onsdag 31. mars 2010

Det enkle og det sublime

Det enkle er gjerne det beste; dette er noko vi gjerne høyrer ofte frå folk. Det er ikkje nødvendigvis eit uttrykk for ein asketisk tilnærming til tilværa, men eit uttrykk for at det kompliserte avogtil er... komplisert. Og det vanskelege, det er gjerne vanskeleg.

Og slik er det vel gjerne i poesiens verd òg. Ulike minimalistiske, og tidvis naivistiske (Skal eg fortelje ein vits? Ein katt med slips), trender og stilarter har dukka opp.

Mest prominent er kanskje dei japanske haikudikta, som både er enkle og djupe. Dei har ein rigid kortfatta form, som gjerne skal fange paradoks eller kompliserte idear på tre linjer. Det er kanskje ikkje rart at nokon valte å kombinere haikuen med sufismens visdom i lyrikkonkurransen vi har hatt i moskeen;

Mevlana mullah
Skirts swirling, beard twirling
The head of a pin

Andre har nytta haikuforma til å skildre meir konkrete idear, men likevel ikkje så ulikt denne sufiperla;

Mullaen danser
Svingende greiner av tre
Bustede skjegg

Den enkle sublime formen har gått att i fleire bidrag til konkurransen. Som denne enkle lille strofa;

Ikke tull'a
Elsk din Mullah!

Andre vel å fylle sine verselinjer med eit meir profant innhald;


O høystærede mullah!
Du er god som gulla!
Vil du knulla?
Hilsen Ulla.

Kven denne Ulla er, anar vi ikkje... men vi antar at det er ei geit eller ein sau. Noko det finnes meir enn nok av i dette landet. Til slutt kan vi trekkje fram eit anna av dei meir enkle dikta vi har fått inn;


mulla, mulla,
ikke tull'a
vi vet alle
hva du er full a
Etter å ha lest dette diktet ein del gonger er vi litt usikre på nøyaktig kva vi skal tolke det som. Er det eigentleg ein hylling? Burde det vore diskvalifisert kanskje?

tysdag 30. mars 2010

Kva høyrer terroristar på?

I kjølvatnet av at Hutaree-militsen vart hekta for å planleggje ei rekkje "aksjonar" i USA, byrja eg å gruble. Eg ser at fleire kommentatorar der ute grublar på kvifor Dagbladet ikkje valte å omtale gruppa som ei terrorgruppe og dei planlagde handlingane som terrorisme. Det vert spekulert i at det er fordi dei ikkje er muslimar, men kristne endetidsfanatikarar, og at vår tids diskurs avgrensar terrorisme til valdshandlingar motivert av Islam eller liknande.

Personleg undra eg meg heller over kva som faktisk skapar ein terrorist. Ein vanleg floskel er at terror er dei undertrykte sitt våpen, det siste desperate utspelet til dei som ikkje har andre våpen. Dette er jo påviseleg sludder, dei kan hevde å kjempe dei undertrykte si sak så mykje dei vil, men bortskjemte akademikarar som kaprar fly, eller den kvite mellomklasse i USA som har råd til å kjøpe seg arsenal, er ikkje gode representantar for verdas ubemidla.

Om ein skal tale om ein ideell terrorisme så stammar den heller frå tenkjarar som Mikhail Bakunin, far til den russiske revolusjonære nihilismen, og ein av grunnpilarane i anarkistisk filosofi som oppmoda til å slå til mot representane for staten dei ville til livs. Det er likevel lite att blant dagens terroristar som kan minne om det han fabulerte om, og kor mykje av det han skreiv var for å terge sin rival Kalle Marx veit vi jo ikkje. Han var nok litt av ein skøyar.

Nei, vi må heller sjå på kva faktorar som speler inn for å gjere nokon til terrorist. Og vi som er oppvaksen på 80-talet veit at djevelen ligg ikkje i detaljane, men i notane! Det er musikken som driv menneske til onde gjerningar, enten det no er bombeattentat eller barneofring! Særleg musikk frå 80-talet! Eg var difor ikkje overraska over låta Hutaree-militsen hadde valt å leggje til denne rekrutteringsvideoen:


Puddelrock! Sjølvsagt! Ingenting for blodlysten til å stige meir hjå meg heller. Eg får lyst til å sprenge både det eine og det andre om eg høyrer for lenge på slikt.

Eg valte likevel å krype djupare ned i kaninholet, og eg burde sikkert ikkje vore overraska over kva eg fann der. Dei andre rekrutteringsvideoane deira hadde òg eit eiga musikals særpreg.


Ja, du høyrde rett...


Andrew Eldricht og Doctor Avalanche rocker kristenterrorisme. Sisters of Mercy, gothrockens mest gothete band, inspirerar til kristenterror.

Så dei hadde rett. Rock og goth, det er skummel og valdsprovoserande musikk. Eg lurar på kva vi finn i Osama bin Laden si platehylle? Eg vonar for hans del at han har Sisters of Mercy sin Floodland, pinadø ei bra plate det.

måndag 29. mars 2010

Høgkulturelle konkurransebidrag

Eg veit det er mange utolmodige sjeler som sprett rundt no og ventar på svar frå juryen om kven som har vunne den ettertrakta premien i moskeens lyrikkonkurranse. Dei vil nok verte glade for å vete at juryen har så godt som valt ut ein vinnar, og at dette vil verte presentert så snart som mogleg. Spørsmålet er berre om vi har tryggje nok kommunikasjonslinjer, eller om vi må reise til juryens konfidensielle gøymestad og hente deira dom sjølv.

I mellomtida vil eg invitere dykk lesarar til sjølv seie kva de tykkjer om bidraga. Eg kjem til å leggje ut nokre tilfeldige bidrag i dagane som kjem til dykkar glede. Og vi byrjar i det kulturelle hjørnet, der eit par vonefulle har satsa på variantar av eit klassisk grep i norsk lyrikk.

Eg trur ikkje eg kan forklare det på noko anna vis. Smak på denne første av dei høgkulturelle bidraga:

Mullaen  

manulel
allmuen
ellanum
ullmane

amellun
mulnael
lumenla
almenul
 

amunell
maunlel
neumall

melunal
enalmul

Mullaen
Heng de med så langt? Det andre bidraget følgjer i same lei, og er kanskje litt meir vågalt, kva veit eg?

Madam Hull
Dam Mullah
Mad Mullah
Ad Hall Mum
Ad Ham Mull
Ad Mall Hum
Had All Mum
Had Mall Mu
Had Mall Um
Had Ma Mull
Had Am Mull
Lad Lam Hum
Dam Ha Mull
Dam Ah Mull
Dam Hall Mu
Dam Hall Um
Dam All Hum
Dam Mall Uh
Dam Ma Hull
Dam Am Hull
Mad Ha Mull
Mad Ah Mull
Mad Hall Mu
Mad Hall Um
Mad All Hum
Mad Mall Uh
Mad Ma Hull
Mad Am Hull
Ha Mall Mud
Ah Mall Mud
Hall Ma Mud
Hall Am Mud
Ham All Mud
Ham Ma Dull
Ham Am Dull
Mall Ma Duh
Mall Am Duh


Spenstig, eller kva? Eg veit ikkje kva av dei som er best, og eg misunnar ikkje juryens oppgåve i å gå gjennom desse og alle dei andre flotte bidraga. Enten dei no er av dei meir enkle slaga, eller høgkulturelle som dette.

Spanande vert dette, uansett!

søndag 28. mars 2010

Vi avslørar frimureriet!

Eg har forstått det slik at folk er frykteleg nyfikne på kva som foregår i dei mange frimurarlosjane rundtomkring i verda. Det går allskens rykter om kva som foregår bak dei lukka dørene til dei ulike gradssalene og kva dei enkelte gradane eigentleg tyder. Det eine ryktet er meir bloddryppande enn det andre, og losjane får skulda for dei merkelegaste ting, frå barnedrap til økonomiske kriser.

Dette er berre rykter. Ingenting kan eigentleg førebu deg på sanninga som vert avslørt i desse opptaka med skjult kamera frå ein initiering i Storbritannia;

fredag 26. mars 2010

Power Ranger Japanerar.

Eg har sagt det før, og eg vil reptere det i det uendelege. Det er noko heilt usedvanleg sært med det japanske folk. Det er ikkje alltid like lett å sette fingeren på, og det handlar ikkje berre om deira tradisjonar og eigne innfall, men korleis dei vel å fortolke vestleg populærkultur i sin eigen kontekst. Det er utan respekt for andsverk, kulturens kontekst eller noko som helst form for menneskeleg logikk.

Eg vert til stadig sittande att utan ord. Det er dei som protesterar og seier eg ikkje er tolerant. Eg er ikkje open nok for andre kulturar. Men det er eg jo, eg er open. Eg tar i mot med opne armar. Opne auge. Open munn. Eg er mållaus. Som eit dådyr fanga i lykta frå ein Saab i lynfart på veg mot meg. Det er slik eg opplev japansk kultur... og eg trur aldri det kjem til å endre seg.

Berre ta ein titt på denne versjonen av Power Rangers. "Not safe for work?" Not safe ever.

torsdag 25. mars 2010

Weird Al til filmen

Weird Al Yankovic er ikkje framand for film, med ein haug av musikalske filmparodiar bak seg, samt den klassiske filmen UHF - "Lufta er fri for alle" - har han absolutt satt sitt merke på verda. No er det folk der ute som ikkje likar han, men det er berre synd for dei smaklause gaukane. Weird Al er eit lite sjarmtroll og ein kløpper på trekkspel. Og vi krev å få vete sanninga om han. Kva gjorde Weird Al til Weird Al?

Vi veit at han er son av ein amerikansk polkakonge, og vi veit at han vart velsigna av eit englekor då han vart fødd, men kva meir? Vi vil vete alt! Vi vil vete alt om Weird Al!

Og her kjem det. Sanninga! Den fulle og heile sanninga om Weird Al. Ein film som er nesten heilt sann! Nesten! Og betre vert det vel ikkje?


tysdag 23. mars 2010

"Wiedźmin" er på veg attende

Den polske dataspelprodusenten CD Projekt debuterte med The Witcher og hadde stor suksess med dette. Spelet var basert på den hardkokte polske fantasyserien av Andrzej Sapkowski, der ein Witcher, Wiedźmin, er ein monsterjegar med spesielle magiske evner. Historiene har ofte blitt samanlikna med (eller anklaga for å plagiere) Michael Moorcock sin Elric, men eg har alltid opplevd han som likare Robert E. Howard sine karakterar Conan og Solomon Kane. Særleg sistnemnte har ein viss fysisk likskap til Geralt of Rivia, the White Wolf, som er hovudrolleinnehavaren i historiene og dataspelet. Historia har òg vorte filmatisert (og snart får vi Solomon Kane film òg, så det er nemnt).

Spelet, som var eit klassisk datarollespel i same tradisjon som Baldur's Gate og Neverwinter Nights (og nytta faktisk motoren til Neverwinter Nights 2), satt ein i rolla som Geralt der han må kjempe seg gjennom allskens utfordringar og konspirasjonar med hukomelsestap. Dette er eit spel der alle dine val har moralske implikasjonar seinare i spelet, og ein har stor fridom til å løyse oppgåvene på sitt vis. Og sjølvsagt har du høve til å forføre eit heilt lass med kvinner, i ekte Conan-stil.

Spelet dukka opp relativt overraskande på topplistene då det vart sluppe, og har vunne det som er å vinne av priser og den opphavelege lanseringa har blitt følgd av collector's edition og director's edition og haugevis av ekstramaterial og utvidingar. Alt tilgjengeleg gratis for eigarane av spelet. Heller ikkje mykje kopibeskyttelse ute og går (same genia står bak den DRM-frie spelbutikken GOG.com), men The Witcher har likevel klart å halde seg godt på plass på salstatistikken.

The Witcher kom i 2007, og på trass av fleire utvidingar og eit mislukka forsøk på å konvertere spelet til konsollbasert plattform, er det no på tide å gå vidare. Dette har vi visst ein stund, men i dag... fekk vi vårt første glimt av The Witcher 2.


   
Det er på tide å sparke rumpe att, ja?

måndag 22. mars 2010

Rop ut! Du er her!

Sosiale media.

Facebook.

Myspace.

Friendster.

Twitter.

Blogging.

Det handlar om å dele. Det handlar om å vise seg sjølv fram for alle andre. Eit høgt skrik til ei overbefolka verd, ei klode fylt til randen av ei skrikande masse, om at her er du! Du eksisterar! Her og no, i denne kort stund! Når du delar dine desperate rop, kan du vel òg dele dine gledeshyl? Ijustmadelove.com let deg gjere det.

Legg att ein pin på kartet der du nett har kopulert. Skriv eit par ord om korleis det var. Kryss av for posisjonar og parsamansetning, samt om det var innandørs, utandørs, i ein bil eller i ein båt.

Og så kan du leggje att lenka til den store hendinga i bloggen her. Kor kult er ikkje det?

Med dette har sosiale media tatt att reality-fjernsyn som det ultimate uttrykket for vår postsiviliserte kultur. Vår kollektive primale bøn om merksemd frå eit tomt univers.


Eg diggar det.

søndag 21. mars 2010

Siste sjanse for konkurransen

Då vil eg berre minne folket på at i dag går frista ut for å bidra til lyrikk-konkurransen, så send det du har; enten det er dikt, sangtekster eller teikneseriar til hastur@start.no før midnatt i dag for å vere med i tevlinga om å vinne dette flotte biletet!
Når juryen er på plass vil vi byrje å leggje ut nokre av dei betre bidraga her, slik at alle kan få ta del i hyllesten av din mulla!

fredag 19. mars 2010

Reinkarnerande fotokunst


Nei, Adolf Hitler er nok ikkje attfødd heilt enno. Ikkje som eg veit i alle fall. Sjølv om han nok vert det, då hans arbeid i Kali Yuga etter alt å døme ikkje er over om ein skal tru stemmane som kviskrar meg i øyret om natta. Dette er faktisk Faustina, dottera til dansk-norske Nina Maria Kleivan, som relativt fersk modell. Dette er ein del av ein fotoserie, der den eitt år gamle jenta er kledd opp som Mussolini, Mao, Stalin og Doffen. Representantar for meir eksentriske politiske utskeiingar i det 20. århundret. Av det meir eller mindre sjarmerande slaget. Draktene vart sydd av mora medan ho var invalidisert etter fødselen.

Vi kan berre anta at det er latent sinne og frustrasjon over ein problematisk fødsel som kjem til uttrykk i desse fotografia som desse dagar vekker merksemd i mellom anna Haaretz og The Guardian.

Så nei, det er ikkje Doffen som er reinkarnert, men heller eit kunstverk. For dette verket, Potency, vart skapt i år 2000 og Faustina er no 11 år gamal. Det tok altså pittelitt tid før media oppdaga bileta. Eller så har dei berre hatt dei liggjande i "potensiell skandale"-mappa si til ein stille dag i kunstverda.

Uansett; sei kva du vil om bileta, men det er kjekt å sjå ei mor som vel å kle ungen sin opp i litt meir stilfulle klede enn dei vanlege babykostyma. This is more like it, som dei seier på finspråket. Vart inspirert til å produsere born sjølv no.

torsdag 18. mars 2010

Med homeopatien i ryggen!

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, seier ein gjerne. Og om ein har litt blandevatn på lur så desto betre om ein skal tru homeopat Gro Lystad:
Jeg synes det er fornuftig, spesielt om man har en homeopat i ryggen, og jeg har gjort det mange ganger.
Kva snakkar ho om? Såkalla smitteringer organisert av vaksineskeptikarar, gjerne frå Steinermiljøet (ikkje forvekslast med stonermiljøet). Når dei høyrer at eit born har fått meslingar, kusma eller raude hundar så flokkar dei til, og stappar sine eigne born inn i same kott som det sjuke bornet i von om at smitta skal breie om seg. Det er bra for sjela å verte sjuk, er logikken her. Det er bra for barna. Iallefall om dei overlev. Gro Lystad held fram:
Jeg er helt sikker på at det er positivt for et barn som er friskt. Det kan tenkes at enkelte vil dø, men dette gjelder barn som er svekket på forhånd.

Flott... flott... min sympati for kvakksalverar blomar her eg sitt. Orsak meg medan eg leitar fram telefonnummeret til barnevernet.

onsdag 17. mars 2010

Diskvalifisert bidrag

Det ramlar inn med bidrag av alle slag til den pågåande lyrikk-konkurransen, nokre er enkle og finurlege, medan andre er lange og innfløkte. Nokre er rørande, medan andre er simpelthen forstyrrande. Og nokre, som Lord-Bassington-Bassington sitt bidrag, kjem med ein solid bakgrunn. Kontekst er bra! Ein annan kategori er dei openbart diskvalifiserte, som dette eg nyleg mottok frå "Lord Buckethead", òg kjend som den bomullsplukkande Sambo:
Min Mullah er en bølle
han slår alltid lille krølle
Men Sambo vil slå tilbake
Og da får Mullah ingen kake!
Det var jo veldig underhaldande,em må jo av openbare grunner diskvalifiserast. Konkurransen var tross alt å skrive lyrikk som hedra mullaen, ikkje som sjikanerte han. Slår mullaen Sambo, har nok mullaen ein god grunn til å slå Sambo. Slik er det med den saka.


Det er som eg har sagt tidlegare denne veka framleis høve til å sende inn bidrag. Det eg lurar på, er om de ønskjer å lese desse bidraga når frista er gått ut, eller om eg berre skal annonsere vinnaren? Kva seier menigheita?

tysdag 16. mars 2010

Hello Lord Vader

Det er sjeldan sci-fi fandom førar til solide og vakre stiluttrykk. Lubne jenter som klemmer seg inn i Xena-kostymar og hengslete gutar som har Boba Fett si brynje hengjande laust på kroppen sin vil neppe vinne noko motepris korkje her i moskeen eller andre stadar. Det er jo noko med at fandom tiltrekk seg litt ekstra kvisete typar med feittete hud og stutte sosiale antennar - ikkje for å vidare negative stereotypiar, altså, eg berre seier det som det er. Aspergers er gjerne eit stikkord i dette miljøet.

Det er difor gjerne guddomleg inngripen som må til for å gjere det heile estetisk tilfredsstillande. Og kva er vel meir guddomleg enn nihilismens gudinne - Hello Kitty:
Aldri har Darth Vader tatt seg betre ut. Og mullaen har med dette sett seg ut si påkleding om han nokon gong skal gifte seg. Det vert vakkert! Køyr brudemarsj på xylofon no! Og spel meg ut med Imperial March på kazoo!

måndag 15. mars 2010

Vi minnar om KONKURRANSE

Er du ein av dei som enno ikkje har sendt inn ditt bidrag til lyrikk-konkurransen? Frykt ikkje, du har framleis nesten ei heil veke på deg til søndag den 21. mars. Vi har fått inn ein handfull bidrag, men vil veldig gjerne ha fleire. Så send inn din lyriske hyllest av mullaen din, skriv kva han tydar for deg, kven han er i ditt liv, og send det til hastur@start.no. Premien er som kjend dette vakre biletet av Tinitronic, i A3 storleik klar til å verte hengt på veggen din. Gjerne i nærleiken av ein alterliknande konstruksjon:
Fleire har undra seg i kva form dei bør satse på å sende inn sine hyllester. Til det er det ikkje så mykje å seie, for alt går. Frå hymner til haiku, frå nedrige naudrim til bombastiske bokstavrim, vi har godtatt det meste så langt. Så kva ventar du på? Spre ordet! Og hugs å delta sjølv!

Frista er 21. mars! Og hugs du kan sende fleire bidrag om du kjem i eit raptus!

søndag 14. mars 2010

Rocky Horror Show, på norsk att.

I samband med studentteateret Immaturus i Bergen sitt 20års jubileum, har dei valt å vende seg mot ein av dei store klassikarane, Richard O'Brien sin Rocky Horror Show frå 1973. Om du ikkje er kjend med forteljinga om Janet og Brad. Heldigvis vart stykket filmatisert allereie i 1974 som Rocky Horror Picture Show, som idag er rekna som kultfilmen over alle kultfilmar, og deira nedrige eskapader under innflyting av Frank N. Furter er dette noko du bør straks gjere noko med. Gjennom filmen har ungdommar verda over blitt kjend med den hippe transvestitten Frank, som gjennom sang, dans og rå seksualitet forførar både Brad og Janet, og alle andre han kjem over. Frank N. Furter er ein av dei karakterane i teater- og filmhistoria din mulla mest identifiserar seg med. Og det vart ikkje mindre sant av å bivåne Immaturus si framføring denne laurdagen.

Immaturus har oppsøkt ein av Noregs store perler, når dei har gravd fram den norske omsetjinga av Rocky Horror Show frå 1977. Det var teaterlegenden Toralv Maurstad som tok initiativ til denne norske versjonen, etter han hadde sett stykket i London fire år tidlegare. Han var frå seg av begeistring, og var overtydd om at dette måtte ein få til i Noreg. Som teatersjef ved Oslo Nye Teater var dette fullt mogleg å gjennomføre. Han fekk hjelp av Ole Paus og Johan Fillinger som omsatte det engelske stykket til norsk. Og for ei omsetjing det vart. Tidvis pinsamt, men for det meste saftig og vulgært. Den allereie flotte engelske strofa "Toucha-toucha-touch me! I wanna feel dirty" vart på norsk noko så vidunderleg som "Ta meg! Ta meg! Ta meg! Bruk meg som et ludder!", og "Sweet Transvestite" vart til "Hipp Transvestitt". Av Rocky Horror-entusiastar verda over er den norske omsetjinga rekna som ei perle. Og du kan laste ned og høyre gjennom innspelinga med originalbesetninga her. Og ja, det er Jahn Teigen som har rolla til O'Brien som Riff-Raff.

Sjølv har eg berre hatt gleda av å nyte desse opptaka, og aldri hatt høve til å sjå ei framføring av denne norske versjonen av Rocky Horror Show. Det var difor ikkje noko tvil om at eg skulle plante mi søte rumpe på ein av benkeradane og bivåne showet. Kunne dei klare å gjere ære på materialet, eller ville dei berre gjere kål på det? Dei har tatt seg visse fridomar med '77-materialet. først og framst har dei haldt på den engelske versjonen av "Eddies sang" eller "Hot patootie" (evt. "Laurdagskvelden" i den islandske omsetjinga), og det pure Oslomålet, er erstatta med ulike vestlandske dialektar og pen bergensk. Og det fungerar bra. Veldig bra. Eg var skeptisk til å byrje med, då Oslomålet fungerar veldig bra til dette stykket, men Immaturus klarte kjapt å overtyde meg om at desse låtene fungerar både med a-endingar og rulle-r.

Kanskje mest vågalt, og desto meir vellukka var å satse på ein 150-kilos Frank N. Furter. Ein stor herremann i korsett er simpelthen utruleg sexy, så veit vi det. Særleg når han tafsar på unge menn, både med og utan musklar.

Dei hadde òg valt å gjere Eddie til Edna, og dermed få inn litt fleire lesbiske undertoner. Fungerte det? Merka ikkje forskjellen for å vere ærleg. Eddie er ikkje ein karakter stort sett er i bakgrunnen av historia, og som berre glimrar i ei scene, den føromtalte "Eddies sang". Edna var bra, og levde heilt opp til rolla som røff bikerchick, men der sa det stopp. Scena har aldri vore min favoritt, og i filmen er den simpelthen leveleg takka vere Meatloaf si tolking av Eddie.

I løpet av stykket fekk dei litt tekniske problem, mest med mikrofonen til Frank. Heldigvis hadde han ei kraftig stemme som kasta seg godt rundt i salen. Så eg valte å gje teknisk ansvarleg ein klem på veg ut døra. At teknisk ansvarleg er ein fast lesar, har sjølvsagt ingenting med saka å gjere.

Stykket som heilheit gjev eg tommelen opp. Det er lenge sidan eg har glist så mykje, så lenge som denne laurdagen. Produksjonsansvarlege hadde valt ut gode ungdommar til dei ulike rollene, og ein kunne storkose seg med Rocky sine herlege sjølvdiggande sprell, og i Jannes erotiske oppvakning. Vil faktisk pause litt ved Janne. Pen bergensk, søt pike, seksuell kraft og frekkhet boblande under overflata. Kan eg få lov å seie at eg heildigga henne? Line Stokland Røthing skal vere stolt av å ha klart å fange Janne/Janet så godt, og ved sida av Thomas Trettenes sin Frank N. Furter, var ho eit høgdepunkt denne kvelden. Dette tyder ikkje at dei andre var dårlege, nei, langtderifrå. Det virka som om dei hadde det gøy på scena. Slikt kan ein jo sjå. Og denne gleda smitta godt over til publikum som lo og godta seg gjennom heile galskapen.

Eg er ingen teaterviter, så eg skal ikkje skrive noko vidare omtale av stykket her. Eg vil berre anbefale mine lesarar som er i Bergen om å få med seg stykket medan det går denne veka. Det er framføringar den 15., 16., 18. og 19., samt ei midnattsframføring laurdag 20. mars. Vurderar faktisk å gå på ny. Premiera var utsolgt, og dei andre billettane går nok snøgt dei òg, så grip sjansen! Don't dream it! Be it!

laurdag 13. mars 2010

NTNU er jødekontrollert!

Takka vere sanningssøkjande journalistar som Armin Bahrami veit vi i dag at er styrt av jødar, av sionistar og israelske interesser. Leiinga er under innflyting av satanistar, ateistar, frimurarar, CIA-agentar og gudane veit kva, men først framst altså av jødar! Desse skumle folka med kroknaser og ein hang til å telle gullmynter på loftet, har tatt over styringa av NTNU og pusher ein hard israel-vennleg agenda som dei skjuler bak veike forsøk på akademisk boikott av den same landet, Israel. Slikt veit Armin å gjennomskue. Det er eit skalkeskjul for satanistisk-sionistiske interesser. Alle veit at studentane og tilsette ved NTNU er iherdige Israel-supporterar, det finn ein ved å lese Skepsisbloggen, Skepsisforumet og Freakforum:
"På begge deres forum er der 100% oppslutning om at Israel og sionismen ikke skal kritiseres. Og det gjøres heller ikke. Israel-kritikk er jødehat, er omkvedet – som det er 100% oppslutning om blant dem. I Norges øvrige befolkning mener 90 % at Israel og dermed naturlig nok sionistene som styrer staten Israel er “way over the top” når det kommer til å ta seg til rette i strid med internasjonal lov, og ved drap og overgrep mot palestinerne."
Det er faktisk så stor oppsluttnad at det er 100% oppsluttnad to gonger!!! Eg forstår at Armin Bahrami må slå alarm. Vel talt Armin!

Nyhetsspeilet, der Armin publiserar Sanninga, kjenner vi jo frå ansvarleg redaktør Frank Aune sitt presseimperium, og har stadig vekk hamne i søkjelys i det siste. Ikkje minst fordi dei har stått bak den tapre vaksineaksjonen for å hindre folk i å immunisere seg mot svineinfluensaen. Det var god business. Sjølv gjorde Armin seg kjend på sitt mest sjarmerande då han avbraut ein debatt om kreft ved å høglytt erklære Sanninga. Ein tappar mann, det er visst. Og det er difor ikkje rart at han, og Nyhetsspeilet no er under åtak frå dei slemme-slemme jødelakeiane frå NTNU;
"Nyhetsspeilet har vært ‘under siege’ i flere måneder nå, av elever fra NTNU, som ikke bidrar med annet enn å spørre etter bevis og ber alle forfattere utøve kildekritikk. [...]Alle deres angrep kaster bort tid for oss, og tar fokuset bort fra arbeidet vi gjør."
Dei skuldege er visstnok elevar av min venn, satanisten, jødelakeien, Illuminatiagenten og CIA-spionen Asbjørn Dyrendal. For det visar seg at i tillegg til "tekniske ting" driv NTNU òg med "noe ‘religionsforskning’ ved Asbjørn Dyrendal", kan Armin avsløre.


Denne krigen har NTNU starta ikkje berre fordi Nyhetsspeilet er kritiske til Israel, men fordi dei prøvar å avsløre det store pågåande NWO-komplottet mot verda, som tydlegvis NTNU er ei viktig brikke i. Og i spissen for komplottet er Asbjørn Dyrendal som har lest bøker om satanisme, men ikkje trur at det eksisterar. Sjølv om sjefseksorsisten i Vatikanet, i sine senile rør har insistert på er ein realitet sjølv Pavens eiga bygd.

Denne avsløringa følgjer av at Armin og Nyhettspeilet kløktig la ein felle for konspiratørane. Dei ville avsløre kor langt dei var villige til å gå for å lure og diskreditere Nyhetsspeilet. Difor la dei ut... ein mailadresse, slik at folk kunne nå dei. Når då ein ingeniørstudent, med eit whiskyglas i handa bestemmer seg for å ta kontakt og late som om han avslørar eit hjernevaskingskomplott kunne Armin storkose seg når han svarte. Les heile den utrulege utvekslinga mellom Armin og studenten her. Her får Armin demonstrert sin forakt for kjeldekritikk og skulelærdom. Kva speler slikt noko rolle om det han høyrar stemmer overeins med det han har lest paranoid schizophrene menneske har skrive på internettsidene sine? Det er det NTNU og desse skeptikarane tydlegvis ikkje skjønner; verdien av den sanning som vert formidla av stemmene som kviskrar deg i øyret, når ingen andre er til stade.

Etter fleire månadar med utveksling, vel Armin å publisere saka denne veka. Han slår det stort opp. Han veit sjølvsagt at det er ein felle, men den einaste måten å avsløre ei felle er jo ved å gå i den med trampeskritt, sant? Den einaste måten å avsløre ein løgn, er å sluke den med hud og hår, og handle på basis av den! Slik er det berre! Artikkelen som først var publisert såg slik ut. No er den litt redigert, med tanke på informasjonen som kom fram i ettertid. Sjølv etter at "spøken" var avslørt tok det ein stund før Nyhetsspeilets lesarar og redaksjon ville innrømme at det som hadde komen fram var feil. For det var jo sant! Sjølv om det var ein spøk.

Og når ein fekk tenkt seg om, så var det jo ein felle! Dei visste jo heeeeeile tida at det var lureri. Så det så! Og det er sjølvsagt Asbjørn Dyrendal som står bak, den sleipe jødelakeien!

Sanninga er relativ, er eit populært slagord på Nyhetsspeilet og aldri før har det vore tydlegare. Pokker ta desse sionostjødane og NTNU og deira kjipe fastlåste sanning og rasjonalitet. "Se gjennom illusjonene og bryt fri". Rrrriktig, ja.

torsdag 11. mars 2010

Rumpespark de movi

Det var ein vis mann som ein gong sa "I kick ass for the lord!". Desse ord har eg tatt til meg, og i mi rolle som mulla sparkar eg ofte rumpe for herren, sjølvsagt. Det finnes andre grunner til at ein gjerne vil sparke rumpe, enn berre religiøs iver, ein kan til dømes vere frykteleg engasjert i ting som rettvise og denslags. Noko som gjerne førar til livlege fråspark og ein viss dose denging. Det var dette eg kom til å tenkje på, då eg idag vart presentert for traileren til Kick-Ass the Movie.

Filmen ser ut til å vere relativt godt krydra med stjerner, både med og utan variable andletsuttrykk (men helst utan), og mykje spandex. Og spandex er jo alltid bra.

Eg antar eg bør lese teikneserien òg no?

onsdag 10. mars 2010

Ei skrekkeleg ulukke på gata

På min veg til kontoret i dag var eg vitne til ei forferdeleg ulukke som skaka meg innarst i sjela mi. Eg var nøyd å gripe tak i næraste gjerde for å halde meg fast og kasta etter pusten. Det var berre såvidt eg ikkje byrja å hyperventilere, eller å ejakulere frukosten min med stor kraft utover fortauet. No, fleire timar seinare, på mitt trygge lille kontor, sitt eg framleis og skjelv og eg har ein vond metallisk smak i munnen - som om berre synet av denne ulukka skulla ha gjett meg interne blødningar. Eg veit dog at det er berre mi sjel som blør.

Eg har sett ein del i mitt liv, både på gata, i bakgårder og på den alltid frykta verdsveven, men ingenting kunne førebu meg på dette. Det var to gutar, rundt 13-14, den framste i joggebukser(!), den andre var relativt anstendig kledd. Relativt etter kor anstendig du kan forvente ein gutunge går kledd når førstevalet av bukse har falt på ein raud dongeribukse med naglebelte. Og det var då det skjedde. Gutungen med den raude bukse byrja å dytte buksa halvegs ned på rumpa... for å "sægge"! For ei smerte! Var det ikkje slutt på den "mota"?! Og kvifor i helvete vel du å gå med belte når du insisterar å ha buksa på knerna!?

Huff... eg kjenner kvalmen stige att. Eg treng å leggje meg ned på. Om nokon ser dei to omtalte gutane, så kontakt barnevernet straks. Dei får openbart ikkje nok tilsyn heime...

måndag 8. mars 2010

Ein tradisjonell kvinnedag

Ingen skal seie at mullaen ikkje er ein moderne mann. Han veit at det er den internasjonale kvinnedag. Og han veit at dette skal markerast. Kvinner har kjempa seg seg fram dei siste hundre åra, og det har vore ei lang reise. Og som den moderne mannen eg er, har eg tidvis valt å gå nokre steg i kvinner sine sko. Eller kvinnesko.

Alt ettersom.

Som mulla veit eg òg at eg har eit ansvar for å handheve tradisjonelle verdiar og gå foran som eit godt og konservativt førebilete. Dette tyder dog ikkje at ein ikkje skal markere ein moderne dag som kvinnedagen. Og det har ein gjort med brask og bram. Og i sentrum for feiringa står sjølvsagt ei kvinne.

Denne kvinna har i påvente av at mullaen kom heim frå kontoret jobba hardt med førebuingane av feiringa. Etter ein lang dag på kjøkkenet kunne ho ikkje berre servere mullaen ein solid biffmiddag, men òg heimelaga fastelavnsboller. Boller som i kraft av å ha mangla på den rette dagen, førte til ein nesten måned lang bollestreik som no, på kvinnedagen anno 2010 kan verte avblåst.

Så ingen skal seie at eg ikkje feirar kvinnedagen, eller at eg lar kvinna ta hovudsetet under feiringa. No bør eg sende henne på kjøkkenet for å vaske opp.

Når engasjementet når fram

I dagens kalde og kyniske verd er det ikkje ofte vi får sjå korleis openhjarta og ærleg engasjement kan nå fram og gje gode resultat. For å vere ærleg har eg vel eigentleg gjett opp dei fleste tilfeller, og kapitulert til sorg og fortviling. Som i det tidlegare rapporterte tilfellet med den stakkars russiske syskenflokken tatt til fange av Ivo Caprino og tvungen til å late som om dei var "dukker" i hans filmar.

Det er no likevel grunn til å glede seg, meiner min trufaste tilhengar Prinsesse Kristine, som sendte meg eit nytt videoopptak med følgjande rapport:
"Takket være at Mullaen satt fokus på dette grove overgrepet ble det iverksatt en redningsaksjon. Resultatet er at Trolololo-mannen fikk tilbake minstesøstra etter 40 år. Her uttrykker han sin glede og kjærlighet:"
Og her er videoen:


Og som vanleg forstår eg ikkje eit kvidder av russisk, så eg tar Prinsesse Kristine sitt ord på det.

onsdag 3. mars 2010

Slank Kitty

Slit du med ein bilring eller to? Vil du komme i form?

Inga grunn til uro. Hello Kitty har som alltid det du treng! Den elektriske Hello Kitty Slender Shaper gjer deg etter alt å døme slank, medan du sitt og sleng med snop og denne bloggen. Ingen grunn til aktivitet. Og eg bryt ut i sveitte berre av den flotte utforminga. På beltet altså!
Dette er jo ei gåve til alle som ønskjer å halde ei perfekt midje, men ikkje ønskjer å gå vekk frå bloggar, Facebook og Twitter. Og det er visstnok fleire av dei. Berre sleng på deg dette beltet, skru på straumen og la Hello Kitty gjere jobben medan du druknar i digital sosialisering!

Sjølvsagt dei horrible skeptikarane i KK (ikkje Klassekampen denne gongen) er visstnok negative til effekten. Personleg tykkjer det er smaklaust å sette hennar guddomlege magi og mirakelkraft i tvil, men i motsetnad til ein del andre guddomar så kan Hello Kitty tåle det.

For dei som delar denne skepsisen, så er det vel kanskje best å danse litt for å halde seg i form?


Iallefall hadde eg dansa om eg hadde så mykje fint stæsj!

tysdag 2. mars 2010

Skrukkvask

Alle snakkar om den nye serien til Harald Eia der han slår eit slag på vegne av evolusjonspsykologien, i den lenge avdøde strida om arv eller miljø. Han har soleis klart det mirakuløse i å piske liv i ein død hest, og dette kan jo ha visse religiøse implikasjonar om ikkje tv-serien lukkast. Første programmet gjekk igår, og handla om kjønsforskjeller - er dei berre kulturelle, slik vi lærar rundtomkring i Noreg, eller er dei biologiske slik Harald Eia hevder. Her får kjønsforskarane gjennomgå så det ljomar, og hadde eg ikkje visst kor lett det er å klippe nokon til å virke som talt tufs om ein ville hadde eg nok slukt dette lettare. Realiteten er diverre at det er fleire metodiske problem ved Eia sin framgangsmåte, og ved studiane som han vel å sette si lit til. Dette vert det blogga og skrive iherdig om over heile verdsveven akkurat no, så eg tenkjer eg simpelthen held kjeft om akkurat dette. Eg trur korkje på arv eller miljø, eg trur på arv OG miljø.

For all del, programmet var langtifrå så ille som eg hadde frykta på førehand. Det var faktisk relativt underhaldande. No meiner eg likevel han gjorde det lett for seg sjølv ved å velje å hakke på kjønsforskarar i første programmet, for å demonstrere kor fjerne frå røynda samfunns- og kulturvitarar opererar. For du skal pinadø leite lenge etter eit forskingsmiljø som har forsvunne lengre enn i rekkjene av dogmatisk sludder enn desse. Eg skulle gjerne tatt dei i forsvar ved å seie at Eia ikkje forstår kva dei faktisk er ekspertar på, at sosialkonstruksjonistiske studiar ikkje handlar om det same som biologiske studiar (eller statistikk som er det han nytta i den første episoden)... men eg fryktar diverre at den jamne kjønsforskar sjølv ikkje har fått med seg den forskjellen. I kjerna av kjønsforskinga ligg ein dogmatisk feministisk ideologi som ingen skal rocke ved, om at kjøn ikkje er biologisk og at vår seksuelle identitet er forma av miljø, og ikkje arv. Kjønsforskinga er i mi erfaring slik bygd opp at konklusjonane er forutbestemte

Det magiske lille konseptet dei har gløymd er at dei som sosialkonstruksjonistar (og litteraturvitarar for den saks skuld) ikkje studerar ein fysisk realitet, men korleis realitetane oppfattast og omtalast. Det er her konstruksjonsbiten ligg. Korleis vi konstruerar vår røynd rundt dei fysiske (gjerne biologiske) realitetane. Dette er kulturbiten som Eia prøver å komme til livs, men som han kjem til å feile totalt på, fordi han som kjønsforskarane jobbar utifrå den forståing at det som vert omtalt er eit "fysisk" univers, og ikkje vår oppleving og erfaring av dette universet, vår kulturelle fortolking av den.

Var det meir forståeleg? Nei, eg trudde ikkje det heller. Difor eg slutta å skrive slike artiklar for nokre år sidan. La oss heller sjå ein sex video med Weird Al Yankovic:


Heite saker. No skal eg leggje meg. Som alltid med ein ladd revolver under puta, i tilfelle agentane frå Senter for Kvinne- og kjønnsstudier kjem for å ta meg eller mine edlare delar.

måndag 1. mars 2010

Konkurranse!

Det er tid for konkurranse her i moskeen, og du er invitert, nei oppmoda(!) til å delta. Og premien er ein plakat av din kjæraste mulla, teikna av den fabelaktige Tinitronic! Og ja, den vil vere signert!
For å vinne dette kunstverket treng du berre å forfatte din lyriske hyllest eller kjærleikserklæring til underteikna mulla. Du vel sjølv korleis dine kjenslar best kjem til uttrykk, enten det no er som haiku eller eit tradisjonelt norsk stev. Og du kan sende inn så mange forslag som mogleg. Forslaga sendast i separate mail til hastur alfakrøll start dått no. Du står og fritt til å dele dei på fansida på Facebook eller andre stader. Det er lov å gjere litt reklame for seg sjølv.

Frist for innlevering av (alle dine) bidrag er 21. mars. Du har altså knappe 3 veker på deg. Deretter vil juryen trekkje seg attende (til Budapest eller tilsvarande passande stad) og vurdere dei innsendte forslaga. Hugs å spre ordet vidare, for jo fleire som deltar jo betre.

Så kom igjen! Sving pennen! Så er det kanskje du som får æra av å henge kunstverket i stova, på kontoret eller over senga!