
I dag har eg tilbragt to timar med å høyre på deg, Nina Karin Monsen, då du vitja juridisk fakultet på Universitetet i Bergen og haldt førelesing om "Ekteskap, personverd og barnemarknaden". Det var ein vidunderleg oppleving, og eg vil berre takke deg for at du ikkje skuffa. På noko som helst vis. Du var deg sjølv. Intet mindre enn deg sjølv.
Sjølv utan aluminiumsfolie pakke rundt hovudet.
Du byrja foredraget med å henvise til debatten du har vore ein del av dei siste to åra, der du på ditt særeigne vis har argumentert mot kjønnsnøytralt ekteskap. Du meinte at dine motstandarar hadde vore uredelege, og ikkje argumentert med logiske resonnement. Noko du meiner er eit viktig grunnlag. Presise omgrep er viktig for ein filosof forklarte du.
Det som fulgte var som vanleg blotta for denne etterlyste logikken, du presenterte aldri noko resonnement, men erklærte evige moralske sanningar henta frå ditt religiøse univers. Moralske sanningar som du meinte er prøvd utrydda av "sosialistar, kommunistar og marxistar". Ordbruken var lite presis, og mest eigenarta.
Din paranoia skein glatt i gjennom når du viste det store biletet; om korleis Jens Stoltenberg og frøken Huitfeldt var arvtakarar til kommunismen og nazismen, og hadde som formål å utrydde familien, og slik all moral og sivilisasjon. Sivilisasjonen, sa du, byrja med ekteskapet mellom mann og kvinne. Og med det biologiske banda mellom mor, far og born.
Du gjentok dine tiradar om konstruerte born, som vert fødd inn i elende fordi dei har mista sin far. På tross av at du aldri kan miste noko du aldri har hatt. Du avfeidde "tullete vitskap" og erklære empiri for uinteressant. Det var ikkje så viktig som dine anekdotar om barn som hadde mista sine foreldre i oppveksten. Dine tiradar rammar ikkje berre born av homofile, men adopterte frå heile verda - for dei oppfyllar ikkje ditt kriterie for ekte menneskeborn. Dei er konstruerte, fordi dei ikkje knytt mor og far saman. Det er kjærleikslaust. Og i dette var du like rå som alltid.
Meir subtil var du dog i din rasisme; ja, berre i ny og ne nemnte du desse mørkhuda. Ja, du veit... du kunne fått spermen til ein mørkhuda mann! For å fremme det fleirkulturelle samfunnet! Og ja, i dine auge er det jo eit viktig poeng å påpeike at mange homofile menn er gift med menn frå land utanfor EU!
Så du må heller unskulde at vi lo litt, då du samanlikna Stoltenberg med Oppenheimer, og bioteknologi med atomvåpen. Du må heller unskulde oss, at vi riste på hovudet då du avfeide alle spørsmål frå publikum med frekke motspørsmål konstruert for å vise din "moralske" overleigenheit.
Kjære Nina Karin Monsen, takk for at du stilte. Du skuffa ikkje. Du er framleis truleg den mest irrasjonelle megga i Bergen, og ein skam for alle oss som ønskjer ei anna ekteskapslov enn den vi fekk tvungen ned i halsen første nyttårsdag i dag. Med allierte som deg, treng vi simpelthen ikkje fiendar. Med allierte som deg, så er det ingen vits å ta til ordet ein gong. Du er ei vandrande katastrofe.
Nina Karin Monsen, du er eit kjærleikslaust, konstruert monster av eit born! Du er rape sprø, og burde beskyttast mot deg sjølv.
Og om du lurar på kvifor eg ikkje fortalde deg dette når eg først var der i dag; så var det gjerne fordi ordstyrar forlange berre "saklege spørsmål". Dette er ikkje så lett, når du sjølv var så usakleg som du var. Kanskje til og med umogleg, når ein tenkjer på dei grusomt usaklege svara du gav dei ungdommane som febrilskt prøvde å forhøyre seg om kva i holaste du hadde vrøvla om.
Takk, Nina Karin Monsen, for ein lattarkrampe, men du kan gå no. Vær så snill! Gå.