namnet er heller ikkje årsaka til at han står på plakaten hjå meg.
Han arva baroniet av sin far, John William Plunkett som døde i 1899. Den 17. baronen av Dunsany hadde to soner med si kone, Ernle Elizabeth Louisa Maria Grosvenor Ernle-Erle-Drax, née Ernle Elizabeth Louisa Jessica Burton. Og hans andre son, den ærbare admiralen sir Reginald Aylmer Ranfurly Plunkett-Ernle-Erle-Drax, kunne forutan ein stolt teneste i den britiske marinen vise til eit aldri så lite banebrytande forfattarskap med Handbook on Solar Heating. Dei to brødrene var ikkje gode venar, på tross av at dei beggje var belemra med ein interessant namnetradisjon frå morsida.
Dette er likevel ikkje årsaka til at eg skriv om han no. Han var ein dreven sjakkspelar, og ein viktig forkjempar for dyrerettar. Heller ikkje dette er god nok grunn til at eg skriv om han.
Nei, årsaka til at eg ofte drar opp den stakkars baronen, er at han var ein flittig forfattar som skreiv over 60 bøker i sitt liv. Og nokre av desse forteljingane står sentrale i å forstå moderne fantasy og skrekklitteratur. Som fantast inspirerte han storleikar som Arthur Machen og H.P. Lovecraft, og han er å rekne som den allar første fantasy-forfattaren. Her er det Pegana-forteljingane som står sentral, og eg siterar frå Gods of Pegana
Yug er berre ein av fleire profetar som vert presentert i dette verket, og som slik skapar ramma for ei heilt ny verd, med eit eiga pantheon og skapingsberetning. Og dette lenge før hjernecellene til Tolkien hadde byrja å gnistre. Lord Dunsany malar ein herleg verd, på eit og same vis fjern frå og knytt til hans eiga Victorianske verd. Det ligg noko arkaisk og evig i tekstane hans som er vanskeleg å riste av seg, og emulere.YUG THE PROPHET
When the Years had carried away Yonath, and Yonath was dead,
there was no longer a prophet among men.
And still men sought to know.
Therefore they said unto Yug: "Be thou our prophet, and know all
things, and tell us concerning the wherefore of It All."
And Yug said: "I know all things." And men were pleased.
And Yug said of the Beginning that it was in Yug's own garden, and
of the End that it was in the sight of Yug.
And men forgot Yug.
One day Yug saw Mung behind the hills making the sign of Mung. And
Yug was Yug no more.
Dei ulike Pegana-forteljingane er samla og utgjeven i fleire utgåver, og ligg lett tilgjengeleg på Gutenberg Prosjektet om du likar å få ting digitalt. Du skulder deg sjølv å lese mannen.
onsdag 27. mai 2009
Med halen mellom beina

Først vart David Irving invitert til Lillehammer, og då litteraturfestivalen tok til vet og trakk invitasjonen, så gav han klar beskjed om at han kom uansett.
Vi måtte alle førebu oss på å få eit heilt nytt innblikk i andre verdskrig den komande torsdagen var hans påstand. På tross av at hotella prøvde å kvitte seg med han, var han standhaftig.
Så entra TV2 bana. Dei betalte ikkje berre for reisa, men for oppholdet hans. Eit "scoop" kalle dei det. Ein mann ingen ville ha med å gjere, som ingen ville høyre på, som ingen ville sjå - ja, han måtte jo TV2 betale godt for. I bytte stilte han på Tabloid. Utan opposisjon sjølvsagt, anna enn ein famlande journalist som vågde seg til å spørre om han var "svak for Hitler" og "nazist". Spanande spørsmål, gitt...
Sjølv kunne Irving servere heftige avsløringar som at Nordmenn flest samarbeida med den tyske okkupasjonen... Åh gid. Forutan ein del sjølvfornektande nek som vandrar rundt her i dalane, så er vi vel alle klar over det? La meg informere han Irving, at ikkje berre tysta vi på britiske agentar, men fleire Nordmenn verva seg til Waffen SS enn som deltok i aktiv motstand.
Vel nøgd med å ha kunne talt til det norske folk på riksdekkjande fjernsyn, i staden for ein forvirra gjeng journalistar og kvasinazistar på Lillehammer, tok han like greit å pakka sakene sine og forlot landet. Ein stor takk til TV2 for å ha betalt for svippturen, og til Politiet som losa han rundt, var det han etterlot seg då han tok halen mellom beina og stakk av.
Det er trist. Patetisk.
tysdag 26. mai 2009
Det var ingen søndagsskule

Eg må ærleg innrømme at eg trur at dersom nokon er i stand til å vende attende for å heimsøke folk, så er det denne mannen. Politiske motstandarar i heile landet bør vere obs og sjekke under senga og i klesskapet ei stund framover, berre for å vere sikker på at ikkje Haakon Lie har gøymd seg der med skumle hensikter.
Når statsmenn som Haakon Lie døyr, står alle i kø for å snakke om kor mykje bra dei gjorde og korleis dei var barn av si tid. Til dei som forventar dette frå meg, må eg nesten beklage på det djupaste, men det skjer ikkje. For all del, alltid trist at "dei som bygde Noreg" døyr, og eg er fullt klar over hans bidrag til dette, men eg er òg klar over kva skade mannen gjorde på det politiske liv i Noreg, og på hans eiga parti.
Hans uforsonlege haldning overforalt til venstre for... uhm... han sjølv? Resulterte i grove utspel mot partifeller, og til slutt ekskludering av sosialistane. Hans utrettelege kamp mot den raude fare førte til ulovleg politisk overvaking av kreti og pleti, arbeidsnekt og stigmatisering av alle av ein radikal legning i dette landet. I hans bruk av totalitære midler for å "forsvare demokratiet", gjorde han ikkje anna enn å skyve radikal ungdom over til Leninisme, Maoisme og Stalinisme. Hans framgangsmåte avslørte demokratiet som ein fasade som berre gjeld om du ikkje ønskjer å stille spørsmål ved samfunnets fundament, og dette garanterte at elles oppegåande radikale vart oppslukt av totalitære udemokratiske røyrsler.
Så nei, eg vil ikkje bruke mykje tid på å prate om kor misforstått Haakon Lie var. Eg trur han gjorde seg veldig godt forstått, som han i si tid sa til Gerhardsen: "Arbeiderpartiet er faen ingen søndagsskole!"
Nei, sanneleg, men religiøs underkasting til sankt Lie, det skal dei ha!
Machinima ved verdas ende
I dag snubla eg over noko machinima av ein viss Drakortha på Youtube, som på tross av heller dårleg musikksmak presterar å framstille mykje av den fine stemninga i spelt. Tenkte eg skulle dele litt av dette nerderiet med dykk, og vi byrjar med det rolege...
Før vi skrur opp dampen litt...
måndag 25. mai 2009
Den internasjonale handkledagen 2009

Historia bak er såre enkelt, og er ei eg har fortald fleire gonger før. Den 11. mai 2001 døydde Douglas Adams, forfattaren av the Hitchhiker's Guide to the Galaxy andre satiriske storverk. Ein av mange viktige lærdomar ein fekk frå hans bøker var at ein mann som har eit handkle, har alt han treng i verda. Og eit handkle hadde nok mannen som fekk for seg at Douglas Adams sitt liv var verdt å markere, for det tok han berre 14 dagar å arrangere den første internasjonale handkledagen. Ideen er simpelthen at på denne dagen, kvart år, så tar ein med seg eit handkle. Kvar enn ein går. Og ein brukar det gjerne for alt det er verdt.
Det har blitt ei prinsippsak, så på denne dag, som eg i utgangspunktet hadde via til å forlate mitt kontor for å sitte i ei skranke og hjelpe paniske studentar med deira spørsmål om eksamen og opptak, så gjorde eg dette mitt fine gule handkle lett tilgjengeleg.
Slik tok det seg ut:



Og alle var særs nøgd med servicenivået. Noko anna var sjølvsagt ikkje å vente.
søndag 24. mai 2009
Avslørt: Ida!

Dei fleste fagfolk eg har snakka med finn akkurat dette problemet uinteressant, fordi for dei har det aldri vore noko stort gap å snakke om. For dei sitt evolusjonsteorien fast, med eller utan manglande bindeledd.
Så då vert eg sittande att og gruble litt på dette for meg sjølv, og mine auge faller på halen. Det var jo ein frykteleg lang hale for å vere eit nesten-menneske, var det ikkje? Ein hale til å slenge seg frå tre til tre med? Ein hale til å plukke opp ting med til og med? Kanskje bruke som våpen? Kva meir?
Eit bilete dannar seg når eg ser ei grov skisse av korleis forskarane meiner Ida skal ha sett ut. Det går kaldt nedover ryggen når eg innser at andre har teikne henne før...

Svaret finn vi allereie i det andre Spiralis-albumet av Franquin. Her ligg det, godt skjult mellom linjene at forfattaren visste godt kva som hadde skjedd med våre forfedre, kva som fekk dei til å forlate jungelen og skjule seg. Allereie tidleg fekk Spiralis, altså Ida, altså våre forfedre, peikt ut sin arvefiende!

No har dei fått teften av oss att... og om vi ikkje gjer noko, vil pandaene fordrive oss nok ein gong. Denne gong for godt.
Så hugs dette! Trykk det opp på t-skjorter. Fortel det til dine foreldre og barn. Pandaer drepte Ida!
laurdag 23. mai 2009
Sjarmerande sjølvforsvar

Eg har ikkje store problem med ein viss kontroll av våpeneigarskap, eg har heller ikkje store problem med å begrense kva slags type våpen ein privat person skal kunne eige.
Til det har eg for stygge personlege erfaringar.
Eg stiller først og framst eit krav, og det er at skal du først eige eit våpen, og skal du først bruke det til å forsvare deg sjølv, så ha litt stil. Litt sjarm. Litt finesse.
Om du absolutt må ha ei automatrifle, så er vel ditt første og beste val ein Hell Kitten AR-15:

fredag 22. mai 2009
Det er frå sine eigne...

Mine tankar gjekk difor naturlegvis til den såkalla Trollmannen frå Os, den ikkje lenger så unge Terje Søviknes som var den første FrParen valt til ordførar i ein kommune. Han var lenge den mykje elska kronprinsen i partiet, klar til å ta over for Carl I. Hagen når han ein dag skulle troppe av. Så rakna det heile, då kronprinsen vart ferska ikkje berre i å bedekke ein 16-åring, men i å ha skjenka henne full og utnytta henne på eit landsmøte. Siv Jensen grein sine bitre tårer over hans løgner på fjernsynet, sjølv om ho allereie visste om forholdet, og tryggja sin posisjon som nestleiar og no leiar for partiet, medan Terje, stakkars, måtte nøye seg med å skalte å vralte over Os kommune med i overkant 50% oppsluttnad blant sine likesinna der.
Alt såg ut til å fungere bra for ordførar Terje, det var økonomisk framgangstid, og han stod fritt til å selje unna kommunens eigedom og investere pengane på børs. God marknadsliberalistisk økonomi kunne han fortelje, på tross av åtvaringar frå mellom anna bygdas mulla, og det var det. Så kom det lille fallet, og pengane investert på børs gjorde eit pent forsvinningsnummer.
Så sitt vi her, og ser på landsmøtet direktesendt på PCen, medan Siv Jensen presenterar venindeflokken sin for publikum. Alle desse brave kvinnene som representerar FrP sine verdiar i kamp mot dei slemme sosialistane. Og så kjem det torden. Torden mot muslimar og deira medløparar. Og torden mot regjeringa og deira økonomiske politikk. For i staden for å investere i veger og eldreheimar, har sosialistane satt oljepengane på bok, dei har investert dei på børs, og kasta vekk ein liten handfull millionar.
Fy, seier Siv Jensen strengt, du gambler ikkje vekk nasjonens formue på børs. Dette er dårleg økonomisk politikk. Og noko heilt anna enn det FrP ville ha gjort, og vil gjere når dei kjem til makta.
Og ein stad der ute, enten i salen eller heime på trona i Os, sitt ein trollmann, han stakkars Terje, og krymper seg litt. For det er frå sin eigne ein skal få høyre det.
torsdag 21. mai 2009
Den Store Trampolinedagen

Alle hardt arbeidande sjeler får denne torsdagen fri, i all sannsynlighet fordi dei skal bruke den på å hoppe så høgt dei kan.
Hadde eg eigd ein sportsbutikk skulle eg jommen ha satsa stort på dette. Eg skulle ha kalla det "den Store Trampolinedagen", og eg skulle hatt eit stort "Trampolinedagsal", med fargerike (men smakfulle) trampolinar av alle slag til ein ugudleg låg pris. Kanskje til og med ha spesialdesigna trampolinar, som berre vart solgt i veka før "den Store Trampolinedagen", med broderte kross, og kanskje påmålte tornekranser til minne om Jesu liding. Og ja, ein due skulle vore med, for å minne den heilage ande - la oss ta pinsa litt på førskot folkens! Vi kunne kanskje hoppa heilt frå Himmelspretten til Pinse, på trampoline? Nærliggjande godteributikkar ville ha solgt Himmelsprettgodteri, mykje syntetisk skvip som spratt om du kasta det i bakken. Og i butikkvindauga og på plakatar over alt skulle eg hatt vidunderlege bilete av Jesu i sin allar mest verdige positur på ein trampoline (Kva seier du DUHH, stillar du opp og hjelp med reklamekampanjen?).
Hadde eg eigd ein sportsbutikk, så hadde eg blitt rik. På grunn av Himmelspretten. Kristi Himmelfartsdag.
Men eg eig ingen sportsbutikk, så eg tar meg fri som alle andre, og hoppar berre halvhjarta rundt i stova utan trampoline eller springfjær i skorna, eller von om faktisk å nå himmelen. Kanskje taket om eg er heldig.
Den Stor Trampolinedagen forblir med draumen.
onsdag 20. mai 2009
Å tale arbeidarklassens språk

Det er ikkje fordi dei har noko gode saker eller argumenterar bra for dei, sjølv om det hender at det skjer. Og det er ikkje berre fordi dei leflar så intenst med rasisme og brune ideologiar at dei allereie har klippa hol i lakena sine til neste bygdefest. Det er litt difor, men ikkje berre.
Det viktigaste er at dei talar til arbeidarane på deira eiga nivå. Dei når fram til arbeidarklassen på eit vis som dei ivrige revolusjonære i Raudt, barnehageradissane i SV og sosialøkonomane i AP ikkje klarar. Dei kan snakke deira språk langt betre enn kva enn det er som befolkar partimøta til Venstre, kristenpietistane i KrF, dei subsidierte bøndene i Senterpartiet og pappagutane i Høgre nokon sinne vil prestere.
Det handlar om kommunikasjon. Det handlar om image. Det handlar om å framstå på eit vis som tiltalar den gjengse industriarbeidar, røyrleggjar, trailersjåfør eller handverkar. Det gjeld å framstå som tiltalande for dei, og det gjeld å framstå som ein av dei. Dette kan FrP politikarar som Siv Jensen. Berre sjå på dette:

Ein må bøye seg i støvet for dette meistarlege visuelle grepet frå Siv Jensen, og vi forstår godt at dette er kvinna som kjem til å storme inn i posisjon som Rikskanslar... eg meiner Statsministar til hausten.
(Takk til min lille gule venn, Made in Seoul for biletet)
Pandamonium hjå DUHH
Etter å ha bedt sine vennar om hjelp til å finne inspirasjon, kom det ein storm av kommentarar om pandaer. Heldigvis var nokon på plass for å spre den sanne bodskapen om det komande terrorregimet.
tysdag 19. mai 2009
Ingen tam-tam og tyrkisk folkedans!

Då gjeld det å ha strategien klar. Korleis førebu folk på dette? Hittil i år har snikislamisering stått på plakaten, med eit par ekstra innspel om å leggje ned Statens lånekasse for utdanning. Og det ser ikkje ut til å at dei skal verte noko tammare. No er det faktisk tam-tam-speling og tyrkisk folkedans som skal til pers. Det vert nytta altfor mykje penger på det eg antar dei meinar er "framandkulturelle kulturtilbod", altså innvandrarkultur. I disse tider, kunne dei fortelje på radioen, er det viktig å prioritere styrkjinga av den norske kulturen.
Ja, det virker jo ikkje særleg overraskande. Dei vil prioritere eit tilbod brukt av "nordmenn", og ikkje bruke pengar på dei "framandkulturelle". Dette er kjende toner frå dei.
Men vent no litt, kva seier dei no eigentleg er årsaka?
"Det er blitt flere nordmenn på «tam-tam-kurs» på statens regning og flere på tyrkisk folkedans med offentlige midler. Spesielt ved Mangfoldsåret 2008 ble det pøst ut millioner av kroner på slike kulturtiltak. Det er noe stort tull å bruke skattepenger på slikt."Aha!
Altså vil FrP no gå inn for at staten ikkje skal betale for at "Nordmenn" opplev "ikkje-norsk" kultur. Slutt på offentleg støtte til innblikk i resten av verda.
Ja, Gud forby at vi faktisk får vete noko om resten av verda.
Takk FrP, for at de slår eit slag for å beskytte meg og alle andre bleike Nordmenn mot den fargerike verda der ute. Eg berre lurar på om dette òg tyder slutt på subsidiering av kinoar som først og framst visar engelsktalande film?
Eg skulle tru dette burde nominere FrP til Friskt Ords pris for mai, og det er neppe første gong i år.
måndag 18. mai 2009
Kva er det Alice røyker?
Så skal eg heller prøve å kjempe meg gjennom forkjølinga og eit hav av skriveprosjekt for å avslutte krigen ein gong for alle etterkvart.
(video via Boing Boing)
Eit glimt av Mass Effect 2
Og det ser bra ut om ein skal lite på dei første glimta:
fredag 15. mai 2009
Får du ikkje nok av Star Trek?
Ja, eg gleder meg framleis meir til The Sims3 enn til å sjå den nye Star Trek.
torsdag 14. mai 2009
Internett: Korleis du ikkje gjer det.

Etter stadige restriksjoner på kjøp og sal av kulturprodukt på nett, er det siste utskotet på treet at gratis innhald no vert nekta sett og høyrd utanfor USA. Enten det no er på Spotify, Youtube eller Comedy Central sine sider så får du simpelthen ikkje sett det som er meininga at du skal sjå der fordi du bur i feil del av verda. Internett, som var grenselaust og statslaust har no fått grensar, takka vår velmeinande herrar i storkapitalen. Og ikkje nok med det, dei vil kontrollere alt du gjer med musikken som dei utgjev, uavhengig av det artistane tykkjer. Ein venn av meg hadde laga ein Sims-video, og den forsvann sjølvsagt frå Youtube under det nye regimet, for han eigde ikkje rettane til musikken. Om musikarane hadde noko i mot det bryr ikkje storkapitalen seg om. Heller ikkje om den stakkars jenta som syng den siste popschlägeren framfor kamera og lastar det opp på same Youtube. Det må vekk, roper dei store plateselskapa, ho truar våre sal.
Så la oss vende attende til Warner Music då, for det var det eg hadde tenkt å skrive eit par ord om. Warner har litt problem for tida, for om du går inn på sider til band og labels dei eig for å sjå på musikkvideoer så får du ikkje det. For du skjønner, videoene dei sjølv har lagt ut på Youtube er tatt ned, og alt du får er ein beskjed om at det er på krav frå eigarane...
Warner Music har altså krevd at Warner Music må fjerne musikkvideoane sine frå Youtube.
Greit, det er litt meir komplisert enn som så, for kjeltringane i Warner Music har krangla med Youtube fordi dei vil ha ein del av profitten frå sida for at videoane deira skal liggje der... men det endrar ikkje det faktum at denslags er einstydande med å skyte seg sjølv i foten. Og det er noko bransjen har gjort mykje av i dei siste 10-15 åra, og foten ser meir ut som ein sveitserost etterkvart.
Så for all del, la oss ikkje henge oss opp i drittungesaka, la oss ikkje plage Warner. Dei plagar seg sjølv meir enn nok, og det er lenge sidan eg var interessert i ei einaste plate med ulyder dei prøver å kaste etter folk.
onsdag 13. mai 2009
Kjelda til Max sine problem?

Det er ikkje lett å tenkje på eit av sine store barndomsførebilete som har vilter gruppesex med uteliggjarar av same kjøn medan dei fyrar opp crackpipa, men dette er altså det eg har måtte leve med etter eg snubla over fotografia.
Ofte spør ein seg sjølv om kva som gjekk gale, og kva tid. Ein treng svar. Og ofte må ein vente fleire år på det... men no tyder altså alt på at Max Wright sine problem oppstod allereie på 80-talet. Og det i selskap av sjølvaste ALF.
Eg beklagar at de måtte sjå dette...
tysdag 12. mai 2009
Fordjup deg i raseteori

Meir informasjon finn du her.
Vel møtt, folkens!
måndag 11. mai 2009
Klø meg på magen!
Men det tyder ikkje at vi ikkje treng litt interaksjon med andre, nei, akkurat no skulle vi gjerne hatt nokon som kunne klø oss litt på magen:
Det er berre å ta turen innom vore gemakker om ein føler seg kalla.
søndag 10. mai 2009
Kle deg for prokrastinasjon!
Det å utsette. Og utsette. Og utsette. Ein skribents verste fiende, og mest intime sengefelle. Ja, prokrastinasjon er faktisk ein viktigare del av skribentens liv enn shotglaset, det er eg sikker på. Så kvifor ikkje kle seg i henhald til det?

(Takk til Lady Mju for tips)
Glimt av Duke Nukem Forever
Førre veke vart det kjend at Duke Nukem produsent 3D Realms måtte kaste inn handkle. Dette etter å ha jobba med det ikkje så lite etterlengta Duke Nukem Forever. Eg har hatt gleda av å sjå litt av spelet i sin halvferdige form og har vore imponert, no kan du òg. Følgjande er ein tech-dome som har lekt ut. Sjå den no, den som låg youtube er allereie fjerna.
I'm here to kick ass and...
laurdag 9. mai 2009
Friskt ord prisen annonsert!

"fremme det friske ordskfte. Vårt fremste formål er å verne om og styrke ytringsfriheten og dens vilkår i Norge, særlig ved å stimulere det høylytte, det usaklige, det fjollete, det absurde, det merkverdige, det markskrikerske og det knekkebrødsprø i det offentlige ordskiftet."Eit verdig tiltak vi sjølvsagt støttar, særleg sidan det er valår og ein kan vente seg litt og kvart frå desse såkalla politikarane våre. Eg held ein knapp på at Pensjonistpartiet og FrP vil kjempe om friske utspel, tett etterfølgd av Venstre. NorgesPatriotene har òg ein god sjanse, dersom dei klarar å stave seg gjennom ein offentleg uttalelse til pressa.
Eg kan ikkje seie anna enn at eg gleder meg. Spring bort og nominer kandidatar for mai.
fredag 8. mai 2009
Heil Dönitz!

Så eg veit verkeleg ikkje om eg kjem til å kommentere dagen, det meste er jo blitt sagt, er det ikkje? Så la oss konsentrere oss om noko anna. Det gløymde namnet denne dagen. Karl Dönitz, den partiuavhengige admiralen i den tyske flåten. Som etter Adolf "Doffen" Hitlers død 30. april tok over som Tysklands førar. Den 7. mai gav han ordren om betingelseslaus kapitulasjon. Karl Dönitz var Tysklands siste førar, men er som oftast gløymd i disse dagar.
Så difor vel eg å nytte høvet til å minne alle om mannen som faktisk stogga krigen på vegne av det tyske folk.
Og for all del folkens, ha litt sympati med fyren, gje han ein liten Heil Dönitz så har han noko å fortelje borneborna.
torsdag 7. mai 2009
Lekka Star Wars intro!
Tryggleiken rundt prosjektet er like stram som alltid, men eg kan med glede meddele at eit utkast til introsekvensen har blitt lekka ut, og har komen meg i hendene. Eg må ærleg innrømme at det ikkje er det eg hadde venta, men eg er likevel imponert:
Det er tydeleg at dei har lært av ein viss klassisk TV-serie når det gjeld utforming og musikalsk retning, men det er jo ikkje noko gale i det vel?
onsdag 6. mai 2009
Med knoklar mot stortromma!

Slik som hør og bør når eit nytt nummer av Knokkelklang skal annonserast. Ein smule forsenka kanskje, men så er dette nummeret det mest fyldige og spreidde i innhald hittil. Og det med to nye bidragsytarar. I dette nummeret kan vi ønskje Aleksandra Mazurek Søderlind velkomen som nytt medlem av redaksjonen.
Nummer 3 av Knokkelklang kan by på intervju av Rikke Lundgren, ein artikkel om kvifor konspirasjonsteoriar kanskje ikkje er så morosame som vi likar å tru, eit nærare blikk Yoging i selskap av Alternativt Gjettverk, ein ode til den tyske smultbollen Fassbinder og ei innføring i vibratorens historie. I det lyriske hjørnet byr vi på tre dikt av von Nebb og ei omdikting av "Wieczność: nastrój", av Jan Wroczyński.
Korleis kan du la vere? Om du likte dei to første nummeret, vil du elske det tredje nummeret.
Så slå på tromma folkens, for Knokkelklang har ikkje anna marknadsføring enn deg. Spre ordet!
tysdag 5. mai 2009
Absalong: Vår farlegaste oppfinning?

Vår farlegaste oppfinning?
Glimt frå rasetenkjinga si forunderlege historie
Eit foredrag ved Torgeir Skorgen
- 12. mai 2009, 19.00
- Klar Bar, Zachen
- CC: 50
Jul og påske er gått sidan førre Absalong, og for å vege opp for vår lange ferie føler vi oss tvungen til å slå litt hardare på stortromma når vi først sett i gang. Vi kastar oss ned i djupet av det mest grumsete vi har av moderne idèhistorie: Rasismen! Nærare bestemt utforskar vi på komande foredrag på Absalong rasetenkjinga og raseforskinga si merkelege historie og konsekvensane av den. Ved hjelp av dr. art. Torgeir Skorgen frå Universitetet i Bergen skal vi følgje Vestens tankar om sin eigen og andres raser frå konseptet fødes på 1700-talet og fram til rasehygienen på 1900-talet, der Noreg skulle vise seg å bli eit føregangsland. Torgeir Skorgen er forskar, omsetjar og fagbokforfattar. Han har mellom anna gjeve ut "Rasens oppfinnelse: Rasetenkningens historie i Europa", og skreve ei rekkje artiklar og essays om emnet. No jobbar han med eit postdoktorprosjekt om Wergeland, jødeparagrafen og toleransens historie.
Rasismen som oppstod på 1700-talet var eit forsøk på å dele verdas folkeslag inn i bestemte kategoriar, baserte på fysiske eigenskaper. Til desse vart det lagt til ein del moralske og kulturelle trekk, og folkeslaga vart i same stund rangert kvalitativt i forhold til kvarandre. I åra som følgde kom ulike raseforskarar til å vektleggje ulike forskjeller, og dele menneskeheten opp i enno fleire kategoriar. Fleire av desse kategoriane lev vidare den dag i dag i folks forestillingsverd. Torgeir Skorgen vil i sitt foredrag ta for seg nokre av dei morfologiske systema som rasetenkjarane tok i bruk, av både jordnær og meir absurd art, og moglegeins peike vidare til kva konsekvensar denne tenkjinga har fått i form av rasehygiene, og seinare etniske utrydningar.
I tillegg vil våre kjende og kjære DJar spele gullkorn og smaklause godbitar frå sine arkiv, og vi kan garantere alle oppmøtte ein lærerik og underhaldande kveld. Dørene opner klokka 19.00. Det koster 50,- kroner å kome inn, og du må vere av myndig aldar. Kveldens tema til tross, så vil vi ikkje foreta vurdering av hårfarge, augefarge eller pannehøgde på gjestene, alle er velkomne.
Vel møtt!
Hugs å følgje Absalong på Facebook og nettsidene!I protest mot Nina Karin Monsen

Ein kan seie mykje rart om Nina Karin Monsen og tildelinga av Fritt Ord-prisen. Kritikken har hagla (gjerne på fullstendig feil grunnlag) og dei modige annleistenkjande, i det politisk ukorrekte namn har tatt henne i forsvar (på tross av å ikkje ha lest kva Monsen faktisk skriv).
Om Fritt Ord ønskte å skape debatt om prisutdelinga, så har dei klart det, men eg veit framleis ikkje om det er sant at all PR er god PR. Her skal dei i allefall få meir PR, for i Bergen og Oslo i dag markerast det motstand mot prisutdelinga klokka 1800.
I Oslo kan du møte på Kristian Fredriks plass ved Oslo S.
Og er du blant dei heldige som bur i Bergen, så møtar du på Torgallmenningen.
Eg oppmodar alle som ein gong har fått sveittetokter eller har dånt når dei har lest ein av Nina Karin Monsen sine kronikkar om å stille opp. Det burde ikkje vere så få, sjølv blant dei som var i mot den nye ekteskapslova.
Vel møtt folkens, la oss ta til ordet for ytringsfridom og god debattskikk.
(Biletet over er behørig stolen frå avdukinga av heksemonumentet på Anda; eg tykkjer det var passande)
måndag 4. mai 2009
Star Wars dagen...

Alle seier det i dag.
Gjerne fleire gonger.
Dei feirar Star Wars dagen, til ære for den fantastiske filmserien av George Lucas som etter 30 år framleis ruvar høgt i populærkulturens hierarki.
Men kvifor markerar vi dette i dag? Premieren var jo 25. mai 1977, ikkje 4. mai. Svaret er like enkelt som ein skulle tru: Ein dag er like god som nokon annan, og det er morosamt å seie "May the fourth be with you." Ja, det minnar jo om "May the Force be with you", om du ikkje har plukka det opp enno.
Det skadar heller ikkje at den nye Star Trek filmen snart har premiere, då er det viktig å halde auga på det som verkeleg tel. Star Wars.
Og du kan jo alltids feire det beggje dagar? Byrådet i Los Angeles har tross alt gjort 25. mai om til den offisielle feiringsdagen av Star Wars, så du er fullstendig i din rett.
Men ha i tankane at 25. mai òg er den Internasjonale Handkledagen, så å feire Star Wars i dag er ikkje det dummaste du gjer.
Heikki Holmås i knivdrama...?

Drama!
DRAMA!
Det er Dagbladet som kunne melde at Heikki Holmås var involvert i ein knivstikking i helga; overskrifta lyder - med store typer: "Heikki Holmås havnet midt i knivdrama". Under eit stort bilete av SV-politikaren og forfattarsonen i pen dress i lag med politiet. Han virker heldigvis uskadd.
Kva har skjedd? Er det denne lenge etterlengta revolusjonen? Har Heikki endeleg lagt frå seg sine borgarlege og pasifistiske tendensar, forlatt partipolitikken og væpna seg til kamp? Er det dei reaksjonære som føler for å ta kontrarevolusjonen på forskot og overfallar tilfeldige sosialistar i Oslos gater?
All grunn til å kaste seg over avisa, der ein kan lese:
"Stortingspolitikeren var på åstedet kort tid etter den dramatiske hendelsen, men ønsker overfor Dagbladet ikke å kommentere saken."...
Og det var alt som stod om det. Som var relevant for overskrifta i det minste. Resten av artikkelen fortel om den 30 år gamle kvinna som vart knivstukken av sin 25 år gamle eks-kjæreste.
Er det dette Dagbladet må ty til for å føle at knivstikking skal vere interessant når det ikkje er ein med "innvandrarbakgrunn" som står bak?
Ta i mot meg nokon, eg trur eg dånar.
søndag 3. mai 2009
Usømmeleg atferd
Og du trudde Elvis var ille! Det smitter seier eg, det smitter!
No dansar eg òg!
Usømmeleg!
fredag 1. mai 2009
1. mai - dagen derpå

Gratulerar med dagen kameratar. 1. mai 2009.
Og revolusjonen er framleis ikkje her.
Kva er dette for noko? Kvifor lar den vente på seg?
Er det fordi vi har det så bra? Er det fordi det er sosialistar i regjeringa som garanterar oss eit framtidig arbeidarparadis? Er fullendinga av Marx sitt Kommunistiske Manifest rett rundt hjørnet? Tenk kor spanande.
Eller er det fordi arbeidarane er opptatt med å sjå på Paradise Hotel, Glamourjentene og Gudane-Veit-Kva-Anna-Vi-Kan-Få-Folk-Til-Å-Gjere-Framfor-Kamera-Programmet?
Undervurder aldri evna til dårleg fjernsyn til å utsette ein revolusjon eller to.
1. mai er vel kanskje først og framst berre dagen derpå.