torsdag 29. april 2010

Giftig matkultur: Pandabrød

Eg mottar jamleg korrespondanse frå mine agentar og sympatisørar, som har sett seg lei på korleis Pandamonium kan snikpandifisere den sunne norske kulturen. Eg deler ikkje alle breva med dykk, då det ikkje er naudsynt at de vert utsatt for alle detaljane i Pandamoniums vonde plan, men eg har no mottatt eit brev, som er så skremmande at dette må ut til folket. Brevet stammar frå ei kjelde som har bedt om å få vere anonym:
"Eg må nett varsle deg om enno eit av Pandamoniums mange skitne triks. Som ein god disippel har eg tatt inn over meg fara vi menneske står overfor og då eg her hin dagen trudde eg fekk sjansen til å slå eit slag for menneskeheten gjorde eg nett det.

Min kjære lokalbutikk på hjørnet hadde nemleg i sine hyller Pandabrød. Pandabrød, tenkte eg, det må vere bra. Å ete sine fiendar er jo ein gamal og utprøvd tradisjon. Brødet hamna i korga.


Godt nøgd plukka eg med meg resten av varene eg skulle ha, betalte smilande og rusla heim med ein liten trall. Vel heime vart eg derimot fort klar over at noko var gale. Brødet såg mistenkeleg ut som eit ganske vanleg grovt brød. Det var greit på smak, det var ikkje det, men noko teikn til hovudingrediensen, panda, var det ikkje. Eg sjekka innholdfortegnelsa og rett nok: Brødet inneheld ikkje ein einaste panda! Ikkje så mykje som eit bambusskot, faktisk!

Eg tenke som så at dette er noko folk treng å vete om slik at ikkje andre òg går i samme fella. Til det må den høgst æra mullah vere den beste. Difor sender eg deg denne beretninga saman med bildeprov eg har sikra meg."
 Som om ikkje brevet var forstyrrande nok, så er her eit bilete av brødet:
Og dersom du tviler på kjelda mi si truverd, så er det berre å studerer innhaldet i brødet!

Her kjem det heilt klart fram at brøda ikkje inneheld eit fnugg av pandasvin. Dersom ein går brødet nærare i ettersyn kjem ein fram til at dette er ein gigantisk svindel for å lure dei rettskafne i motstandsrørsla! Brødet er pryda med WWF sin logo, ein frontorganisasjon for Pandamonium! Kjøper du pandabrødet, får du ikkje berre eit heilt pandafritt brød, men pengane går til å finansiere Pandamonium sine aktivitetar.

Dette må vi få satt ein stoggar for. Eg vil be dykk alle om å boikotte pandabrødet, og å sende brev til din lokale matvarebutikk og forklare situasjonen for dei - dei har nok blitt lurt dei òg. Sei nei til Pandamonium! Sei nei til pandabrødet! Støtt din lokale bakar, og kjøp kun brød direkte frå han! Det er den sanne revolusjonære and!

tysdag 27. april 2010

Språkfascisme og porno

Eg irriterer meg over dårleg språk. Det er jo ikkje akkurat noko nytt, men det er noko som til stadig vert aktuelt å ta opp. Enten det no er usamanhengande tekstar hengt opp i korridorar og heiser i blokka der eg bur, eller det er meldingar frå mindre velsigna sjeler, så er det eit relativt stort irritasjonsmoment i mitt liv. Verst av alt er spam. Kven skriv eigentleg desse spammeldingane? Kan dei ikkje forfatte eit enkelt brev utan å måtte gjere seg sjølv til skamme? Alvorleg tala... eg slit litt med å forstå all pornospammen eg får tilsendt til gamle mailadresser.

Eg er heldigvis ikkje åleine om det problemet.

Jokes.com
Patton Oswalt - Porn Spam
comedians.comedycentral.com

måndag 26. april 2010

Keynes vs Hayek

I USA kranglar dei fælt om vanviddet som er den frie marknad og den såkalla 'boom & bust'-syklusen som følgjer av det. Altså, dei er litt ueinige om kvifor det har seg slik at økonomien er ein berg og dalbane, med eksplosiv vekst, følgd av total kollaps. Slik som det har vore dei siste 100 åra. No med berre 10-års syklusar.

Sentralt i spørsmålet er dei to økonomane Keynes (ein slags sosialdemokrat) og Hayek (ein marknadsentusiast), som har lansert dei to viktigaste rivaliserande teoriane på området.

Det skal vanskeleg gjerast å forklare makroøkonomiske teoriar på eit vis som gjer at folk forstår dei. Så difor er det alltid tommelen opp for dei som som dukk ned i folkedjupet og desperat prøver å tale proletariatet sitt eiget språk;

søndag 25. april 2010

Heimattkomen

Vel heimkomen frå innviinga av Cafe Grössenwahn og det første offentlege arrangemenetet til Det Norske Selskab for Megalomani sidan selskapet vart skipa i 1666, skulle ein nesten vente at eg hadde mykje på hjartet. Likevel er det ikkje så mykje skrivelyst som dominerar når ein ramlar inn døra kort tid før sengetid, ein har eigentleg mest lyst til å slå seg ned og nyte litt musikk, og nikke diskrè med hovudet for å signalisere at ein likar det ein høyrer.

At eg har tilbragt helga med eit par helsprø og koselege pusekattar hjelp på. Det òg absinthen.

Så eg tar kvelden.

onsdag 21. april 2010

Aske i lufta og is i magen

Som ein som rimeleg ofte er ute og flaksar vingane har eg følgd den siste veka med dramatikk rundt islandske vulkanar, askeskyer og stengte flyplassar nøye. Ikkje minst fordi eg etter planen, som forsåvidt framleis er gjeldande, skal ut og fly imorgon etter eg er ferdig på kontoret. Eg planlegg å snike meg vekk og ta ei langhelg i Syndas Bygd.

No er det no slik at det hjalp å ha is i magen og ikkje få panikk, på tross av merkeleg ver og faretruande askeskyer på himmelen. Det lukta kanskje svovel, men det kan ha vore djevelen si rumpeande, ikkje meir.

Så eg skal ut og reise imorgon. Inga endring i planane er naudsynt.

Men islendingane må ikkje tru at dei slepp unna med dette. Vi har merka oss kva dei gjorde. Vi gjev blanke faen i deira motivasjon, dette skal vi attgjelde. Ikkje sidan Pearl Harbour har vi vore vitne til tilsvarande snikåtak, kalkulert for å ramme heile Europa sitt luftrom. Dette inkluderar ikkje minst norden. Dette er eit feigt forræderi mot den nordiske rase sitt fellesskap, og Island kan ikkje sleppe ustraffa frå dette.

Vi har lært vår lekse no. Vi har vore for avhengige av fly for å reise ut av landet, så no når tida er komen for å slå attende mot Island bør vi blåse støv av våre gamle langbåtar. Drakeskipa som tente oss så vel i den førre vikingetida, vår gullaldar. Vi skal på tokt for å tukte. Eit ekte tukttokt mot våre fråfallne brødre i vest.

Og kvifor stogge der? Når vi endeleg attvinnar vår stolte tradisjon, så la det no vere byrjinga på den andre vikingetida, og Noreg si andre stordomstid. Lat oss reise på tokt mot dei britiske øyane og Frankrike. La oss slå til langs heile den europeiske kysta, og la oss slå langt inn i hjartet av EU. Unionen vil smuldre i møte med våre blonde bartar og blodtørst, vi vil på ny herske over havet og spre frykt blant veike anemiske europerarar.

Lat oss nytte høvet til å vise verda ein gong for alle kva ein viking er.

Berre vent til eg kjem attende frå Syndas Bygd, så er eg klar.

tysdag 20. april 2010

Vår mann, Trond Viggo

Eg skal ærleg innrømme at det er ikkje alltid eg vert like imponert av studentjournalistikk, men tidvis glimter jo dei til med gode intervju. Tilogmedmed med andre enn meg. For det viktigaste med eit godt intervju er kanskje intervjuobjektet, og at ein finn tonen med dette. Og då er det ei velsigning med intervjuobjekt som tar det meste av journalistens sprell på strak arm.

Ein slik mann er vår alles Trond Viggo Torgersen

Kudos til Bergen Student-TV.

søndag 18. april 2010

Dampdreven kamp om kvinnegunst

Det er sant i dyreriket som det er blant gentlemen. Vi menn må alltid kjempe for våre kvinners gunst. Det er ein kamp på liv og død. Det handlar om ære. Om stolthet. Det handlar om familie. Og det handlar om søt tøs.

Duellen som følgjer er ein universell kamp. Alle menn må kjempe den. På dansegolvet. På arbeidstaden. Med ord. Med sverd. Med knyttnevene. Personleg foretrekk eg alltid å kjempe med gigantiske dampdrevne robotar.

Gentlemens duel from Cemre Ozkurt on Vimeo.
Eg likar ein lukkeleg slutt...

laurdag 17. april 2010

Forvirra kontaktannonse

Det er vanskeleg å unngå spam i desse tider. Særleg den meir lugubre typen sendt ut av spambottar i von om å få deg til å respondere til ei eller anna mailadresse. Du har vel kanskje sett dei i innboksen din? Dei stammar gjerne frå snille russiske, ukrainske eller estiske jenter som har sett profilbiletet ditt (kva profilbilete spør du deg vel kanskje om?) og tykte at du var koseleg. Dei held fram å fortelje litt om seg sjølv, og at dei gjerne vil komme i kontakt med deg og verte betre kjend. Besnærande, kva?

Nokre av desse spambottane presterar å registrere seg på ulike forum, og sender ut denne type meldinger som private meldingar til andre forumbrukarar. Tanken er jo den at folk ikkje skal tru at det er lureri, fordi det krev registrering. Men akk, det er jo det. Og det er ikkje alltid like gjennomtenkt lureri når ein overlet spamminga til automatiske prosesser. Noko følgjande melding som krydra innboksen til brukarar på Nordisk.nu for ikkje lenge sidan

SALAM

Am Miss Jane 22yrs from Ethiopia, sorry for my embarassement to your profile,at(www.nordisk.nu) I was only intrested and wanted to know if we can develope a good lovely relationship.
I wish if it is the will of God we can move from here.
But For better presentation kindly catch me direct with this my mail box:

janesalim4allah@xxx.xxx
Dette er jo vel og bra, om du ser vekkifrå at Nordisk.nu er eit forum dedikert til lågpanna skandinaviske nasjonalistar. Nassar. Nynazistar. Siklande dørvakter (nei, okay, den var over kanten). Nordisk.nu er kort og greit den beste kjelda for ufrivillig humor i heile Skandinavia.

Så ein må nesten anta at den stakkars etiopiske kvinna neppe får noko svar... Karane på Nordisk.nu foretrekk overraskande nok ein mytisk skapnad med namn "Den nordiske kvinne", som visstnok er sterk, uavhengig og bland, og som har som sitt høgaste mål å varte opp forumets elite. Afrikanske kvinner er visstnok ikkje ettertrakta i dette miljøet. På den andre sida, om ein tenkjer på dei rustne synapsane til dei halvapene som ferdast på det forumet, så skal ein ikkje vere for trygg på noko som helst.

torsdag 15. april 2010

Ungarn: nokre korrekte inntrykk

Det første som slo meg var lukta. Den eksotiske aromaen som slo mot meg i det eg kom ut av flyplassen. Det er den lokale matlaginga ville ein nok tenkt, men det var ikkje matlaging å sjå innan rekkjevidde. Det var kroppslukt. Eksotisk, framand og krydra kroppslukt. Ungarsk sveitte. Eg trakk pusten djupt for å kjenne dette første inntrykket av landet eg skulle tilbringe dei neste dagane i. Eg hadde landa. Eg var framme. Eg var i Budapest. Og det lukta sveitte.

Lukta var sjølvsagt ikkje det einaste og viktigaste inntrykket eg fekk av Europas armhole. Inntrykka var fleirfaldige, og eg kan ikkje dele alle med dykk, men nokre kan eg i det minste by på. Budapest - for å seie det kort var ein storarta by. Ein av desse byane som byr på arkitektur. Eit framand konsept om ein ser på byane her i landet. Storarta byggverk, statuar og monumentar over alt. Og eit språk som er fullstendig uforståeleg. Eit ekte røvarspråk. Eit språk ein kan mistenkje for å vere eit påfunn tatt litt for langt.

Dei som følgjer med på nyhende og slikt, veit vel kanskje at det har vore val i Ungarn, og at høgrekreftane grusa dei regjerande sosialistane. Jobbik og deira paramilitære kumpanar i Magyar Garda vann 16% av stemmane, medan dei meir moderate høgreradikalarane gjekk av med reint fleirtal. Eg var ikkje overraska, sjølv utanfor uniformane sine var fascistane og høgreradikale skinheads lett å sjå i bybilete. Gjerne med flygeblad i handa. Ein kan seie kva ein vil om fascistane, men dei veit å sysselsette seg sjølv.

Vel, å sysselsette seg sjølv er visst noko ein er flink til i Ungarn. Kvar gong eg kom ut av metroen vart eg møtt av tre fire uniformerte menneske som grynta til meg på røvarspråket om at dei ville sjå billetten min. Slik held ein arbeidsløysa nede i Ungarn, altså. Folk var kanskje sysselsatt, men lønningane var ikkje høge. Og som følgje var prisane òg låge. Sjølv om det endte opp med at eg gjekk med lommene full av monopolpengar;
Det heile kan summerast opp med nokre velvalte kloke ord frå ein vis mann med namn Groo.
"The prices of everything in this land are very low! If I had money and needed anything, I would buy many somethings here! [...] No one seems to be unemployed in this land. All of them are working very hard! But the land is crowded and it is sad to see so many laboring so hard for so little!"
Groo veit å få sagt det.

Men når vi først er inne på politikk, så er det jo ein del som tyder på at politikken i Ungarn er annleis på meir enn eit vis. Iallefall om ein skal tru engelskspråklege Budapest Times:
I Budapest har ein altså politikarar som held løftene sine. Dette er jo fabelaktig... om ein ser vekkifrå kor mange av deira politikarar som er huggærne fascistar som bruker sigøynarar som blink.

Budapest er ein smeltedigel, full av folk frå heile verda. Kanskje det er difor det tydlegvis er viktig for innbyggjarane å vere klar over ikkje berre kven du er, men kva herkomst du er av. I dei fleste land ville det vere nok å påpeike kva sjangar ein musikk tilhøyrar, men berre i Budapest har eg sett dei understrekke at det er musikk sungen av negre.
Og for all del; om du sitt fast i trafikken, og ein eller annan idiot framfor deg sørger for å gjere heile prosessen meir ulideleg enn naudsynt, ja, så er det vel greit å vete at idoten bak rattet er jøde?
Apropos jødar... Ungarn var landet din mulla godt kunne passere som hebraisk med eit smil.
Det heile vakte stor entusiasme og glede i synagogen. Og det var Europas største synagoge. Ein merkeleg lita sak, full av gull og vakre vindauge, samt prekestolar - relativt sært for å vere ein synagoge.
Så her kunne eg sanneleg kjenne meg heime
Budapest var generelt sett full av flotte gudshus, og fotografiapparata til meg og min ledsagerske vart stort sett full av bilete som dette;
Og opphaldet mitt i byen tilbragte eg i stor grad i slike gamle bedehus. Det vil seie, når eg ikkje utforska dei mange grottane, bunkersane og katakombane som var under bakken på Buda-sida av Donau.

Men byen hadde òg nok å by på over bakken. Ariktekturen gav utsikta ein ekstra piff.
Og når ein står overfor eit vakttårn på byens høgaste punkt...
Så må ein nesten nytte høvet til å klatre til topps.
Historisk er kanskje Budapest, og full av gamle bygningar. Det tyder ikkje at det ikkje var rom for moderne kunst.
Og etter slike inntrykk er det gjerne greit å søkje tilflukt i mullaens naturlege habitat.
Ein reiser jo ikkje til eit land som Ungarn utan å smake på dei lokale spesialitetane innan mat og druesaft. Så det gjorde vi sjølvsagt. Litt forutinntatt var vi jo, då vårt inntrykk av ungarsk matlaging var at det meste bestod av smult steikt i smult og søte vinar. Og søt vin var det meir enn nok av å oppdrive i butikkhyllane.
Og maten var... fyldig. Det var kanskje ikkje så mykje smultsteiking som eg trudde, men eg er likevel glad for at ekstra vekt ikkje er tollpliktig på returen. Eg kan særleg anbefale den asiatiske maten på dei ulike gatekjøkkena i Budapest. Vi antar, etter djup analyse, at kyllingen var fritert i søt ungarsk honning. Dei likar sine søtsaker i dette landet, ja. Og kva enn dei gjorde for å gjere kyllingen i Ungarn så mør og fin må vi gjenta i dette landet - eg gjev blanke i kva dei utsett fjærkrea for, det er verdt det.

Og når vi er inne på det, vi kan gjerne innføre dei førnemnte matprisane her i landet.

Det får halde med rapportering denne gongen, eg må gå på tredemølla og kvitte med nokre av dei meir handfaste inntrykka.

Armin Bahrami vil aldri fornekte seg

Den alltid ivrige sanningssøkjaren Armin Bahrami fornektar seg ikkje. Den nesten evigvarande tekstproduksjonen hans sett ein kvar av oss tastaturslavar til skamme. Side på side med hans verdsbilete vert dumpa over oss gjennom Nyhetsspeilet. Det er ikkje den ting i verda han ikkje har funne den verkelege sanninga om, den store konspirasjonen som knyt alt saman til eit gigantisk innvikla nøste. Sist ut er den tragiske flyulukka i Polen. Han oppsummerar sin artikkel slik:
"Det er på tide å følge godt med fremover.
Makten viser ingen nåde…
Dette kan være den største saken i historien etter 9-11.. Et attentat mot en hel regjeringen viser tegn til desperathet. Vi får se om Polen vaksineres til høst…"
Jo, takk, Armin. Kvifor ikkje slå på stortromma når såret er ferskt? Så kva er eigentleg sanninga her? Kva har skjedd? Jo, Armin har dei siste dagane analysert seg fram til at den polske regjeringa har falt i unåde hjå EU-fascistane og mafiaen i WHO for å ikkje ha ville ha vaksinert den polske befolkinga, og fordi ein i Polen har frie media.

Tidspunktet var heller ikkje tilfeldig:
"Presidenten og hans 95 høyrehender var på ett og samme fly på vei til å minnes de 4.000 polakkene som ble massakrert av jødiske kommunister i Sovjetunionen i 1940."
Eg skulle gjerne ha sett ein mann med 95 høgrehender, men vel så viktig er vel kanskje at det er naudsynt å påpeike at jødane stod bak. Og var det ikkje slik at den einaste jøden som skulle på flyet, Polens øverste rabbi, ikkje nådde flyet?! Han var åtvara akkurat som dei 60 000 jødane som ikkje var i WTC 11. september 2001 (Eg skulle likt å sett Mossad sin telefonrekning for den dagen). For som Armin Bahrami påpeikar så er det ikkje lov å stille spørsmål ved jødane si offerrolle under Holocaust. Då vert ein drept. Og dette er provet. Jødane styrar verda!

Tåken som har fått skulda for ulukka, var sjølvsagt eit produkt av Chemtrails. Eller HAARP. Ahrmin klarar ikkje heilt å bestemme seg for det, men det var ikkje tåka som var problemet. Nei! For tenk!
"Flyet var spredt i mange småbiter på et større område, noe som kan indikere på at det ble skutt ned i perfekt tåkedekke for annledningen, med HAARP eller andre høyavanserte våpen etisk vitenskapelige Kongsberg Aerospace utvikler." 
Ja, men så greit då... då veit vi det. Og vi får høyre om at samtlege politikarar som har døydd i flykræsj har blitt drept av desse slemme jødesionistane. Dei er openbart frykteleg aktive desse jødane!
"Når en lever i en verden der alt er en konspirasjon, er det lett å se alt er planlagt. Det er ingen tilfeldighet i Sør Amerika, at den letteste måten å fjerne motstandsdyktige reformister er i lufta. Det hender enkelte blir drept av snikmordere på bakken, for så fått en oppdiktet flystyrt historie for å hvitvaske en folkehelt sin død på menneskelig svikt og dårlig sikt. Men når europeiske politkere faller fra himmelen, da er vi virkelig nære det gale globale Lisbon’s multinasjonale."
Når det gjeld flystyrten kan ordren ha komen frå Noreg, og burde ikkje Armin ta på seg noko av skulda? Det var jo han som gjorde Stoltenberg sr. merksam på Polens motstand mot jødesionistane sine epidemiplanar;
"Kan Stoltenberg sin far vært innvolvert i orderbestillingen etter intervjuet mitt? Jeg gjorde det klart for han at FHI-virksomheten er korrupt, og at Polen sa nei til vaksinen han var så stolt av på vegne av familien?"
Og avsluttingsvis kan det vere naudsynt å påpeike at dei som evt. overlevde flystyrten vart summarisk henretta av hjelpemannskapet. For jødar gjev ikkje førstehjelp. Takk Armin Bahrami for at du aldri fornektar deg, og alltid finn nye botnnivå. Er foreldra dine stolte av deg? Det norske skulevesenet er ikkje (får eg skattepengane mine att?).

onsdag 14. april 2010

Pandakommando avslørt!

Avogtil møter eg tvilarar. Skeptikarar. Dei som nekter å sjå sanninga i auga. Dei vil berre ikkje sjå at dersom vi ikkje handterar trugselen pandaene utgjer, så vil vi ikkje vere frie mykje lenger. Dette kan vere den siste frie generasjon menneske, medmindre vi sett ein stoggar for Pandamonium no!

Tvilarane krev prov. Handfaste prov. Og uansett kor mykje data eg legg fram for dei, så vegrar dei seg for å svelge den ubehagelege sanninga. Men svelge må dei! Dei må svelge pilla! Og eg vonar at den siste overvakingstapen vil vere den pilla som må til. Om du nokon gong har tvilt på om Pandamonium trener opp livsfarlege pandakommandoar, så ta ein kikk på dette.

Vi må og byrje å førebu oss. Våpentrening er naudsynt!

Vi samlast på Valen folkens! Fatt mot! Vi skal sigre!

tysdag 13. april 2010

Ting du ikkje vil vete om elefantar

Som mulla er det mi plikt å lære ganske mykje merkeleg for å kunne vurdere om tankar og gjerningar er moralsk rett eller ikkje. Eg vert gjerne liggjande oppe om nettene og tenkje på det eg har lært, ute av stand til å sove. Tankar, ord og bilete spring rundt i skallen konstant.

Og det er strengt tatt berre eit vis å verte kvitt det heile, og det er ved å formidle det. Og formidle det gjer eg gjerne. Ta til dømes elefantar. Elefantsperm. Har du tenkt på korleis ein samlar inn elefantsperm? Det er ikkje så lett som ein skulle tru. Det er tilogmed ganske farleg.

Som de lærte er det viktig å gå fram på rett vis om ein vil unngå å verte slått i halvt eller heilt i hel av elefantpenisen.

Eg vert likevel sittande og undre meg over korleis denne legemannen har det med seg sjølv. For han har jo faktisk ein doktorgrad. Ei lang og dyr utdanning bak seg. Ei krevande utdanning. Og her er han; verdas framste ekspert på å massere elefantar sin prostata.

Verst er det faktisk at du strengt tatt ikkje treng ein doktorgrad for å massere ein elefantprostata. Noko desse unge karane pent demonstrerar.

Ja, så då har de sett det. Då har de lært det.

Og eg kan trygt krype under dyna mi og sove.

måndag 12. april 2010

Og vinnaren er...

Så er vi her.

Bidraga er levert.

Og dei er lest opp i plenum. På skuler, arbeidsplassar, synagogar, moskear og kyrkjer.

Juryen har gjort si vurdering. Under løyndomsfulle forhold under Buda i Budapest. Og eg har henta inn denne vurderinga.

Og no overleverar eg den til dykk.

Juryen var særs imponert over alle bidraga, og vi skulle gjerne premiert alle saman, men dette er ei kald og brual verd så ein vinnar må erklærast. Juryen trakk fram tre særleg verdige bidrag; deriblant "Ode til en pode" og "Høysang for Hastur", som får mykje skryt for både kreativitet, språkbruk og innhald. Vinnaren vart likevel følgjande lyriske hylling av dykkar mulla:
Til blogs han bærer åndelige råd
Og hellig galskap deler han med oss
Står Pandemonium imot i dåd
For han er fryktløs når han jihad slåss
I kjærligheten er han sterk og taus
Hans lengt kan ikke stilles, men han gir
Sin styrke, nærhet, varme, han er raus
Og viser andre vei, mens lengten svir
En mullahs hjerte må jo holdes rent!
Men Hello Kitty trøster hjertet som
Tross livets grums er like ømt og pent
Som da han første dagen så seg om
Og så at liv er både kamp og skøy
Må hyrdestaven hans støtt holdes høy!


Bidraget er forfatta av den faste kommentatoren Svein og hans alltid trufase og ivrege gutar. Vi har vore så heldige å kunne dele med dykk ein video av feiringa deira då dei mottok beskjeden.

Og det er ei velforent feiring

New York i (8-bits) oppløysing?

Eg går under jorda nokre få dagar, og sjå kva som skjer? Verda vert invadert! Kaos brer seg i New York.


Takk til @einjen for tips om denne dokumentariske perla.

søndag 11. april 2010

Juryen under jorda...

Når eg såg alt arbeidet de hadde lagt i dykkar bidrag til lyrikkonkurransen, så var det ikkje noko tvil om at eg ikkje kunne yte mindre sjølv. Juryens avgjersle måtte verte henta, uansett kvar dette oppdraget tok meg. Væpna berre med kløkt og ei oljelampe, gav eg meg i veg til Sentraleuropa, der eg til slutt kunne finne sporet etter juryen. Langt under bakken, under Buda-slott, ligg ein labyrint. Og her venta svaret... kven hadde vunne lyrikkonkurransen, og vil motta den flotte premien?

Dette var berre byrjinga på eit langt eventyr, og eg skal sikkert fortelje dykk litt om kva eg fann under Buda, men først skal vi avsløre vinnaren.

Og det gjer vi imorgon, for eg kom først heim i dag, og eg er frykteleg sliten.

onsdag 7. april 2010

Siste bolk med konkurranselyrikk

Imorgon forlet eg landet for å vitje juryen i lyrikkonkurransen. Der vil eg motta ein forsegla konvolutt som inneheld namnet på vinnaren av konkurransen. De kan tru at eg er spent. Når eg er attende vil vinnaren annonserast, men vi har framleis ein liten bolk med kreative dikt å vise fram. La oss byrje med ein lett forrett.
Mullahlovers all
over sea and field and hill
hark, unite and kneel!
Rørande og konsis i sin enkelhet. Enkel er òg ein av dei tidlege favorittane levert i kommentarfeltet av bloggen her, men dette med fleire vers og fleire referansar til mullaens anatomi, som hans hovud og... ja.
En ode
til en pode
med et klokt og skallet hode

Han vet best
Han kan mest
Han er utstyrt som en hest

Leder an
Lyst i bann
Han er store, kvite mann

Dette diktet var ikkje det einaste som fokuserte på mullaens hovud. Det same gjorde følgjande ærerike hylling;
Oh Store Mullah
Hall'ala'lulla
Mullah i skjegget
Hodet som egget

Mektig i orda
Pondus på jorda

Oh Ærerike
må aldri vike
for kinabjørner
og folk som tørner.

Knel for vår Mullah!
Hall'ala'lullah!

Og heilt til slutt må vi nesten peike ut eit dikt av heilt spesiell karakter, som henter sin inspirasjon frå eldre skaldedikting, med ein narrativ struktur. Slutten er ikkje heilt som vi skulle ønskje... men det må ein nesten leve med. Det er sikkert rom for oppfølgjarar. Diktet heiter Hasturs ende (og nei, det handlar ikkje om mullaens rumpe)
Det dere skal få høre er ikke pent
Men bedre nå enn alt for sent
Visen om hvordan Hasturs frende
Førte til hans egen ende
 

En mulla hvisket oss i øret
Nå karer skal dere høre
Sitt ikke og kop på kirketrammen
Nå tar vi makten, alle sammen!
 

Han lovde oss gull, damer og ære
At vi aldri kunne lære
Alt gikk galt, sikkert som banken
Det eneste gode, det var tanken
 

Hvem klønte det til, det vet vi ikke
Pyro snublet og Sambo hadde hikke
Straume gjorde det han kunne
Uten å lykkes noenlunde
 

Vi så på hverandre og snakket i kor,
Ingen tvil, desperasjonen var stor
Tro hva skulle vi gjøre
Hvem hadde feilet i å føre?


Svaret var alldeles klart
Trolig faktisk åpenbart
Noen måtte betale prisen
Etter denne fæle krisen


Vi sto i ring og så på liket
Hvordan kom vi til dette sviket?
En æra er over
Ingen sover
En mulla er på bunn av Svartediket

Så spørsmålet er framleis. Kven tykkjer du forten å vinne? Påvirk juryen før avgjersla vert overrekt!

tysdag 6. april 2010

Min venn, drapsdronten

Min tvilsomme venn Dodologen er ein distingvert og dannet herremann, med god smak og mange meininger. Forutan ein tendens til å starte nye bloggar kvart halvår, har han ein stor kjærleik for den utdødde dodofuglen, eller dronten om du vil, samt til friske diskusjonar. Som alle gode menn, så har han ein klar idè om kva som er moralsk og ikkje, og ei sterk vilje til å kjempe for dette. Og når diskusjonen vert heftig, og natta røyner på, og månen lyser på himmelen tar han sin sanne form og jaktar ned sine motstandarar. Frykt min venn, alle verdas nettroll og kverulantar, for han er... drapsdronten. Ver vitne til hans ofre! (Diverre ikkje høve til å embedde videoen her).

Merk at videoens slutt openbart er ei forfalsking. Drapsdronten kan aldri tape ein diskusjon, kan han?

måndag 5. april 2010

Kjærleikslyrikk

Når det var utlyst ein lyrikkonkurranse var eg klar over at eg nok kom til å verte rørt av alle dei intenst emosjonelle bidraga eg kom til å få. Eg visste jo at eg hadde rørt ved dykkar hjarter, og at de lengta etter å få uttrykt dette på eit vis. Som i eit av dei tidlegaste bidraga vi fekk inn;

My Mullah My star!
Why are you so far
out west from where I
must work, toil and try
to do with your blog?
My tears almost clog
my nose and my words
oh my, how it hurts
to be far from you
my Mullah, so true!


Det er klart at slikt sett sine spor hjå lesaren, eg gjer jo mitt beste for å vokte over mine tilhengjarar. Og eg skulle gjerne vore der for dei i alt dei gjer, og til ein kvar ein tid. Særleg i desse tider, når strida mot Pandamonium står på som aldri før. Og nokre dikt vel òg å fokusere på kampen vi har framfor oss, der eg alltid vil freiste å leide mine soldatar rett;

Til blogs han bærer åndelige råd
Og hellig galskap deler han med oss
Står Pandemonium imot i dåd
For han er fryktløs når han jihad slåss
I kjærligheten er han sterk og taus
Hans lengt kan ikke stilles, men han gir
Sin styrke, nærhet, varme, han er raus
Og viser andre vei, mens lengten svir
En mullahs hjerte må jo holdes rent!
Men Hello Kitty trøster hjertet som
Tross livets grums er like ømt og pent
Som da han første dagen så seg om
Og så at liv er både kamp og skøy
Må hyrdestaven hans støtt holdes høy!


Andre bidrag har valt å fokusere på dette med Hello Kitty, og den trøyst vi finn i denne Eldre Guden, denne nihilismens vortex.

Ein skal alltid heidre sin mullah,
sa brura til sin Vader.
For dei er stort sett av same ulla,
som golfjakka til ein speider.

For din mullah er ikkje farlig,
men berre ver litt forsiktig.
For den skumle medansvarlig,
hans elskede Hello Kitty.


Det skulle berre mangle at Pandamonium og Hello Kitty får sin plass blant bidraga, men til sjuande og sist handlar det om mullaen. Og mullaen sitt forhold til deg kjære lesar. Og dikta kokar ned til kjærleik. Kjærleiken mellom mulla og tilhengjar - dette nær-amorøse forholdet. Og korleis det er for tilhengjaren å ha mullaen i sitt... liv;

Høysang for Hastur
O store mullah med den mykeste sufiull
din tilstedeværelse er som et fantastisk knull
Du er for oss verdt hele din deilige vekt i gull
vi kunne aldri hatt et godt liv uten ditt daglige tull
Selv om det egentlig er resultat av at du er full
og du syns alle mennesker der ute er som godt lik null
Så hyller vi deg vår store mullah med et bakkerull
og høysang om at du må leve lenge med ditt hjerte av kull


Sjølvsagt, nokre er kanskje litt meir pinsame å lese...

If I could tell you how I feel, you could make my dreams come real
Then maybe I could be, the only one you'd see
I try and find the words, explain how much it hurts
But all I do is Fuck up, end up wishing I had shut up
I can`t be a wife, but want more than a bit part in your life
So if you have some time to spare and are looking for someone who cares
Then maybe I could be, the only one you'd see. 


Kven tykkjer du forten gå av med sigeren?

Det vanskelege samleiet

Vi kan vel alle einast om at skilpadder kanskje ikkje er dei kjappaste dyra på denne kloden, men dei har no alltid klart å formere seg i stort nok antall til at dei ikkje kjem til å forsvinne med det første. I motsetnad til visse asiatiske drapsdyr, som skal forbli namnlause i dette innlegget. Vi er likevel urolege for at skilpaddene har utvikla litt besynderlege seksuelle vaner eller fetisjar, som kan true artens framtid.

Dette kan tilogmed vere eit teikn på endetida.



For alle kan sjå at dette er ein sko. Ein sko. Og ein sko er inga skilpadde, og det er lett å merke forskjell. For joggesko som dette er harde, medan ei skilpaddeskal er hardt. Skilpadder bør bestige harde ting for å gjennomføre eit vellukka samleie. Om ein skal ha noko å samanlikne med, er vel pannar og gryter eit bra utgangspunkt.



Men for all del, det beste var om dei hadde prøvd seg på noko slikt som dette;


torsdag 1. april 2010

Interplanetær kjede?

Starbucks. 7-11. McDonalds. Burger King. Subway.

Junkfood-kjeder. Du finn dei på kvart jævla gatehjørnet i den moderne storby. Eg utfordrar deg til å finne ein stad utan. Dei sprer seg som luftbåren pest... eller nei, ikkje luftbåren, for gudane veit korleis det breiar om seg, men det breiar om seg i vakum òg. Ja, for dei breidar seg gjerne til andre solsystem og sivilisasjonar der ute. Berre ta ein kikk på dette!



Mmmm. Svolten klingon!


(Takk til Per CJ for tips)