søndag 31. januar 2010

Så kvit og dei banale dvergane

Mykje rart og banalt vert sagt om dei europeiske folkeeventyra. Det meste av dette er sludder. Forsøk på å finne rasisme i titlar som som Snøkvit og dei sju dvergane er klassisk. Det er mykje stygt med denne forteljinga, og ikkje minst i attforteljingar av den om ein ikkje skal byrje å leite etter rasisme. Det er klart at sogene vart nedteikna i ein rasistisk periode, og at Brødrane Grimm ikkje akkurat var talsmenn for eit fargerikt samfunn, men det er likevel ikkje noko basis for å leite etter ein annan grunn til tittelen anna enn at kvit er rekna som reint og uskuldeg. Noko positivt. Det har ingenting med hudfarge å gjere. Hudfarge speler faktisk inga rolle for historia og korleis den utfallar seg.

Berre sjå på denne.

Ser du? Snøkvit er ikkje rasistisk i det heile tatt! Det er berre banalt å hevde det!

laurdag 30. januar 2010

Padamoniums eksessar

Nokre saker er berre gale frå byrjinga av. Nokre ting er berre soleklare hån mot menneskeheita! Men slik er det gjerne, når ein har tvinna media og folkeopinionen rundt lillefingeren, så treng ein ikkje lenger uroe seg over å avsløre seg. Alt virker naturleg då! Vi snakkar sjølvsagt om Pandamonium, som nok ein gong flottar seg på min og din bekosting. Som gnir si luksuriøse tilvære opp i trynet på oss, og vi skal berre godta det. For det er jo dei som er ofra, dei treng vår hjelp... men treng dei verkeleg private jetfly og harem? Sjølvsagt, for Pandamonium finnes det ingen nøysamheit, og ingen grenser for dekadensen!

"Panda Express" dekorerast med eit 12x12 meter stort pandaemblem, ein krigsfane for Pandamonium, og skal vere det private jetflyet til 5 år gamle Tai Shan frå USA som skal vitje sitt nye harem av late, feite pandasugger i Kina. Altså, eitt stykk bortskjemt panda får privatfly til å fly han til Kina, der han skal henge rundt med pandaer av motstatt kjøn og mest truleg unngå å ha sex med dei, fordi han er jetlagged og simpelthen berre dorsk.

Og kva hån er det ikkje å bruke så mykje ressursar på eit fånyttes parringsprosjekt? Vi veit alle at ingenting kjem til å skje? Kva er ikkje då eit harem anna enn å kaste svor i andletet på menneskeheita, og særleg på det store talet kinesiske ungkarer?!

Som om ikkje dette er nok, inngår flyturen i nok eit sjukleg eksperiment av pelsreisande dimensjonar! På vegen til Kina, vil "Panda Express" plukke opp to år gamle Mei Lan, og det er openbart kva hensikta med dette er. Dei vil bli dei første pandaene som parrar seg ombord i eit transkontinentalt fly. Dei vil bli med i den såkalla "mile-high club". Eit eksklusivt selskap hittil berre forbehaldt menneske. Det finnes ikkje den ting Pandamonium ikkje ønskjer å ta frå oss. Ikkje den menneskelege aktivitet dei vil rive sunder og besudle med sine feite poter. Eg rystast over korleis ein slik institusjon som "mile-high club" no vert skjenda av desse skitne, grådige beista. Er ingenting heilagt? Kva er det neste? Skal dei bli med i Frimurarordenen!?

Og kva med den grusome aldarsforskjellen mellom Tai Shan og Mei Lan? Han er fem, og ho er to! Barnerov er berre stikkordet her!

Det finnes berre ein ting å gjere med dette, kameratar! Berre eit vis å stogge dette overgrepet! Hald auge med himmelen, og hendene på Stinger-raketten din.
VI SKAL SIGRE TIL SLUTT! NED MED PANDAMONIUM! NED MED "PANDA EXPRESS"!

fredag 29. januar 2010

Fotball

Fotball. Eit mysterium for meg. Som mann er det forventa at eg skal forstå kvifor det er interessant å sjå grupper av vaksne menn dele seg opp i to like store grupper og springe rundt på ein plen etter ein lærball. Det er sikkert moro å gjere det, det tviler eg ikkje eit sekund på. Eg har sjølv begjett meg ut på denne og tilsvarande aktivitetar i min ungdom, og må ærleg innrømme at det var ikkje reint lite underhaldande. Men å sjå på det? På fjernsyn eller frå tribune? Eg veit ikkje kvifor det skal gjere meg maskulin.

Enno merkelegare er det at folk eg har respekt for. Folk med intelligens, djupsinn og intellektuell kapasitet vert reven med av denne tilskoderaktiviteten. Og det til den grad at dei vel ei tilfeldig gruppe framfor ei anna, eit fotballag, å halde med. Gjerne eit i England, oppkalla etter ein by eller eit nabolag dei har vitja eller ikkje. Dette laget vil dei følgje i tjukt og tynt, uavhengig av kven som er på laget og korleis dei gjer det. Kva det er som gjer at dei vel akkurat dette laget anar eg ikkje; om det er noko med ordlyden i namnet eller fargevalet i uniformane som fenga supporterens sinn som lite barn... det er umogleg å få eit svar på.

Eit døme på ein slik supporter er min gode venn, Den Tvilsomme Humanist. På tross av å heve seg over den skitne allmuen på dei fleste vis, presterar han å dele denne mest proletare av alle interesser. Å følgje med på engelsk fotball. Det har hittil vore fullstendig utanfor mi fatteemne kva han ser i dette, men i dag delte han ein video som kanskje belyser svaret.

Fengande ikkje sant? Fotball ser jommen spanande ut no... eller?

torsdag 28. januar 2010

Absalong: Kalis kvelarar

Medan våre vennar i Kjettersk Kjeller no legg inn årene i denne stund, vil Absalong i Bergen rocke hardt ei stund til. Gode idear i massevis på lagar og all verdas tid. Det står berre på tid og ressursar. Årets første Absalong tar folk til India og ei av verdas mest besynderlege religiøse sekter. Den såkalle kvelarsekta som i omfattande seremoniar ofra tilfeldige til dødsgudinna Kali. Dette hendte jamleg i fleire hundre år, tusener av menneske måtte bøte med livet. Kvelarsekta var henvist til lause rykter og segn, inntil dagen då ein britisk magistrat snublar over deira aktivitetar og fekk dei fram i lyset.

Kom og høyr vår venn Jan Ingar Thon fortelje heile soga den 9. februar i Bergen. Les detaljane her.

onsdag 27. januar 2010

Attentatsforsøk

Vi lev i farlege tider, og over heile landet er det klappjakt på snille og uskuldege skjeggmullaer. Om det er meg dei er ute etter, er uvisst, men tidlegare denne veka vart altså min relativt forvirra kollega mulla Krekar beskutt i sin eigen heim. Dette vart slått stort opp, og eg skjønte eg burde liggje lågt i terrenget. Eg ante fare for mi eiga helse, simpelthen.

Diverre er det ikkje alt ein kan forutsjå, så då minde fiendar slo til i går var det på hengande håret at dei ikkje tok rotta på meg. Korleis dei klarte det, anar eg ikkje, men dei klarte i alle fall å forgifte meg. Dette mest truleg for å hindre meg i å reise til Syndas Bygd i morgon, for å delta i gravølet for Kjettersk Kjeller, der Torgrim Eggen skal snakke om sektdanning.

Det har vore hardt så langt, men eg har kjempa meg ut av horisontalen og står no på eigne bein att, på tross av gifta som framleis er i årene mine, og om dei Eldre Gudar står oss bi vil eg likevel klare å sette meg på flyet i morgon. Kryss fingrane. For no tar eg kvelden.

tysdag 26. januar 2010

Mentalt nivå

Eg er vel attende frå Lillesand og Kristiansand, der eg har overvært den særaste Nikah (brudlaupsseremoni) som har funne stad på norsk jord. Den er hinsides ein kvar forklaring, så vi lar det vere med det. Eg var deretter nøydd å liggje litt lågt i terrenget, då folk har byrja å skyte på skjeggete mullaer. Eg frykta ikkje så mykje for mitt eiga liv, det er i Herrens hender, men for dykk, mine kjære følgjarar, og for kva de skulle ha gjort utan mitt leiarskap.

Det første eg oppdaga då eg stakk snuta ut i offentlegheita var ei overskrift om Mira Craig, aldar 27 om eg ikkje hugser feil, som har funne seg ein tenåringskjæreste, denne såg eg på framsida på proletartidsskriftet Se og Hør. No anar eg ikkje kva slags gut eller jente ho har funne seg, men eg må berømme den elles så grusomme frøken Craig med sitt val av ein tenåringskjæreste. Det viser ei sann vilje til å finne seg ein partnar på sitt eiget mentale nivå. Her er ho godt på veg, og eg trur ho sikkert har minst like mykje å lære av å hjelpe med leksane som kjærasten har. Diverre kan nok ikkje Mira Craig strekke seg lenger i å finne den perfekte partnar utan å bryte norsk lov, så eg vonar ho denne tenåringskjæresten er tolmodig med henne.

Og med det seier eg: Godt å vere heime. Eg reisar att på torsdag.

fredag 22. januar 2010

Fråversmelding

Har du sett på makan? Mullaen skal ut på reise. Det er brudlaup i morgon; ei ung norsk jente skal gifte seg med ein indisk muslim og dei treng mi velsigning. Så eg legg i veg sørover, og vert vekke til søndagskveld. Det er uvisst om eg har tilgang til internett dei neste dagane, så eg vonar at de underheld dykk sjølv i kommentarfeltet.

Eg stikk innom om eg får tak i internett i Lillesand.

Ha ei fin helg.

Ein storm av pølsevev

Om du er som meg, så har du opplevd dette. Du sitt i eit eller anna selskap, i lag med eit eller anna moderat triveleg selskap og anar fred og ingen fare før dei opner kjeften sin og spyr ut eit eller anna vanvittig sludder. Noko grundig fargerikt pølsevev! Det kan vere at jødar og frimurarar stod bak 11. september, eller at alternativ medisin er så mykje betre enn skulemedisinen og at du kan kurere alt med å drikke din eigen urin. Det er jo tross alt slik, i følgje slike menneske, at det ikkje eksisterar kunnskap og fakta, og at all vitskap er basert på tru, det same som kva enn religion dei svergar til der og då (Buddhismen er populær om dagen, medmindre dei er avantgardistiske og har valt Bahai).

Er du som meg då, så prøver du å halde kjeft. Du prøver å la vere å svare. Men klarar du det? Nei. Sjølv du har di smertegrense.

Tim Minchin har satt det heile til rytme, så unn deg sjølv ti minutter av av beat-poesi som du vil kjenne deg att i.

Og om videoen på det tidspunktet du les dette er fjerna pga copyright, så finn du eit reint lydopptak som Minchin sjølv har lagt ut her.

torsdag 21. januar 2010

Orwell, dystopiar og utopiar

Det er i dag 60 år sidan den sosialistiske forfattaren George Orwell døde. Han er mest kjend Animal Farm, eit satirisk blikk på den totalitære kommunismen, og skrekkvisjonen 1984 om det totalitære overvakingssamfunnet. I den forbindinga vart eg på ny invitert til Radioselskapet på P2 for å snakke om framtidsvisjonar i science fiction. Denne samtalen kan du laste ned her, og du finn den ein time ut i sendinga.

Det som i utgangspunktet er temaet er utopiar og dystopiar, som er to ulike sett å forestille seg framtida eller alternative samfunn. Der utopien er det perfekte, medan dystopien er reine helvetessamfunnet. 1984 fell då inn blant desse. Felles har dei at dei er basert på vår eiga samtid og på samfunnet som forfattaren tilhøyrar. Utopien er gjerne samfunnet som vi bør strebe etter, medan dystopien er ei åtvaring om kva samfunn vi er eller held på å verte - felles for dei er at dei spring ut av forfattarens politiske idear og kontekst.

Dystopien er jamnt vanlegare å sjå, fordi den er langt meir spanande. Det er lettare å lage konflikt og action av ein underdog som kjempar mot eit undertrykkjande samfunn, enn reiseskildringa til ein mann som vitjar det perfekte samfunnet.

Men så kva er dette perfekte samfunnet? Så mange av dei verste opplevingane vi har hatt i det 20. århundret har vore forsøk på å byggje eit utopisk samfunn; Nazismen og Sovjetkommunismen er soleklare døme på det. Det norske sosialdemokratiet er òg eit klamt forsøk på å skape ein utopi, og eit som kanskje kjem keisamt nær det samfunnet som Thomas Moore først skildra i sitt verk "Utopia". Og det er dette som kanskje er det mest fascinerande med Utopien, at den til sjuande og sist enten er umogleg eller ei tvangstrøye. Er vi menneske i stand til å leve i eit perfekt samfunn? Eller er målet å kjempe for det, og ikkje å leve i det? Ein av 90-talets mest undervurderte filmar sett det på spissen; Demolition Man med Sylvester Stallone. Stallone speler ein ultravaldleg purk frå vår nære framtid, som er fullstendig ute av kontroll og han vert dømt til å verte kryogenisk fryst ned. Han vert tint opp i det perfekte samfunnet, eit samfunn som har eit akutt behov for ein handlingens mann. Denne framtida er fredleg og nesten fri for valdlege forbrytelser. Vald verker framand for normale innbyggjarar i samfunnet og dei er ute av stand til å forsvare seg mot reell kriminalitet og korrupsjon. Dei treng den primitive valdsmannen for å tryggje samfunnet deira, og ved å introdusere han og hans valdlege metodar vert deira utopiske samfunn meir likt vårt eiga. Men er det eigentleg ein utopi, eller er det ein dystopi?

For dei som ikkje er særleg interessert i science fiction, virker det litt merkeleg å snakke så mykje om ein sjangar prega av lasarsverd, romskip og dårlege effektar, men sjangaren, som er betre beteikna som spekulativ fiksjon, er i stor grad politisk i si kjerne. Då den spekulerar i moglege samfunn og teknologiar først og framst. Dette har hatt sin effekt. Eg høyrde nyleg ein litteraturvitar presentere eit innlegg der han kritiserte implisitte politiske (og gjerne då liberale) lesingar av science fiction, han meinte at det ikkje var gitt at det var slik ein skulle tolke verk i sjangaren. Dette er heilt rett, men eitt poeng som han oversåg er korleis denne tradisjonen for at science fiction skal vere spekulativ og samfunnskritisk legg føringar ikkje berre på lesaren og kritikaren, men òg forfattaren. Altså, at forfattaren sjølv føler seg forplikta til å skrive slike føringar inn i verket sitt.

Food for thought, og frykteleg tørt. Eg veit. Vi får skrive om noko anna i morgon.

onsdag 20. januar 2010

Jada, det er nazistar på månen...

Ein av tingene vi underviser i her på arbeidsstaden min er vurdering av kjelder. Særleg kjelder som ein finn på internett. Kan ein stole på det ein les på Wikipedia? Kan ein stole på andre nettsider? Korleis finn ein ut av kva som er god informasjon, og kva som er tullball? Det er ikkje så vanskeleg om ein held tunga rett i munnen. Dog, det kan virke som om det ikkje er så lett for dei meir entusiastiske researcherane der ute. For kven er vel meir entusiastiske enn konspirasjonsteorikarar i si jakt på den ultimate sanninga? Her nøstast det opp spor i bilete i tekst, band vert knytta og spor opplyst til den store gullmedaljen. Kreativiten og arbeidsiveren skal det neppe seiast noko på.

Kjeldegranskinga derimot, hadde trengt ei pittelita oppstramming har det slått meg. Nyleg vart det furore i eit forum då nokon fann ein fersk artikkel (april i fjor) i the Truth Today som avslørte eit swastika på månen. Det var dei som nekta å tru det, men iherdige tilhengjarar understreka at det virka seriøst.
At denne artikkelen var å finne på nettsida til Iron Sky, ein lågbudsjetts finsk science fiction film burde kanskje ha satt i gang eit par varsellamper?

tysdag 19. januar 2010

Meir danseglede

Nokre folk er aldri nøgd, og vår dodologiske venn protesterte mot gårsdagens innlegg, fordi det ikkje var musikk med. Han meiner at Para Para berre kan nytast med irriterande Eurobeat eller tilsvarande. Noko han prøvde å demonstrere på ny i dag. Vi her i moskeen er sjølvsagt ute etter å vere til hjelp for så mange som mogleg, og vil difor føye oss for kravet om dansekurs med musikk. Difor vil vi servere eit nytt dansekurs i dag; førs møysommeleg forklart av ein hjelpsom finne, før han demonstrerar dansetrinna til musikk.


Eg vonar dette var tilfredsstillande for dykk.

måndag 18. januar 2010

Dansekurs?

Min gode venn, Lord Bassington-Bassington sin sekretær, hinter om at vi burde ta eit dansekurs. Eg er litt skeptisk, men under dei rette omstenda kan eg kanskje la meg overtyde. Han sendte i alle fall denne videoen med instruksjonar.

Kanskje ikkje berre litt skeptisk...

torsdag 14. januar 2010

Den norske olympiade

Det er noko trist over konservative lokalpolitikarar som ønskjer å få merksemd med å love folk OL i framtida. Kva får dei til å tru at ein får det til? Kva får ein til å tru at folk vil ha det kaoset? Denne gongen er det Trude Drevland frå Høgre som har fått seg at det er ein god idè å få vinterolympiaden i 2026 til Bergen og Voss. Eller rettere sagt, ho trur det er ein god idè å foreslå det i von om at det sankar stemmer. Kven bryr seg om å gjennomføre valløfta eller drive lokalpolitikk, når ein kan bruke pengar på symbolpolitikk?

Det verste er at ein kvar kampanje om dette trekk vekk frå meir realistiske prosjekt i nærområdet som i utgangspunktet har større sjanse for å verte vellukka. Det er ikkje berre skammeleg, men trist, at dette fånyttes prosjektet skal trekkje ressursar vekk og kanskje tilogmed hindre Os 2024. Prosjektet som ønskjer å få somarolympiaden 2024 til Os utanfor Bergen, og til nye idrettsanlegg og symjehall avla fram under FrPs Terje Søviknes.

I utgangspunktet er dette sjølvsagt langt meir truverdig, enn Bergen-Voss 2026; for kva har Voss anna enn fårepølse, og Bergen anna enn eksos? Os har i det minste ballbinge!

Så hugs: OS 2024 DRAUMEN ER I VEST!

onsdag 13. januar 2010

Avatar deprimerande?

Ein kan jo undre seg kva som skjer med denne verda, der tusenvis rapporterar at dei vart deprimerte av å sjå James Cameron sin nyaste eventyrfilm, Avatar. Eg har skrive litt om filmen allereie her. At Vatikanet går ut mot filmen og meinar at den er hedensk er ikkje noko overrasking, ei heller at latinamerikanske populistar meinar filmen har noko med motstand mot vestleg imperialisme å gjere. Det er liksom venta når ein film av ein slik storleik dukkar opp på plakaten. Populærkulturen er lett å spå slik sett. Likevel er det jo noko som skurrar når folk følar filmens verd var så forlokkande at dei ikkje lenger klarar å vere i vår eigen.

Ein del pratevillige psykologar kastar seg sjølvsagt over dette, og den vanlegaste forklaringa er at filmens 3D-effekt er så effektiv at det på sett og vis vert vanskeleg å skilje frå røynda, eller verre å foretrekke framfor røynda. Eg delar ikkje denne teknofobiske framstillinga, men nokre tankar er eg no i stand til å gjere meg. Difor stilte eg gladeleg opp i Radioselskapet på P2 i dag, og snakka om Avatar i nokre minutt.

De kan laste ned intervjuet her.

Ein har jo ikkje all verdas tid til å dekkje alt i ein slik snutt, så eg satt og klødde litt i fingrane (eller tunga) til å seie meir om problematikken som vart tatt opp. Først og framst om anti-modernismen som ligg innbakt i det moderne og vår historie. Moderniteten har alltid vore prega av ein kjærleik for det fortidige, og den gyldne tidsaldar som kom før vår industrielle og kalde tilvære. Ein ting er luddismen, noko anna er dei politiske prosjekta som verkeleg har forma den vestlege verda. Særleg dei idealistiske, revolusjonære og seinare totalitære prosjekta. Vi snakkar då om kommunismen, nazismen og fascismen. Medan dette er i allar høgaste grad moderne politiske prosjekt, basert på byråkratisk og sosial rasjonalitet, og ikkje minst industrialitet, så har ikkje argumenta bak alltid vore like utviklingspositive. Nazismen og fascismen er kanskje klarast i sine konservative ideal, særleg om ein grip fatt i hyllinga av det heidenske, det føydale og før-industrielle, men òg venstresidas rampegutt, kommunismen, har nytta sin del anti-moderne retorikk. Attende til jordbruket skulle vi, gjerne under tvang.

Den edle ville står sentralt i Avatar og i modernitetskritikken den fremjar. Han har hatt litt av ein merkeleg posisjon i vår kulturhistorie, frå Den kvite manns byrde til å verte ein førebilete og ein håpefull redningsmann. Som namnet tilseier så var denne skikkelsen opphaveleg ikkje berre god, men òg ein villmann som måtte temmast. Noko vi prøvde å gjere så godt vi kunne, om ein skal tru eldre litteratur. I seinare tid har fokuset nok lagt meir på kor edle naturfolka vesten meir eller mindre utsletta var. Deira kontakt med naturen er noko vi siviliserte har mista, og som vi gjennom samkven med dei (eller minna om dei) skal kunne attvinne. Skadar ikkje med litt dyrevern og miljøkamp oppi det heile.

I forteljingar som Avatar, og førgjengarane som Dances With Wolves, Pocahontas og fleire pinleg like filmar, vert den naturfolket idealisert, medan den vestlege modernitet demonisert til dei gradar at det til tider er vanskeleg å fordøye. Det finnes ingenting positivt å hente frå dei grådige "europearane" frå jorda, ingenting å lære. Alt av verdi er å finne hjå naturfolket. At det må ein "europear", ein jordbuar, til for å frelse dei er ikkje uvanleg. Vårt kollektive dårlege samvit over kolonialiseringa som produserar desse filmane må forløysast ved at ein av oss, ein av dei liberale "europearane" tar til seg naturfolkets lærdom, vert ein av dei, og i kraft av å vere "europear" frelsar dei. Han vert deira Messias.

Men korleis kan det ha seg at folk reagerar så kraftig på ein slik film? Utover at dei er klin sprø og lettpåverkelege, altså? Vel, eg vil ikkje psykologisere. Eg kan berre peike ut nokre fenomen, nokre idear. Som at vi i dag lev i ein hittil utenkt luksus, men òg utan mål og meining, og i enno større grad har høve til å drøyme oss vekk. Vi konsumerar underhaldning, og vi konsumerar flukt. Og dette er ein sentral handling i våre liv. For det andre byr media på to motstridande verdener; den er umoglege situasjonen vår klode er i, med naud, krig og klimakrise på den eine sida, og den enorme glamouren til tv-kjendisar og andre "larger-than-life" personar vi vert utsatt for og tilbode som førebilete. Dissonansen mellom dette, og det verkelege liv er stor. På den eine sida lærar vi at verda er ein grell stad, på den andre sida lærar vi å forstå at det verkelege liv, det som er verdt å leve, er langtifrå vårt eiga. Anti-modernisme og depresjon er ikkje vanskeleg å forstå i ein slik samanheng.

Men eg berre grublar, synsar og mysar. Kva seier de folkens?

tysdag 12. januar 2010

Norske djevlar rotar med spiral og ver!

- Dette viser den vestlige verdens arroganse hva angår å eksperimentere med vår planets arter og mennesker. De tror de er guder, men oppfører seg som djevler, erklærar Pakistan Daily. Dei kan avsløre at ein i Noreg har eksperimentert med kortbølgesignal og slått hull på atmosfæra med ei massiv energistråle av eit slag.

Dette skal vere årsaka til at det er så heidundrandes kaldt i nord-europa midt på vinterstid. Inga anna forklaring er tilgjengeleg. Likevel vel norske forskarar og "ekspertar" å fnyse av tanken.

Det på tross av at haugevis av nordmenn faktisk kunne sjå ein lysspiral på himmelen. Det må jo vere ein samanheng må det ikkje?

Norske forskarar skyt lysspiralar opp i atmosfæren for å forhindre global oppvarming. Eit par glipp her og der må ein vel rekne med? Vi står overfor ei klimakrise, så eit lite hol i atmosfæren må vi tåle. Ta på deg stilongs, og lær deg å sette pris på det våre forskarar gjer.

For det er berre slik alt kan henge saman, sant? I det store biletet? Det er viktig å sjå samanhengane der ingen andre gjer det. Det hjelp om ein myser litt.

Mira: Vi har oss sjølv å takke

I følgje Mira Craig har ho nokon som vakar over henne og hjelper henne å lage musikk.

Om vi var henne ville vi sterkt vurdert å sette vår lit til andre kreftar. For resultatet hittil har vore... vel, la oss ikkje tenkje på det. La oss heller tenkje på hennar siste forklaring av "kvantum fissiks, liksom", som visstnok er den at vi har oss sjølv å takke når vi er sjuke. Stogg pressa, her er løysinga på sjukefråveret i Noreg. Kroppen vår kan helbrede alt frå snue til kreft om vi berre tenkjer hardt nok på det. At vi ikkje har skjønt dette før. Vi skal vere særs takksame for at vi har Mira Craig til å forklare oss "kvantum fissiks, liksom".

Eller bør vi eigentleg lytte til nokon som openbart er ein pandamoniumagent? Eg trur det er fare på ferde her. Dette er nok eit ondsinna utspel, skreddersydd for å få oss vekk frå legane som sitt på den faktiske kuren.

Er det her svaret litt for alt det alternative vrøvlet? Er det simpelthen pandaene som prøver å utrydde oss? La oss anta!

fredag 8. januar 2010

Sesam Homostasjon

Dagens debatt om homofili i barnehagepedagogikken var ikkje så reint lite interessant. Fleire av kommentatorane hadde mykje interessant å seie, men det var heller lite substans. Utanom at nokon etterlyste meir homse- og lesbesex i Sesam Stasjon. Ei etterlysing vi støttar fullt ut. Det er heilt klart at skal homofili inn i pedagogikken, må dette illustrerast godt. Som HvaHunSa har påpeikt så må ungdom få tilgang til porno, og då må vel dette skje i BarneTV når dei faktisk får sjå fjernsyn? Og då dette strengt tatt involvere homsesex òg, kanskje tilogmed primært sidan dei færraste ungdom har eller vil få erfaring med dette!

Som de veit, så er Sesam Stasjon basert på amerikanske Sesame Street. Her har dei to populære karakterane Bert and Ernie lenge vore prima kandidatar for å illustrere forhold. Berre sjå her!

Dramatisk. Og vakkert! Slikt BarneTV vil vi ha meir av.

Det får vi diverre ikkje. For denne filmen er forsøkt utradert av Sesame Workshop som eig rettane til barneserien. Skaparen Peter Spears er nekta å distribuere den. Så takk Gud for internett. Det var vår faste lesar Lord Buckethead som gjorde meg merksam på eksistensen, og som dreiv meg til å spore den opp til dykk. Så send ein liten takk til han.

Rotfest homofili i barnehagen

Den ferske leiaren av utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand frå Os utanfor Bergen, gjer homofili i barnehagen til sin første kampsak. Dette er det homonettstaden Gaysir som melder;
- Man bør snakke om homofili allerede i barnehagen, erklærar Bjerkestrand.
Hennar mål er å gjere homofili til ein del av barnehagsborn sin kvardag, og ein naturleg del av daglegtalen. Eller noko i den duren. Tidleg krøkast som god skeiv skal bli, veit du, og barnehagen er så tidleg som storsamfunnet klarar å nå folk flest. Medmindre jordmora skal komme på banen (forslag til seinare?).

Medan forsøk på å gjere homofili naturleg for hormonelle og usikre ungdomsskuleelevar har vore totalt mislukka, trur eg den nye taktikken med å utsette barnehagebarn og andre småbarn for homofili vil falle i langt betre jord. Berre sjå på borna; så snart dei oppdagar dei biologiske forskjellene på mann og kvinner vert kjønsmønstra etablert ved hjelp av to heilt essensielle omgrep; jente- og gutelus! Gutane vil ikkje ha med jentene å gjere, og jentene vil ikkje ha med gutane å gjere. Samkjønna forhold etablerast tidleg, berre for å verte brutt opp av den klamme konformiteten når kjønsdrifta slår inn. Kan ein slå ring rundt barnas naturlege homofile identitet kan ein kanskje unngå dette? Det er vel det som er tanken. Good on ya!

Eg vil likevel nytte høve til å ta til motmæle mot denne fabelaktige ideen, og komme med ei lita åtvaring. Ein bør vere særs varsam med å la folk frå Os involvere seg for mykje med politikk, og å ha med barn og unge å gjere. Vi lærte dette godt av Terje Søviknes, viss kampsak var meir sprit til 16 åringar. Noko han, som kjend følgde personleg opp. Eg er difor uroa over at dette forslaget kjem frå ein Osing som Mimi Bjerkestrand, uansett kor velmeint. Så hald auga ope etter spritservering i barnehagens homsebar.

torsdag 7. januar 2010

Fargerik dating?

Har du problem med å finne den rette? Kanskje du er for lite snever i din søken. Det er ein bodskap du høyrer overraskande ofte. Dei vanlegaste er av typen "kom ein, kom alle", men det er fleire og fleire som tilbyr meir spesialiserte varar. Nokre av desse framstår som reine formidlingssentralar av thailandske og russiske jenter. Andre derimot, ønskjer å knytte saman folk av same opphav. Er du kristen og søkjer ein annan kristen? Ja, då finnes det ei nettside for deg. Afroamerikanar? Javisst pokkar du kan alltids teste ut lite ebonic dating. Jøde? Visst pokker, det finnes nettsider for jøder som søkjer jøder. Erru kvit? Ja, det finnes nettsider eksklusivt for kvite òg, men desse er gjerne uglesett. Fordi kvite skal jo ikkje ekskludere, det er jo rasisme veit ein. Desse kvite datingnettverka har ein tendens til å forsvinne av denne grunn.

Frykt ei; er du bleik og einsam er det alltid nokon som kjem til redninga. Sist ut er den velkjende heltinna April Gaede. Lord Bassington-Bassington sin sekretær gjorde meg merksam på hennar siste annonsering på det klassiske for eit par dagar sidan:
"I would like to see more couples and babies. I am willing to act as a go between, researcher, matchmaker, older sister and guide for any WNs who are looking for a WN spouse. Only email me if you are serious about finding a spouse or long term partner. You will be asked to fill out a questionnaire and send photos. Your information will be kept secure. I have many references throughout WNism as well as from this board who will vouch for my sincerity and my loyalty to our cause, the 14 words, and the future of our race. My email address is xxx"
For dei uinvidde - så tyder altså WN White Nationalist, medan 14 ord henvis til David Lane sitt berømte motto: "We must secure the existence of our people and a future for white children". Eit kamprop for nynazistar verda over.

Så kven er denne April Gaede som tilbyr dette? Kvifor er dette nokon du skal stole på for å tryggje deg ein snørein partnar? Dette er dama med streetcred skjønner de; ho er ingen ringare enn mor og manager for Lynx og Lamb, dei to yndige blonde tvillingane som utgjer eit av mullaens favorittband - Prussian Blue. Desse to jentene, som etter press frå mor og bestefar, har reist verda rundt for å synge falskt til ditto falsk musikk til ære for den kvite rase. Jentene har i det siste vore ganske så trassige, og nekta å spele inn meir musikk. Sidene dedikert til dei har forsvunne frå nettet, og dei har blitt ganske så tyste.

Så det er godt å vete at mora har funne seg noko nytt å drive på med. Å leike Kirsten Giftekniv for nynazistar. Alt for å få nye barn av nynazistar til verda! Fabelaktig! For det er akkurat det vi treng - meir å gjere for barnevern og sosialetat.

Så er du bleik, analfabet og litt forskrudd, og har eit uforklarleg problem å finne ei likesinna kvinne så har du ikkje lenger noko å vente på. Kanskje ho tilogmed prøver å gifte vekk døtrene sine? Fortel meg at det ikkje fristar!

(Nei, eg lenkar ikkje til desse sidene... du får søkje sjølv)

onsdag 6. januar 2010

Dagens skandalenyhende: Kulde

Alvorleg tala folkens; treng vi verkeleg aviser til å fortelje oss at det er kaldt der ute i dag? Merkar vi ikkje det godt sjølv, eller må det undersøkjande journalistar til for å avsløre slike skandalar?

Om det er tilfelle burde eg jommen fått meg jobb i ei riksavis, for eg kunne tidleg avsløre at det var kaldt. Korleis? Då eg ankom mitt kontor i dag hang det istappar frå mitt vakre mullaskjegg. Istappar. I skjegget. Og nei, eg er ikkje midt i ein polarekspedisjon, og mitt kontor er ikkje ein iglo.

Dette er ein skandale av dimensjonar. Eg kan takle litt rim i skjegget, eller timogmed litt snø... men istappar?!

Og leiinga på arbeidsstaden har ikkje tilbudt meg heimekontor eller kakao. Eller jo... kakao har eg lett tilgjengeleg, men den er ikkje servert av leiinga, så eg vel likevel å klage.

Og som om ikkje det var nok; då eg satt og tinge opp mitt skjegg, fann eg eit eller to grå hår!

Dette er ikkje min dag!

(Det er heller ikkje meg på biletet om du lurte.)

tysdag 5. januar 2010

Uniformer og hysteriske programleiarar

Eg skal gladeleg innrømme at eg lett lar meg rive med av flotte uniformer når dei passerar min veg. Det er ingen skam i det. Nok av dei som har det slik. Båe menn og kvinner lar seg forføre av uniformas stilreine uttrykk.

Nokre av dei lar seg lettare rive med enn andre. Ein av desse er programleiaren for Who Wants to be a Millionaire, Meredith Vieira. Noko Max Schuman snøgt nok fekk erfare då han skulle delta.

Sa nokon hysterisk kvinne?

Eg ser i alle fall kva ho treng.

måndag 4. januar 2010

Pandamonium infiltrerar

Alvorlege nyhende kameratar. Pandamonium har lansert eit nytt våpen i kampen om dominans på vår klode. Det du ser her er ein minikjempepanda som eg nyleg fanga, medan eg rekognoserte på byen. Gjennom iherdig genterapi og utstrakt bruk av kunstig befrukting har våre hemningslause fiendar i det komande blodige terrorveldet til pandaene dyrka fram minikjempepandaer som skal nyttast til å infiltrere våre heimar usett. Om tatt vil dei sleppe laus hypnotiske feromonar som får oss til å tru at dei er søte kosedyr.

Dette er særs alvorleg, kameratar, med eit slikt våpen er ingen av oss tryggje. Ekorna dekker parkar og dei store norske uteareala for Pandamonium, og no står minikjempepandaer klare til å infiltrere våre heimar. Våre skur. Våre dukkehus!

Her er det berre ein ting å gjere. Jakt dei ned. Drep dei! STRUP DEI!

søndag 3. januar 2010

The Slow and the Dead?

Dei levande døde hamnar stadig vekk i dei mest finurlege situasjonar. Enten dei no vert nedkjempa av hormonelle ungdommar eller store militærstyrkar. Eller Woody Harrelson for den saks skuld, ein av vår tids tapraste krigarar mot zombieinfeksjonen.

Av og til virker det som om kampen mot dei levande døde er litt ubalansert. Dei er kanskje iherdige, og frykteleg mange av dei, men dei er litt enkle. Faktisk er dei ganske enkle. Dei er treige og meir eller mindre retarderte.

Difor er det gledeleg å sjå ein film som tar dette på alvor. Special Dead fortel soga om kva som skjer når det er opp til ei gruppe tilbakeståande på leir å nedkjempe zombietrugselen. Siklande tullingar mot siklande tullingar!

Dette må jo berre vere bra... men eg er usikker på kven eg heiar på her.

fredag 1. januar 2010

Jula avlyst tidleg?

Jula varar som kjend heilt til påske. At dette er frykteleg lenge, og kanskje bør opp til revurdering i forhold til dei andre heilagdagane som kjem i mellomtida, har vore eit sentralt spørsmål for visesongarar og andre kulturinteresserte i fleire år. I år ser det i alle fall ut som om jula ikkje kjem til å vare så mykje lenger. Det kan hende den allereie er over.

Som de sikkert har lagt merke til, har Julenissen glimra med sitt fråver dei siste åra. Uansett kor snill du har vore. I 2008 tok eg på meg å intervjue han om dette, og dei skandalerykta som hadde sirkulert om hans fråver. Denne jula, altså den som tok til i 2009 og skulle vare til 2010 er det dei ting som tyder på at min skjeggete venn har fått for seg at han skulle prøve att.

Med eit heller uheldig utfall.

Hans heller utagerande drikkfeldigheit gjorde at han ikkje før formiddagen i går kom seg inn i drakta, og tenkte seg avgarde for å dele ut gåver. Då han oppdaga datoen, og det faktum at han verken hadde gåver eller slede gjort klart, vart han knust sønder. I forfylla tilstand fekk han tak i ein pistol, og... vel... du kan sjølv sjå på dette fotografiet frå eit overvakingskamera;
Vi kan prise oss lukkelege for at Julenissen i det minste er ein elendig skyttar. Særleg i fylla.

Eg skal besøke han på sjukehuset seinare i dag, så finn eg ut kva tilstand han er i. Det er eigentleg ganske så trist dette... han pleide å vere så jovial.