Essensen av dilemmaet ved Pandaer, og slik deira komande terrorregime, Pandamonium, er at folk er overtydd om at Pandaer er planteetarar. Dette er sludder. Dei er, som eg har vore innom mange gonger, ikkje i stand til å fordøye bambusskota som dei sitt og tygg på. Dette har ei rekkje konsekvensar - dei manglar energi til å fysiske handlingar som å gå frå ein stad til ein annan, og å ha sex. Det gjer òg at dei byggjar opp ein umetteleg appetitt, ein appetitt som ein dag skal mettast med menneskekjøt!
Difor er det inga overrasking at ein panda nyleg vart funnen etter at han braut seg inn i heimen til ein kinesisk familie, som rapport av VG og Aftenpoften. Den svoltne og desperate pandaen vart funnen i småbarnsfamiliens heim, gnagande på knoklar. Journalistane insisterte sjølvsagt på at det pandaen berre ville ha knoklane, og spytte ut kjøtet, men det veit vi jo alle er løgn og propaganda. Dei måp jo seie det for ikkje å avsløyre sanninga.
Den grusame sanninga.
Som du nok kan førestille deg, heilt på eiga hand.
Pandaen kunne med eit nøgd smil vende attende til fjella, vel vitande om at innbyggjarane i landsbygda fryktar Pandamoniums straff om dei protesterar.
Og det er dette vi kjempar mot, kameratar! Dette er vår framtid om Pandamonium ikkje vert stogga!
søndag 28. februar 2010
laurdag 27. februar 2010
Hastverk i kjærleik
Avogtil vert behovet for nærleik så stort at ein kan få hastverk. Ein eim av desperasjon legg seg over ein, og ein seier kanskje for mykje, for tidleg. Ein vert gjerne litt kort i målet. Gestikulerar og siklar litt. Det vert gjerne til at ein berre peikar og gryntar; meg Tarzan, du Jane! I mitt nabolag er dette tilsvarande korte lappar festa i ein list på veggen utan tape. Datert.
Heldigvis har ikkje desperasjonen tåkelagt alle gode kriteriar, då mannen hugser at det han vil ha er ung, deilig og slang, og hels skal nymfa vere asiat eller latino.
Og kven har sagt at det ikkje hjelp å vere konkret og desperat? Vel... då eg var i heisen att ein halvtime seinare var lappen vekk, så her har ein eller annan ung, deilig og slang asiat eller latino gått lukkeleg avgårde med telefonnummeret. Ein får faktisk napp.
Sett slikt.

fredag 26. februar 2010
Kva er steampunk? - Steampunch
Som ein ivrig tilhengjar av steampunkestetikk og litteratur, må eg ofte forklare meg sjølv. Og det har eg jo frå tid til annan gjort her i mitt lille hjørne av verdsveven òg. Likevel er det ikkje alle som får det med seg, så eg tenkjer eg frå tid annan skal prøve å konkretisere nøyaktig kva steampunk er. Steampunk er maskiner av typen du kan sjå oppe i hjørnet her, eller som vert så deilig skildre i den følgjande tekstbiten.
"[...] There's nothing like it. Picture the scene. A crowd of nearly a thousand, men and women alike, old and young, poshos and paupeers, swells and muck snipes, rubbing shoulders together like there's no difference between them, all of 'em ranged around the ring in raked seats, waving betting slips and fistfuls of finnies and hollering to the rafters. The ring itself, a hundred foot on each side, sand on the floor to soak up spilled oil and stop fires spreading, four huge cast iron posts marking the corners. And in the middle of it, lamping merry hell out of each other, two giant automatons. Ten foot tall, fifteen foot tall, some of them even larger, their arms pistoning away, pounding with fists like cannonballs. The noise! The clang of each blow louder than a bong from Big Ben. The shrill hiss of steam from vents. The rumble of boilers on full heat. Every footfall a thunderclap. The crowd roaring and howling. My ears are still ringing from it even to this day. And the smell. You won't get that from the kinéma either. Sparks, fire, smoke, grease, oil. Metal. Damaged metal has a smell, you know, like lightning on a stormy day, like blood in your mouth when you bite your tongue. And sweat from the throng. The animal stink of a thousand overexcited bodies.Kva meir treng du eigentleg å vete? Resten av historia vert fortald av ein anonym mann på ein straffekoloni på mars på slutten av 1800-talet eller byrjinga av 1900-talet. Lenge etter mechano-boksing vart gjort ulovleg. Og gav det ikkje meirsmak, så forstår du deg simpelthen ikkje på store dampdrevne robotar som deljar laus på kvarandre. Og då treng du strengt tatt terapi.
Far as I'm concerned mechano-boxing was the crowning achievment of the industrial era."
- James Lovegrove, Steampunch
torsdag 25. februar 2010
Sjøpandaen slår til!
Motstandsrørsla har sine agentar spreidd rundtkomkring i verda, og dei heldt alltid eit vakent auge med nyhende som kan gje oss større innsikt i trugselen som heng over kloda. Ein av desse agentane gjorde meg merksam på ei sak i VG om Dawn Brancheau som vart drept av ein spekkhogger ho trente i SeaWorld (som eg insisterar på må være ein eigen stat i USA). Ho ramla ut i vatnet og vart sporenstreks drept av dyret. Ulukker skjer, men ta ein kikk på dette biletet av offeret og eit eksemplar av arten som gjorde kål på henne.
Spekkhogger... eller sjøpanda? Svart og kvit. Feit. Og ein stygg tendens til å myrde folk på tross av at ein insisterar på at dei er fredlege. Eg anar uglar i mosen! "Ekspertar" hevdar at drapet hendte fordi "spekkhoggeren" keia seg, og at den berre ville "leike". Slik pandaer leikar med menneske... ved å bite hovudet av dei! Den skuldige sjøpandaen har tidlegare gjort seg skuldig i å drepe ein 27-år gamal mann. Er det ikkje på tide å slå alarm.
Er spekkhoggeren ein fjern slektning av pandaen? Eller har Pandamonium byrja å infiltrere spekkhoggerbestanden med genmanipulerte sjøpandaer?! Svar! Vi krev svar!
Men svar vil vere umoglege å få. For kven elles har leiaransvaret på åstaden og uttalar seg til media enn ein mann med namn Dan Brown? Tilfeldig!? NEPPE! Eg luktar konspirasjon og desinformasjon laaaang veg!
Motstandsrørsla bør vurdere innkjøp av atomubåtar for å nedkjempe den nye trugselen. Eg skal ikkje symje i somar, det er iallefall sikkert, ikkje før sjøpanda bestanden er under kontroll!

onsdag 24. februar 2010
Syskna filmen tok
Menneskelege kjenslar og lengt overskrider ord og språk. Eg kan til dømes ikkje eit kløyva ord russisk, og i vanlege samanhengar vil eg ikkje forstå kva ein russar freista å formidle meg korkje i song eller tale. Likevel forstår eg veldig godt mannen i den følgjande videoen. Eg kjenner hans smerte og forstår kva han vil meg.
For er det ikkje klart for alle at han syng om sine kjære sysken, som vart stolen frå hans familie i ung aldar av Ivo Caprino for å spele i hans eventyrfilmar? Det er ein tragedie seier eg. Ein tragedie som overskrider ord og språk, og borar seg rett inn i hjartet.
Du var eit monster Ivo Caprino! Du burde ha skamma deg!

måndag 22. februar 2010
Eit forsøk på intimitet
Det er kaldt ute. Snøen ramlar ned frå himmelen nok ein gong. Det er naturleg å kjenne ei kulde i kroppen i ei slik stund. Det er ikkje uvanleg å kjenne seg einsam, når ein står der ute i snøen og ser verda drukne i det kvite. Kald, kvit støy frå himmelen. Det er i slike stunder ein gjerne strekk ut ei hand til nokon i von om å oppleve litt nærleik og varme. Kanskje kjærleik. Det første steget er alltid det verste å ta, og verre vert det jo eldre enn vert virker det som, men der eg bur har ein eigen tradisjon for dette:
For kva jente kan vel motstå ei slik annonse på hengjande på heisveggen. Det vitnar om ei søkjande sjel og eit åpent hjarte på jakt etter intimitet. At den er handskriven tyder jo ikkje, slik ein gjerne vil anta heromkring, at forfattaren ikkje har tilgang til PC og printer, men at han er ærleg - det handskrevne er langt meir personleg og nært. Kven klarar vel å stå i mot? Kven, spør eg?!
Det er kjekt å sjå at mitt nabolag vågar seg på kjærleiken att. For dette har ein forsøkt tidlegare, og det har stort sett vore sjarmerande om enn litt desperat. Det har jo ikkje vore spørsmål om at intimiteten bur her i dette gamle horehuset, og kjærleiken har jo bloma før i heisen. Og den såg ut til å vare evig... før den døydde heilt! Det er difor ekstra varmande å sjå at mine naboar vågar seg ut på nok ein gong. Vi her i moskeen unnar alle ein sjanse på kjærleiken, særleg no når alle treng nokon å varme oss på. Så vi støttar eit kvart forsøk på intimitet menneske imellom.

søndag 21. februar 2010
Varulvar, Twilight, ungdom og radioreklame
Ikkje at eg har tenkt å distrahere frå folkeopplysinga og min seinaste fatwa om omskjæring, men eg har ei viktig nyhende frå populærkulturens sfære. Remaken av den klassiske "skrekk"filmen, The Wolf Man, går no på kinoer rundtomkring i verda. Og lokkar til seg varulv- og filmentusiastar av allt slag for å nyte moderniseringa av denne klassikaren frå 1941, som originalt kunne skilte med store namn som Bela Lugosi og Lon Chaney Jr. Eg har sjølv ikkje hatt høve til å sjå denne nyinnspelinga, men eg er sjokkert av å lese at den er fullstendig uoriginal og har stole det meste frå ein av vår tids litterære og filmatiske klassikarar - Twilight! Ja, for det er visstnok Twilight: New Moon som først gav oss varulvar på film, og The Wolf Man kan ikkje måle seg, den kopierar alt og gjer det feil! I alle fall om ein skal tru ein meir eller mindre skrivefør Twilight-fan.
Replikkar som denne: "How can a werewolf be killed with a silver bullet?" Er berre ein av mange fine retoriske gullkorn frå unge Kayla Patterson, som bør nytast i sin heilheit. Eg vonar at de kan forstå at lesarbrev som dette gjer meg litt skeptisk til den oppveksande generasjonen og deira mediekonsum og generelle... forstand. Og eg skulle likt å tru at det berre gjaldt den jamne Twilight-fan, men eg fryktar nok at dette er eit langt meir omfattande problem. Det er dei som likar Harry Potter der ute òg.
Er det rart ein vert misantrop? Heldigvis finnes det dei som kjempar i mot, og om det er nokon av dykk meir ungdommelege lesarar som har lyst til å lære meir om varulvar, så er neste veke eit godt høve. Kvar dag neste veke, er det planen at min gode venn Ingar Thon skal vitje Radioselskapet på P2 og snakke om varulvar. Og dette temaet kan han godt, då han tidlegare har båe skrive bok om det og snakka om det på Absalong. Så, då er det berre å skru på radioen dykkar og lære.

Omskjæring og krig
Eg var vitne til ein heller spenstig debatt på verdsveven i går, og temaet var omskjæring. Det heile byrja med ein kommentar av Hege Ulstein i Dagsavisen, der ho tar til ordet for å moderere vårt syn på omskjæring av kvinner. Ho etterlys meir faktabaserte tiltak, og meiner at mykje av vår motstand mot omskjæring av kvinner er basert på "myter", sjølv om ho sjølv ikkje ønskjer å forsvare praksisen. Dette vekte sjølvsagt ein del reaksjonar, og debatten som rase endte opp med å handle om omskjæring av gutar. Ein praksis som òg har sitt opphav i religiøse og seremonielle krav. Og det er denne praksisen eg vil gripe fatt i no, og forklare kvifor eg er i mot, men først litt bakgrunn.
Tradisjonelt vert omskjæring utført på unge menn, før puberteten, men helst når dei er nyfødd etter jødisk tradisjon (der inngrepet vert utførd av ein spesialist; ein mohel). Dette er ein praksis dei òg delar med store deler av islamsk kultur, som delar den jødiske trua på at dette er eit pålegg frå Gud. I USA er òg omskjæring av gutebarn normen, og du må faktisk gje beskjed til legen etter fødselen om at du ikkje ønskjer at bornet ditt skal bli omskjært. I dagens debattar blandast religiøse, medisinske og estetiske argument om ein annan. Forutan det religiøse påbode, vert det hevda at å kutte av framste delen av forhuden på menn gjer det lettare å vere reinsleg og at det minsker farane for veneriske sjukdomar, sopp- og bakterieinfeksjon samt visse typer livmorskreft blant kvinner. Det vert òg hevda at ikkje berre er det penare for kvinna å vere vitne til ein omskjært penis, men den minsker følsomheita til mannen og gjer at han held ut lenger. I USA er omskjæringspolitikken basert på ei slik vurdering. Som ein del av ein omfattande kampanje mot onani, med mellom anna Dr. John Harvey Kellogg i spissen, fekk ein altså gjennomslag for omskjæring av gutar på nasjonal basis, for å hindre dei å onanere når dei nådde puberteten. Heldigvis har ein oppfunne handkrem sidan den tid.
Motstandarane på si side avviser gjerne det religiøse elementet, og understrekar at dette er eit unaudsynt kirurgisk inngrep på eit menneske som ikkje har høve til å ta avgjersla sjølv. Det er difor eit overgrep. Reinsligheita vert avvist, då det moderne samfunn har oppdaga noko dei kallar vatn og såpe som gjer det mogleg å gjere kroppen rein, utan å måtte skjære av seg hudfoller. Dei helsemessige fordelane ved omskjæring vert likeså avvist, då dei fleste er knytta til hygiene, og at den auka risikoen for livmorskreft er så liten at den er statistisk irrelevant. Det estetiske kan ein ikkje krangle om, men spørsmålet er om at det å fråta mannen delar av kjenslane i sitt kjønsorgan, og dermed frårøve han seksuell nyting, er mogleg å forsvare med at "jo, for då varer det lengre og hindrar for tidleg sædavgang"? Om dette vert eit problem for mannen kan han ta den avgjersla sjølv i vaksen aldar. Å ta den avgjersla for han, og utsette han for eit smertefullt og traumatisk kirurgisk inngrep; er ikkje det eit overgrep?
Og dette førar meg til det eg meinar er den verkelege årsaka til at dette er ein praksis ein bør stogge. Sett deg i guttebarnets posisjon. Eit av dine første minner vert at når du er på det mest følsomme, kjem ein eller annan framand mann og tar seg til rette med dine private delar, og brått drar fram ei saks. Snipp-snipp. Panikken brer seg ilag med smerta! Du veit ikkje kva som har skjedd, anna enn at nokon har tatt ein saks til tissen din og klippa i den. Frykta for at han har klippa den tvert av melder seg snøgt. Og den vert sittande lenge etter smerta har gjett seg, lenge etter du har tryggja deg sjølv om at penisen din er der framleis. Du vil for alltid frykte den kalde handa til den framande, som kom så nær å høgge av deg dine edlare delar. Aldri vil du kunne komme over det. I sjølve grunnmura av di sjel og din personligheit legg deg seg eit lag av paranoid forfølgjingsvanvidd. Frykta for den framande mann, med skarpe gjenstandar som saks, kniv og sverd. Sinnet som følgjer med smerta ulmar i deg, ønskjet om å hemne deg på den framande veks i lag med paranoiaen. Av dette kjem det berre vondt. Frykt leiar aggressivitet og vald. Omskjæring fører til vald!
Om du tykkjer dette vert abstrakt eller søkt, så ber eg deg lene deg attende å kikke på moderne historie. Etter alt å døme så er vi siviliserte og fredlege menneske, verda over. Vi har for det meste heva oss over stammeinteresser og nasjonale konfliktar dei siste 60 åra. Utanom nokre folkegrupper og nasjonar som til stadig er involvert i krig og vald. Arabarnasjonane, jødane og amerikanarane. Dei har alle vore involvert i konstant konflikt og krigføring, fullstendig blotta for rasjonalitet sidan 2. verdskrig, medan resten av oss har stirra på i vantru. Og kva er det einaste dei har felles, utanom denne uforklarlege paranoiaen og aggresjonen? Jo, dei har alle ein tradisjon for omskjære guttebarn i ung aldar. Å traumatisere dei og skape ei intens frykt for den andre.
Og dette er årsaka til at eg er mot omskjæring av menn. For omskjæring av menn førar til krig!

laurdag 20. februar 2010
Preposisjonering i Bergensavisa
Som dei fleste aviser i dette landet så satsar Bergensavisa (BA) sterkt på tabloid forbrukarjournalistikk. Det er tross alt det folk vil ha, har vi høyrd. Og kva er vel ein viktigare nyhende at straum er dyrt.
Faktisk er det noko vi helst lese gong på gong dette med straumprisane. Og ein godt forstå at journalistane i BA vart litt vel ivrige når dei nok ein gong kunne avsløre at straumprisane er høge. Faktisk såpass ivrige at andre overskrifter gjerne kom til å mangle ein pitteliten preposisjon.
For bussar er vel helst ikkje rute, rutete, rutinerte eller eit eller anna, dei er ikkje i rute. Og at vi i Bergen har ein eigen mann som er ansvarleg for dette, seier jo kor seriøst vi tar kollektivtilbodet vårt.

fredag 19. februar 2010
Skal det vere litt tysk sjokolade?
Alle likar sjokolade. Og alle likar filmer om sjokolade. Berre sjå på den store suksessen Chocolat med Johnny Depp hadde! Sanneleg seier eg dykk, ein kan tydlegvis ikkje slå feil med sjokolade. Difor spår eg at denne nye filmen eg har snubla over, vil slå an blant store og små, og hjå alle verdas sjokoladeglade familiar. Og om fransk sjokolade er bra, så er jo sjølvsagt tysk sjokolade best!
Sjølv om eg ikkje forstår så mykje av traileren;
Og det hjelp ikkje av nettsidene er på eit sånn derre tullespråk frå middelhavsområdet.
Men filmen er garantert bra. Det er jo tysk sjokolade. Vi gledar oss!
Sjølv om eg ikkje forstår så mykje av traileren;
Men filmen er garantert bra. Det er jo tysk sjokolade. Vi gledar oss!
torsdag 18. februar 2010
Og OL held fram
På tross av massive protestar (og ein velformulert fatwa) held OL fram uendra. Om eg skal tolke gledeshyla frå mine nyleg integrerte naboar i går, så kan noko tyde på at Noreg gjer det pittelitt betre enn sist rapport, på tross av indianartrolldom. Folk benkar seg ned framfor fjernsynet, sjølv om dei eigentleg ikkje vil, hypnotisert og trollbunden av medias imperativ om at dette skal du sjå! Helst på NRK. I full HD. Vår tids Gud lokkar, og folket lyder.
Framfor TV-alteret knelar massane. Og eg grøssar.
Eg kan strengt tatt ikkje seie det betre enn min venn Tony Wakeford i Sol Invictus:
Here we go again: the same old lies again
The empty words again, the pigs can fly again
From Wall Street to your heart
Neon Hollywood lights the dark,
Hear the bleating of the sheep
At the jokes of a media creep
And there's nothing I can say
See a world of tanks, ruled by a world of banks
Turn up you TV set, forget the chains of debt
See it all go down the drain
Switch channels, do you think it'll change?
Lapping prole food in the sun
Hail the masses—ugly and dumb
And there's nothing I can say Det er strengt tatt langt på veg på tide at nokon lagar ein OL-montage til denne låta. For dei som vil ha ein versjon med meir futt i, så er det nokon som har filma (sjanglete) ein konsertversjon. Merk at kameraet stort sett fokuserar på Andrew King som spelar tamburin.
Og OL held fram.
Framfor TV-alteret knelar massane. Og eg grøssar.
Eg kan strengt tatt ikkje seie det betre enn min venn Tony Wakeford i Sol Invictus:
The empty words again, the pigs can fly again
From Wall Street to your heart
Neon Hollywood lights the dark,
Hear the bleating of the sheep
At the jokes of a media creep
And there's nothing I can say
See a world of tanks, ruled by a world of banks
Turn up you TV set, forget the chains of debt
See it all go down the drain
Switch channels, do you think it'll change?
Lapping prole food in the sun
Hail the masses—ugly and dumb
And there's nothing I can say
Og OL held fram.
tysdag 16. februar 2010
Ein vanleg OL-fatwa
Dei Olympiske Leiker er i gang i Canada. I full HD... med glitrande bronse og sølv. Og fleire av mine lesarar vert distrahert av denne pågåande ulukka, og har etterlyst ein fatwa frå meg.
Det ser eg ikkje som heilt naudsynt. Folk burde vete frå før av kva eg tenkjer om dette påkosta fesjået. I det gamle romarriket hadde vi gladiatorkampar. Dei frådande folkemasser fekk servert blodige slosskamper mellom deira best trente og avla idrettsmenn, henta inn meir eller mindre frivillig frå heile det store romerske riket. OL er ganske likt, med ein stor mangel - det er frykteleg lite blod og død involvert. Det er direkte dørgande keisamt, og er stort sett for dei som likar å sjå folk i tettsittande trikot. Og ja, det finnes eit fetisj for det òg.
Sjølv ikkje for landets mange sportsinteresserte har dette OL vist seg å vere særleg lukkebringande, då det har vist seg at Noreg ligg langt bak i dopingkappløpet. Her har vi eit arbeid å gjere. Vi driv framleis på med primitiv bloddoping og slitsom trening, medan våre rivalar openbart har satsa stort på utviklinga av ny doping. Vi er hemma av ein restriktiv dopinglovgjeving. Fjern denne og vi får ein jamnare strid. Og OL vil verte langt meir interessant att. I same slengen burde vi opne opp for genmanipulering. La oss sjå kva nasjon som faktisk klarar å avle fram dei beste solda... idrettsutøvarane. Kom igjen, doping er berre for krydder å rekne når vi først har avla fram den perfekte kulestøtar ved hjelp av DNA frå ein gorilla! Skitt au! La oss gje dei våpen og kaste dei inn i ein avsperra arena! Eg vil ha blod for svarte!
For det er berre det som manglar i denne orgiastiske pengefesten som OL er. Liv går tapt som konsekvens av arrangementa kvar gong. Det er dei svake og fattige som lider, og det er den lokale økonomien som må ta dei langsiktige konskekvensane av politikarane sine store draumar. Min venn Geoff Berner tok dette temaet opp for eit par år sidan, då eg først var kjend med han. Då lanserte han sin offisielle temasong for det komande OL i Vancouver. Under dette OL tykkjer eg vi alle skal ha denne songen på hjartet;
Om du treng ei forklaring utover teksten, så lot han seg intervjue nyleg:
Så kan vi jo alle spørre oss.. kor mange fleire turistar fekk Lillehammer etter OL i 1994?
Nei, eg vil ha genmanipulerte gladiatorar. Og eg vil ha det no. Det er billegare. Og det er ærleg.

søndag 14. februar 2010
Ein merkedag
Kven enn som satt saman denne kalendaren vi lev etter sitt no og held seg for øyra og lukkar augene. Det er kollisjon og full forvirring. Ingen veit kva som foregår, eller kvifor! Du får ein bolle, du trur det er fastelavns, men nei det er fordi det er morsdag. Eller kanskje nokon er kjær i deg og sende deg eit morsdagskort. Det er dagar som dette vi treng "god dag"-kort, som vi kan sende til alle, uansett kva lukkeønskingar ein har til dei.
Så her sitt vi. På Valentinsdagen, denne kjærleikens dag som vart populær i høgmellomaldaren blant Chaucer sin høgromantiske omgangskrets. På morsdagen, ein dag feira på ulike datoar verda over og med ulikt opphav, men som i sin moderne kontekst vart først markert av amerikanske Anna Jarvis. Dagen vart snøgt overtatt av bakerar og gratulasjonskortproudsentar, og Jarvis vart sjølv ein intens motstandar av dagen. Og ikkje minst, vi sitt her på Fastelavnsdag, eller fleskesøndag, denne lille søte markeringa av at fasta er rett rundt hjørnet.
Det er litt mykje på ein gong, er det ikkje. Eg veit i alle fall at eg er overvelda, og ganske så usikker på kven og kva eg bør ringe eller sende kort til. Heldigvis kan eg berre sitte i ro og ta i mot. Og dagens første kom frå Kvinnekongen, som prover at god smak er ei viktig side ved å vere kongeleg med si helsing.
Eg trur eg har valt rett ved å sitte i ro, og unngå forvirring og komplikasjonar. Morsdag og Valentinsdag samstundes? Det er best å overlate denne dagen til mannen den var skapt for, godaste Oedipus Rex. Resten av oss kan strengt tatt berre ta ein bolle. Ein fastelavnsbolle. Namnam. Nokon som vil bake og komme på døra med godsaker til meg?

laurdag 13. februar 2010
Den nasjonalsatanistiske heis
Integreringsprosessen går sin gang. Og heisen i blokka eg bur i er det beste dømet på dette som eg veit om. Eg held hus i ein større blokk i Bergen, i lag med mange av våre nye landsmenn (det er det som er offisiell nytale om dagen, er det ikkje?), og dette gjev meg høve til å vere vitne til korleis dei finn seg til rette i Noreg. Berre sjå på korleis heisen min vert ein arena for eksperimentering med den norske identiteten. Enten det no er å dekorere den med julepynt eller å henge opp noko så urnorsk som kitschye maleri.
Eit smil brer seg om min munn når eg ser korleis dennorske nasjonale identitet blomstrar i alle sin fargerike prakt i mitt nabolag; ikkje minst i min heis.
Her vaiar det norske flagg stolt i heisen. Eg kan godt sjå for meg med kva stolthet ein av mine naboar hang opp dette flagget i heisen. Han følte seg norsk. Han følte seg som ein innfødd. Med stolthet i hjartet for sitt nye heimland.
Og hans nye heimland, det er Bergen. Og i Bergen har vi litt andre tradisjonar enn ein finn andre stadar. Ein av dei er ein hang til barnsleg satanistisk symbolikk, i sann Black Metal-stil. Og vår venn, han er Bergenser god nok for det;
Byen er Bergen... og alt det der.
Det er flott å sjå gode integrerte Bergensarar.

fredag 12. februar 2010
Ein sexslave si skjebne
Oftar og oftare høyrer vi om jenter som vert haldt fanga av overgrepsmenni fleire år, og tvungen til å utføre dei grusomste handlingar. Eg trudde ikkje eg var i stand til å verte sjokkert lenger, før eg høyrde om denne saka. Om ei kvinne haldt fanga i ti år, før ho vart brutalt myrda!
onsdag 10. februar 2010
Kjærleiken
Vonde tunger vil ha det til at eg er for kynisk til å forstå meg på ekte romantikk og sann kjærleik. Mine instendige protestar og hyllestar av Prinsessebruden som ein av moderne tids største forteljingar vert berre avfeid. Av denne årsaka, og i samband med Valentinsdagen som ligg rett rundt hjørnet vil eg presentere eit vakkert dikt eg fekk tilsendt som bør sette alle slike fæslege påstandar til side.
måndag 8. februar 2010
Smaksprøve på Absalong
Det er Absalong i morgon, det hugser de vel? Det vert musikk og folkeopplysing i Bergen for den lille sum av 50 norske kroner eller 400 indiske rupi. Dette kan du vel, ikkje gå glipp av? Det er iallefall ein liten pris å betale for ei innføring i ein av dei mest hårreisande religiøse gruppene verda nokon gong har sett. Tusenvis av inderar kvelt i namnet åt dødsgudinna Kali er noko du absolutt ikkje vil gå glipp av. Dette er tross alt Kali Yuga, Kali sin tidsaldar, så du treng å førebu deg!
Om du framleis er litt usikker så serverar Radioselskapet hjå P2 ein liten smaksprøve på herlegheita i form av eit intervju med vår venn Jan Ingar Thon. Radioselskapet byrjar klokka 11, og innslaget er i tolvtida. Og for dei av dykk som er treige på avtrekkaren, så vert heile programmet lagt ut på nettsidene deira.
[Edit: Då er podkasten klar, den finn du her og du må spole ca 1 time fram. Då Ingar først var og hang på NRK stilte han like greit opp på P3s Banden. Det opptaket finn du her.]
Og om du treng meir informasjon om arrangementet så kan du lese om Kalis kvelarar her. Vel møtt, vi gledar oss til å sjå deg.

laurdag 6. februar 2010
Laurdagsblogging
Det er laurdag, og ingen av oss har tid til å lese dei mest heftige innlegga om pandamonium eller analysar av vår populærkultur. Så det er like greit å stå over. I staden for vel eg heller å rette merksemda mot andre stader på verdsveven du kanskje vil stikke din snute.
No er eg fundamental mostandar av alle formar for sosiale media og anna motetull, men nokon utgjev seg for å vere mullaen på Twitter, og har sjukleg god innsikt i mine aktivitetar. Noko tyder på at nokon spionerar på meg. Mindre god innsikt har kven enn det er som hevdar å vere mannen bak maska på Facebook, men ei fanside har han som du godt kan melde deg inn i.
Sjølvsagt, sidan dette openbart er svindel (om ein ser vekkifrå ei komande konkurranse som det vert kviskra om på fansida), så kan du kanskje gjere lurare i å sjekke ut fansida til Den Unge Herr Holm. Eventuelt den nye nettsida til A Little German, og fansida hennar. Anbefalte grafiske kunstnarar knytta til din mulla.

fredag 5. februar 2010
Dyktig bassist i det minste?
Sjølv eg vert tidvis målbunden av våre vennar i Asia. Særleg øyrika Japan og Korea tar meg til stadig på senga. Internett byr gjerne på ei forklaring på kva som faktisk skjer. Forklarar orda. Konseptet. Gjerne orda dei seier og syng. Likevel sitt ein att med ei kjensle at totalt manglande forståing av kva ein nett har vore vitne til.
Du lurar på kva eg tenkjer på? Vel, ta denne videoen av ein koreansk bassist;
Ein del spørsmål melder seg gjerne no, ja? Heldigvis har produsenten valt å forklare den på denne nettsida. Han forklarar der at songen han spelar handlar om mjølk. Ja, for i Japan går det rykter om at barmfagre kvinner drikk mykje mjølk, og vil du ha større bryst må du berre helle nedpå. Ja, han byr til og med på å leggje ut heile teksten.
Så det forklarar videoen. Gjer det ikkje?
NEI, DET GJER IKKJE DET TENK!
Det forklarar heller ikkje hans andre videoar.
Vil du sjå meir? Han har meir enn nok lasta opp på kontoen sin.
Nokre menneske burde komme med forklarande fotnotar. Det gjeld forsåvidt folkegrupper òg. For den saks skuld heile kontinent. Asia, for å ta eit snøgt døme.
Men for all del. Fine bassar. Og etter alt å døme ein dyktig bassist, men kva veit eg?
Du lurar på kva eg tenkjer på? Vel, ta denne videoen av ein koreansk bassist;
Så det forklarar videoen. Gjer det ikkje?
NEI, DET GJER IKKJE DET TENK!
Det forklarar heller ikkje hans andre videoar.
Vil du sjå meir? Han har meir enn nok lasta opp på kontoen sin.
Nokre menneske burde komme med forklarande fotnotar. Det gjeld forsåvidt folkegrupper òg. For den saks skuld heile kontinent. Asia, for å ta eit snøgt døme.
Men for all del. Fine bassar. Og etter alt å døme ein dyktig bassist, men kva veit eg?
torsdag 4. februar 2010
Vegen til Vegas
Ikkje for å trekke merksemd frå dagens og gårsdagens innlegg, men...
Nei, krigen vil aldri endre seg. Og vegen går til Vegas.

Nei, det ER ikkje sko
Ein del tok seg gjerne i å lure på kva i helvete dette var, då det rulla over tv-skjermene rundtomkring i verda;
Svaret er enkelt og greit; ikkje sko! I alle fall om ein skal tru min gode venn Lord Bassington-Bassington og hans sekretær, som nyleg gjorde kjend sin ståstad angåande den type fotlefser som Adidas og Converse produserar. På dette punktet kan vi simpelthen ikkje seie oss ueinige i det heile tatt. Dei er kanskje komfortable... men sko?
Er du verkeleg glad i Star Wars, og det er det jo all grunn til å vere, så skal eg ikkje halde i mot deg at du kjøper inn den nye kolleksjonen frå Adidas. Ein kan til og med forsvare å tre dei på beina og labbe rundt med dei i stova på gøy. For all del, la meg ikkje hindre deg i det. Det høyres jo rett artig ut! Men noko bra stilsignal sender du neppe, om du bestemmer deg for å spankulere ut i verda med nokre av desse på beina;
Det er jo pent. For all del... men det er framleis ikkje sko! Det er... kanskje fottøy. Med vekt på tøy. Ikkje sko, men først og framst samleobjekt. Og det er jo heilt kurant. Heng dei på veggen. Over senga. Senga med Star Wars-sengetøy. Framleis vekt på tøy. Kanskje med ein S i enden.
For all del, Adidas må ha all grunn til å tru at den nye kolleksjonen vil fungere. Det er jo ikkje første gongen dei har laga Star Wars-fottøy.
Eg veit det ikkje er sko... som sagt. Det er ikkje sko. Men eg veit ikkje om det berre er teit, eller frykteleg, frykeleg gøy. Eg likar tøys.
Sjå heile 2010-kolleksjonen her. Og så testar du denne... TØYS!
(Med tøys så meiner eg sjølvsagt kommersielt piss og sludder som eg tar fuuuuullstendig avstand frå, heilt sant)

onsdag 3. februar 2010
Heiskitsch
Som vi alle veit, så er mine naboar glimrande eksempel på arbeidarklassa som freistar å uttrykkje seg i det rommet dei har blitt tildelt. Enten det no er gjennom kreative kontaktannonsar eller, som no sist, gjennom juledekorasjonar. Det stoggar sjølvsagt ikkje med dette. Arbeidarklassa har som kjend eit enormt behov for å uttrykkje seg, det er noko med all undertrykkjinga som førar til at det tyt ut i alle ender tenkjer eg. Dette sett jamleg sitt preg på mine omgjevnadar etterkvart som det tyt ut av arbeidarane og ut i korridorane og i heisen. Ikkje minst i heisen. Heisen virker som det foretrukne forumet for arbeidarklassa si sjølvuttrykking.
Heisen. Er det ultimate offentlege rom. Samstundes som det er privat. Heisen er liten og intim, samstundes som alle brukar den. Ein kvar kommentar om kvinnelege medlemmar av di næraste famillie hadde eigentleg vore på sin plass her, men vi held oss for god til det. Heisen, er temaet. Heisen som nok ein gong har blitt gjort til arena for arbeidarane sitt sjølvhevdingsehov.
Lite kan likevel seiast om deira kunstneriske sans eller smak. Den er prega av kitsch, men pent er det no likevel. Og så kjekt å sjå arbeidarklassa utfalde seg.

tysdag 2. februar 2010
Nam! Havkylling!
I dei gode gamle dagar var ikkje "copyright" særleg viktig. Særs ikkje i Japan. Japan er eit av desse landa, Tyrkia er eit anna, som ikkje har noko problem med å grafse til seg av vestleg populærkultur og skjende den på det grovaste. Til stor glede for meg og mine likesinna. Ta no dette klassiske japanske dømet frå 1978, etter at Star Wars hadde blitt ein internasjonal suksess;
Eg veit ikkje med deg, men eg vart i alle fall svolten på Hagoromo Foods havkylling... kva no enn det eigentleg er. Tunfisk du, liksom!
(Via Topless Robot)
(Via Topless Robot)
måndag 1. februar 2010
Snøen i Bergen
Bergen er på ny dekka av snø. Vi her i den gamle Hansastaden vert alltid like overraska når det skjer. Vi kan tilpasse oss ein eller to snødagar i året, men vi forstår oss ikkje heilt på snøen som ikkje gjev slepp. Snøen som vert liggjande på bakken i meir enn ei veke, og så attpåtil ser ut til å formere seg.
Vi rister på hovudet og undrar oss over kva tid det heile er ferdig. Kva tid er det att mogleg å ferdast på fortaua som for tida berre er usdevanleg breie grøftekantar? Kva tid kan ein på ny ha stødig fotfeste på veg om våre mange bakkar utan å frykte isen under den lause snøen?
Når eg ser ut på snøen må eg klype meg sjølv i armen og minne meg sjølv på at det er ikkje så altfor lenge sidan det var jul. Den tradisjonelle bergenske jul består jo som kjend av bar bakke og dansande... indianarar?
Dykk andre kan ha julenissen for dykk sjølv, eigentleg, så lenge vi kan behalde våre juleindianarar!

Abonner på:
Innlegg (Atom)