
Eg er, som nokre lesarar kanskje har fått med seg, utdanna folklorist. Eit litt uvanleg fag, meinar mange, og enno fleire veit ikkje kva det er. Vi får stadige spørsmål om kva nøyaktig ein folklorist er - og eg har verkeleg sjeldan lyst til å forklare nøyaktig kva det er. Nøy deg med at det har noko med folk-ting å gjere, populærkultur og god sans for humor.
Sidan det er ein sjeldan vitskap, så er det ikkje ofte ein høyrer om andre folkloristar (i bloggosfæren så deler eg vel tittelen berre med
Den Tvilsomme Humanist, såvidt eg veit), og ein vert difor alltid litt ekstra munter når ein les om folkloristar og deira virke.
Og det er lenge sidan eg har lest om så mange folkloristar på rams, som i Germania, ein artikkel av Stefan Arvidsson, i antologien "Jakten på Germania". Dei er kanskje ikkje verdas største førebilete, dei folkloristane han har plukka ut. Ein haug med tenkjarar som legitimerar pangermansk svermeri i den tyske nasjonalsosialismen, og i Himmlers SS ikkje minst. Folkloristikken fekk ei sentral rolle i det Tredje Riket - tenk naziforskarane i Indiana Jones-filmane - sidan faget lenge var godt treng å grave rundt i fortidsminner og avdekke sjølve folkesjela. Dette nasjonalistiske prosjektet låg til grunn for det meste av tidleg folkloristisk arbeid - frå Grimm-brødrene til Asbjørnsen og Moe.
Ein kan sjølvsagt seie at det er eit stykke mellom folkeviser og eventyr til indoktrinering av born og Holocaust, men ingen skal seie at folkloristar ikkje er i stand til å prestere det meste.
Etter at det Tredje Riket kollapsa gjekk tyske folkloristar under jorda, og attende til skrivebordet for å finne nye vis å legitimere forskinga si. Og det er då folkloristikken verkeleg vert moro. Og komplisert. Og alt det eg ikkje gidd å forklare i denne varmen.

La oss berre spole fram til vår tid, og mitt store faglege førebilete - Alan Dundes. Ein freudiansk folklorist med ganske solid produksjon gjennom åra. No er det ikkje for hans forsking eller hans freudianske analysar han vart min helt, men heller hans teoriar om
korleis drive folkloristisk forsking. Spørsmål om kven
folket er, har mellom anna stått sentralt i lag med mykje anna.
Som freudiansk forskar, hadde han sjølvsagt sin del bisarre påstandar, og det er vel verdt å plukka opp ein eller to av bøkene hans og lese desse. Med ein spiseskjei salt, sjølvsagt. Han var ein open og tolerant mann, men det var to ting han ikkje følte høyrde heime i folkloristisk forsking; feministisk og marxistisk teori. Og til dette høyrer ein av dei meir interessante sogene om Alan Dundes. Det var i mars 2005, og han deltok på eit seminar. I ei sal full av studentar og kolleger la han ut om sine teoretiske preferansar og idear. Og han kom til slutt til dei førnemnte teoretiske tradisjonane han ikkje satt så stor pris på.
Han valte likevel å ta dei opp, og handsame så godt han kunne. "Det er berre to bruksområder for marxistisk teori i folkloristikken," fortalde han, "og dei er...". Vi kan forestille oss eit host, eit hark, og kanskje litt hvesing. Han tok seg til brystet og fall om.
Slik døde kraftfolkloristen Alan Dundes. Han døde som han levde, med ei spissformulering på tunga. Det var ein død ein folklorist verdig.
Kva er ein folklorist? Det er noko mellom skurkane i Indiana Jones og ein akademisk komikar som døyr på scena.