fredag 30. oktober 2009

Anime = kvalitet?

Anime og manga er populært der ute. Kanskje litt for populært? La oss vere ærlege, det er truleg like langt mellom klassikarane innan japansk teiknefilm og teikneseriar som det er innan alle andre sjangrar der ute; likevel vert ting stempla som anime og manga slukt rått av vestleg ungdom. Så eg kjenner meg litt åleine når eg foretrekk Macross, Akira, Ninja Scroll og andre godbitar, framfor masseproduserte seriar full av store puppar, skulepikeuniformar og tentakkelsex. Eg skjønner berre ikkje appellen, kanskje?



Er det berre eg som slit når satire berre er hyperralitet? Er det verkeleg satire når det er heilt likt det satiriserte, berre med ei eksplisitt forklaring? Det er spørsmålet eg stillar meg kvar gong Rockstar Games prøver seg på satire... men eg flirar likevel då.

torsdag 29. oktober 2009

Godt parkert?


Det hender rimeleg ofte når eg forlet min bustad på veg til kontoret om morgonen, at det står ein betongbil godt plassert på fotgjengarfeltet og ventar på grønt lys. Dette innebærar sjølvsagt eg ikkje kan sjå trafikk eller noko anna på andre sida, og at eg må gå ut i vegen for å kome meg rundt. Det heile er relativt forståeleg, har eg tenkt. Det er jo tross alt ein tung bil, sikkert ikkje alltid like lett å bremse opp når lyset skiftar til raudt. Sjølv om det er i ein oppoverbakke.

Det var inntil i dag. I dag var eg vitne til korleis denne betongbilen til stadig hamna på fotgjengarfeltet. Eg såg bilen komme rundt hjørnet og opp bakken, eg såg den sakke ned farten fordi det var raudt lys. Berre for å presse ned pedalen i det han kom til fotgjengarfeltet, slik at han kunne køyre over det og neeeesten ut i vegbanen.

Hæ?!

Kvifor?! Fortel meg kviiiifor?! Er det så jævla komfortabel å stå parkert over fotgjengarfeltet? Skal eg hente nokre små barn og pensjonistar og leggje under bilen din, det ser jo litt hardt ut?!

Og folk lurar på kvifor eg er skeptisk til mine såkalla medmenneske. Pokkers idiotar.

onsdag 28. oktober 2009

Karikert humor

Det skal ikkje stå på tida. Nokre poteter sluttar visstnok aldri å vere brennheite. Om vi klarar å analysere poteten som er dei famøse Mohammadkarikaturane (til venstre), så trur eg vi har løyst verdas energiproblem. Og det må nok og vere det einaste dei er gode for.

Ikkje spør meg kvifor, men nok ein gong er desse karikaturane eit tema i den norske offentlegheita. Nok ein gong vert ein hengt ut som feig om ein ikkje vågar å trykke desse teikningane.

Slik har vise vore heile vegen. Teikningane vart tinga fordi Jyllandposten hadde fått for seg at det ville provosere. Det var ikkje lov, så då må vi gjere det, tenkte dei. Greit nok det. Bileta vart sausa saman med ein haug andre langt meir grove bilete og sendt til den muslimske verda, der det sjølvsagt vart pittelitt oppstyr.

Og ja, de kjenner soga. Det heile var utruleg lite interessant.

Og det er framleis like interessant. Det er faktisk det definerande trekket ved karikaturane og saka om dei. Kva er det som er så modig ved å trykkje dei? Kva er det som er så feigt ved å la vere?

Kvifor er det feigt å føre ei hard redaksjonell linje mot uinspirerte vitseteikningar? Hadde dei vore trykka om det ikkje var for å provosere? Neppe. For dei er simpelthen ikkje morosame! Dei er keisame. Uinteressante. Kva er modig ved å ikkje ha sans for humor?

Gje meg ein morosam Mohammadkarikatur no! Ved Profetens skinnskjegg!

tysdag 27. oktober 2009

Biff in the sky with diamonds

Dagane går, men BIFF består. Bergen Internasjonale Filmfestival held fram, på tross av mange filmentusiastar som ligg gatelangs og skrik etter nåde. Metningspunktet er nådd for fleire, og europeisk og asiatisk film tyt ut av øyra av folka, medan samfunnskritiske dokumentarar renn som snott ut av nasene deira. Frå auga renn tårer av filmar frå aust-europa... og du vil ikkje vete kvar du finn overskotet av filmane frå Gay & Lesbian Propapaganda Night.

Vi held likevel koken, sjølv om vi kanskje feigar litt ut og held oss lågt i terrenget. Vekke frå dei store filmsalene, på gode gamle cinemateket nede ved Verftet inntok eg dagens to filmbitar. Eg veit ikkje om det er dagsformen eller andre faktorar som spelar inn, men det vart ein del heva augebryn under dagens seanse. Det heile byrja med Vaska, ei soge frå arbeidsleiren, frå 1996. Dette er filmen for alle oss som vaks opp med aust-europeisk barne-TV. Du veit, desse gamle tsjekkiske og russiske filmane som vart fortald med ein pedagogisk forteljarstemme, medan ein kunne høyre dei snakke på originalspråket i bakgrunnen. Denne ungarske filmperla utspeler seg på russisk, men med ein ungarsk forteljar som er teksta på engelsk. Forteljaren fortel historia som om det skulle ha vore eit eventyr for born, med ein sunn dose repetisjon og presis artikulasjon. Forteljinga i seg sjølv er både magisk og... underleg. Historia er satt til Russland under kommunismen, og følgjer tjuven Vaska som i lag med ein kollega byrjar å stele Tsarens skattar frå kommunistane sitt skattekammer. Innbakt i det heile ligg ein eller annan metafor for livet under kommunismen, og frigjeringa frå den på 90-talet. Eit eller anna om... arv og... verdiar. Gudane veit. Halvvegs inn i filmen innsåg eg at eg neppe ville få noko fornuftig ut av den, og satt meg til å flire.

Det var først under den neste filmen, De Døde Fiskene / Mortal Fortune, at eg innsåg at eg i lunsjen mest truleg hadde inntatt eit narkotisk stoff som hindra meg i å gripe filmane heilt. Eg var på ein syretur, og det utan ein returbillett. Eg klamra meg til sidemannen i håp om hjelp, men ho såg på meg med eit like fortvila blikk. Ho var òg på syre, forstod eg. Vi var i filmprosjektørens vald, og vi måte berre verte sittande til siste slutt. I denne surrealistiske klassikaren frå 1989 følgjar vi ein uheldig mann som for å overleve fiskar frimerker ut av ein mystisk elv i jungelen, på vegne av ein rik tyrann. Heile hans liv er ein serie med fornedringar og torturaktige scenarioer, arrangert av vilt framande og sjefen. Til ein kvar tid vert han plaga og pint, utan stans, og inga takk får han for sitt arbeid med frimerkefiskinga. Ein dag bestemmar hans seg for at nok er nok. Han skal ta hemn. Før han kjem så langt så sluttar folk brått å pine han, og hans torturistar får smake sin eigen medisin for andres hand. Hans sjef, vert drept av pepper og... synet av ei kvinnes underliv. I ein slik situasjon veit vår hovudperson ingen annan råd enn å sabotere for seg sjølv. Å bokstaveleg talt snuble seg sjølv ut i eit hav av frimerker, no transformert til gamle revne familiebilete. Vi vart sittande att og måpe... filmen freistar truleg å seie noko om undertrykking av mennesket, om fornedrande strukturar og arbeidsforhold... men alt den sa til meg var. LSD.

Etter dette var det simpelthen berre å kapitulere og trekkje seg attende til moskeen for å samle seg.

måndag 26. oktober 2009

Å finne kjærleiken

Eg har lenge gjort mitt aller beste for å redegjere for mine tapre naboars evige kamp for å vinne kjærleik. Dette har dei gjort, som de kan sjå her og her, ved å annonsere på veggane i bygget at dei ønskjer å finne den "rette". Då vi sist høyrde frå annonsane verka dei kanskje ein smule desperate, og det var lett å avfeie det heile som eit mislukka prosjekt. Eg har kanskje vore litt for skeptisk til sjansane for dette, gamal kynikar som eg er, for i dag kunne eg finne dette på ein av veggane.

Er dette kanskje eit teikn på ein av dei har lukkast? Er det håp for alle? Eg vert litt god og varm inni meg no. Romantikaren vaknar... kanskje eg skal gå og kjøpe blomer den spesielle jenta eg såg på andre sida av gata her forleden, ho med det lune smilet og glødande auga, strikkevotter og lærhue! Ja, ho som berre sikla minimalt! Kanskje, eg skal gjere det...

Det er lov med biff til kvardags

Så snart arbeidsdagen i dag nærma seg slutten såg eg mi sjanse til å innta Bergen Internasjonale Filmfestival nok ein gong; lokka ned av gode menneske og minneverdige filmopplevingar. Eg startar gjerne med litt tyngre fòr, så det var rett frå kontor til borgarkrigen i Yugoslavia. Tett etterfulgt av nokre timar i Tyskland før første verdskrig. For så å avrunde med eit eller anna om menn, kvinner og den slags.

I Buick Riviera får vi eit annleis attsyn med konflikta som utspelte seg i Yugoslavia på nittitalet. Vi møter ein stille og roleg bosniar og ein slesk serbar, som ved eit slump treff på kvarandre på vegen i Nord Dakota, USA. Først glade over å møte nokon frå heimlandet startar dei å fortelje om seg sjølv, men når deira ulike opphav kjem fram blussar gamle motkjenslar til live. Dei har beggje takla livet og amerika på særs ulike vis, noko ein skal forstå som resultat av deira ulike etnisitetar. Den sleske serbaren har amerikansk statsborgarskap etter å ha gifta seg inn i ei rik oljefamilie, no har han forlatt kona og lagt ut på vegen etter nye erobringar. Bosniaren er gift, men ikkje lukkeleg, hans tid vert nytta på ein gamal buick. Hans "American Dream". Ein draum serbaren no vert misunneleg på. Han ønskjer å erverve hans draum. Sinnet koker. Ukvemsorda haglar. Gamle sår vert rippa opp i. Det er vanskeleg å ikkje sjå ein samanheng mellom bosniarens kona og hans buick, når serbaren smørar henne med smil og lovord medan ho smeltar i hans hender, før han sleng pengane på bordet for å kjøpe bilen.

Eg må ærleg innrømme. Eg likar ikkje den jævla sleske serbaren. Han kom for å stele våre bilar. Og våre kvinner. Det mest iaugefallande med filmen var likevel finansieringa. Ein film som speler på å opne gamle sår mellom bosniarar og serbarar, er det vel litt spesielt å vere nesten fullstendig finansiert av kroatiske filmfond og investorar? Hm. Har dei kanskje eit lite behov for å trekkje merksemda vekk frå seg sjølv i denne samanhengen?

Etter denne merksnodige affæren, var eg klar for noko tysk og svart kvitt. Og Das Weisse Band var beggje deler, den var òg to og ein halv time lang. O lukke! Denne nye perla frå Michael Haneke hadde kanskje ingen reell konklusjon eller anstendig klimaks, men den gav oss eit mørkt skråblikk på det rurale Tyskland i tida rett før første verdskrig braut ut. Filmen skal freiste å forklare hendingane rundt dei to verdskrigene, ved å syne oss folket og deira levesett i denne sentrale perioden. Og den er absolutt inne på noko. Foreldras moralisme og tunge disiplin. Barnas internalisering av foreldras moralske univers, og paradoksale opprør. Adelfamilien som i det skjulte går i oppløysing. Vald. Sex. Mishandling. Alt eg treng for å trekkje på smilebandet.

Det sentrale i filmen er ikkje historia, men dei ulike karakterane og deira moralske univers. Dei verdiene dei iscenessetter med sine gjerninger. Filmen er mørk og lemnar lite rom for håp, men det er glimt av humor for dei som vil sjå det. Som når legen er lei av å forklare sin elskerinne kor håplaus ho er, og ber henne berre gå og døy. Ikkje verdas lystigste beskjed, men iscenesatt og framført på eit vis som får mullaen til å flire godt. Viktigast er kanskje likevel framstillinga av borna, som på eit underleg vis framstår som ei gruppe menneske ein lett forstår kom til å uniformere seg sjølv, og med presisjon undertrykke og mishandle det som braut med skjemaet for deira univers. Tommelen opp Haneke, nok ein gong.

Biffkvelden vart avrunda i eit meir moderne og harmlaust område; Brief Interviews with Hideous Men. Ein film basert på boka med same namn. Boka, som berre er ei rekkje svar, utan spørsmål, frå menn intervjua av ein amerikansk forskar, er her filmatisert med eit slags plott rundt ein ung sosiologstudent som har blitt dumpa av typen. Plottet fungerar knapt til å halde tråden i det som i realiteten er interessant med filmen, nemleg intervjua og sitata derifrå. For å vege opp for ei svak historie, har produsenten valt å strukturere filmen i hulter og bulter, med mykje kryssklipping og repetisjon. Eg er usikker på kor vidt eg følte dette fungerte. Filmen var likevel underhaldande, og eg kunne ikkje gjere anna enn å trekkje på flirebanda av alt det dei ulike mennene hadde å seie om kvifor dei lukkast eller mislukkast med kvinner, og kva kvinner eigentleg vil ha, som dei ikkje veit dei vil ha sjølv. Mitt hjarte går samstundes ut til stakkaren som ved klimaks var ute av stand til å ikkje rope ut "SIGER TIL DEI DEMOKRATISKE STYRKANE!"... ein kan forstå at ein del kvinner vel å fjerne han frå ringelista.

Utover det, så vel eg å ikkje kommentere korvidt filmen traff noko spiker på hovudet ang. kvinner og menn. Eg lar de vurdere det sjølv. Sjå den om de har høve.

søndag 25. oktober 2009

Søndagsbiffen

Ikkje så mykje film i dag, men noko vart det jo tid til. Ein må jo ta seg tid til å leike litt når det er søndag?

Vi stakk snuten innom kinosalen for å sjå Terry Gilliam sin siste prestasjon, The Imaginarium of Doctor Parnassus. Ein heller tradisjonell Gilliamfilm utan dei store overraskingane om ein har sett noko av hans føregåande arbeid. Her er det fantasi og røyndom i god blanding, mykje fargar og fine karakterar. Karakteren som utmerka seg mest var Djevelen, meisterleg spelt av Tom Waits. Filmen ber preg av at Heath Ledger døde då ein tredjedel av filmen var innspelt, og vart erstatta av Johnny Depp, Colin Farrell og Jude Law. Eit besynderleg trekk, som kanskje kan skape litt dissonans i filmen. Historia er enkel; ein gamal munk har fått evig liv av Djevelen, og går stadig vekk inn i nye veddemål med denne kjeltringen. Han reiser rundt med sin dotter, sin dverg og Anton med eit 1800-tals "sideshow" og... vel... underhaldar ikkje massane. Og der byrjar den soga. Den er ikkje på langt nær så god som hans tidlegare filmar, men om du likar hans draumeaktige bilete, og den litterære victorianske eventyrtradisjonen (og estetikk) så er det kanskje noko her du vil sette pris på.

Etter eit kjapt måltid venta det som er for meg det kjekkaste ved BIFF. Det er to temaer som går att, midtausten og homofili. Og når eg får beggje i ett, så er eg nøgd. Eyes Wide Open fortel historia om to ortodokse jødar i Jerusalem som vert forelska. Deira begjær er sterkt, og risikerar å øydeleggje liva deira, slik som hør og bør i eit slikt filmunivers. Filmen er eit artig, men sørgmodig, skråblikk på ortodoks jødedom i Israel, og kva den kan kreve av offer for enkeltmenneske.

Om du lurar på om du skal sjå den, så tenk på følgjande. Kva er betre enn å sjå klining og sex med ein skjeggete mann? Jo! Klining og sex med TO skjeggete menn! To tomlar opp for dette! Vi skjeggete menn er best, og eg må jo innrømme at det er ein viss logikk i at berre det beste er bra nok for dei beste.

Noko å meditere på når eg tar kvelden for denne gong. Arbeidsveke i morgon.

Ein redusert BIFF

Det er BIFF-tid. Bergen Internasjonale Filmfestival gjekk av stabelen, denne ekstravagante festen for festglade vestlendingar og årlege oppvarminga til den eminente gratisfestivalen WT Internasjonale Filmfestival. Dette medførar nøye saumfaring av program, og presis utplukking av filmar og planlegging av kalendar.

Og det medførar at alle planar forsvinn ut vindauget. Tradisjonen tru får eg heller ikkje i år med meg BIFF i all si prakt, slik eg alltid ønskjer meg. Denne gongen vart eg sjuk, og tilbragte dei første dagane av festivalen i ein nær komaliknande tilstand og gurgla ut ukvemsord og desperate bøner om hjelp.

Konsekvensen er at dette er første dagen av dei planlagde dagane eg faktisk hadde høve til å nyte BIFFen som vi har vorte servert i år. Morgondagen fryktar eg går med til ein del andre aktivitetar, og på måndag - tru det eller ei - er det faktisk attende til kontoret ein svipptur. Dette kan snøgt verte ein katastrofe, men la oss ikkje henge oss opp i det. La oss fokusere på det positive; Kva har mulla Hastur sett?

Mullaen byrja formiddagen med ein israelsk dokumentar, Defamation, som etter sigande tok opp antisemittisme. Jødehatet. Og då er det ikkje rart eg brukar litt mykje plass på plapre om det. Eit interessant tema, som berre kan verte meir interessant av at dokumentarskaparen tar utgangspunkt i sitt beskytta liv i Israel, og intervjuar israelske skuleungdom, leiinga i amerikanske Anti-Defamation League (ADL) og omstridte Norman Finkelstein. Eg vart underhaldt av dokumentaren, men den mislukkast på eit tidspunkt der han skal kvitte seg med noko badevatn for å fremje eit retorisk poeng. Han får antisemittismen til å forsvinne. Han gjer klart rett i å vere kritisk til ADL, eg er sjølv ekstremt skeptisk til ein organisasjon som listar ei kvar negativ handling mot ein jøde som eit resultat av medvite jødehat, noko som virkar som deira praksis. Eg er òg positiv til å inkludere Finkelstein, samt forfattarane av The Israeli Lobby. Dette er viktige kritiske røster. Om ein ser vekk i frå at Finkelstein, etter at han mista si universitetsstilling ser ut til å ha degenerert til ein sur og bitter mann, som skulder alt på jødene. Noko som ikkje er så uvanleg blant jødar, eigentleg. Den einaste anti-semitten vi møtar i filmen er filmskaparens eiga bestemor som hevdar at ikkje-israelske jødar er skurkar som berre bryr seg om pengar. Filmens tyngde ligg i hans blikk på det israelske samfunnet som (i tråd med Finkelsteins pre-bitre teoriar) har satsa stort på Holocaust, antisemittismen og skuldingar om nazisme for å fremje ein stygg gruppeidentitet. Eit segment av det israelske folk er overtydd om at heile verda er antisemittisk, at alle hatar dei for å vere jødar. Ekstremt tydeleg vert dette på skuleturen til Auschwitz filmen følgjar, der studentane vert hindra i å ha kontakt med lokalbefolkinga i landa dei reisar gjennom fordi dei er alle jødehatarar og vil prøve å drepe dei. Der eldre polske menn flirer litt over tullete ungjenter, les dei dette som nazistar som skuler truande på dei. Dette er ungdommen som når dei vendar attende skal inn i den israelske hæren, og forsvare staten mot denne fullstendig overveldande fienden der ute som hatar dei. Ein kunne fått frysingar av dette, men gjer det ikkje. Filmskaparen har gløymd ein nyanse. Den stadig veksande antisemittismen i Europa. Dette underkjennar ikkje hans poeng, men å utelukke det drep hans sjansar for å verte tatt seriøst.

Hadde det ikkje vore betre å ta ein debatt om antisemittismens natur? Å stille spørsmålet kva som gjer ei handling eller ein idè til antisemittisk? Og korleis skille mellom desse og eit menneske som er antisemittisk? Men, nei.

Det neste eg tok meg i å sjå i dag, var Gogol Bordello Music Non Stop, ein film om det populære Sigøynerpunkbandet Gogol Bordello. Sentrert rundt ein eksentrisk eks-sovjetisk flykting med sigøynaranar og beståande av ein bråte eksentriske, dyktige musikarar. Filmen fortel historia om korleis bandet oppstod, og korleis deira særeigne lyd vart til og peikar fram mot ei lysande framtid.

Med all sexpraten i den føregåande musikkdokumentaren, var det ikkje anna val enn å halde fram på det viset. Den mykje omtalte Graphic Sexual Horror stod på plakaten. Filmen fortel om den relativt ekstreme sado-masochistiske nettsida insex, og krydrar ganske så brutale scenene med intervjuar av dei involverte. Her får vi sjå mannen som smidde lenkene som kvinnene vart bunden i, og vi får eit djupdykk i psyken til mannen som stod bak. Ein får òg bekrefta alle fordommar om kvinnene som vel å spele i slikt; dei er ulike. Kva? Er ikkje det fordommane dine? Greit, det prover òg at ein god del av dei er så stokk dumme at dei burde vore fråtatt ansvar for seg sjølv. Og du, frøken 101, om du vil framstå som lite løysemiddelskada, seriøs, og utan eit rusproblem? Gøym vekk gigantboksen med lighterbensin når du vert intervjua, ikkje la den stå på bordet!

Om du vil kose deg litt med litt klassisk, usensurert bondage og S&M, så er dette filmen for deg. Berre hopp over dei der intervjubitande du, og kos deg - for insex er diverre lagt ned etter at eigaren tok litt mykje av. Berre ikkje gjer som meg; eg såg den i eit mørkt rom, med seksuelle avvikarar på beggje sider av meg. Det var skummelt!

Filmkvelden vart avrunda med Harry Brown, med fabelaktige Michael Caine i hovudrolla. Filmen rett søkjelyset mot ungdomskriminaliteten i England og London, og vil følgjer den gamle pensjonisten Harry Brown som etter å ha mista alle som står han nær, vert lei av å føle seg truet av pøbel og rask. Han innser at han kan ta affære.

Det er i alle fall det eg antar at filmen handla om, for akkurat då ting tok av, gjekk filmen brått baklengs og var opp ned. Etter ei stund innsåg eg at det ikkje var feberen som hadde vendt attende, men at filmkopien dei viste som var øydelagd. Jo, takk... eg får vel sjå den ein annan dag.

laurdag 24. oktober 2009

Jobbintervju

Det manglar ikkje på arbeid for mullaen, og han sitt no og vurderar sin stillingsprosent for neste år. Nok av alternativ, men fritid vert det likevel lite av. Det gjer likevel ingenting, for så lenge ein arbeidar med noko ein likar, så bør ein vere takksam for at ein slepp det uendelege jobbjaktprosessen. Særleg om ein søkjer stilling i meir eller mindre eksentriske offentlege og private institusjonar. Ikkje berre er det eit kav å kome seg til intervjuet, men intervjuet i seg sjølv kan vere eit sirkus utan like. Mullaen har fleire gonger vore på intervju, der hans dåverande sjef var ein av dei som skulle intervjue han. Ikkje lett å lyge på seg effektivitet han ikkje har då, nei, eller entusiasme for gjeremål som han ikkje alltid er like begeistra for. Det har likevel gått han vel her i livet, takka vere eit langt skjegg og eit klokt flir. Mullaen er takksam for at han aldri meir skal oppleve dette på jobbintervju;

fredag 23. oktober 2009

Eit spørsmål om verdiar

Det er dei som hevdar at eg er snobbete.

Dette er jo sjølvsagt fullstendig misforstått. Det er berre eit spørsmål om verdiar. Verdiar eg har, og desse plebeiarane ikkje har. Det handlar om å bevare sivilisasjonen. Å halde stand mot proletarisk forfall. Simpelthen.

Eg er ikkje snobbete. Eg berre kjenner min stad.

måndag 19. oktober 2009

Laibach, sa du?

Kvifor er det ingen som fortel meg slikt? Kvifor må eg lese om slikt i bisetningar? La oss berre seie det med ein gong. Ingen skal skulde meg for å hale ut tida, nei. Når eg har noko å seie, så seier eg det med ein gong. Driv ikkje og pakkar det inn i mykje tompreik. Ikkje denne mullaen, nei. Her er det rett på sak. Absolutt. [Men hugs å sjekke oppdateringa nederst på sida, lagt inn no]

Kvar var vi?

Å jo.

Laibach lagar soundtrack til Iron Sky?! Kunne det blitt betre?

No er det kanskje eit par av dykk som lurar på kvar denne iveren kjem frå. Spørsmåla lyder vel som så - kva er Iron Sky? Og kva er Laibach?

For dei av mine lesarar som ikkje veit kva Laibach er, så er det rett i skammekroken. Eit innlegg som definerar desse slovenske kunstnarane er... umogleg. Dei er hinsides ein klår definisjon. Og slik skal dei vere. Dei er "avhøyrsmaskina". Dei stillar spørsmåla, vi skal svare. Og det er for vår eiga vinning. Dei er her for å halde opp speglet. I løpet av snart 30 år har Laibach provosert og underminert alle politiske og popkulturelle uttrykk, frå sine tidlege dagar i konfrontasjon med kommunistpartiet i Yugoslavia (i form av rein hyllest av den totalitære stat) til sine basketak med Beatles, Rolling Stones og Queen. Den eine populærkulturelle formen etter den andre fekk gjennomgå gjennom 90-talet og tidleg 2000-tal. Dei siste prosjekta har retta seg mot nasjonalkulturar i Europa, og meisterkomponistane Bach og Wagner. Med hard hand avkler dei all ideologisk pynt og avslører den grimme sanninga. Og vi lærar oss å nyte det. Å marsjere i takt til deira suggererande rytmer, og ordrer om underkasting til populærkulturens totalitære ånd.

Akk... eg frådar her eg sitt.

Iron Sky, sa du? Jo. Det er eit Wreck-a-Movie-prosjekt frå finske Timo Vuorensola som eg hadde gleden av å intervjue om prosjektet i fjor. La oss ta det kort; Wreck-a-Movie er film på dugnad. Eit online nettverk der ein kan bestille ressursar og innspel frå frivillige som ønskjer å bidra til ein film. Slik kan filmar lagast på minimalt budsjett. Inspirasjonen kom frå Vuorensola sin førre film, Star Wreck: In the Pirkenning, som var ein udelt og overveldande internettsuksess. Ein film lagd på null-budsjett, distribuert gratis på nett. Eit anna Wreck-a-Movie-prosjekt på veg er Norwegian Ninjas, eller Kommandør Trehold og Ninjatroppen. Tittelen seier alt. Hovudinnspelinga av denne er ferdig, og filmen vil ha premiere neste august.

Så var det Iron Sky då. Eg har vist videoen før, det er eg sikker på, men ein kjapp kikk på denne teaseren frå mai 2008 fortel deg alt du treng å vete. Eigentleg.


Nemleg! Og alt eg har sett etter denne teaseren vart laga ser fabelaktig ut. Ingen tvil om at vi har ein klassikar på gong.

Og Laibach er perfekt for jobben. Å glede!

[Oppdatering: For ein gongs skuld var det kanskje ein god grunn til at ingen hadde fortald meg dette. Det var visst ikkje meininga at eg skulle verte fortald. Eller nokon andre for den saks skuld. Kort etter eg annonserte mi oppdaging vart eg kontakta av Energia, produksjonsfirmaet bak Iron Sky som spurde meg kvar eg hadde høyrd dette. Eg hadde jo sjølvsagt ikkje anna val enn å presentere mi kjelde (eit presseskriv med turneinformasjon frå Laibach der informasjonen var godt gøymd innimellom mykje anna dill). Energias talsmann kunne sjølvsagt ikkje seie anna enn at kjelda var god, men ville ikkje uttale seg om innhaldet anna enn: "Wouldn't that be awesome". Det er det vi i journalistiske kretser omtalar som "Ingen kommentar." Etter mykje press... nekta han framleis å bekrefte eller avkrefte informasjonen min. Med eit nøgd glis. Eit emoticon i alle fall. Så ja, det kan forklare kvifor eg ikkje har fått vete dette før. Så de høyrde det her først, frontmannen i Juno Reactor har dratt med seg Laibach på å lage musikk til Iron Sky. Og borna fryder seg.]

[Oppdatering2: Eit halvt år seinare, innrømmer dei at filmmusikken skal lagast av Juno Reactor og Laibach. Dette etter at filmens andre teasertrailer inneheld ein variant av Laibachs cover av 'Bmashina', opphaveleg ei heller kjip låt av det slovenske grungebandet Siddharta]

søndag 18. oktober 2009

Den veksande alliansen

Fleire har i dag stiltspørsmålet; Står eg eigentleg bak herrane i Wulffmorgenthaler? Det er lett å stille seg slike spørsmål når ein ser stripa som kom på trykk i dag:
Svaret er at eg ikkje har noko som helst styring over kva desse to danske talenta tar seg til, men at dei, som eg har nemnt tidlegare (for eit år sidan, nesten nøyaktig), er allierte med mullaen i kampen mot det tyranniske pandamonium. Dette er etterkvart ein vaksande allianse, med bidragsytarar frå heile verda. Fleire og fleire ser at vi har blitt lurt av desse feite beista, og vel å sette ned foten. Fuck the pandas, som ein australsk filosof nyleg uttrykte det i denne videoen frå Bjørn Stærk;

Ta det som eit teikn. Eit varsku. Fleire og fleire vaknar frå den hypnotiske tilstanden og er klar til kamp. Ta til våpen du òg. Ta til motmæle. Ta til vet! Sei nei, sei Fuck the pandas!

laurdag 17. oktober 2009

Pandabæsj til besvær

Nyleg kunne vi avsløre ein sjeldan nytteverdi for pandaenes avføring, som vi menneske bør satse på. Pandaavføring er spesielt, fordi pandaene insisterar på asketiske måltid av bambusskot. Noko dei altså ikkje er utrysta til å fordøye. Dei fordøyer faktisk berre 20% av dette.

Deira avføring består difor i stor grad av bambus og fiber, i tillegg til ein særs spenstig bakterieflora.

Av dette skjønner ein òg at det vert ganske mykje avføring av dette, når mesteparten av det dei sitt og tygg på heile døgnet går rett i gjennom. Pandaer er, for å seie det enkelt, fulle av drit (Ha det i tankane neste gong dei har hypnotisert deg til å tru at du vil klemme dei).

Pandamonium, den utspekulerte pandakonspirasjonen for å ta over verda, har vore fullt klar over at vi menneske kan ha bruk for denne avføringa, og har difor gjort sitt for at den vert kasta vekk på unyttige ting. Som kitsch.

Dette vart eg klar over då eg gjorde research til det førre pandabæsjinnlegget. Nokre "skarpe" sinn fann ut at sidan pandabæsj består av bambus og fiber, så kan ein lage ting med dei. Som kitsch-figurar dei kan selje til turistar. Ja, det er pandabæsj du ser på biletet der oppe. Det går for det meste i søte tablåer som desse pandaene som speler ping pong;
Dei har òg ein del teikningar og slikt...
Medan vi sitt her og grøssar av tanken, så tryggjar produsentane folk om at lukta ikkje er plagsom. Pandabæsj luktar ikkje mykje meir enn bambus, og dei har parfymert dei verste syndarane. Og ser du grønfargen der oppe? Vel, eg har sett grøn pandabæsj.

Fleire salsgjenstander finn du avbileta her, på ei side dedikert til avgudsdyrkinga av desse heslege svart-kvite vesna!

Kan det vere noko som helst tvil om at den einaste årsaka til at dette vert produsert, og at til at folk faktisk kjøper det, er at Pandamonium driver ein massiv hypnotisk kampanje for å overtyde svake sinn om at alt som har med pandaer å gjere er søtt! Slå alarm!

Før du får pandabæsjkitsch til jul! Hugs! Vi treng pandabæsjen til nyttigare ting!

fredag 16. oktober 2009

Nestbest?

Eg innsåg herforleden at eg er (berre) Noregs andre mest berykta mulla. At det er berre mulla Krekar som fleire har høyrd om, og har tankar om. Eg er litt usikker på korles eg skal forhalde meg til denne kjennskapen; er dette noko eg kan slå meg til ro med? Ein god andre plass? Eller er det ei oppmoding til at eg skal tilkjempe meg fleire tilhengjarar? Skal eg rive mulla Krekar ned frå trona? Eller skal eg la han sitte i fred?

For det slo meg... mulla Krekar er etterlyst. Ønskja av internasjonale politimyndigheiter. Eg er ikkje. Tyder det at eg ikkje er ønskje i det heile?

Det har haldt meg vaken no i fleire dagar... kan eg vere den nestbeste mullaen?

Det heile får meg til å tenkje på denne visa av Benny Borg...

torsdag 15. oktober 2009

Å attkjenne vanviddet

I dei siste dagane har eg, slik eg ofte gjer, vendt min penn mot menneske med tynnslitte nerver og svakt grep på verda rundt oss. Enten dei no fryktar besatte endetarmar, tørrpulande skrømt eller farlege kjemikalier på himmelen. I slike samanhengar spør folk meg ofte kvar eg finn desse folka, korleis klarar ein å spore dei opp? Det er sjølvsagt ein teknikk til det heile. Visse teikn ein kan sjå etter for å sjå om ein er på sporet av dei mentalt skjøre.

Det er sjølvsagt frykteleg komplisert, men Harry Enfield gjer sitt beste for å forklare dei meir elementære kjenneteikna:

Dagen då jula kom her!

Ho er her! Ho er her! Jula er endeleg her!Dette har vi jo venta på sidan... nei, vent litt. Det er berre oktober, er det ikkje? Byrjinga av oktober? Hm. Altså, eg har høyrd at ting kjem som julaften på kjerringa, men dette byrjar å verte lattarleg folkens. Det er greit vi likar julebrus og slikt, men går det ikkje an å få raudbrusen attende i butikken som erstatning?
Alternativet er at vi sett ein stoppar for dette før jula varar året rundt. Ikkje lenger snakk om at jula varar heilt til påske, den skal faen meg vare frå påske. Løysinga er enkelt. Vi drep dyret. Vi stoggar denne avsindige feiringa.

Det var på tide vi islamiserte dette landet likevel. Så det så!

onsdag 14. oktober 2009

Folkeopplysing, det er fint det.

Det er ei kjensgjerning at jo meir marginal ein idè er, jo hardare må tilhengjarane kjempe for å få den fram i lyset. Dei må gjerne ta i bruk ukonvensjonelle, og reint amatørmessige midlar. Ei anna kjensgjerning er at jo sprøare ein idè er, jo meir besynderlege vert forsøka på å spre den store sanninga. Det kan ein av mine agentar vitne om, som like ved sin arbeidsstad fann nokre greie heimeutskriftar klistra opp på alle tilgjengelege overflater. På vegne av ypperlege sanningskjelder som Nyhetsspeilet, Prisonplanet (Alex Jones, gjer livet verdt å leve) og bloggen Bevisste Borgere av Norge har desse entusiastane slått eit slag mot fæle ting som vaksiner.
Og krig.
Krig er kanskje litt enklare å argumentere mot av dei to? Vaksineskepsis har lenge vore populært i det litt rare landet på andre sida av dammen, men no har den nådd vår kyst òg. Akkurat i tide til vaksina mot svineinfluensa. Deira sak er knallhard: Vaksiner fører til sjukdom (ikkje så rart, vaksiner skal styrke vårt immunforsvar og gjer det ved å utsette oss for tryggje mengder av den...) og autisme blant barn. Og den inneheld... kjemikalier! Kjemikalier... er som vi alle veit, frykteleg skumle. Eg har høyrd at nokre vaksinar òg inneheld Dihydrogenmonoksid (DHMO). Visste du forresten at 100% av alle kreftpasientar viser seg å ha inntatt DHMO?

Kjemikalier er det i lufta òg. Så sjå opp!

Ja, for kva er det eigentleg som skjer her?! Dette kan jo umogleg vere naturleg! Og det må vere heeeeeeilt nytt. Dette er cheamtrails!
Eller chemtrails som vi andre kallar det. Du gjer kanskje lurare i å søkje på det utan a, om du vil ha fornuftige resultat, men kven veit når det gjeld ortografien til desse menneska. Nervene deira må vere tynnslytte. Ogjeven som dei er av kjemikalier. Og alt saman med eit mål for auge. Å hjernevaske og å drepe. Dette er planen til den store konspirasjonen.
For du skjønner Alex Jones har skjønt det, og forklarar alt på sitt radioprogram som når millionar kvar dag, og på nettsidene til Prisonplanet. Og det ingen andre ser - det ser Alex Jones med stor klårhet. Og han deler det gjerne med alle rundt seg. Høglytt. Og ustanseleg. Han er ein sann folkeopplysar, det har han sjølv sagt. Så får det heller vere at det han opplysar om, er litt prega av ein tung pillecoctail (får vi anta).

Folkeopplysing, folkens. Det er fint det. Utover det, burde eg sikkert ikkje kommentere dette.

Har du sett nokre slike oppheng? Send dei gjerne til oss. Vi reklamerar gjerne for reklamen til Nyhetsspeilet.

tysdag 13. oktober 2009

Skrømtsex

Å ha sex med spøkelser - skrømt - er visstnok vanlegare enn ein vil tru. I alle fall om ein skal høyre på vante spøkelsesjegarar. Og visstnok er skrømtas seksualitet like komplisert som den er blant dei framleis levande. Dei har til og med telefonsex:

Mary Jansen Cross says a ghosts calls her every few days and gives her the dirtiest phone calls that would make a sailor blush she states. "I know it is from a dead man because he use to call me when he was alive. "I even had a restraining order put against him while he was living and arrested 6 times because of it... When he died I thought it was all over," but I was wrong she tells. "I had my number changed several times when he was alive and even more so since he is now dead."

"The calls are more then just suggestive he openly tells me to do things to myself as well as what he wants to do to me." States Cross."The phone companies cannot trace the calls to any direct source." I can go to someone ones home I just met and their phone will ring a mans voice will ask for me and it is the ghosts calling to have phone sex with me." "How does he know where I am,"She asks?

"You can't live with out a phone these days but I wish I cold live without the dead caller making sexual innuendoes to me."

Dette er sjølvsagt veldig alvorleg for dei som opplev det, og ein må berre vere takksam for at dei ikkje ber om noteringsoverføring. Kva i holaste er eigentleg ratene for telefonsamtaler frå det hinsidige? Nokre skrømt ring ikkje, men er moderne og held seg til å sende SMSar:
Kevin (not his real Name) told Tom that a ex of his had died over two years ago and still sends him dirty sexual messages via his haunted cell phone. The messages range from down right dirty and obscene to just words like boo!
Sjokkerande. Simpelthen sjokkerande. For ingen av desse kan vere utsatt for ein dårleg spøk, det ville vore utenkjeleg. For ein har jo så mange døme på skrømt så tar den enno lengre enn ein litt blyg telefonsamtale, eller ein flørtete tekstmelding. Nokre skrømt driv faktisk meir aktivt og oppsøkjer fysisk kontakt med dei levande. Dei har lært av hundane, og jukkar på folk for harde livet. Tørrpuling som ungdommen kallar det.
Frottage, more commonly known as dry humping, is the act of achieving sexual pleasure with a partner or partners, whether naked or clothed, without penetration. This can include using almost every part of the body, including the buttocks, the breasts, abdomen, thighs, feet, hands, legs, and sexual organs. Frottage can include mutual genital rubbing, sometimes called genito-genital or GG rubbing and most of the other forms of non-penetrative sex.
Dei gjer dette både for å opnå seksuell tilfredsstilling, såvel som å "varme opp" ein eventuell levande partnar. Ikkje at dei alltid er like villige. Historier om ufrivillig seksuell omgang med skrømt er visstnok det mest vanlege, sjølv om visse spøkelsesjegarar skal ha oppsøkt slike situasjonar.
Ghost often like to masturbate people in public or cemeteries or so I have been told by a psychic paranormal investigator from Florida who tells that this occurs to him twice daily. He told me how a ghost actually performed Felatio on him at a funeral while he was fully dressed.
Oftast finn likevel slikt stad når den levande partnaren allereie har gått til sengs, og nokre menn, hevdar ei synsk kvinne, forvekslar dette med våte draumar. Noko ein sjølvsagt ikkje skal gjere (Gløym alt de har lært om mareritt og søvnparalyse, folkens). Berre spør, no avdøde (mogleg skrømt?) Anna Nicole Smith som gjekk ut offentleg med si soge om skrømtsex.
I was freaked out about it, but then I was, like, 'Well, you know what? He's never hurt me and he just gave me some amazing sex, so I have no problem.'
Kvifor desse skrømta skal drive på å ha sex med alle og ein kvar, har eg ikkje funne eit fullgodt svar på, men eg mistenkjer at eg har funne to viktige spor. Historia om ein død hund som framleis tørrpulte gjestane til den etterlatte eigaren, og dei to mennene som vart forfulgt av ein avdød seksualforbrytar heile sitt liv, heilt til dei flytta til Hawaii - den einaste staden i Amerika spøkelset ikkje ville følgje dei. Eg veit ikkje kva det tyder enno, men noko må det jo vere?

Eg er ikkje den einaste med ubesvarte spørsmål:
I even heard from a woman recently who said her husband would give her a sign from the otherside. At his fueral she said unseen hands kept pulling down her panties and that night her husbans ghosts made love to her. She wants to know can a ghost make you pregnant?
Etter å ha studert materiale i fleire dagar så slår ein ting meg. Eit spørsmål som overskuggar alt anna. Kvifor er det slik at alle desse jegarane og ekspertane på det overnaturlege, er ute av stand til å skrive rett? Det må jo vere tynnslitte nerver som hemmar deira ortografi, eller?

Så veit du det... skrømt sett seg ikkje berre i rumpa dykkar, dei er òg ute etter sex.

måndag 12. oktober 2009

Uforståeleg boybandtragedie!

Verda er i sjokk etter at Boyzone-medlem Stephen Gately (ein av desse feminine klumpane på biletet) vart funnen død i går. Avisa kan fortelje om sjokk og vantru, rundt denne uforståelege tragedia.

Verken familie, vennar, fans eller myndigheitar klarar heilt å begripe korleis dette kan ha skjedd. Vi siterar:

"Det var ikke noe selvmordsbrev, bevis for narkotikabruk eller overdrevent alkoholinntak. Vennene forstår ikke hva som har skjedd."
Politiet legg til at det ikkje var teikn til vald, korkje på kroppen til avdøde Gately, eller på åstaden der han vart funnen.

Hans død framstår slik som eit heller uforklarleg mysterium, då artistar av denne typen helst skal bli drept, begå sjølvmord eller ta overdose. Vi i moskeen delar difor fansens sjokk over dette udramatiske endeliktet, og kryssar fingrane for at dei resterande bandmedlemmane slepp å møte same skjebne.

søndag 11. oktober 2009

Pris til pandabæsjforsking!

Medan verda framleis går rundt og lurar litt på kva Obama skal med ein tullepris som Nobels fredspris, har den ganske så prestisjefulle IgNobelprisen òg blitt delt ut no nyleg. Denne prisen går først og framst til forsking på områder som forskarar flest overser. Som korvidt det er betre å verte slått med ei full ølflaske enn ei tom ei.

Blant årets vinnarar finn vi Fumiaki Taguchi, Song Guofu, og Zhang Guanglei frå Japan, som gjennom grundige studiar har funne at bakteriar henta frå pandaavføring kan redusere normalt kjøkkenavfall med opp til 90%.

Dette er eit enormt gjennombrot i studiet av dyrearten vi til no berre har opplevd som bortkasta plass, overflødige kjøttposer og unødvendige oksygenkonsumentar. No kan det altså tyde på at vi bør halde på ein bestand av ca. 10-15 pandaer. Under nøye overvaking, slik at Pandamonium aldri oppstår att. Dette må vel roe dei dyrevernarane der ute som hittil ikkje har vore villige til å ta opp kampen mot Pandamonium?

Når det gjeld årsaka til dei effektive bakteriane, så kan ein jo spankulere i at det er resultatet av at at pandaer a) et berre bambusskot, noko dei ikkje kan fordøye og b) dei sjølv kan vere ein form for høgt utvikla, telepatisk bakteriekultur.

Det trengst uansett meir forsking både på pandaens natur og på pandabæsj. Mitt mål no: Å fange ein i live, og tvangsfore han med bambusskot. Her skal kjøkkenavfallet mitt til livs!

laurdag 10. oktober 2009

Absalong: Sex mot og med Gud

Det er på tide med ein ny Absalong! Og denne gongen er vi hemningslaust tabloide, og satsar stort på to av våre favorittema: Sex og religion. Den profilerte religionsvitaren Dag Øistein Endsjø, kjem for å opplyse og underhalde med soger frå trekantdramaet mellom menneskets begjær, Gud og mennesket sjølv! Les alt om hendinga her!

Det du treng å vete er at det skjer tysdag 20. oktober, klokka 19.00 på Klar Bar i andre etasje av Zachen på Fisketorget i Bergen, det kostar 50,- å komme inn, musikken vert fantastisk og stemninga likeså. Du har å kome. Det er obligatorisk.

fredag 9. oktober 2009

Nobelpris til Obama

Vi kan ikkje gjere anna enn å gratulere ein ny og verdig vinnar av den anarkjende Nobelprisen, den etterkvart så veldig populære kenyanaren Barack Hussein Obama. Med tunge av gull, og hud så svart som den deiligste råolje, har han sjarmert og gleda folk verda over, særleg oss her i oljeglade Noreg, og ein kan ikkje anna enn å unne han denne prisen. Det er første gong i år at Nobelprisen i retorikk vert delt ut, og prisen vert ein av dei mange Nobelprisane som vert delt ut, mellom anna i fysikk og litteratur. Den mest prestisjetunge tildelinga, Nobels fredspris skal òg finne stad i dag, men det er enno usikkert kven av dei mange verdige fredsforkjemparane der ute som får den. Verda er full av ivrige og gode sjeler som vier heile sine liv til å arbeide for fred, og det er alltid mykje spenning knytta til utdelinga av Nobels fredspris. I seinare år har den vore under åtak, etter den har vore gjeven til personer som Al Gore for ting som godt overtydande powerpointpresentasjonar. Ein kan berre anta at dette er årsaka til at ein no har valt å opprette ein eigen Nobelpris for retorikk.

[Oppdatering!] Vår sekretær meddeler oss no at det faktisk ikkje er ein pris i retorikk som er delt ut, men at Obama faktisk har fått fredsprisen. Vi... uhm... vonar at dette vil oppmode han til å arbeide for fred? Eller noko slikt? ... Gratulerar?

onsdag 7. oktober 2009

Halo, sa du?

Litt nerding må til i dag - det er tross alt onsdag. Og medan eg har mykje nerdete på hjartet, så skal eg spare det til seinare. Eg vil i dag tale til dykk om Halo. Microsoft/Bungie sitt populære skytespel. Opphaveleg til xbox, men så òg til PC og xbox 360, dette spelet hevder å ha revolusjonert sjangaren. Etter å ha prøvd det ein del, har eg aldri heilt forstått kva dei meiner med dette. Det er eit skytespel, og ikkje eit særleg spesielt eit. Tidvis moro er det, det skal det ha.

Sidan det første Halo har det komen to fullstendige oppfølgjarar Halo 2 og Halo 3, samt eit strategispel Halo Wars. Det siste som er ute er ein versjon av Halo 3, kalla Halo: ODST. Ein skikkeleg storsatsing, med dyre reklamefilmar på amerikansk fjernsyn og heile pakka. Og det er moro å sjå på. Meir moro enn spelet eigentleg, for eg har enno ikkje skjønt kvifor eg skal spele det.

Før no; eg fann endeleg ein variant som appellerte. Folkens, ta ein kikk på dette!
Ein mann kan drøyme, kan han ikkje?

tysdag 6. oktober 2009

Ikkje lett å vere steampunker

Som fleire av dykk kanskje har fått med dykk, så har eg ei viss tilknytting til ein subkultur som går under namnet Steampunk. Først og framst fordi eg skriv steampunklitteratur, men òg fordi kulturen og ideane den står for står mitt hjarte nær.

Dette har etterkvart blitt ein ganske så betydleg, om enn liten kultur, med sine eigne viktige personligheter som har utmerka seg enten innanfor litteratur og kunst, eller DIY-mekking av steampunkdingsebomsar.

Ein av desse er Professor Calamity, som vert omtala som ein inspirasjon til Steampunk Magazine. Han er no fokus for ein del merksemd utanfor kulturen etter han vart arrestert av FBI, anklaga for å ha kvitra på Twitter under G20 møtet. for å koordinere dei "ulovlege" protestane.

Dette er noko myndigheitar i heile vesten har støtta opp om i Iran og andre stadar, men det er visstnok ikkje like kurant for ein enkelt steampunker å gjere når det råkar storkapitalen representert av G20. Så mykje er ytringsfridomen din verdt på internett.

Det er pokker meg ikkje lett å vere ein anarkistisk victorianar med hang for dampteknologi og messingdingser.

Du kan lese meir om det som har hendt her, og sjå eit intervju hjå raddisane i Democracy Now.

(Via BoingBoing)

måndag 5. oktober 2009

Analspøkelser

Har du nokon gong hatt eit spøkelse i rumpa? Om du ikkje har hatt det, er det likevel nok av dei som har. For visstnok så er det ein ynda stad for spøkelse å gøyme seg. Dette er ein av årsakane til at ein skal vere varsam med å ha sex etter å ha vore på spøkelsesjakt, det kan ein lese om i denne artikkelen av Maryanna Chatelaine Moresby. Ein ivrig spøkelsesjeger, men kanskje ikkje verdas beste skribent.

Eg klarar aldri heilt å gripe fatt i kva tid ho meinar det er trygt å ha sex etter jakta, eller kva som er problemet - utanom at ein kanskje har med sex spøkelser som vil vere med på leiken. Det kokar for det meste ned til at ein gjerne ikkje har lyst til å ha sex, pga stress, angst eller andre faktorar etter jakta. Noko som eigentleg er god nok grunn, sjølv om ein ikkje har vore på spøkelsesjakt, så kva det er snakk om anar eg verkeleg ikkje.

Det mest interessante er likevel hennar observasjonar av spøkelsar som etter å ha blitt kasta ut av hus og andre stadar, vel å feste seg i livmor, tarm og anus på jaktfolka. Slik som dette biletet av Moresby sin mann syner.

Det ser verkeleg ikkje triveleg ut, men det fjerner i alle fall behover for lommelykt. Diverre følgjar det med ein del uønskja effekter som... illeluktande fising. Og mykje av det. Gjerne med enten forstopping eller diarè i tillegg (så no har vi fått forklaringa på det, gitt). Og du vert ikkje kvitt dette ved hjelp av ein tarmskylling, understreker forfattaren.

Forfattaren kan òg fortelje at om ein er plaga av analspøkelse, så har ein heller ikkje så mykje lyst på sex.

Nei, sett slikt, er det ikkje berre å unngå analsex då?

Og med dette i tankane tar eg kvelden. Neste gong skal vi sjå på det å ha sex med skrømt.

Svenske talent avslørt

Kva er det med Sverige? Kva er det som gjer at vi her heime diltar etter svenskane i alt? Kva er det som gjer at Sverige er meir kjend for verda, enn Noreg? Er det berre kjøtbollar og Ikea? Eller er det noko meir?

Er det kanskje eit eiga talent dei har? Som resten av den vestlege verda har Sverige kasta seg over den nye bølgja med talentshow på fjernsynet. Så kanskje dette vil avsløre den særeigne svenske sjarmen?

Jajo... jajo... eg skulle heller likt å sjå Siv Jensen og Mette Hanekamhaug prøve seg på dette, eg.

Attende til meditasjonen.

søndag 4. oktober 2009

Ein uroleg kjæreste?

Mette Hanekamhaug har blitt ein populær skikkelse etter ho demonstrerte eit heller ustødig forhold til kultur og litteratur i eit intervju før valet. Som den yngste stortingsrepresentanten har ho ein del å leve opp til. Ho må vere hipp og kul. Og ho må vere pen. Sistnemnte klarar ho fint. Som representant for FrP må ho vere dum. Veeeldig dum. Og der har ho allereie gjort seg bemerka, men tida vil vise om ho klarar å oppnå det nødvendige nivået av idioti vi forventar frå unge FrParar.

Ho får i alle fall nok av høve til å demonstrere ein slik idioti, men det er vanskeleg for henne å prestere i møte med lågpanna norsk journalist. Sist demonstrert av ein journalist frå VG sitt webtv. Her ramlar det inn med gullkorn, som attspeglar VGs profil for politisk stoff. "Kva slags menn likar du?" "Likar du menn som jaktar på hjort?" "Kor ofte trenar du?" "Er du kilen under føtene?" "Kva har du i veska?" "Røykar du?"

Jupp. Takk for det VG. Likevel beit både eg og VG-redaksjonen takk i same spørsmål og svar; "Er du single?", hennar svar "Eg er ugift." Noko som fortel meg at dama har type, men har ingen planar om å behalde han. Fabelakteg, eg ser for meg eitt stykk uroleg kjæreste som sitt heime i bygda no, medan Mette spring rundt på Stortinget og leitar etter ei erstatning for han.

Huff.

På den andre sida... kan det hende ho er lesbisk, og difor svarar unvikande på alle desse spørsmåla? Hmm... kanskje ho er Siv Jensens nye elskerinne.

...

Unskuld meg, eg må gå og meditere på den tanken.

fredag 2. oktober 2009

I tankane

Kva har eg i tankane? Kva har eg i hovudet?
Det same som eg har på hovudet.

Hello Kitty.

Så her sitt vi i moskeen, og held eit årvakent blikk på verda. På Pandamonium. Objektivistar. Og menn som likar å kle seg i dameklede.

Særleg det siste. Vi sitt mest og følgjar med på menn i kvinneklede. Og tenkjer som så at... eg må ha meg ei paljettkjole. Absolutt.

Som matcher Hello Kitty-pannebandet mitt, som eg nyleg fekk i gåve av ei ung frøken.

Og med det, så ønskjer eg folket ein framleis fin fredag, då eg nok har hendene fulle her.

torsdag 1. oktober 2009

Venstres snuoperasjon

Valet er for lengst over, så eg veit eg burde snakka om noko anna, men etterspelet er alltid like interessant. Korleis vel partia å posisjonere seg? Kva gjer partia som vann fleire mandat? Korleis handterar "taparane" sin situasjon?

Den store taparen i årets val var partiet Venstre, kjend for å halde årsmøta sine i bøttekott rundtomkring i landet. Dei har gått gjennom mykje rart sidan valnatta, då deira oppblåste og ekstravagante leiar, saubonden Lars Sponheim valte å trekkje seg frå leiarvervet. Veljarane på si side, reagerte med å melde seg inn i partiet i hopetal. I løpet av det første døgnet etter valet meldte over 1000 menneske seg inn i minipartiet. Sjølv om det er tvilsomt dette vil ha noko synleg effekt i framtida. Ein vert sittande å undre seg - kva no for partiet Venstre? Korleis har dei det eigentleg?

Eg snubla over ein videosnutt av partiet i desse dagar, som eg trur fortel heile soga.