
Protestane mot den skapmuslimske kommunisten Barack Hussein Obama held fram. Tidlegare har republikanarane tydd til heller
vulgære seksuelle utspel, i form av teabagging, for å vise sin offentlege og kollektive avsky mot hans openbart sosialistiske og anti-amerikanske politikk. Med seg på laget har dei hatt med seg Fox News, kjend for å vere dei mest balanserte og rettferdige journalistane i USA, så vi veit jo at dette må vere heilt rett av dei.
Fox er ikkje dei einaste dei har med seg på desse aksjonane, dei mest ramsalte av alle konservative marknadsentusiastane, dei såkalla objektivistane, har sjølvsagt òg bestemt seg for å kaste seg på bølgja. Før USA vert den nye Sovjetunionen må du skjønne.
Det første teiknet ein kunne sjå på dette var ein oppsving av salet av deira bibel, Atlas Shrugged, som fulgte kort etter at Obama kom til makta. Det viste seg at dei hadde starta ein omfattande kampanje for å kjøpe inn boka, helst i fleire eksemplar for å vise kva dei meinte. Her snakkar vi konsumeraktivisme gitt.
Boka fortel historia om korleis USA går til grunne når dei flittige kapitalistane ein etter ein forsvinn, det viser seg at under leiing av John Galt har dei gått til streik mot at staten til stadig forlangar skatt og legg hindringar i vegen for den naturlege konkurransen i marknaden.
Dette har no inspirert amerikanske objektivistar til å følgje i desse litterære konstruksjonane sine fotspor. Dei har gått til streik. Eller "
Gone Galt" for å nytte meg av deira eigen terminologi. Denne aksjonen er i fleire steg. I sin allar enklaste form består den av å kjøpe så mange eksemplar av Atlas Shrugged som mogleg, men meir avanserte aksjonistar skal så
sende den til politikarar (gjerne med understrekjingar) for å vise kvar dei står (ein skulle tru eit brev hjalp, og ville spare på portoen?).
For dei meir iherdige objektivistane så finnes det ei liste på hittil 25 punkt over ting ein kan gjere for å råke den slemme Sovjetstaten. Denne går sjølvsagt under tittelen
100 things you can do to get Going Galt, fordi verken matematikk eller god engelsk er prioritert av objektivistar. For hugs, skuler og særleg universitet lærar vekk ein sosialistisk ideologi. Difor er eit av tipsa sjølvsagt å ikkje donere pengar til institusjonen som utdanna deg.
Målet med desse tipsa er å begrense aktiviteten i marknaden, samt inntekta til staten. Dei vil vise kva som skjer når dei som verkeleg tyder noko (les objektivistar, i utvida forstand illeluktande pappagutar som sitt vennelause i foreldras garasje eller kjellar og bloggar) vel å gå ut i streik. Eg er sikker på at Washington skjelv i buksene sine.
Tipsa inkluderar å slutte å sjå fjernsyn og gå på kino, samt sei opp abonnement til ulike tv-kanalar. Alle veit jo at Hollywood og fjernsynsbransjen er i hendene på liberale sosialistar og fungerar som propaganda kanal for dei og deira "røynd". Vidare anbefalast aksjonistane å slutte å bruke kollektiv transport, noko eg hadde trudd ein ekte objektivist lot vere for lenge sidan (noko vi andre er takksame for, sidan deira personlege hygiene ikkje er verdas beste). Eit anna forslag er å dyrke din eigen mat, og å bryggje eigen vin og øl. Og sjølvsagt må ein slutte å gje pengar til veldedighet.
Tipset som skil seg mest ut er kanskje at ein skal slutte å røyke, for ikkje berre sparar du helsa di, det er visst eit skattesluk utan like. Ein viss bisarr logikk i det, og dette forslaget tiltredes sjølvsagt av mullaen.
Alt i alt kokar det heile ned til den mest underlege formen for forbrukaraktivisme eg har sett på lenge. Her skal ikkje forbrukaren i seg sjølv forsvarast, men produsenten. Og kva skal han forsvarast mot? Eit sosialt tryggleiksnett og ting som... forbrukaraktivisme.
Eg veit ikkje heilt kvifor eg fekk veldig lyst til å spele
Bioshock akkurat no...