onsdag 30. september 2009

Ei lita bygd

Stuttvokste, forfølgde og til stadig offer for vitsar. Nei, vi snakkar ikkje om samar denne gongen, men om dvergar. Ikkje tøffe, skjeggete krigarar som du finn i Dungeons & Dragons og Ringenes Herre, men heilt vanlege dvergar, av typen du fann i fargerike kostymer i kongens hoff. Dei vert ofte sjikanert og framstilt som litt komiske over heile verda, men i Kina har ei gruppe dvergar fått nok og danna sitt eiga lille samfunn. Ikkje noko stor by, men ei lita landsbygd, ein miniputby. Ein dvergeby. Her altså dei kinesiske dvergane kunne slått seg til ro, med ei klar høgdebegrensing for kven som kan finne seg ein heim der. Dei har her sitt eiga dvergepoliti, dvergebrannkorps og dvergebutikkar.

Det er likevel dei ting som tyder på at ikkje alt er vel i dvergebyen, då dei tydlegvis er desperate etter turisme. For husa er store sopphus, og sjølv kler dei seg ut som eventyrfigurar. Diverre gjer høgdegrensa det umogleg for Snøkvit å vitje sine gamle vennar.

Dette er uansett eit fascinerande steg å ta, og det viser at segregering ikkje nødvendigvis er diskriminering. Av og til er det den svake part som sjølv ønskjer avstand frå det store fleirtalet. Det er noko til ettertanke for oss integreringsentusiastar.

Dei av oss som alltid er i manko ein dverg når vi skal på fest, veit i alle fall kvar vi skal finne ein neste gong. Ser fram til julebordsesongen no.

tysdag 29. september 2009

Apropos kjekke syn

Eg nemnte i førre innlegg at den neste boka ville vere tilgjengeleg snarleg, vel eg hadde rett. Eg fekk mine eksemplar i dag.
Nyt synet av the Marylebone Mummy, eit kort eventyr eg forfatta for nokre år sidan, basert på ein artikkel av Peter Schweighofer, kjend frå klassikarar frå min ungdomstid som Imperial Sourcebook. Hans originale soge bar i seg ei genial lita kjerne, som leia fram til hans bok Rise of the Red God, som eg no sitt og bearbeidar for nyutgjeving. I min variant av the Marylebone Mummy fører avdukinga av ein egyptisk mumie til kaos i eit av Londons meir fasjonable strøk. Spring, kjøp og leik.

Den andre boka du ser på biletet er Faulkner's Millinery and Miscellanea, ei bok om ulike varer og tenestar i victorianske London, samt eit par steampunkgodbitar. Alt saman med forventa pris. Den er delvis illustrert av den meget talentfulle Katrine Rasmussen, og er i følgje innsida basert på originalt arbeid av mellom anna underteikna. Eg tok ikkje det så alvorleg før eg faktisk såg skikkeleg på innhaldet, og fann fleire artige gjenstander eg designa for snart fem år sidan då Victoriana var eigd og utvikla av heilt andre menneske. Heilsider dedikert til reklamer for min lommerike eventyrfrakk som gjev ekstra demping jo meir gjenstander du ber på, eller eit automatisk roterande hattestativ for dei meir velståande husstandar er berre noko av det ein finn der eg i mi tid fantaserte om. Ekstra moro er dei nye forfattarane som berre har klistra på små memoer med kommentarar til designet, og som understrekar at dette er i litt overkant eksentrisk. Andre godsaker er trollmannstaven med ein straumførande knott på enden, for gentlemannen som har alt, og heller brutale granatar. Artig attsyn med ting eg knota ned på papira i somarsola for mange år sidan. Så... spring, kjøp og leik!

Eit kjekt syn

Denne helga snubla eg kjapt innom den årlege spelfestivalen i Bergen, Regncon, der unge gutar og jentar kjempar om å vere mest mogleg sosialt utfordra og spelar rollespel, brettspel, kortspel og dataspel heile helga. Då eg var yngre, så var dette eit av årets høgdepunkt, men no når aldaren har fanga meg, og alle livets plikter tynger meg ned, vert det helst til at eg kjem innom for å leie ei pulje av eit rollespel, handhelse litt og så forsvinne. Det var tilfelle i år. Denne gongen kunne eg likevel ta med meg eit artig minne frå min kjappe visitt, då den lokale spelforretninga, Outland, har tatt inn Victoriana 2nd edition, eit steampunkrollespel eg ikkje er heilt uskuldeg i å ha bragt til verda.
Er det ein ting ein likar, så er det å sjå sitt arbeid i bokhyller og bokbutikkar. Ekstra moro er det å sjå det i Noreg, sidan mykje av blekksverta eg er involvert i aldri kjem så langt som til heimlandet, men forblir i England og USA. No er det berre Bergensavdelinga som har tatt inn Victoriana, såvidt eg veit, men de kan jo alltids leggje press på dykkar lokale forretning. Eller bestille boka på nett, noko som fungerar veldig lett og ikkje er så reint lite rimeleg.

Mi neste bok i serien vert sendt ut til butikkar denne veka. Vi gledar oss til å sjå den òg til sals. Kanskje til og med her heime?

måndag 28. september 2009

Samisk kultur

Etter å ha grundig overtydd kinogjengarane, går no den fabelaktige storfilmen om Kautokeinoopprøret sin sigersgong på norske fjernsynskjermar. Som fleire allereie veit, så er samisk kultur og historie eit av mine favorittema, og eg er alltid opptatt av at samane er intelligente og kløktige, og ein ikkje så reint lite samanfatta kultur. Noko ein mellom anna kan sjå i nær dokumentariske skildringar som Kautokeinoopprøret og Kill Buljo. Til ære for denne mangslungne kulturen, vil eg difor dele ein video som på sett og vis oppsummerar samen i møte med sørnorsk kultur, den er dedikert til min gode venn, den samiske kristenpornografen der oppe i nord.

søndag 27. september 2009

La dei døy!

Det er ikkje kvar dag ein såkalla dyrevernar vaknar frå transen, og gjennomskuar Pandamonium og ser pandaene for det dei er. Tidlegare denne veka vart eg likevel gjort merksam på eit tilfelle av nettopp dette.

Chris Packham, programleiar for Springwatch på BBC, har innsett det openbare faktum at vi menneske nyttar overdrevent mykje midlar på å halde liv i eit fullstendig unyttig vesen. Med ei verd i krise, og autentisk interessante og levedyktige dyr på randen av utrydding grunna menneskeleg inngripen, finnes det langt meir matnyttige ting å nytte pengane på. La dei døy, er hans konklusjon. For her har vi ein rase som ikkje berre vel å leve på eit kosthold dei ikkje kan overleve på, og som nektar å forplante seg utan menneskeleg hjelp. Dei er simpelthen ein blindveg, evolusjonært sett.

Herr Packham må no berre sjå vidare - kvifor er det vi held liv i dei? Kva er det som besett oss til å nytte ei formue på dei, og ikkje på tigre? Svaret er sjølvsagt hypnose. Telepatisk kontroll! Utan oss vil dei døy! Med dei, så døyr vi! Dei vil ta alle våre ressursar, all vår energi, og etterlate oss som tomme skal!

Om vi ikkje gjer noko no! Om vi ikkje gjer motstand! Tar til våpen! Og tar vekk lommeboka! Ned med Pandamoniums sugerør inn i statskassa!

La dei døy!

laurdag 26. september 2009

Laurdagsblogging? - Ein ape i lomma

Då eg har ein del å ta meg til i dag, hadde eg tenkt å hoppe over blogginga. Så kom eg til å tenkje på dykk der ute, som er avhengige av mine daglege utspel, og at de har måtte lide dykk gjennom fleire dagar utan meg medan eg var i London. Det er ikkje rettferdig å utsette dykk for nok eit fråver så snart.

Så eg tenkte eg kanskje burde blogge noko likevel.

På den andre sida, så er det ikkje sunt å vere avhengig. Kanskje eg helst skulle latt vere, slik at de hadde lært dykk å vere meir sjølvstendige.

Eit vanskeleg val var det, så eg valte å blogge, men å gjere innleggjet så meiningslaust som mogleg. Korleis funker det hittil? Vi rundar av med ein video som er forståeleg for ein liten handfull av dykk, og underhaldande for dei mest skakkøyrde av dykk. Ja, vi snakkar her ein musikalsk tribute til Monkey Island!

Og det minnar meg på at episode tre av Tales of Monkey Island kjem ut på tysdag, og om du ikkje har komen i gang med serien enno, så er det jommen på tide. Personleg så er min søndag dedikert til å spele gjennom neste episode, slik at eg har noko vetugt å seie om den når den vert tilgjengeleg for resten av dykk på tysdag.

Ha ein framleis fin laurdag alle saman

fredag 25. september 2009

Ei gledeleg avslutting...

Vi må først rette våre skuldande blikk mot ein forferdeleg fotograf, og eit enno meir ubrukeleg mobilkamera - for du kan neppe sjå det som det er meininga at du skal sjå på dette biletet. Dette er eit etablissement av eit eller anna slag eg fann i Camden Town i London. Eit etablissement lik så mange andre i området, som byr på massasje og sauna døgnet rundt. For den slags er det alltid bruk for, og det er betryggjande å vete at glorete neonskilt alltid kan vise veg til den nødvendige forløysinga av kva enn knuter og stress som plagar deg - og løysing ein og to ikkje kjem på tale.

Det var likevel noko med denne massasjesalongen som fekk meg til å stogge opp. Reklameskilta kunne informere om ei rekkje tilbod som staden kunne by på. Her kunne du få sauna, massasje, solarium, damping og... stand-up?

Litt usikker på korleis dette fungerar, mitt reisefølgje delte ikkje min nyfikenhet, men eg antar at det er ein slags garanti for ei gledeleg avslutting på kvelden. Ein happy ending.

torsdag 24. september 2009

Joggebukser

I dag skal eg fortelje dykk noko de allereie veit. Noko alle fornuftige menneske har fått med seg, men som nokre ser ut til å vere så altfor villige til å ignorere. Og desse uansvarlege kreka ser eg kvar dag ute i friluft.

Dei dukkar opp på kantiner, på butikken og på gatehjørnet. Av og til ser eg dei på møter og på førelesingar. Og eg får lyst til å ty til vald kvar einaste gong. Blodet mitt kokar over, og nevene mine knyttar seg. Eg må konsentrere meg for å halde attende fråden kvar gong eg legg auga mine på eit eller anna dement krek som presterar å vandre rundt i joggebukser. Kosebukser som nokon vil kalle det.

Kva du vel å gå med heime hjå deg sjølv legg eg meg ikkje opp i. Og om du trener, så skal du få lov - medan du faktisk trenar. Men ha klart for deg no, ein gong for alle; Joggebukser er ikkje eit akseptabelt klesplagg! Ved Profetens skjegg, eg vert så irritert over menneske som sett sin eigen komfort over alt anna. Dei vil berre ha det koseleg. Det signaliserar ei bedriten og slapp haldning. Går du i joggebukse, så fortel du meg at du ikkje bryr deg. At du snur i døra om noko på andre sida av dørkarmen krev innsats eller involverar det minste av ubehag. Du fortel meg at du er ein slask som ser på verda som ein sofa du kan liggje i medan du dyttar i deg chips og junk-food.

Og medan vi er inne på det - tjukkaser i joggebukser. Ein særeigen stad i helvete er reservert for dykk, for dykkar vulgære overgrep mot all god smak. Kva i helvete er det som gjer at når folk passerar ein viss kilomengde, så trur dei at dei kan kle seg i kva som helst?! Og ikkje minst i joggebukse?! Fy faen kor hesleg! Om du er så feit at du finn det ukomfortabelt å gå i arbeid i normale klede, så kan du pinadø kvitte deg med eit par kilo, i staden for å vralte rundt i kosebukser med eit tilfreds glis.

Eg er sjølv god og rund, men eg har betre vet enn å begå stilmessig sjølvmord. Eg bryr meg om korleis eg ser ut. Så dei av dykk der ute som har fått det for dykk at ekstra kilo er grunn nok til å kaste all god smak til side, så værsågod kapituler med ein gong og skaff dykk ein sabla fargerik mumu. Om noko er verre enn joggebukser, så er det dèt!

Nok ein gong - JOGGEBUKSER ER IKKJE EIT KLESPLAGG!

Slik. Det var godt å få sagt.

onsdag 23. september 2009

Kvifor vere religiøs

Som mulla er det ofte eg vert konfrontert angåande religiøsitet av vantru kjøtarar på strake vegen til eit brennheitt helvete. Dei spør meg kvifor dei skal tru, kvifor skal dei vere religiøse? Det openbare svaret er sjølvsat "kvifor ikkje?!", då dette er godt nok svar på det meste eg tar meg til, men det er òg mogleg å gå ned i djupnad på spørsmålet.

Då vert spørsmålet, kva får eg, som enkeltindivid ut av religiøsiteten? Dette er det fleire som har prøvd å svare på, men dei tar alle saman grusomt feil og skivebommer totalt. Dei fokuserar på nærver ved Gud, tryggleik og liknande. Dette er piss. Og totalt uinteressant i lengda. Det er ikkje dette eit moderne, urbant og hipt menneske ønskjer seg, og det er til dykk eg henvendar meg til som mulla. De forventar noko heilt anna av livet, og det kan religionen gje deg. Religion er spenning og riskiko! Religion er å kaste seg utfor eit stup mot eit turbulent hav utan å vete at nokon vil ta deg i mot, men berre ei sta visse om at nokon sikkert er der, for livet kan vel umogleg vere tilfeldig. Religion er risikoen for å verte ein blodflekk i fjæra!

Ikkje berre det, men religionen gjev deg eit sett med reglar du skal følgje, den eine betre enn den andre, og bryt du ein av dei så er du ute av leiken. Festleiken. For det er nok festleik som har inspirert ein del av disse reglane - visste du til dømes at mosebøkene dine forbyr deg å blande tekstiler i eitt klesplagg? Alt skal vere 100%, baby! Elles ventar det deg vel ein dose steining ved sida av sodomitten som vart litt for glad i sin neste.

Mykje av nytinga ligg òg i å nyte denne forbodne frukta. Det å verte lettfeldig med ting, som kan ha alvorlege konsekvensar for ditt liv er ikkje berre vanedannande, det aukar nytinga. Som muslim er det ingenting som smakar betre enn å starte dagen med egg og bacon, og avslutte med eit glas eller to av fin whiskey. Synd smakar godt. Og religiøsitet og synd går hand i hand. Du er ikkje religiøs utan å ha eit forhold til synd og tabu. Eit nært forhold.

Særleg er det sant for kristendommen, ein av dei meir populære religionane her i området. Ein kristen må jamleg be om tilgjeving for sine synder. Og då ein som verkeleg er kristen synde ein del. Synda har ein spesiell tiltrekkingskraft for den kristne, den eggar han som ingenting anna. Ta til dømes begjæret. Seksuell vellyst. Ingen annan syndig kjensle har ført til så mykje spennande kristen framferd. Enten det no er lyssky homsesex på offentlege toalett, tafsing på konfirmantar eller onani til allskens fargerik porno. Sistnemnte har eg observert i dei siste åra har blitt eit stort og viktig tema for dei mange kristne der ute. Fleire og fleire kristne kjem ut av skapet og fortel om vanskane dei har hatt med å slutte å nyte pornografi. Det virker som om dei, meir enn nokon andre, har lett for å verte avhengige av pornografi, og eg mistenkjer at det helst er synda dei er avhengig av, og ikkje den seksuelle tilfredsstillinga dei får av å spele ein trudelutt på bukseklarinetten. Dette kjem godt fram i eit intervju med Karl-Johan Kjøde og Morten Eikli i dagens Dagen Magazinet. To unge menn som tappert har kjempa seg ut av pornoavhengigheten og no vil hjelpe andre med det same. Dei har tåredryppande forteljingar om korleis dei satt liv og sjel på spel for å nyte litt hud på skjermen. Kjøde fortel;
Jeg kunne i perioder se på pornografi daglig. Begjæret ble styrende, og pornografien var en ”quick fix” jeg brukte for å rømme fra de egentlige utfordringene. Det påvirket ikke bare meg, men også forholdet til Gud, Katrine og andre kvinner. Jeg prøvde mange ganger å slutte på egen hånd ved hjelp av viljekraft, men kom til kort hver gang. Jeg hadde fortalt til kona at jeg hadde et problem med pornografi, men jeg tror verken hun eller meg skjønte alvoret
Eg veit ikkje, men eg antar at delar av problemet låg vel i at han prøvde å slutte for eiga hand. Om han først er avhengig av denslags, så foreskriver vel Bibelen helst at du kuttar den av? Til slutt nådde Kjøde botnen;
Sensommeren i fjor møtte jeg meg selv på bunnen. Den dagen hadde jeg droppet skole og en avtale for å surfe på pornografi. Jeg fikk se hvor dypt synden i meg stakk og i hvor stor grad den faktisk fikk prege meg. Det som likevel gjør porno så vanskelig å slutte med, er at den lammer følelsene dine. Man blir aldri tilfreds og vil alltid kjenne på et behov for mer. I søkingen etter mer, fraskriver man seg alt ansvar og tilsidesetter sunn fornuft
No har altså gutane funne roen, og tatt avstand frå pornografien, men dei innrømmer at dei alltid vil kjenne begjæret og kjødlege lyster lokke - for resten av deira liv. Synda vart for fristande og kjekk for dei, kanskje. Forsterka av religiøsiteten tok det som elles er eit relativt mundant gjeremål kosmologisk tyding. Det vert eit spørsmål om frelse. Kvar ein ledig stund ei sjansespel, kvart eit mørkt rom eit høve til å møte djevelen sjølv - og handhelse på han.

Så tenk deg om no... tenk på dine eigne private stunder. Og samanlikn med deira. Og fortel meg at du ikkje trur dei hadde det langt meir spennande enn deg.

Og difor bør du vere religiøs.

tysdag 22. september 2009

Ei stimuluspakke

Ja, eg er altså attende frå min lille utanlandstur, som de sikkert forstod av innleggjet tidlegare i dag. Det var ei kort, men hendingsrik tilvære som landflyktig i Storbritannia medan eg tryggja meg sjølv om at Siv Jensen faktisk ikkje kom til å verte statsministar. I mellomtida tok eg meg til det vi nordmenn gjer best. Eg plyndra. Eit vassekte vikingtokt!

Eg samla saman gull, edelsteiner og kunstverk. I det minste var det ein del sølv og krystall, og nokre DVDar og slikt.

Men det var noko ytterst moderne og sosialdemokratisk ved mitt plyndringstokt, det innrømmar eg. For eg betalte for meg. Og det i store sedlar. For den britiske økonomi, i likskap med store deler av økonomien i den vestlege verda, og i motstetnad til den norske, er i store vanskar. Det er ein sånn derre finanskrise på gong. Ein gong kvart tiande år får alle økonomar panikk, og fortel folk at verda no går under, medan dei jamrar seg høglytt. Det er eit underleg religiøst ritual eg enno ikkje har forstått meg heilt på, men eg dømmar ingen for deira religiøse tru.

Ein del av ritualet er såkalla økonomiske stimuluspakker som skal leie økonomien trygt i hamn ved å skyte inn fersk kronasje og stimulere til allskens vekst. Noreg, som lenge har vore profilert som ein ansvarleg bistandsnasjon, nyttar difor folk som meg for å stimulere den britiske økonomien. Vi vert sendt ditt med eit mål for auge. Å stimulere økonomien med turboforbruk. Det er ein form for bistand. U-hjelp som det heitte i gamle dagar.

Det føles godt å kunne bidra til å hjelpe våre britiske brødre. No må eg berre sende kredittkortrekninga til regjeringskvartalet, så reknar eg med at Jensemann er kjapp med å betale det eg la ut for å bistå britane.

Uforfalska sanning til sals!

Hugser de den veldig ansvarlege redaktøren Frank Aune? Du veit, han som "avslørte" underjordiske basar, etter at det var gamalt nytt blant hans likesinna. Du veit han som nytta ITpro til å fortelje deg sanninga om 11. september og meire til.

Det er dei som fryktar at det vart stille etter dette på ITpro, men i stadenfor har han eller valt å konsentrere seg om eit av sine underbruk - det vidunderlege "Nyhetsspeilet". Ei samleside der folk med begrensa grep på den offisielle røynda pådytta dei av grå skuggar i Illuminati kan publisere heilt sanne nyhende. Her får du alt MSM - mainstream media - nekter å gje deg! Nyhetsspeilet er ein av 6 sider som inngår i Frank Aune sitt enorme medieimperium. Og merkeleg nok den einaste sida som vert utelatt frå omtale når han no prøver å selje seg til høgst bydande.

Ja, du høyrde rett. ITpro, og tilhøyrande underbruk, er no til sals. Frank Aune etterlys no pengesterke partnarar som vil kjøpe seg inn i eller å ta over sidene og dei mange brukarane av dei. "Salspitchen" fokuserar gjerne på dei meir nerdete aktivitetane, og ikkje så mykje på dei meir sanningssøkjande. Så ein eller annan mediebedrift der ute kan snøgt verte overraska over å ikkje berre ha kjøpt sider om dataspel og datateknologi, men òg eit nettverk av folk som er veldig opptatt av å fortelje deg korleis du kan nå eit høgare nivå av medvite, kvifor du ikkje skal vaksinere dine barn og, ikkje minst, at vår regjering er styrt av Illuminati. Her er det stort potensial for å krydre din medieportefølje, så eg satsar sterkt på at ABCnyheter eller VG vil kjøpe opp ei uttømmeleg kjelde for siste nytt om UFOar, handspåleggjing og verdas undergang i 2012.

Eg vurderar nesten å komme med bud sjølv. Er det nokon som har lyst til å vere med å spytte i for eit alternativt medieimperium? Om du lurar på kva du får for pengene, så smak på denne godsaka frå den frykeleg ansvarlege redaktøren Frank Aune.

torsdag 17. september 2009

Ein vill, planlagd flukt

Eg innrømmer det. Eg lot meg lure. Det skjer ikkje ofte, men den jamne straumen av vrøvl frå massemedia klarte å overtyde meg tidleg i år om at eit borgarleg fleirtal var uomgjengeleg. Eg vart lurt til å tru at Siv Jensen garantert skulle bli statsministar.

Så eg gjorde det einaste eg kunne, eg planla ein flukt. Eg tinga til og med flybillett ut av landet etter valet. Så her sitt eg. Klar til avreise til Londinium om eit par timar, medan landet likevel ser ut til å vere trygt i hendene på hakket mindre grusomme menneske. Min landflyktighet, om enn framleis tiltalande, er strengt tatt unødvendig.

Men eg hatar å sløse vekk pengar. Så eg reisar.

Så ser vi om eg finn ein returbillett over helga.

onsdag 16. september 2009

Med fokus på Red Dawn

I gårsdagens innlegg nemnte eg at Patrick Swayze var død, og dette skapte jo sjølvsagt rom for omtale av hans beste film nokonsinne, Red Dawn. Der mainstream media fokuserar på ræl som Ghost og Dirty Dancing, er det fare for at folk gløymer eller ikkje vert obs på det filmatiske meistarverket som er Red Dawn frå 1984. Ein film som aldri vil døy i sinnet til oss born av den kalde krigen. Ta ein titt:

Red Dawn er ikkje berre eit horribelt stykke amerikansk kald krig-propaganda, ikkje berre reaganistiske krampetrekningar, men ein dønn ærleg visjon om amerikanske ungdommers evne til å gjere motstand mot fridomens fiendar. Zen-fascisten John Milius, kjend for filmar som Conan og bidrag til Apocalypse Now, vevar i Red Dawn ei fabelaktig soge om eit Amerikan invadert og underlagt kommunismens harde hel. Ved filmens byrjing vert vi introdusert for heilt gjennomsnittleg ungdom, i ein heilt gjennomsnittleg bygd i USA. Dei speler fotball og går på skule, heilt til ein dag då cubanske og russiske fallskjermjegarar landar i skulegarden og gjer kort prosess av historielæraren deira. USA har blitt tatt med buksa nede, og okkupasjonen er eit faktum. Ungdommane stikk av i trucken til Patrick Swayze og forsvinn til skogs der dei byrjar ein knallhard motstandskamp mot okkupasjonsmakta. Dette er ikkje ein film om ekte heltar som jagar fienden ut av landet, men ei skildring av motstandens harde realitetar. Dette er ikkje ein film om korleis det amerikanske forsvaret jagar fienden på dør, men ein film om ungdommar som kjempar for sine ideal.

Og det heile er fabelaktig cheezy og til å vri seg av. Det er kort og greit ein av mine favorittfilmar. Den er obligatorisk om du skal forstå din mulla.

Urovekkande er det difor at dei no held på med ein remake. Då er det ikkje russarar og cubanarane som er slemme, nei, det er sjølvsagt dei mangfoldige kinesarane!

Her er det all grunn til å vere skeptisk, nervøs og... ja... Dette kan vel umogleg gå bra? Kva tid vart USAs store handelspartnar i aust fienden? Har vi gløymd at kinesarane er kapitalistar? Har USA gløymd at Kina eig enorme mengder av amerikansk gjeld... åh... gløym det. Kreditorane er på veg gitt.

Dette er eit prosjekt fullstendig blotta for John Milius sin teft for det politisk ukorrekte. Det virker berre platt og uoppfinnsomt. Nei, då er det mykje kjekkare å vete at medan John Milius drøymer å spele inn eit storstilt krigsdrama i Bergen, så er han langtifrå inaktiv. Han har nyleg skreve manus for eit spel, med same premiss som Red Dawn. Homefront:

Du skjønner... ein nord-koreansk invasjon, er tusen gongare kulare enn kinesarane. Dette kjem til å sparke rumpe!

tysdag 15. september 2009

Postval-sutring

Så var Stortingsvalet over. Arbeidarpartiet hoverar, medan alle andre slikker sine sår. Og så har du dei som sutrar då. Det er mange som sutrar, og av ulike årsakar. Nokre av dei er gode, sjølvsagt, som manglande fokus på miljø, datalagringsdirektivet, inhuman asylpolitikk og andre gjeve saker, andre derimot nytta morgontimane til å sutre over heilt andre ting. Valsystemet. Det representative demokrati. Slike ting.

Og det var ikkje meg. Tru det eller ei. Eg har ingen illusjonar om at valet er rettferdig, men det er dei som tydlegvis likar å tru det.

Min venn Bjørn Are oppsummerar sutringa godt, når han klagar på det som har vore dei borgarlege si jamresak i dag. Ja, takka vere reglane for vårt system, så er det faktisk slik at sjølv om dei borgarlege fekk flest stemmer, så har partane i den raudgrøne regjeringa vunne flest mandat. Og vi lærte kvifor på skulen; det er fordi dei ulike fylka har ulikt antal mandat basert både folketal og andre faktorar. Det høyres kanskje feil ut, og det er det vel gjerne òg, men slik er det representative demokratiet bygd. Å trekkje linjene til Bush/Gore i 2001 og spydig rope statskupp, er gjerne morosamt, men dekker ikkje over sutringa.

Så no skal eg med eit enkelt poeng forsvare systemet i forhold til det amerikanske dei no vil samanlikne seg med: "I Noreg tel svarte innbyggjarar som ein heil person i fordelinga av mandat, det gjer det ikkje i USA, diverre". Rester av gode gamle dagar kallar vi det.

Det slår meg likevel at dei borgarlege som sutrar over dette, er dei same som truleg vil be andre slutte å sutre over at liknande ting har skjedd andre stader. Faktisk, så er det dei same som hadde bedt venstresida slutte å sutre dersom det omvendte hadde skjedd i går. Realiteten er vel at dei sutrar helst over at dei tapte, ikkje at dei brått har oppdaga at systemet var urettferdig.

For systemet har alltid vore slik, og systemet har alltid vore skakkøyrd, og medmindre dei tok seg tid til å kritisere systemet før valet, så er det litt seint å hevde at det er øydelagd no, berre fordi dei tapte.

Personleg sutrar eg uansett kven som vinn eller ikkje vinn. Eg er konsekvent slik sett.

Dessutan er det langt viktigare at Patrick Swayze er død... og det medan dei førebur Red Dawn-remake og dei raudgrøne vinn valet, eg luktar drapskonspirasjon!

Den skandinaviske anti-semittisme

Vi kjem attende med valpjatt, eg lovar, men eg beit meg merke i ein liten ting frå våre israelske vennar i disse dagar;
"Norway is following Swedens Antisemitic lead. The Norwegian governments pension fund just sold its stock in Israels Elbit defense contractor due to Elbits provision of electronic monitors for the separation fence."
Dette ser dei i samanheng med dei heller ukloke utsegna i Aftonbladet i Sverige for litt sidan. For du skjønner... å hevde at jødar haustar organane til Palestinske born, er jo heilt på linje med å vere prinsipielt i mot ein folkerettsstridig mur. Eller for å seie det på israelsk vis:

Ja... no tar vi dykk meir seriøst folkens. Vi skal slutte å vere anti-semittar med ein gong...

måndag 14. september 2009

Den store valdagen

Landet rundt så sitt folk nagla til skjermen og klamrar seg til bord og stoler medan tala ramlar inn. Oj oj, så spanande det er. Eg var innom eit stort valvake med over 500 menneske, det stod kø utanfor bygget, og alles auger var festa på skjermen der NRK kunne vise andre menneske, på andre valvake snakke om prognoser og trekke tal ut av rumpe og luft. Dei betalte penger for å vere der.

Etterkvart vart lyden av dei murrande masser overdøyvande og eg og mitt selskap måtte slå retrett. Ut i mørkret og heim til eigne tv-skjermer. Og no har media bestemt seg; framleis raudgrøn regjering, FrP gjer brakval og Sponheim har gått av.

Sett slikt... får eg ikkje Siv Jensen som førarinne likevel? Det var då som pokker... eg som gleda meg slikt til å måtte flykte frå landet. Oh well, mykje rart kan skje i løpet av natta. Eg går i alle fall og legg meg, dette var like keisamt som førre gong.

søndag 13. september 2009

Frå Afrikas jungel

Medan vi her i Noreg godtar oss med stortingsval og kyrkjeval om ein annan, sitt altså to skyteglade nordmenn i buret i Afrika utan denslags underhaldning. Kva underhaldning har ein eigentleg i Kongo, lurar vel du på. Vel, det går mest i sang og dans. Noko slikt som dette:


Og til dette vil Siv Jensen sende asylsøkjarar?

[Oppdatering: Diverre er kultur- og historielause sengeveterar og har fjerna den fine videoen. De kan finne den att på denne sida]

onsdag 9. september 2009

Valsuppe frå venstre?

Venstre er som kjend eit artig lite parti, som bastant prøver å plassere seg ute på den liberalistiske høgresida ved å fronte ein saleg blandling marknadsteologi og personleg fridom. Dette har til dels veldig underhaldande resultat for oss på utsida, men av og til vert ein nøydd å stogge opp litt.

For kva slags suppe er det eigentleg dei har rørt saman denne gongen?

Eg har høyrd om valflesk, men det er vel neppe halal... men er valkebab det då?

Tenk å misbruke snille gamle damer på dette viset. For ein graut.

tysdag 8. september 2009

I eit vallokale nær deg...

Eg veit ikkje kva som kom over meg. Kanskje det var fordi det regna så mykje. Kanskje det var fordi eg ville prøve. Sjå om eg fekk det til. Teste grensane for mine prinsipp. Men eg gjekk altså inn døra.

Og eg følte meg skitten med ein gong eg gjekk over dørstokken til vallokalet. Førehandsstemming; det er ein fin ting, for all del. Men når trua på heile valet har blitt vaska vekk av regnet virker det heile ganske så absurd.

Lokala for førehandsstemming var i nabobygget til min arbeidsstad. Så det var verdas enklaste ting å berre gå inn og sjå. Sjå på datamaskinene. Sjå på dei små avlukka. Og, ikkje minst, sjå på dei tre menneska som satt ved borda og venta på at nokon skulle stemme.

Eg måtte seie noko. Berre konstantere. Få ut min frustrasjon. Få mi fortviling lagt fram for nokon - ein valterapeut. Eg gjekk opp til den første ledige "valfunksjonæren" og sa det som det var! "Eg veit ikkje kva eg skal gjere! Valet i år er forjævleg! Det finnes ingen som forten mi stemme!"

Ho såg på meg med forståing i auga. "Eg burde ikkje seie dette, men... " byrja ho, og såg seg kjapt rundt. Ho var heilt einig. Ho orka ikkje å tenkje på det sjølv."

Eg vart ståande og sjå på henne. Eg visste ikkje kva eg skulle svare henne, like lite som ho visste å svare meg. Vi var i same båt. Vi hadde mista det lille som var av tru og von. Ho satt der og tok i mot førehandsstemmene... men trudde ho eigentleg at det var noko vits? Trudde ho at ho gjorde ei god gjerning?

Forutan lojale partimedlemmar har eg ikkje møtt eit einaste menneske i år som trygt kan seie at dei veit kva dei skal stemme på. Eller at dei vil stemme. Eg og denne kvinna, som satt der og tok i mot konvoluttar, er ikkje åleine.

Og vi har ingen andre enn våre politikarar og media å takke for denne forbanna suppa.

Eg gjekk ut att i regnet i von om at det ville vaske av meg den skitne kjensla.

Og i det fjerne høyrde eg den gamle lyden av støvleheler mot hard asfalt i taktfast rytme.

Sjokket i Kongo

Det var stor oppstandelse blant dei nordmenn som kunne følgje domsavseiinga mot Moland og French i Kongo i dag. Dommen vart lagt fram på fransk, eit språk eg ikkje forstår døyten av, til applaus og begeistring blant kongolesarane, medan nordmenn limt til PC-skjermen vart bleikare og bleikare.

Aldri før har det vore klarare at vi lev i ulike verdener, vi nordmenn og kongolesarane, og mange spør seg nok kva bistandspengane går til. Har ikkje vi brukt ei formue på afrikanske land i von om at ein anstendig rettsstat skal vakse fram? Og kva er resultatet?

Ein totalt mislukka rettsstat. Ein domstol hinsides all vår morbide fantasi!

Ein hagestol!

I ein så viktig rettssak som dette, vart både tiltalte og publikum tvungen til å sitte i tradisjonelle hagestoler av plast (du veit den typen som du har herpa i fylla ein gong). Dette er verkeleg ikkje haldbart, ein kan ikkje avgje dom i ei så viktig sak som dette. Dommen bør straks annullerast, og vi må overføre ein betydleg sum i bistand for å fikse interiøreret i den kongolesiske rettsstat.

Berre då kan vi få dømt desse spionane til døden på skikkeleg vis.

måndag 7. september 2009

Musikalsk perle: Muslimgauze

Å flykte inn i musikken for å sleppe unna vanviddet som er den pågåande valkampen er vel ein gyldig strategi? Eit band som det gjer overraskande godt å flykte til i slike tider er avdøde Bryn Jones sitt noise-prosjekt Muslimgauze.

Prosjektet oppstod i følgje Bryn Jones som ein reaksjon på Israels invasjon av Libanon i 1982, og utvikla seg deretter. Muslimgauze var alltid eit prosjekt prega av høg produksjon, men det tok heilt av på 90-talet. Opphaveleg var Muslimgauze for det meste tilgjengeleg på kassettar i begrensa opplag, men etterkvart vart både vinyl og CD aktuelle format. Dette gjer at opptak du finn på nettet av eldre plater, gjerne ikkje er av verdas beste kvalitet, men det bør ikkje hindre deg i å kaste deg over dei.

Muslimgauze er noise. Og er difor per def utilgjengeleg for den gjennomsnittlege lyttar, men å ikkje gje prosjektet ein sjanse er å gjere deg sjølv ei bjørneteneste. Skaff deg ei plate, og sett den på. Lukk auga og lytt, og gjennom støyen og kakofonien av lyden vil du finne deg sjølv transportert til fjerne strøk. Nærare sagt, til den fjerne austen og midtausten. Her er det både industriell støy og tradisjonelle instrumentar, vridd og i sin naturlege form. Temaet er islam og austleg kultur, på tross av Bryn Jones aldri reiste dit. For han var det unødvendig å vitje midtausten for å føle sympati med innbyggjarane. Den store produksjonen gjorde det òg mogleg for å han å gje ut dagsaktuelle plater og låter, som fulgte hendingane i midtausten etterkvart som dei utvikla seg. Produksjonen var faktisk så enorm, at enno er ikkje alle platene komen ut - 10 år etter at komponisten døde i januar 1999, 37 år gamal.

Muslimgauze er ei ubeskriveleg oppleving. Perfekt for seine somarkvelder eller når haustmørket sett inn. Det er musikk som kompromisslaust definerar stemninga rundt seg. Om du aldri har høyrd noise, eller du har sterke motforestillingar mot det, er dette komponisten som bør få deg til å kaste alle fordommar til side. Muslimgauze, mine vennar, er obligatorisk.

Muslimgauze er obligatorisk om enn berre for dei herlege titlane han presterte å levere. Titlar som Mullah Said, Gulf Between Us, Azzazin, Tandoor Dog, Muslim Profit, Sari of Aciddic Colours, Vampire in Tehran og Sikh Out. Til neste møte i moskeen forventar eg at du har nytta minst ein halvtime med å gjere deg kjend med Muslimgauze. Det var alt.

søndag 6. september 2009

Det frie val...

Ville folkelege protestar til tross, så held politikarar og media fram med valkampen og alt tyder på at dei har tenkt å utføre nok eit ekstravagant stortingsval om litt over ei veke. Dette er sjølvsagt særs urovekkande, men det virker som om dei er fast bestemt på å oppretthalde illusjonen av eit levande representativt demokrati.

Systemet i Noreg er eit såkalla fleirpartisystem, der ulike partiar skal forfekte ulike idear, tankesett og verdiar som skal representere ulike fleirtalsyn i befolkinga. Dette resulterar i eit hav av parti, som vert meir og meir like i det dei streber etter å appellere til den allar minste fellesnemnaren. Den allar minste fellesnemnaren i norsk politikk er at folk vil ha ting som er bra, og helst ikkje ha ting som ikkje er bra. Den store usemja er korleis dette skal forvaltast, og korleis ein skal betale for det vi får (og ikkje får). Valkampen er ei bodrunde, lik den ein finn når ein sett offentlege tenester ut på anbod. Kva leverandør kan levere det vi vil ha, til den allar beste prisen?

Vi vert lova alternativ, men det vi får er rimelege tilbod og prisanslag...

Er det rart ein vert frustrerte over det kongelege norske sosialdemokrati? Så kva skal ein gjere med dette? Det var spørsmålet eg stilte nyleg - sofa eller blankt? Det førte til ein heller interessant prinsipiell debatt om statens og demokratiets natur. Det var ikkje overraskande nok stor semje om at partia vi har er utilstrekkelege og at styringsformen vi har er langtifrå perfekt, men det var store forskjeller i korleis ein skulle imøtegå dette. Tilhengjarane av å stemme var opptatt av at det hittil ikkje var presentert betre alternativ, medan motstandarane gav meir eller mindre uttrykk for at dette var irrelevant og eg forstår det slik at alternativ vil vokse fram når vi ikkje lenger er undertrykt av statsapparatet.

Eg er einig. Vi har ikkje fått presentert noko alternativ, men eg trur faktisk ikkje at det noverande systemet vil produsere den nødvendige diskusjonen for å frambringe dette alternativet heller. For når sant skal seiast, så har vi det altfor bra i det sosialdemokratiske Noreg. Som ein av kommentatorane er inne på, så er ikkje den jamne bebuar opptatt av å endre på det som funkar for dei. Politikarane og dei demokratiske prosessane har tatt ansvaret og høvet til å påverke ut av hendene til folk, og folk ser jammen ut med å vere nøgd med å sleppe å ta ansvar. Ansvar er eit stygt ord.

Er ikkje det deprimerande? Difor har eg etterlyst eit parti som får folk til å tenkje annleis. Eit parti som inspirerar. Til dette vert det protestert at det er for få av oss som ønskjer dette, men det er vel poenget; eg ønskjer eit parti som ikkje søkjer den minste fellesnemnaren, men som vil ta oss i nakkeskinnet og løfte sjølv dei lågaste av oss opp på eit høgare nivå. Eg søkjar eit parti som gjev oss ideal å kjempe for.

Diverre veit eg det er fånyttes, for vårt noverande system vil alltid marginalisere eit kvart parti som stiller spørsmål ved sjølve systemet. Ein kvar debatt om sosialdemokratiet eller statsform vert lattarleggjort og drukna i trivialitetar og i høglytt krangling og skvaldring om byrårkratisk flisespikkeri.

Og det, mine vennar, umogleggjer frie val. Og det, mine vennar, gjer vårt demokrati til ei illusorisk øving.

Akkurat no angrar eg på at eg lova valkampblogging, dette er deprimerande. Hello Kitty anyone?

laurdag 5. september 2009

LucasArts attforeining

Kva seier de til å pause frå Pandamonium og valkampangst no sidan det er ein stille og roleg laurdags morgon under Ramadan? Eg trur dette er eit usedvanleg bra tidspunkt å nerde litt. Og kva er vel betre enn å vere nostalgisk? I 2008 møttes ei gruppe LucasArts-veteranar i all løyndom, denne gruppe inkluderte til og med the Grumpy Gamer, Ron Gilbert, skaparen av mellom anna Monkey Island, eit av tidenes beste spel.

I samtala dei hadde med representantar frå 1Up kom dei inn på kva som låg bak den kreative krafta i selskapet på 90-talet, og kva som til slutt øydela stemninga og fekk dei til å forlate selskapet ein etter ein. Her er det mykje Star Wars babbel, og mykje godsnakk om gamle adventurespel. Slikt gjer ein mulla glad på morgonkvisten.

For dei som vil synke lengre ned i materien som er LucasArts kan eg anbefale ein cofeetable-book som kom ut i fjor; Rogue Leaders: The Story of LucasArts. Boka vart gjeven ut for å feire 25 år med ein av dei mest populære og nyvinnande dataspelprodusentane nokonsinne. Medan eg, og andre kritikarar, gjerne saknar litt meir djuptgåande analyse, og ikkje minst kritikk av selskapet sine seinare år, så er boka ei glimrande reise gjennom ein ganske formidabel kataolog og historikk. Selskapet byrja som ein arm av Lucas Entertainment, og tok på 90-talet dataspelverda med storm med kreative adventurespel som Maniac Mansion og Monkey Island. Mot slutten av 90-talet kom Star Wars til å dominere spelutgjevingane, og færre adventurespel såg dagens lys, til slutt endte LucasArts opp med berre å distribuere andre sine lisensierte Star Wars spel.

Til stor glede har det siste året sett nye toner frå selskapet, som endeleg gav ut eit nytt minneverdig spel i form av det nyvinnande Star Wars: The Force Unleashed (ute i PC-versjon denne jula), og i somar kunne dei overraska oss ikkje berre med ein HD-versjon av Secret of Monkey Island, denne gongen med stemmar, og eit samarbeid med LucasArts-avhopparane i Telltale Games om ein ny serie Monkey Island-spel. Den store entusiasmen rundt dette fekk LucasArts til å ta steget fullt ut og opne arkiva sine, og slenge ut fleire av sine gamle perler til ein billig penge til nedlasting på nettet.

Dei lover at dette er noko dei vil halde fram med, og dei har visstnok eit par overraskingar på lur denne helga og i veka som kjem.

Slik, då hadde vi starta ein god nerdelaurdag.

fredag 4. september 2009

Alternativ valreklame

Stortingsvalet skapar ein del entusiasme der ute, og sjølv dei utan partitilhøyrighet vil gjerne seie sitt om kven og kva som bør få representere oss i Noregs parlamentsbygg. Denne plakaten eg snubla over i dag er eit glimrande døme på dette.

Ein gullgruve av meiningsuttrykk som hang åleine i eit busskur i Bergen sentrum. Her får vi referanser til mystiske sitat frå Roosevelt, til Bilderberggruppa og ikkje minst til Die Weisse Rose.

Men allar viktigast er vel kanskje innsikta plakaten gjev oss i veljaranes sinn. Sjølv sprutsprø menneske som trur på gærne konspirasjonsteoriar ser helst at ikkje FrP kjem til makta.

Så noko har dei i alle fall fått med seg.

torsdag 3. september 2009

Pandakommandotjuvar

Vi veit at Pandamonium respekterar eigedom like lite som dei respekterar menneskeliv. Og vi veit at dei driv aktiv trening av pandakommandoar for deira komande maktovertaking, og ein del av treninga involverar tydlegvis innbrotsteknikkar. Det kjem ikkje som noko overrasking, og ein del av dykk vil sikkert spørre kvifor dette er "ei sak".

Det er eigentleg rimeleg enkelt når ein tenkjer etter. Pandaer har lenge vore avhengige av menneskeslavar for å gjere finmotorisk arbeid, då dei sjølv har potar og ikkje anstendige hender eller fingrar. Pandakommandoar trenar opp finmotorikken til å dirke opp låser, det neste vil vere å bruke tastatur og andre verkty som for dei fleste pandaer er umoglege.

Eit av våre største overtak over pandaene står i fare.

Og ikkje berre det, det er eit steg nærare å gjere oss overflødige i den store samanhengen av Pandamoniums plan. Eg trur det er nok ein gong på tide å slå alarm.

Til alle kameratar, tid og stad for neste treningsleir vil verte gjort kjend gjennom dei vanlege kanalane. Saman vil vi sigre.

onsdag 2. september 2009

Det store valet...

Dette fordømte valet byrjar å ta på. Vi byrjar å verte lei av debattar. Vi byrjar å verte lei av tryna av politikarar og kommentatorar. Vi er fortvilte over realitystjernar nytta som ekspertpanel på NRK. Vi er fortvilte over dårleg regisserte debattar om spørsmål som bryr oss midt bak.

Det er over allereie. Og vi tapte valet.

Apatien vann nok ein gong, og skrider stolt fram som sigerherren i ruinane av det representative demokrati, av parlamentarismen og det konstitusjonelle monarki.

Vi har intet anna enn forakt for politikarane som prostituerar seg framfor auga våre. Som spirker lår og bretter ut kjønslepper for overbetalte journalistar kvar bidige kveld.

Kva har dette med oss å gjere? Korleis skal dette engasjere oss? Om dei ikkje har gjort seg fortent til vår respekt, om dei ikkje klarar å framstå som eit alternativ anna enn "i alle fall ikkje dei andre", kva i huleste har dei då gjort for å fortene at vi skal stemme på dei? Så kvifor lar vi berre ikkje vere?

Som kloke stemmer seier: Ikkje stem på dei, det oppmodar dei berre til å halde fram!

Kvar ein stemme til ein politikar og parti er ein tillitserklæring frå deg. Du seier du støttar ikkje berre politikken, slik den er, men òg framferden til denne politikar og partiet. Vil du verkeleg det? Er det verkeleg nokon av dei, du ønskjer skal representere deg?

Ingen? Nei, tenkte meg det. Så alternativet er å stemme blankt. Det er alternativet systemet gjev oss. Det er ein protest. Ei erklæring av mistillit. Ei klar stemme om at du ikkje vil ha nokon av dei aktuelle rapportane. Eit høgt hyl av misnøye, som vil verte ignorert i statistikken. Oversett av alle. Ignorert. Ei stemme som ikkje teller. Og til sjuande og sist er det kanskje ikkje ein tillitserklæring til partia, men ei tillitserklæring til systemet dei herjar i. Ei blank stemme er å seie at du støttar systemet, du støttar spelet, du hadde berre ingen å vedde på.

Faen, kva då? Vel, du kan bli heime. Ein av dei mange tapre sofaslitarane der ute. Ein protest mot sjølv valsystemet og det representative demokrati. Ei erklæring av at du står utanfor, at du vel å ikkje ta del i eit system som har svikta deg og dine. Du trampar i golvet og stormar ut - du vil ikkje vere med å leike meir. Du er lei. Ein klar og tydleg protest om eg nokon gong har høyrd ein.

Eller... er det ikkje berre å slå frå seg ansvaret? Er ikkje det å bli heime likefullt det å seie at du er nøgd med ting som dei er, at du ikkje føler for å protestere? For at du ikkje har noko investert i vårt samfunn no eller i framtida?

Faen... det var ikkje så lett dette. Litt frista til å ta til våpen. Nokon som er med?
(Takk til eigaren av valkortet for bruk av bilete)

tysdag 1. september 2009

Det andre jubileumet!

I ein rus av Wagner er det lett å gløyme alt anna som skjer i verda, men i dag skal vi jo òg feire rund dag for den libyske revolusjonen, då den store leiar Muammar Abu Minyar al-Gaddafi, kom til makta. Det var 1. september 1969, og den då 27 år gamle obersten leia ei gruppe av sine medoffiserar i eit kupp mot Kong Idris, som på tidspunktet var i Tyrkia av helsemessige årsaker.

Gadaffi, i vesten betre kjend som Tom Jones, har i dei 40 påfølgjande åra klart å terge på seg det som er av statsmakter med sponsing av terrorisme, fargerik retorikk og veldig eigenarta diktatoriske politikk.

Det er nok av dei som kan fortelje deg om kva han har gjort gale, eller kor god eller fælt det er å bu under han. Felles bekjente av oss karakteriserar gjerne Gadaffi som eksentrisk, eller med deira eigne ord "CRAZY!", men det er vel ikkje nødvendigvis noko negativt? Han er kanskje den einaste diktatoren eg veit om, eller statsleiaren generelt sett når eg tenkjer meg om, som meiner det godt. Som er meir opptatt av å gjere det rette, enn å fylle si eiga lomme eller tene den flyktige opinionen. Så får det heller vere slik at han tar feil oftare enn han har rett.

Ein gong på 80-talet fann han ut at dette med politiske fangar var ein dårleg idè, og stridde i mot dei "demokratiske" prinsippa han ville byggje sin stat på. Gadaffi er dog ikkje ein mann for veike amnestiar eller deklarasjonar, han er ein handlingens mann. Så han rekvirerte ein bulldozer og køyrde gjennom muret på eit av landets største fengsel og erklærte: "Ikkje gjer det att, de er fri!"

Gadaffi er ein islamist av det litt besynderlege slaget. Invitert til Sudan for å tale til folket i Khartoum der det Muslimske Brorskap har styrt etter eit militærkupp valte han å bytte tala til å prise alt det gode det Sudanesiske folket hadde prestert, men òg å atvare mot den religiøse fundamentalismen som kunne luske i ein kvar ein skugge. Han vart ikkje invitert attende.

Få hugsar i dag då Taliban kom til makta i Afghanistan, og korleis ein i heile vesten applauderte over at det endeleg var fred og nokre vetuge menneske kom til makta. Så skulle dei heller få vere fundamentalistar og undertrykke kvinner og sprenge Buddha-statuar, dei var i det minste ikkje kommunistar. Gadaffi derimot, han kjøpt ikkje den, han gjekk straks ut og erklærte Taliban for å stå i ledtog med Satan. Då Satan lurte mennesket til å ete av kunnskapens tre, forklarte han, lurte han oss til å skamme oss over vår nakenhet og dermed Guds skaparverk. Difor vart vi straffa som vi gjorde. Å tvinge kvinner til å dekk til sin kropp, er å vidareføre Satans arbeid, og er eit klart teikn på satanisme.

Sjølv omringar Gadaffi seg med beinharde og veltrente kvinnelege livvakter uansett kvar han reiste.

Ein kan altså seie kva ein vil om dei 40 åra under Gadaffi, men keisame har dei vel absolutt ikkje vore.

Ein dag for Wagner

Dette er ein dag som skapt til å høyre på Richard Wagner og planleggje ekskursjonar austover. Så det har eg altså gjort.

I dag er det 70-år sidan det Tredje Riket invaderte Polen. Deira umiddelbare påskot var at polske soldatar hadde kryssa grensa og utført aksjonar retta mot tyskarane. Lik kledd opp i polske uniformar skulle bevise dette. Tyskaranes sekundære mål var sjølvsagt å frigjere dei prøysiske polakkane, eller tyske polakkane, innanfor Polens grensar. Som tyskarar flest var dei blitt hundsa med av mindreverdige mensch, og ein intervensjon var i følgje nasjonalsosialistane på sin plass.

Og med dette starta altså den 6 år lange, kontintentalomfattande fyrverkerifesten som var andre verdskrig.

Det heile var ikkje over før Tyskland vart presentert med rekninga i 1945.

Så, ja, i dag har eg høyrd på Wagner og tenkt på å reise austover, men min reise går ikkje til Polen, men til Syndas Bygd på andre sida av fjellet. Og eg kjem ikkje for å frigjere prøysarar, men for å brenne kjetterar og hekser. Kvifor? Fordi det faen meg er på tide! Les omtale her.