måndag 31. august 2009

Vi anbefalar ein Ramadanblogg

For dykk vantru kjøtarar der ute som lev i ein boble kan eg informere om at det er Ramadan. Dette resulterar i relativt lett irriterte og søvnige rettruande som vandrar gatelangs og ventar på solnedgang.

Det er eit vidunderleg syn som har forvirra og forundra sosialantropologar på all verdas t-baner i uminnelege tider.

Det er dog dei rettruande som faktisk presterar å gjere noko i desse tider, og all ære til dei for det. Blant dei er Valgerd - eg berre antar det er vår tidlegare kulturministar som har konvertert - som bloggar dagleg om hennar Ramadan, og kva ho meiner tematiserar denne viktigaste av månadar i den islamske kalendar. Eg kan ikkje anna enn på det varmaste anbefale alle å leggje denne bloggen til sin RSS-lesar eller kva enn de nyttar for å halde oversikt over landets bloggar. Norske, kvinnelege konvertittar treng å verte høyrd meir enn dei hittil har vore, og då meiner eg særleg dei som har konvertert uavhengig av evt. ekteskap til rettruande. Og Valgerd er ein av dei. I hennar Ramadanblogg kan du lese om førebuingane til det store kveldsmåltidet, og til dei personlege eigenskapane ho ønskjer å arbeide med personleg frå dag til dag. Eit flott innblikk i den verkelege Jihad som ein kvar muslim utkjempar i seg sjølv i det daglege.

Det er dei som har spurd meg korleis mullaen forheld seg til Ramadan, og korleis denne månaden utartar seg for underskrivne. Eg tykkjer ikkje eg har så mykje interessant å fortelje. Min Ramadanhistorikk er særs konvensjonell. Eg kunne fortald om korleis første gong eg skulle feire Ramadan i Tunisia vart forgifta av min eigen far, og Valgerd sine forteljingar er mykje meir interessante.

Ramadan Kareem

søndag 30. august 2009

Inglorious Basterds... ein film.

Her forleden vart eg slept med for å sjå Inglorious Basterds, det nyaste storverket til Quentin Tarantino, på kino. Eg var skeptisk - som eg alltid er - til at dette skulle bli noko anna enn det sedvanlege tullballet frå Tarantino. Og det var det jo. Det er ingen løyndom at eg kan styre mi begeistring for denne amerikanske filmregissøren som har gjort karriere av å slep allskens troper og klisjear ut av 70-talets exploitationfilm. Enten det no er Rape-Revengefilmar eller meir tradisjonell blacksploitation.

Er det ein ting som er tydleg er at han baserar heile sin karriere på å ha sett mykje søppel på film. Og denne søppelen har han no valt å regurgitere ut på lerretet att i ny, fasjonabel innpakking for ein ny generasjon. Ein kan tilgje dette hjå ein ny filmskapar, men det er ikkje nok til å gjere seg fortent til den genistatusen Tarantino har fått.

Årsaka til at dette irriterar meg, er at eg anar eit sjeldan talent hjå Tarantino som er kasta vekk på billig vald og uoriginale tjuveri frå botnnivået av 70-talets filmproduksjon. Eit talent som var tydleg i hans første manuskript, True Romance. Og som stadig snikar seg inn i hans nyare filmar i form av usedvanleg god dialog, og særs dyktig filmteknikk.

Inglorious Basterds er intet unntak må eg melde. Her ser vi at han lider av same problemet som Peter Jackson - han er ute av kontroll! Ingen produsent våger å ta han i øyra, og hindre geniet å visualisere sin visjon. I Inglorious Basterds resulterar dette i ein heller langdryg film, som er eit resultatet av to heller lause og sjølvstendige historiar som vert sausa saman til ein graut framfor auga våre. Ein kan faktisk sitte og lure på kva the Inglorious Basterds, som filmen er oppkalla etter, gjer i filmen og for plottet. Var dei nødvendige for historia? Mitt svar er nesten nei, dei byr berre på humoristiske avbrekk i form av machismo, vald og tortur, frå eit elles dugeleg plot sentrert rundt ein jødisk kinoeigar i Paris. Filmen hadde hatt større hell om Tarantino hadde nytta meir tid på å utvikle denne historia for oss, for den var genuint interessant og menneskeleg.

Heilt ufatteleg er det òg at Tarantino ser ut til å ha anstrengt seg for å få plassere folk i rollene som kjende historiske personar som ikkje liknar det spor på personane dei skal spele. På eit par tidspunkt vart eg nær mållaus. Eg tillet meg sjølv å tru at dei vart hyra for sitt talent og evne til å etterlikne stemme og språkbruk meir enn noko anna, for her er Tarantino verkeleg i sitt ess i denne filmen. For alt eg ikkje likte i filmen, var dialogen og karakterane i denne filmen til dei gradar betre enn eg hadde venta. Og sjølve kremen i bolla var at han hadde fått franskmenn til å spele franskmenn og tyskarar til å spele tyskarar, noko som gjer dårlege aksentar nesten totalt fråverande - utanom der filmens historie gjer eit poeng av den dårlege aksenten. Dette gjer seg ypperleg i jødejegaren Hans Landa, som viser seg å vere eit ypperleg tilfelle av kva det Tredje Riket klarte å produsere av sofistikerte drapsmenn, der han kan skryte av å meistre fleire europeiske språk.

Der ein tradisjonelt har tydd til amerikanarar som haltar seg gjennom alle verdas språk, har Tarantino vågd å gje oss ekte vare, og ikkje berre det, han har vågd å utsette eit bortskjemt amerikansk publikum for underteksting. Kudos og tommelen opp for dette.

Alt i alt vart eg meir underhaldt av filmen enn venta, men eg satt att med ei tom kjensle då det var over. For blandinga av dei to historiene gjorde for min del at eg ikkje satt att med så mykje i det heile. Eg sitt att tryggjare i mi kjensle av at Tarantino kastar vekk eit elles formidabelt talent.

Det er trist, men i kveld vurderar eg å slenge Inglorious Bastards (Quel Maldetto Treno Blindato) frå 1977 i spelaren og synke ned i exploitationhelvetet att. Eg veit ikkje om det vil hjelpe.

fredag 28. august 2009

Tjostolv Moland sin bakgrunn

Det er med frustrasjon eg følgjer med på rettssaka mot dei Tjostolv Moland og hans kamerat i Kongo. Eller rettere sagt, så er det mangel på informasjon som frustrererar. Det vert spekulert mykje i gutane sine motivar for å reise til Kongo, og til deira omgang med våpen og vald. Er dei leigesoldatar? Er dei vekterar? Eller simpelthen berre ignorante eventyrarar?

Mangel på informasjon gjer det umogleg å forstå Tjostolv Moland... og det faller difor på meg å avsløre at Tjosolv Moland er eldre enn ein trur. Tjostolv vart fødd vart den 14. april i 1922, og forfalska (tydlegvis) sin eigen død den 5. mai 1995 for å forfølgje ein ny militær karriere. Under andre verdskrig vart han tildelt jarnkrossen av andre klasse for sin modige teneste i 2. politikompani. Han oppnådde ein rang som SS-Oberschütze i si teneste for det Tredje Riket.

Du må ikkje tru eg lyg, berre sjå her.

Så kvifor har han valt å vende attende til eventyr no? Og kvifor i svartaste Afrika? Det er vanskeleg å forstå, for vi manglar simpelthen informasjon.

torsdag 27. august 2009

Bush, Kommunistar og pandaer

Hugsar du George W. Bush? Han var inntil nyleg president i USA inntil den kule negeren tok over. Bush... han var ein jordnær og triveleg kar. Han hadde kanskje eit par eksentrisitetar, og det gjorde han til eit lett mål for mange smålige menneske med politiske ambisjonar. Ein av disse eksentrisitetane var at han snakka ein del med seg sjølv. Dette er jo berre det naturlege resultatet av utstrakt brukt av kokain og andre rusmiddel før han fann Jesus og byrja å prate med han i staden for. Tidvis regresserar han, slik som i dette avslørande opptaket som sekretæren til Lord Bassington-Bassington gjorde meg merksam på i dag:

Høyrde de dét?! Kommunistar og pandaer! Bambus er for kommunistar og pandaer! Den tidlegare presidenten veit at pandaene utgjer ein trugsel mot oss, på linje med kinesiske kommunistar - kvifor har ikkje amerikanske myndigheiter gjort noko med dette?!

Kameratar! Ver aktsam! Dei har infiltrert amerikanske myndigheiter!

onsdag 26. august 2009

Eg vert minna om Mishima

Det slår meg ofte, i denne grå og triste verda, når eg ser på det politiske spelet, at det er å drøyme å ønskje noko betre.

Yukio Mishima er ein forfattar som eg langtifrå er åleine om å sette pris på, ikkje berre for hans forfattarskap, men for den oppriktigheita han levde for det han trudde på. I moderne vestleg sjargong var han ein homofil fascist, men han var meir enn det. Han var ein mann som drøymde om ei gløymd tid der hans verdier vart overhaldt, der Bushido var lov og keisardømet var heilagt. Om denne tid nokon gong eksisterte speler mindre rolle, enn det engasjementet han la inn i drøymet og hans paramilitære organisasjon, Tatenokai - skjoldsamfunnet. Gjennom Mishima oppdaga vesten eit nytt Japan, og konsept som Bushido vart kjend for oss. Likeeins vart Bushido gjenoppdaga av mange japanarar gjennom hans forfattarskap og liv.

Når eg tenkjer på våre tafatte politikarar, og minst like tafatta medmenneske så tenkjer eg på Yukio Mishima ein dag i 1970...

Kort etter dette opptaket tok han livet av seg.

Han gjekk inn att på kontoret, og begjekk rituelt sjølvmord i selskap av hans næraste tilhengjarar i skjoldsamfunnet.

Og slik vart ei legende fødd.

tysdag 25. august 2009

Vil du ha ein Playstation 3?

Du vil ikkje tru det, men eg inngår i eit økumenisk fellesskap av moskear og kyrkjer verda over, og blant mine systerkyrkjer er Landover Baptist Church, ei veldig aktiv og klartenkt frikyrkje i statane. Om vi ikkje deler alle teologiske standpunkt, så må eg seie at deira klarsyn og moralske rettskaffenhet kan inspirere sjølv ein mulla i sitt daglege virke.

Ein av deira fine rekrutteringskampanjer er retta mot speleglade barn og unge, ei gruppe mullaen sjølv tilhøyrde før han fekk mykje skjegg og vart gamal og skalla, ta i mot Jesus og få ein Playstation 3. Med den populære spelmaskina følgjer fleire ombygde spel med ein god og kristen bodskap.

Så om du er i tvil, og du veit at Islam ikkje er for deg, og likeeins veit at Playstation 3 er tingen du vil ha, så kan eg ikkje anna enn å anbefale deg å opne deg sjølv for Jesus og finne fram kredittkortet til foreldra dine.

Eg vendte meg heller mot Islam, så eg har ein xbox 360 under senga heime. Så eg vil nok ikkje ta i mot dette tilbodet.

måndag 24. august 2009

Indisk Thriller?

I spørsmålet om kva som kom først, av høna og egget, så ramlar som oftast eg på egget. Sølete, men sant, men det vert det i det minste omelettar av. Når det gjeld Michael Jackson, så pleier eg å diskutere han så lite som mogleg. Eg har mine meiningar, og ferdig med det, eg tilhøyrer verken hans kritikarar eller tilhengjarar.

Men spørsmålet om Høna, egget og Michael Jackson følte eg låg i lufta då eg såg denne...


Svaret er nok at Michael Jackson kom før høna la dette egget, men at det hadde vore ustyrteleg morosamt om det ikkje var tilfellet.

søndag 23. august 2009

Vi minnar om piratar!

Om du ikkje har fått det med deg enno, så er det altså piratkveld førstkomande tysdag på Absalong. Og du bør vere der. Du kan lese alt du treng om arrangementet her, så eg treng ikkje fortelje deg anna enn at det vert kruttrøyk og moro for alle penga. Faktisk meir enn det du betalar for, sidan inngangsbilletten er ringe 50 kroner, og du får foredrag, piratmusikk og ekte pirattalentkonkurranse med deilige, deilige premier.

Det er simpelthen ikkje ord for kor moro dette vert... men berre på ein betinging: Du må kome! Det vert ikkje moro utan deg, så spenn på deg støvlene og pell deg til Klar Bar, på Zachen i Bergen, førstkomande tysdag klokka 7. Du kjem ikkje til å angre eit sekund!

Faktisk vil eg anbefale deg å varme opp med ein gong, i beste piratstil så kan du laste ned, gratis, musikken frå dei fire første Monkey Island spela på denne sida her. Du kan til og med late som om det er ulovet for å føle deg meir pirataktig. Mullaen sitt og vugger til Monkey Island-musikk i denne stund, og føler seg veldig klar.

Og om ikkje musikk sett deg i stemning, kva med ein film? Den beste piratfilmen nokon sinne: Pirates, av Roman Polanski, med Walther Mathau som kaptein Bartholomew Red. Det vert ikkje så mykje betre enn det!

laurdag 22. august 2009

Idealpartiet

Denne valkampen tar på. Som valkamper flest. Over alt ser eg folk som sitt og studerar partiprogram, prinsipprogram og allskens andre fargerike borsjyrar forfatta for å overtyde oss om kvart enkelt partis dyktighet. Her listast det opp sak etter sak der alle andre har gjort feil, men berre dette partiet har løysinga. Punkt for punt, i evige lister får vi presentert imponerande handlingsplanar frå Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterparitet. Og la oss ikkje gløyme Raudt, Kristent Samlingsparti, Kystpartiet og Demokratane. Og så har vi dei vi helst vil gløyme, som Vigrid, Noregs Kommunistparti og Noregspatriotane.

Eit mylder av parti som alle har eit presserande ønskje om å gjere ditt liv betre! Deira mål er å gje deg det du vil ha.

Fabelaktig, ikkje sant?

Så kvifor ser eg berre fortvila andlet. Kvifor ser folka rundt meg opp frå brosjyrane med eit spørjande blikk, som om eg skulle vere i stand til å fortelje dei kva dei skal stemme? Kva svar har eg å gje, som ikkje er å finne i desse programma?

Problemet er at brosjyrane ikkje svarar på spørsmåla folk har. Dei svarar på det marknadsavdelingar har fortald produsenten at folk vil høyre. Dei er designa for å selje ei vare, utan tanke på at vi ikkje har lyst til å shoppe partier, vi har ikkje lyst til å shoppe politikk. Vi forventar oss meir, og får det ikkje. Så vi vart sittande att fortvilte. Meir og meir for kvart val som går, så glipp alternativa ut av hendene våre. Politikarane skuffar gong på gong, og meistrar ikkje å få med seg andre enn sine mest lojale tilhengjarar. Årets store mønstringsak er å stemme på noko anna enn FrP. Jo, takk for det... men kva slags alternativ er det? Kvar er alternativet for oss som ikkje vil ha punktlister? For oss som vil ha resonnement, ikkje slagord? For oss som vil ha prinsippar, og som ikkje trur på enkle løysingar?

For her er vårt systems store problem. Politikken er småleg og uinteressant. Eg gjev vel blanke i enkeltsaker, det er detaljar, eg vil ha noko eg kan tru på!

Idealpartiet er ikkje eit som står og hamrar på mi dør og fortel meg kva dei vil gjere for meg og mine. Idealpartiet er ikkje eit parti som fortel meg at dei har nøyaktig det eg ønskjer meg i dag.

Idealpartiet er eit som ikkje er så fordømt opptatt av kva dei trur eg vil ha, og er meir opptatt av kva dei, og eg, kan gjere for å skape eit betre samfunn. Idealpartiet er eit som stiller krav til oss alle, og som ber oss gjere for dei, like mykje som partiet vil gjere for oss. Idealpartiet er eit som ber oss ofre, ikkje berre ta i mot. Idealpartiet tenkjer stort, og legg ikkje tøyler på sine eller våre ambisjonar. Idealpartiet er eit som tillet seg å drøyme. Og sist, men ikkje minst, så er idealpartiet eit parti som inspirerar oss til alt dette. Idealpartiet er eit som kan klare å mønstre engasjement for å byggje, ikkje berre få. Idealpartiet er eit som får oss til å drøyme. Idealpartiet er eit som inspirerar oss til å gjere vårt beste, til å vere på vårt beste.

Dette har eg enno ikkje funne...

fredag 21. august 2009

Homo banjodrept

Lokalpresse er noko for seg sjølv, sjølv når dei hentar nyhenda sine langvegs frå. Sogn Avis kunne til dømes skilte med overskrifta "Homo drept med banjo" for ein månad sidan, og fortel der ei soge frå New Zealand. Det heile hendte i 2007, då ein 69 år gamal homse vart slått i hel av ein mann han hadde fått med seg heim. Han vart først slått "helselaus" med sjølv instrumentet, før banjohalsen vart køyrd ned i halsen på den stakkars 69 åringen.

Eg må seie at saka skuffer, og demonstrerar tydeleg at Sogn Avis er ei lokal avis, og ikkje ei av dei store avisene. Dei store riksdekkande avisene, med hovudsete i Oslo, veit å selje saker på eit vis folk vil ha. Vi veit jo alle at denne saka kunne berre ha blitt solgt på VG-vis, med tittel som "Homo banjodrept". Noko anna er jo amatørmessig... sant?!

torsdag 20. august 2009

Brennstoffsonger!

Vi er til ein kvar tid i bakevja her til lands.

Vi er ikkje anna enn lillebror til storebror Russland. Der, i det gamle Sovjetimperiet, ruvar framleis deilige Putin bak trona. Andre namn signerar papira i disse tider, men Putin, vår tids store Tsar.

Og her har vi Jens Stoltenberg, og til nød Torbjørn Jagland, som prøver å samle bitane no når Håkon Lie har byrja å overvake folk frå det hinsidige. Det er ikkje det same, men vi prøver.

Eit område der vi konkurerar med Storebror, er i framvinninga av fossilt brennstoff. Vi har vår StatoilHydro, dei har sitt Gazprom, som spesialiserar seg på gass.

Vi gjer vårt inderleg beste i å vise oss frå vår beste side, og eit døme på dette er videoen som har gått som ein farsott på nettet i det siste; Black Gold Hunters med Åge Sten Nilsen frå WigWam;

Heilt klart imponerande saker dette, og tydlegvis ein påkosta affære.

Problemet er at det hamnar fullstendig i skuggen av sitt russiske motstykke;

Vi må berre melde tapt nok ein gong. Og vi spør oss sjølv; kva tid kjem Putin og tar over? Noreg treng Putin! Og vi trur Putin kan lære å bli glad i oss.

Medan vi ventar på V

For ei stund sidan hadde eg gleden av å diskutere originale V med mini-seriens produsent, forfattar og regissør Kenny Johnson. Han var då i ferd med å gje ut sin roman V2, og var godt i gang med å få solgt inn konseptet som ein ny mini-serie som plukker opp tråden der den originale serien slutta (dvs. før V - The Final Battle). Sidan den tid har han blitt distrahert av ambisjonar av ein kinofilm basert på originalen som kan leie opp til den nye mini-serien, og i mellom tid har andre kreftar komen på bana. Dataspelprodusenten og all-round tullegut, Jace Hall, har, i lag med Warner Bros og tv-kanalen ABC, fått stabla på beina ein ny tv-serie basert på originale V. Full av kjende andlet frå dei siste åras tv-suksesser. Kva effekt dette har for Kenny sin serie, kan eg ikkje seie, men eg må innrømme at det lille eg har fått sett av serien hittil har gjett meirsmak. Og det same seier dei som nyleg fekk sett den ferdige pilotepisoden.

Eg sitt her og tar og kjenner på motvilje mot å forklare kvifor du burde sjå originale V, og kvifor det er ein av verdas beste fjernsynsseriar. Ikkje minst fordi eg ikkje vil øydeleggje for dei som aldri har sett det før, og som vil få sitt første møte med forteljinga i den komande serien. Så vi tar heller og serverar ein smakebit på den nye serien;

Produsent Jace Hall har diverre ikkje høve til å kommentere saka utfyllande, då all pressekontakt må gå gjennom WB og ABC. Han virkar likevel veldig gira og trygg på prosjektet, men på den andre sida så er han jo alltid gira.

onsdag 19. august 2009

Eg drøymer

Av og til drøymer eg. Eg drøymer vonde draumar. Vonde og uforståelege draumar. Om å vere jaga. Forfølgd. Eg drøymer om umenneskelege kreftar som påverkar våre liv. Eg drøymer om korleis korthus ramlar, og om korleis usynlege hender manipulerar vår undergang.

Eg drøymer uforståelege draumar der verda vert snudd opp ned. Snudd opp ned, og rista grundig. Der alt ramlar over ende. Der alt vert kasta side til side. Der opp er ned, og ned er opp.

Eg drøymer slikt. Og er redd for å sove. Eg drøymer slikt. Og er redd for å vakne, og finne at det ikkje var ein draum.

tysdag 18. august 2009

Vi kjem til å tape!!!

Vi har fått svaret! Forskinga er på bordet! Det er ikkje lenger tvil! Vi kjem til å tape!

Når dagen kjem, og dei levande døde sprer seg i gatane på jakt etter ferske hjerner, har vi små sjanser til å overleve med dei beredskapsplanane vi har. Det er BBC som melder om ei forskargruppe i Canada som har studert zombieaktivitetar og kva som kan gjerast for å takle eit utbrot. Dei meinar den einaste sjansen er å slå til hardt, brutalt og ofte, og ikkje sløse vekk tid på å prøve å finne ein kur eller fange zombier. Her er det berre å utnytte deira ibuande treigheit og hjernedødhet som tel. Professor Robert Smith? (ja, spørsmålsteiknet skal vere der, han la det til for å skilje seg frå vokalisten i the Cure), er blant dei som understrekar at dei levande døde må handterast så snart som råd, om ikkje vil vi alle vere fortapt. Vi har små sjansar i følgje desse forskarane til i det heile tatt overleve, så her er det ikkje rom til nøling. Handling må til for å bekjempe dei levande døde.

Høyr pestekspert Neil Ferguson forklare faren ved zombiar, vampyrar og varulvar og deira slektskap til andre epidemiar:
.
Det er openbart at svineinfluensaen ikkje har så mykje å stille opp med når det kjem til ein slik pest spreidd ved bitt.

Ein kan jo naturlegvis spørre seg om korleis noko slikt kan hende. Korleis oppstår ein slik pest? Det er openbart ein kunstig produsert pest vi har med å gjere, eit resultat av besynderlege biologiske og medisinske eksperiment... berre ei gruppe kan tene på det. Pandaene. Det er Pandamonium... nok ein gong. Det er skummelt, men hugs for all del å lese artikkelen hjå BBC.

måndag 17. august 2009

Do you want to date my avatar?

Nei, vi snakkar ikkje om Doffen denne gongen, som alle veit var han Kalki, altså den tiande og siste avataren av Vishnu. Nei, denne gongen snakkar vi om avatarar i nerdeforstand. Ein avatar er den grafiske representasjonen av "deg" i eit spelunivers, og er eit uttrykk ofte nytta i datarollespel. Eg mistenkjer det stammer frå Ultima-serien, men eg er tilbakehalden med å seie noko for sikkert. Do you wanna date my avatar er låta og musikkvideoen som har surra og gått i hovudet mitt den siste veka, og no er den endeleg tilgjengeleg for folk flest:

Musikkvideoen er knytta til The Guild ein web-serie skreven, produsert og regissert av ei av verdas vakraste søtnoser, Felicia Day, og handlar om eit laug i eit online rollespel og dei konfliktane dei opplev både av og på nett. Serien er så utruleg sjarmerande nerdete at eg kan ikkje anna enn å anbefale den. Fleire episodar er lagt ut på Youtube, så det er berre å kose seg - elles er serien tilgjengeleg gjennom xbox live og andre Microsoft-tenester.

Så... do you want to date my avatar?

søndag 16. august 2009

Det gjeld å vere førebudd

Som vi alle veit, så er enden nær. Politikarane førebur seg på å grave seg ned i NWO-bunkersane sine, medan tapre motstandsfolk kjøper store mengder hermetikk og ammunisjon og gjer seg klar til å forsvare seg mot a) zombiar b) svoltne uførebudde masser eller c) øglene som kjem for å ta over.

Andre vel eit meir tradisjonelt vis å gå verdas undergang 21. desember 2012 i møte:

fredag 14. august 2009

Regjeringsalternativa og høgare utdanning

Eg har alltid vurdert parlamentariske alternativ utifrå kva dei gjer for forsking og høgare utdanning. Det har no seg slik at olja på eit eller anna tidspunkt går tom eller vert verdilaus, og då må Noreg satse på andre verdiar, som kunnskap, for å oppretthalde sin rikdom. Og tru det eller ei, eg likar at Noreg er eit rikt land.

No har høgare utdanning, som dei fleste andre områder av offentleg sektor, dei siste åra vore under åtak av liberalistiske reformer. Ivrige statsråder frå høgre- og venstresida har grubla opp nye måter å modernisere våre universitet og høgskuler ved å basere dei på forelda og mislukka modellar frå utlandet. Dette er kanskje ikkje verdas luraste idè, men så har sjeldan dei ansvarlege statsrådane vore av det meir lure slaget heller.

Så kva kan vi rekne med å få av dei noverande "regjeringsalternativa" som har utkrystalisert seg i går? Vel, la oss no ta dei nærare i ettersyn. Frå høgre til venstre.

Ytterst mot høgre finn vi ei koalisjonsregjering beståande av FrP og Høgre, og kva enn parti som vel å støtte opp om dei på tidspunktet. FrP vil vere det tonegjevande partiet her, det har pressa bestemt i samråd med Siv Jensen. Så då vert det slik. FrP, som dei fleste veit, er eit parti som viser tendenser til allergi mot vitskap og generell kunnskap. Det er partiet for folk flest seier dei, ikkje for ekspertane og akademikarane. Ikkje for dei som har lest ei bok. For all del, det er kanskje positivt at dei fleste FrParar aldri sett seg ned for å lese, med tanke på at den einaste romanen partileiinga har i bokhylla er Ayn Rands "Atlas Shrugged". Ei bok er best ulest.

Men reint praktisk då, kva vil dei gjere for høgare utdanning? Vel, FrP har lova oss å leggje ned Statens Lånekasse i løpet av sitt første år. Lånekassa sitt tilbod skal erstattast av lån i konkurrerande private bankar... ja, flott, for private bankar har jo verkeleg folks fulle tillit etter den siste finanskrisa dei skapte. Takk, Siv. Eg trur vi lar vere å gje ein stemme til Høgre og FrP.

Så har vi sentrumsregjeringa då. Gløymd den? Ja, dei er har ikkje så mykje futt i seg dei folka der. Dette er eit alternativ som stort sett består av KrF... og kven enn som føler seg frelst eller inspirert til å støtte opp om dei. Bondevik III nokon? Jo, dei har jo hatt stort hell med å samle troppane før, men kva gjorde dei så for høgare utdanning.

La oss halde dette kort: Policyen til sentrumsregjeringa har vore å sette statsråder utan fullført folkeskule som ansvarleg for forsking og høgare utdanning.

Kan nokon fortelje meg kva pokker dei tenkjer med?!

Og så har vi vår noverande regjering då, den Raudgrøne regjeringa, som har så inderleg lyst til å få lov til å leike vidare? Ein skulle jo tru at ei regjering stemt inn av folk med utdanning visste kva dei gjorde på. Ikkje faen! Dei har etterlatt seg ei utdannings og forskingssektor i krise. Fakultet som går konkurs pga. statlege nedskjæringar. Dette skal gå bra, meinar dei, for dette er aktivitetar som best finansierast med eksterne midlar. Ja, fortel meg no kvar ein skal skaffe eksterne midlar for undervising i filosofi eller samanliknande politikk. Eg veit det er meir avansert enn som så, her er det fleire faktorar som verker inn, men det endrar ikkje det faktum at den noverande regjeringa ikkje har gjort jobben sin og ivaretatt våre universitet og høgskuler.

Dei har kjøpt og betalt ein liberalistisk, feilslått, visjon for forsking og utdanning i dette landet. Og det er skuffande... særs skuffande.

Og så er det dei som vil seie at ein treng jo ikkje å stemme parlamentarisk, ein kan stemme på ei endring av systemet. Ja, for lengre til venstre så har vi jo parti som Raudt, som stort berre består av akademikarar med proletariske nykker. Ja, fint det... men når du tilhøyrer ein politisk tradisjon som har for vane å skyte intellektuelle eller arbeide dei i hel i dødsmarker, så får du ikkje vere med i denne oppramsinga. Ein annan dag.

Kva skal ein stakkars mulla stemme på i Stortingsvalet 2009? Svaret... kjem kanskje seinare.

torsdag 13. august 2009

Ein alliert i strida

Det er all grunn til å vere mistenksame overfor ekorn. Dei er drevne spionar, som får med seg det meste. Men kven sankar dei desse nøttene med informasjon for? For eiga skuld? For svartebørsen? For VG og Se & Hør? Eller er det verre... er det for Pandamonium, det komande terrorveldet til verdas mengder med pandaer?

Det er NaKri som avslørar dette i opningsposten til sin nye norske blogg. Og medan ein kanskje vert uroleg av å vete at pandaene i ekornet har ein alliert i kampen mot menneska, så kan vi finne grunn til optimisme i at NaKri er ein alliert av mullaen i kampen mot dei grusomme pandaene!

Og ekorna.

La oss ønskje våpensystra velkomen!

onsdag 12. august 2009

Til forsvar for Jonas Gahr Støre

For dei som måtte lure etter gårsdagens innlegg, eg har eigentleg ikkje så mykje i mot Jonas Gahr Støre, forutan at eg ikkje alltid støttar politikken hans eller at han tydlegvis bruker same fotograf for bokcoveret sitt som Dressmann nyttar i sine reklamar... Eg tykkjer faktisk at St. Jonas er ein ålreit fyr, ein sympatisk og vennleg politikar, ein mann som meiner det godt. Tidvis kanskje litt for godt, ja. Og ikkje alltid kontakt med den same planeten som meg, men eg har ikkje tenkt å stemme på han, så eg tenkjer ikkje så mykje over det.

Eg vil like vel nytte høvet i dag til å skryte litt av ein av St. Jonas sine eigenskaper. Han er tolmodig. Som i dette tilfellet då han vert overfalt av ein lettare sinnsforvirra Armin Bahrami.

Armin Bahrami er ein fast bidragsytar til den norske konspirasjonsteorisida "Nyhetsspeilet", og meiner med dette å ha avslørt at St. Jonas kjenner til konspirasjonens skumle planar. Sjølv om det vi eigentleg er vitne til er ein mann som avfeiar ein gærning. Ein gærning han har vore i kontakt med før. Då hadde gærningen, utan kamera, fått St. Jonas til å innrømme at ein på Bilderbergermøta ønskjer å få snakke i fred.

Åh gid for ei avsløring.

Uansett. Kudos til St. Jonas for hans tolmod. Personleg hadde eg brukt ein gode time på å le meg skvett i hel av fyren...

tysdag 11. august 2009

Stiv kuling...

... eller rettere sagt, stiv kuleis, er det første som ramlar inn i hovudet mitt når eg høyrer om den nye isen som er på veg til London.

Vi er lova ein utsøkt, nær syndig smaksoppleving til ein ganske så heftig pris. Dette vert kanskje den første isen som vert rekna som nyttig, då den stimulerar til alskens kveldslege aktivitetar.

Vice Cream er kanskje eit like bra namn som noko på denne isen som offisielt heiter The Sex Pistol, og som inneheld kjende afrodisium og ein dæsj absinth.

Is er halal, det er vi alle samde om... men ein sådann stimulerande is må jo til og med vere rekna som sunn... eller kva? Eg er glad eg har booka flybillett til London allereie.

Importer ein politikar

Ein kan seie mykje rart om norske politikarar, men det meste er vel best å forbli usagt. Det er lett å mobbe dei, av og til litt for lett, då ein gløymer at dei alle berre er menneske. Eg tilgjev det gjerne, men verre er det med dårleg smak. Som då Jonas Gahr Støre tidlegare i dag freista å dele Arbeidarpartiets nye eldreprogram på Twitter og endte opp med å sende ei lenke til ei låt av Eminem i staden for. Han forklarte seg med at han på eit tidspunkt hadde låta som ringelåt på mobilen.

Eg var nøydd å revurdere alt eg hadde trudd om mannen der og då... eg måtte simpelthen riste det av meg.

Mi jakt på dugelege politikarar held fram, og tar meg i dag til utlandet, der ei ung jente demonstrerar talent for eksperimentering.

Om denne jenta kunne ta i bruk noko av dette engasjementet for å stremme opp norsk økonomi og miljøvern, så hadde det vore noko.

Og for dei av dykk som meiner vi ikkje burde reise heilt til Japan for å finne vår statsmenn og -kvinner, så vil eg berre demonstrere kva vi finn i vårt naboland.

Eg er ikkje så sikker på at dette hadde fungert. Vi veit jo korleis det gjekk med den norske varianten, Kristin Halvorsen.

(Biletet av St. Jonas er behørig knabba frå Arbeidarpartiet)

måndag 10. august 2009

Stem på meg i 2009!

Eg har lova valkampblogg, og det skal folket få. Eit av dei spørsmåla som eg har fått høyre ein del gonger, er ikkje eit om dei ulike partia, men om mullaen sjølv. Kvifor er det ikkje lenger mogleg å stemme på mullaen? Det er tydlegvis eit stor sakn å stemme på mullaen, noko som ikkje har vore mogleg sidan kommunevalet i 2003.

Eg kan difor med glede annonsere at de i heile landet kan stemme på meg i 2009!

Korleis får eg det til?
Enkelt. Det er to val i år. Stortingsvalet er gjerne ei tapt sak, men vi har òg eit kyrkjeval. Og folk over heile landet, mottar i dag valkort derifrå, uavhengig om dei har meldt seg ut eller ikkje. Til og med moskeen her har fått si forsending... så eg tenkte: kvifor ikkje?

Det rapporterast at du får valkortet uavhengig av at du har meldt deg inn/ut eller ikkje, dei ønskjer tydlegvis at alle i landet skal få delta i deira demokrati. Og kven er eg til å sette ein stoggar for det? Og sidan dei ikkje tenkjer så mykje å kven som er med eller ikkje, så tenkjer dei nok ikkje så mykje på kvar folk bur heller. Så skriv meg inn, og stem på meg i ditt lokale kyrkjeval.

Om du lurar på mine fanesaker, så kan eg gje eit par godbiter. Mad Mullah Hastur ønskjer:
* Ein minaret i alle storbykyrkjer (det kan gjerne kombinerast med klokketårn)
* Fleire pukkelryggar som klokkarar
* Eit total forbod mot homoekteskap og abort i kyrkja, dette høyrer strengt tatt heime hjå byfogden og legen. Ditt val, kvar du gjer kva, sjølvsagt.
* Meir paljettar på prestekjolane
* Lengre skjegg på prestar og kyrkjetenarar
* At hekseprosessane vert augneblinkeleg attinnført, vi ønskjer Hanne Herland og Nina Karin Monsen velkomen til grillfest.

Utover det har eg forstått at det er poppis å meine noko om skiljet mellom kyrkje og stat. Eg foreslår sjølvsagt eitt års seperasjon først, og at ein sett borna først. Så... kva vil du at eg skal gjere i ditt menighetsråd/bisperåd? Give it to me!

søndag 9. august 2009

Pandakræsj av internett før herremåltid

Vi har lenge kunne observere og dokumentere pandaers telepatiske påverknad menneske og andre levande vesen. Dette har vore farleg nok, men no har dei òg avslørt evner til å forstyrre internettforbindingar og serverar.

Dette var i forbindinge med nok ein av desse tallause pandafødslane, denne gong i San Diego. På onsdag vart eit nytt av desse vesna bragt inn i verda, og denne gong skulle ivrige tilbederar få følgje pandaens første dagar på webcam.

Dette gjekk bra eit par dagar, heilt til pandamoras sanne grådige natur tok over, og ideen om å ete sitt barn dukka opp (ein vanleg praksis blant desse motbydlege villdyra). Dette kunne dei sjølvsagt ikkje vise til sine tilhengjarar, så ved hjelp av tankekraft kræsja pandamora serveren som distribuerte videoen til internett.

Eit nytt våpen i arsenalet til Pandamonium er avslørt.

Men vi fryktar ikkje, for kunnskap er makt! Dei vil aldri ta oss på senga!

fredag 7. august 2009

Kupp reddar økonomien

USA slit litt meir med finanskrisa enn det vi gjer her i nord, og på tross av trilliardar i gåvepakke til dei rikaste ser det ikkje ut som om landets mest trengande har fått det betre. Dette kjem kanskje ikkje som eit sjokk på oss, men for eit land som har sverga til trickle-down economics sidan 80-talet er dette fullstendig uventa. Opp i alt dette har sjølvsagt Obama fått mykje kritikk for manglande evne til å trylle vekk problema, og løysingane hans vert avfeid som pur sosialisme.

Han har heldigvis eit siste triks i ermet:

torsdag 6. august 2009

Høgre om for Unge Høgre

Unge Høgre i Buskerud imponerar denne valkampen ved å vakle allereie ved start. I går kunne dei slå både på stortromma og på si eiga brystkasse og erklære at dei nekta å delta i skulevaldebattane der Vigrid òg hadde fått løyve til å delta.

Gromgutane i det odinistiske nazi-partiet Vigrid, leia av den bebarta Ted Bendy-aktige salsmannen Tore Wilhelm Tvedt, har hatt nok oppsluttnad til å kunne stille liste i det komande stortingsvalet, og kan difor òg delta i skulevala.

Unge Høgre var sjølvsagt forferda! Eit parti som meiner noko fundamentalt annleis enn den liberalistiske sosial demokratiske konsus! Motsetnadar på noko anna enn enkeltsaker! Hjelpe meg! Korleis skulle det ha seg om ein debatterte prinsippar og menneskeverd i ein skuledebatt?!

Pappagutane veit råd. Dei er unge. Dei er moderne. Dei veit kva som tel! Pappagutane ville boikotte! Dei vil ikkje stille til debatt om Vigrid får stille! Vigrid får heller stille åleine på skulane og tale uimotsagt, tenkjer dei. Dei er vant til å få vilja si heime, dei er vant til å få det dei peikar på. Men av ein eller annan merkeleg grunn så slår ikkje dei andre ungdomsfylkingane lag med dei på veg ut døra, dei andre er visst vant til å måtte diskutere med idiotar (?), og bestemmar seg for å ta debatten med vetle Vigrid.

Unge Høgre stussa. Nølte. Undra. Dei vil ikkje stå åleine utanfor og la dei andre debattere... det verte høgre om! Marsj inn att på plass, men ikkje utan sjølv erklære at dei vil framleis kjempe for at Vigrid ikkje skal få tale. For Unge Høgre er tilhengjarar av mangfold og fridom, forklarar dei. Og då må ein ikkje la folk med andre meiningar uttale seg. Då slår alt sprekkar for borgarskapet. Eg tillet meg å sitere Vigrid sin talsmann i skulevalet:
"Jeg synes dette er rimelig patetisk av Unge Høyre, og det viser at deres utspill er lite gjennomtenkte"
Kjære Unge Høgre, er det ikkje litt trist å gje Vigrid rett, allereie så tidleg i valkampen? Vigrid vinn på walkover i Buskerud om det held fram slik. Det beste er jo at de, ved å ville boikotte slemmingar som Vigrid, stiller dykk i same leir som Tjen Folket og SOS Rasisme. Dette har eg venta lenge på!

onsdag 5. august 2009

Løysinga på alt

Ja, valkampen er i gang, men ein kan jo spørre seg om kvifor. Dei spring no rundt i landet og overtyder oss alle om at deira små reformer er løysinga på alskens små problem, men kven vågar å ta opp dei store problema? Verdas fattigdom til dømes. Kven har klarsyn til å løyse det?

Det skal eg fortelje deg, Heidi Aleksandra Olsen har løysinga på alskens svolt og fattigdom.

Jakta er over, la dette geniet styre verda frå no av... eller?

tysdag 4. august 2009

Om å la seg rive med

Etter lang periode med styggever stakk sola fram. Etter ei veke med tung forkjøling var eg på beina att. To faktorar som bidrog til dagens hending. At då eg satt meg ned for å skrive, og ei melding frå ei jente i meinigheita tikka inn med invitasjon om iskrem, så lot eg meg riv med. Ut bar det. Og is vart spist.

Eg må ærleg innrømme at dette skal helst ikkje skje. Ein mulla skal vere viljesterk nok til å halde seg inne med sine skriveri.

Men eg vil likevel be om forståing for at etter så mykje innetid, var det berre rett og rimeleg at mullaen måtte ut på gata, ete is og drøfte politikk.

Så om dagen har ein fatwa å by på, så er det nok følgjande:
Sol er bra, og is er halal - spørsmål?

Så får de heller vente til i morgon med meir fascinerande tankar frå min skrivepult.

måndag 3. august 2009

Sex til besvær

Den lille tyske bygda fekk namnet Fucking rundt 1070, og har sidan då, om ein skal tru lokalbefolkinga, slitt med mindre smakfulle turistar. Vi snakkar turistar som gjerne vil ha seg med kvarandre framfor namneskilta, og gjerne forevige det med kamera når dei først er i gang. Andre er minst like originale og stel skilta.

Dette kan VG melde under overskrifta dei må ha venta i årevis på å bruke: Fucking lei av turistsex. Ei overskrift så banal og vemmeleg at ein vrir seg i fryd berre ein les den. Det slår meg at journalistane er enno mindre originale enn dei faktiske turistane.

Det slår meg òg at innbyggjarane i Fucking er sutrepaver. Det dei burde gjere er å utnytte sexturismen, slik Thailand, Amsterdam og Russland gjer det. Få satt opp nokre billige knullemotell, med skilt på romma. Ha lokale fotografar som står til rådighet for å ta bilete av dei som berre er på gjennomreise. Og ikkje minst, tilby sexpartnarar til dei som reiser åleine, eller berre med kameratflokken (og ikkje har denslags tilbøyligheiter). Her burde det vere ei formue å tene for smarte menneske i Fucking.

Alvorleg tala, så slår lokalbefolkinga i Fucking meg som tafatte, og lite initiativsrike. Om dette er nivået ein finn på bygder rundtomkring i Europa, så er det ikkje rart at den rurale livsstilen er døyande.

Så mi oppmoding er klar: Kjære innbyggjarar i Fucking. Slutt å sutre. De har ikkje eit problem, men eit potensial. Det er opp til dykk å utnytte det til det fulle.

Valkamp-schvalkamp

Vi tel 2009, og vi har enno ikkje lært. I rein desperasjon blar vi gjennom partiprogram og følgjer med på kvar einaste tv-debatt vi kjem over. Vi vonar å finne svaret. Å finne partiet. Partiet som vi støtter, og som støtter oss. Det er ikkje fordi politikarane snakkar for tungt eller har for kompliserte løysinger vi slit, men simpelthen fordi dei snakkar så lett, og har for enkle løysingar at alt vert til luft, til intet. Vi kan ikkje leve av luft og valflesk åleine, kan vi?

Partia er minst like desperate, dei kastar seg inn på bloggar og registrerar seg på twitter og kvitrar i veg. Dei er moderne og hippe, dei er med på laget og har nyskapande dialog med sine brukarar... eller veljarar som det heitte før. Saker har dei òg haugevis av - dei skal gjere alt godt i landet, berre dei for lov til å styre på våre vegne. Det er ikkje måte på kva dei skal gjere... men ein visjon har dei ikkje. Berre misjon.

Er det rart folk er fortvila? Eit mylder av partiar, ein kakophoni av stemmer, men inga bodskap. Intet vert sagt.

Og midt opp i dette står ein mulla, ein profet og ein konge i gult - Hastur - og vurderar å skrive nokre ord her og der. Vi stiller simpelthen spørsmålet: Burde mullaen din stå for valkampdekninga? Kva saker bør han i så fall ta opp? Kva vil de høyre om?

Det kan hende eg faktisk skriv om det.

søndag 2. august 2009

Absalong: Femten mann på død manns kiste

Absalong presenterar:

Femten mann på død manns kiste

Piratar, kaperar, plankegang, massevaldtekt av nonner, kaptein Svartskjegg og kaptein Sabeltann

Ei gransking av sjørøveriets tidlege historie og populærkultur ved medievitar, journalist og piratolog John Færseth

— Splitte mine bramsegl! Vi sparkar i gang haustsemesteret med kruttrøyk, kanonkuler og kjølhaling! Vi snakkar ekte maritim action med alle verdas mest berykta piratar; sjørøvarane som herja Karibien i dei gode gamle dagar. Frå Svartskjegg til Calico Jack, frå Anne Bonny til Mary Read, desse morderiske plyndrarane terroriserte heile flåter og skremte buksa av admiralar og monarkar. I film og litteratur er dei både skurkar og heltar, framstilt som skitne drapsmenn og grasiøse sverdsvingarar i trikot. Deira amoralske og anarkistiske tilnærming til verda har fascinert og trollbunde publikum sidan 1700-talet - frå Captain Johnson til Pirates of the Caribbean.

Sett av ein kveld til å utforske denne verda i lag med piratolog og "all-round entertainer" John Færseth, som vitjar Absalong den 25. august. Som piratolog har han fordjupa seg i skattekister og utallige flasker rom for å avdekke sjørøvarens sanne natur. Kom og høyr sanninga om blondeskjorter og ville skjegg, om kjølhaling og plankegong, om skattekart, skuter og kanonar.

Det er obligatorisk oppmøte for alle piratar då vi denne gong er sponsa av amerikanske Telltale Games, som denne somaren lanserar Tales of Monkey Island, det femte spelet i den legendariske pirateventyrspelet om Guybrush Threepwood. Dette tyder sjølvsagt at det vert konkurranse!

I tillegg vil Absalongs faste DJar by på besynderleg musikk, denne gong med eit særs maritimt tilslag - og vi oppmodar gladeleg til allsang om høvet skulle by seg. Dessutan har baren på Klar Bar nok av rom av ulikt slag, så det er all grunn til å ta med seg lommeboka. Det heile tar til tysdag 25. august, klokka 1900 på Klar Bar i andre etasje på Zachen, og det koster som vanleg 50 spanske dubloner å kome inn.

Kjem du ikkje er du ein fordømt landkrabbe og kan forvente å gå planken.

Vel møtt!