måndag 31. mai 2010

Israelsk piratåtak i Middelhavet

Eg må jo ærleg innrømme at eg har ein viss kjærleik for piratar av ulikt slag. Eg er difor ein smule riven når israelske (Hasidiske?) piratar bordar skip lasta med naudhjelp og drep ca. 19 aktivistar for å ha gjort motstand. Dette er, vel og merke, ca 19 fleire enn det det er påvist at Edward "Svartskjegg" Teach drepte i si tid, sjølv om det nok hadde blitt avslørt litt og kvart der òg om ein fekk i stand ei uavhengig gransking. Andre likar å påpeike at dette er langt fleire enn antall israelerar som er drept i rakettåtak frå Gaza dei siste 10 åra, men vi tykkjer strengt tatt det er upent å drive liktelling - ein ting felles har vi jo tross alt båe med det amerikanske forsvaret og Stalin.

Som vanleg fører denne saka til ein haug med tåkeprat, der dei bablande klassar kastar seg over kvarandre. Det er uhyre lett å forutsjå at Israel kom til å hevde at a) dei var terroristar b) gjorde motstand c) hadde våpen ombord. Ikkje at det har noko som helst med saka å gjere om det i det heile tatt var sant eller ikkje. For dei som alltid støttar Israel fanatisk, kjem til å skru på sin fanatisme, og dei som hatar Israel med glød kjem til å fyre opp sine faklar og sette fyr på eit par flagg.

Og så gløymer vi alt imorgon eller i overimorgon. Og ingen bryr seg om korvidt eit sant hendingsforløp kjem fram, eller ein prinsipiell debatt rundt kven som har skuld dei lett forutsjåbare hendingane.

Vel, eg er lei. Så eg tar affære. For å avslutte krangelen om kva som faktisk skjedde, kan eg her presentere autentiske opptak av heile affæren som burde feie ein kvar tvil av bordet.


fredag 28. mai 2010

Eit forsvunne handkle

Det var jo som kjend den internasjonale handkledagen no på tysdag, og som eg fortalde donerte eg mitt handkle i det høvet til Bergen Offentlege Bibliotek slik at dei kunne nytte det i ei utstilling. Dagen etter fekk eg den heller besynderlege meldinga om at handkledet var stolen. Nokon hadde altså valt, omringa av bøker av ulikt slag, å forsyne seg av eit handkle først og framst.

Var det ein intergalaktisk haikar i naud? Eller var det ein boms som skulle vaske seg? Eg likar sjølvsagt å tru at det var ein av dykk mine lesarar; ein ekstra rabiat fan som følte at dei måtte vere i nærleiken av meg ved å tjuve eit av mine handkle.

Alternativet er at handkledet vart stolen av ein søt pusekatt med stort kosebehov.

Ja, eit heilt nytt liv for handkledet mitt er det iallefall, og om det ikkje er med ein pusekatt, så finnes det jo andre gode alternativ for det gode liv for eit handklede...

Ja, det er jo lov å drøyme seg vekk...

torsdag 27. mai 2010

Ein forsenka gratulasjon til Humanist

Det er kanskje to-tre av mine faste lesarar som ikkje har fått med seg at Den Tvilsomme Humanist har endeleg lansert nettsider for tidsskriftet Humanist. Tidsskriftet er ein av favorittane i moskeane, og dekker eit breidt spekter av interessante tema. Nettsidene vil innehalde utvalte artiklar frå det trykte tidsskriftet, og etterkvart vil arkivet fylles med fleire artiklar frå eldre nummer. Ideen er at heile nummer skal verte lagt ut ca. 18 månadar etter utgjeving, dersom dei framleis er aktuelle. Allereie ved lansering kunne ein lese fleire godbitar, deriblant ein artikkel om våre jødehatande vennar i Nyhetsspeilet som allereie har vekt litt merksemd, om enn av det meir rørete slaget. I tillegg vil du finne artiklar om fransk sekularisme og British National Party. I første omgang finn du òg to artiklar av ein lurendreiar som hevdar å vere knytta til våre kjære moskè, om den skotske forfattaren Iain Banks og om farane ved islamisme. (Den same kjeltringen har forsåvidt intervjua både ein smågal somalisk bloggar og den kontroversielle Amina Wadud til nyaste nummeret av Fri Tanke som du finn i PDF her).

Så det er berre å gratulere Den Tvilsomme Humanist så mykje med lanseringa av nettsidene. Her ser vi fram til å lese mange godbitar. Og kanskje det vil gje nokre av mine lesarar det ekstra lille sparket dei treng for å ta opp eit abonnement?

onsdag 26. mai 2010

Kvinnerolla

Som dei fleste veit så har eg eit heller gamaldags syn på ein del ting. Eg er ikkje så begeistra for allskens nymotens kutyme og opptreden. Det moderne mennesket har jo mista fullstendig grepet på kva som er korrekt og sømmeleg, og vårt samfunn har blitt vulgarisert. Folk har særleg reagert på det dei meiner er eit forelda kvinnesyn, som visstnok grensar til det sjåvinistiske.

Personleg forstår eg ikkje kva som vert meina med det. Berre fordi eg er opptatt av korleis kvinner skal kle seg? Og fordi eg meiner kvinner bør kunne lage mat? Er det så sært då? No har det seg slik at eg meiner at ei god kvinne skal kunne kle seg pent, og ikkje minst, rett for ulike høve. Og at ho skal vere i stand til å handtere eit kjøkken. Helst skal ho kombinere korrekt antrekk og matlaging.

Fottøy er valfritt.
Det er dei som absolutt vil sjå noko gale i dette... dei ville eg minne om at eg har nøyaktig same standard for menn. Sjølv om menn kanskje kan bytte ut neglisjeen med eit enkelt forkle på kjøkkenet.

tysdag 25. mai 2010

Handkledagen 2010

Som vi var inne på igår, er det den internasjonale handkledagen idag. Og det tyder at du, og alle andre fornuftige menneske der ute, tar med dykk handkle kvar enn de går for å markere dykkar forhold til Douglas Adams og den reine fornuft som han representerar. Mullaen din er ikkje verre enn at han sjølv markerar handkledagen kvart år. Og i år er intet unntak. Det heile hjelp sjølvsagt på når sjefen hans startar dagens første møte med å erklære "Don't Panic!" til ære for dagen.
Arbeid går så mykje lettare når ein har eit handkle tilgjengeleg.

Og mullaen er ikkje åleine om å meine dette, på veg til jobb traff han fleire av same overtyding. Han var heller ikkje åleine på jobben, då ein av hans meir oppegåande kollegar stakk nasen ut av kontoret sitt;
Slik får ein godt arbeidsmiljø.

Mullaen tvihaldt sitt handkle gjennom heile arbeidsdagen, men måtte gje slepp på det då Bergen Offentlege Bibliotek skulle lage seg ei utstilling til minne om dagen, og var i manko eit handkle. Dagens gode gjerning før mullaen sprang heim og fann ro i eit skap fullt av reservehandkle.

Nok ein vellukka handkledag overstått. Korleis var din dag?

måndag 24. mai 2010

Imorgon er handkledagen

I høve viktige markeringar har eg fått litt pes av mindre kalendarføre medlemmar i menigheita for at eg ikkje har varsla dei på førehand om viktige datoar, men heller skrive om mi markering av dei ut på dagen. Dette tar eg til med, og nyttar kvelden til å varsle dykk om den internasjonale handkledagen som vert feira imorgon. Sidan 2001 har 25. mai vore dagen for å feire nytteverdien til det allminnelege handkleet og litteraturen til Douglas Adams. Dette markerar du enkelt og greit ved å ta med deg handkleet kvar enn du går, enten det no er på jobb, på skule eller i parken for å skyte opp heroin.

I fjor såg det ut slik som dette.

Medan det i tidlegare år, og hjå tidlegare arbeidsgjevarar (merk pandaen i bakgrunnen som overvakar arbeidet), gjerne kunne det sjå slik ut:
Så korleis markerar du den internasjonale handkledagen? Fortel meg alt om dèt! Og del gjerne bilete! Hugs du er ikkje åleine om det, vi er fleire over heile verda som sett pris på god litteratur.

laurdag 22. mai 2010

Å ha tru på ungdommen

Mitt fotofrieri til ungdommen må ha virka, for idag (teknisk sett igår ser eg no på uret), var mullaen invitert til å snakke med ein klasse med skuleelevar på ein vidaregåande skule i Asker på austlandet. Det var sjølvsagt med ein viss sunn skepsis at eg takka ja til dette oppdraget, då dagens ungdom har eit heilt eiga talent for å fråta mullaen all hans tru på framtida. Og medan ungdom er fæle, så skal det alltid vere unntak til slike reglar, og det er her denne klassen tydlegvis kjem inn.

I klasserommet vart eg møtt av trivelege og vakne ungdommer, så virka veldig interessert i å lære om ikkje båe Hello Kitty og Pandamonium, og alt anna denne bloggen inneheld. Det var hjartevarmande å høyre ungdom så oppglødd når dei høyrer sanninga om tomheitas gudinne og om vår motstand mot skitne pandabjørnar sine vonde planar for menneskeheita.

Og det var ei glede å fortelje dei alt om det. Og eg vonar at fleire av dei startar eigne bloggar og gjev seg i kast med desse viktige tema.

Slik ivrig og aktiv ungdom gjev ein nesten trua attende på ungdom generelt - nesten. Kanskje det hadde vore nyttig om eg nytta meir tid på ungdommen? Kanskje eg kunne gjort noko av det eg allereie gjer, i ein kontekst som sett meg enno meir i nærkontakt med dei? Ja, det er dèt!
Faen heller, folkens! Eg skal bli helsesyster!

onsdag 19. mai 2010

Musikalsk perle: Ny plate frå Matt Howden

Min venn Matt Howden er ein av mine favorittmusikarar, og ein herremann eg har nemnt ved eit par høve. Eg er av den oppfatting at han forten ein langt større tilhengjarskare pga sitt talent og unike spelestil. Og eg vert alltid like blid når han kjem med nye utgjevingar, enten under eiget namn eller artistnamnet Sieben, noko som heldigvis skjer rimeleg ofte. No er hans nye plate Star Wood Brick Firmament endeleg bestilt og vi kan berre sette oss ned ved postkassa og vente.


Plata er kanskje pittelitt forsenka, og då han tidlegare i år skulle ha sleppefest for plata, hadde han enno ikkje eksemplarane i posten. Ikkje at det hindra det heile i å verte ein vidunderleg liten fest, noko som dette opptaket av han som prøvar seg på ein original Joy Division cover tyder på;


Denne låta er diverre ikkje spelt inn, men du finn nok av godsaker på plata. Du kan få eit par smakebitar av den her, samt lese om plata og tinge den.

Kva ventar du på? Mullaen lovar deg ei musikalsk oppleving.

tysdag 18. mai 2010

Alan har vakna...

Eller søv kanskje Alan framleis. Er det berre eit mareritt?

Av alle ting som kan distrahere mullaen på underhaldningsfronten for tida, og det er ikkje så lite om ein ser på bunken med spel, bøkar og filmar som ligg her og ventar på å verte brukt, så har dei siste dagane blitt slukt av Alan Wake.
Alan Wake er ikkje ei bok, sjølv om utgåva eg kjøpte inneheld ei bok. Det er eit spel, godt inspirert av Lovecraft, Twin Peaks, Twilight Zone og alt anna som er godt, frå dei gærne finnane som gav oss Max Payne. Dette er hardkokt psykologisk thriller, som gjev mullaen gode gysningar her han til stadig snik seg unna arbeidet for å kravle gjennom mørke skogar i staten Washington. Alan Wake er ein forfattar av type Stephen King, som har slitt med skrivesperre. Han og kona reiser vekk for å rydde opp i det, men før han veit ordet av det er han i eit mareritt han sjølv har skapt. Ei historie han ikkje hugser å ha skrive vert realitet rett framfor han. Han må følgje historia til si endelege slutt om han skal ha von om å redde si kone.


Ikkje så mange vitsar om temaet eigentleg, eg berre nerdar meg. For dei av dykk som vil ha ein smakebit, er det laga ein webserie på sex episodar som fungerar som oppvarming til serien. De kan jo sjå den, og gjere opp dykkar meining, men serien gjer ikkje særleg ære på sjølve spelet.

Følg lenkene vidare på Youtube for å sjå resten av serien. Bon apetite.

måndag 17. mai 2010

Vi er ein nasjon vi med...

Det er 17. mai. Noregs nasjonaldag. Då vi feirar at ei gruppe distingverte herremenn satt seg ned og forfatta Noregs grunnlov. Ei grunnlov som vi deretter forkasta, og erstatta med ein litt omskreven versjon med ein svensk kongefamilie på kjøpet. Men for all del, alt er vel betre å feire i november? No er det i minste ikkje vinter - dei fleste stadar i landet.

17. mai til høyrer dei minste. Slik har det alltid vore. "Vi er ein nasjon vi med, vi ein alen lange..." syng dei høgt, generasjonen som nok aldri vil lære kva ein alen er, for lærarane ikkje har lært det sjølv. "Vi er ein nasjon vi med, vi generelt dårleg skulerte...", men det får så vere. Det er dei minste, dei allar minste, som skal kose seg. Ete is. Ete hot dog. Leike leikar. Og gå i tog. Det er viktig. Toget for dei minste. Når dei allar, allar minste marsjerar avgarde i utakt, skriker og skrålar, og veivar med flagg! Det er litt av eit syn.
Men er det berre eg som tykkjer at denne kosedrakt mota har gått for langt? Ein kan vel strengt tatt ikkje kle seg opp som furries på 17. mai... kan ein?

søndag 16. mai 2010

Ein mulla i øyret!

God kveld i stova, mullaen nyt langhelg for å få unnagjort ein del skriveri. Han har tatt på seg ein lånt tenkjehatt, som visstnok skal ha magiske kvalitetar for å få unnagjort sine prosjekt. Likevel går det merksnodig treigt fram.

Andre er meir effektive, under innspurten av si masteroppgåve fann MiniTini (Aka TiniTronic og meire til) at ho skulle lage nokre nye øredobber. Den første runda med testøyredobbar har gått i omnen, og ho har tenkt å produsere fleire i somar etter det eg har høyrd. Så kvifor fortel eg dykk dette? Vel, ta ein kikk på motivet då gutar og jenter;
Ja, du kan no få mullaen i ditt øyre heile tida og over alt. Korleis kan du takke nei? Ta ein svipptur innom sidene hennar og be henne sett av "Mad Mullah Hastur øyredobbar" til deg òg. Dei fungerar òg utmerka som gåver.

Vi har planlagd ein drøss med gåvegjenstadar som dykk lesarar kan kjøpe (stort sett til kostpris), spørsmålet er kva de har mest lyst på? Kva vil de eigentleg ha? Plakatar? T-skjorter? Krus? Klistremerker? Vi er opne for forslag.

fredag 14. mai 2010

Nye livsteikn frå månen

Som de kanskje har fått med dykk, så er eg over middels interessert i Iron Sky, denne vidunderlege lille finske filmen som vi vart frista med i ein teasertrailer for to år sidan. Då fekk vi sjå glimt av livet på månen i 2018, der tyske nazistar har gøymd seg sidan 1945. Sidan då har Energie Productions og regissør Timo Vuorensola jobba hardt med å smelle saman filmen om nazistanes tilbakekomst og hemntokt. Når filmar tar så lang tid, så er det gjerne å vente at dei tar same vegen som det no myteomspunne intervjuet eg gjorde med Vuorensola om prosjektet for eit par år sidan (videotapen forsvann lenge før eg fekk hendene mine på det, tru det eller ei), men no har vi altså livsteikn frå prosjektet.

Vel, for å vere ærleg har vi hatt ei jamn straum av informasjon og ein eigen Youtubekanal dedikert til prosjektet, men dette er tross alt første gong vi får sjå faktiske scener frå filmen. Kos dykk med den nye Iron Sky teasertraileren!



Og merk dykk musikken, og at eg hadde heilt rett i min tidlegare avsløring ang. kven som skulle stå for den. Fabelaktig!

torsdag 13. mai 2010

Nok ein stemme i koret mot Pandamonium

Fleire og fleire vaknar til sanninga om Pandamonium. Fleire og fleire stemmer fell inn i koret som skrik sanninga ut i eteren. Folk må snart byrje å høyre etter! Vår bodskap er enkel: Om vi ikkje gjer noko med pandaene, så vil dei gjere noko med oss. Dei ser på oss med svoltne blikk, klare til å gjere oss til sine slavar! Og kva er det vi må gjere for å hindre denne katastrofa? Det er dei gode nyhenda: Vi må gjere ingenting. Vi må slutte å lyde deira ordrer; slutte å prøve å parre dei; slutte å mate dei; slutte å bygge byar for dei! Vi må slutte å halde liv i dei!

Og berre slik kan vi reddast!

Den siste stemma som har blitt ein del av dette koret er denne mannen:

Men Pandamonium er mektig, så om Ricky Gervais ikkje lenger har ein karriere etter dette, så veit de kvifor... Vi har allereie satt Gervais opp på kortlista for motstandsrørslas fortenestemedalje.

Desperate løysingar

Tida endrar seg stadig. Ein kan strengt tatt gjere lite med at verda utviklar seg. Ein må nesten tilpasse seg. Og i nokre tilfelle må ein akseptere at det ein gjorde før, ikkje lenger er mogleg, eller ikkje vil vere mogleg i framtida. Slik er det berre. Dette er kanskje mest synleg i utsatte bransjar som merkar endringar i marknaden som følgje av endra handlemønster og teknologi. Det som kanskje var ei populær vare eller verdifull teneste, kan brått verte uinteressant og utdatert. Kva gjer du då?

Ein bransje som nok har merka dette er videoutleigebutikken. DVDar er billige nok i butikken, det koster gjerne berre 40 kroner meir å kjøpe ein film til odel og eige, enn å leige den. Og om du ikkje har lyst til å kjøpe filmen, treng du likevel ikkje å gå langt for å leige - nei, eg snakkar ikkje om underfundige system for å abonnere på film gjennom posten, men om digitale leigefilmar. Ja, du kan leige filmar på internett. Og swosh, så har du filmen der. Gjerne billegare enn i butikken. Og om du verkeleg er av den gnitne sorten, så står du sjølvsagt fritt til å laste ned filmen du er nyfiken på - heilt gratis. Dette er sjølvsagt langt meir moralsk dubiøst, men det hindrar oss tydlegvis ikkje.

Kva skal den lille videoutleigebutikken gjere då? Eg har sett dei satse på pizza og bowling, men er det no ein naturleg kombinasjon med å leige film? Ja, pizzaen er kanskje, men bowling? I desperasjon tyr dei gjerne til ganske så desperate grep for å nå fram. Kampanjar og tilbod! Den tradisjonelle kjøp x for y er sjølvsagt naturleg å ha med;
Men dette er eit litt for konvensjonelt virkemiddel, og lite bransjespesifikt. Kvifor skal du leige desse filmane? Her gjeld det å tenkje enno meir nytt. Den same butikken lanserar difor følgjande tilbod:
 I gamle dagar fekk du filmen over natta. Eller kanskje to-tre dagar om du var heldig. Men er det verkeleg meir tid til å sjå filmane vi treng? Alle fem filmane om det skulle vere det? Det er jo grenser for kor mykje tull vi orker å sjå i løpet av ei veke. Butikken har svar på dette òg;
Jupp! Ny film om du seier du ikkje likte filmen! Det var dét vi trengte for å ville leige film! Gje meg meeeeeir film!

Eimen av desperasjon kom sivande ut av den store videosjappa... men det såg ut til å funke, eg såg minst ein kunde spasere inn døra. Men det kan hende ho var ute etter smågodt.

tysdag 11. mai 2010

Seminar med innsyn

Mullaen har vore vekke på seminar. Seminar er ein underleg greie. Og det er alltid kjekt. Ein treff kolleger, nye og gamle, og snakkar med folk ein gjerne aldri snakkar med. Ein får fagleg påfyll og ein får kost seg litt. Dette seminaret var intet unntak.

Då eg sjekka inn på flyplasshotellet der seminaret fann stad, var det første eg la merke til at dei hadde vindauge på badet. Ikkje ut. Men mellom 'soverommet' og badet. Eg kunne sjå inn på badet frå senga, og frå badet kunne eg sjå mi seng. Ein litt besynderleg arkitetonisk løysing må eg vel hevde.

Hotellet kunne diske opp med ganske fine rom, og gode fasilitetar for seminarets aktivitetar. Som i første omgang involverar viktige gjeremål som frukost, lunsj, middag og samling i baren. Maten var nydeleg, og det slo meg at vi burde strengt tatt få oss ei slik kantine. Dette er slik vi likar. Baren var heller ikkje dum, den var full av gode samtaler, og minst ein gamal leigesoldat som gjerne ville spandere drinker på mullaen.

Ein kan jo sjølvsagt styre si begeistring for delar av seminarets innhald, då teologar som fungerar som frelsande konsulentar for det private næringsliv til store formuer ikkje akkurat tiltalar mullaen. Men dette er likevel ikkje det viktigaste med seminar som dette.

Kva er det viktigaste, lurar du kanskje på?
Nemnte eg at det var vindauge på badet?! Det var så genialt!

måndag 10. mai 2010

Fotofrieri til ungdommen

Eg har forstått det slik at det er visse ting dei populære bloggarane gjer for å slå an blant ungdommen. Forutan motetips, sminketips og rapportar frå meir eller mindre fasjonable festar så tørstar publikum etter sexye bilete av forfattaren.

Og sidan din mulla er sjølvsaste Hawtness, så kan ikkje han vere dårlegare. La meg presentere - sexy mullah!
Legg merke til mine sensuelle lepper som berre skriker etter lipgloss, og mitt innbydande forføreriske blikk. Vi har òg valt å ta biletet innan dei tradisjonelle ramane for rosabloggarars sjølvportrettering. På babdet. Helst i dusjen, framfor eit spegl. Eg har òg valt å nytte eit fargerikt klesplagg som framhever bysta mi, men dette kjem ikkje så godt med. Rosabloggarar vil vanlegvis ha litt meir utringing, samt brysthaldarar som skviser deira 15 år gamle pupper tett saman, men vi hadde ikkje det tilgjengeleg. Vi beklagar dette, og vonar at våre lesarar ser vekkifrå det.

Vi har heller ingen synlege kviser å klage over på dette biletet. Òg dette er vi nøydd å beklage.

Resultatet vonar eg at er eit portrett som er litt utanom det vanlege for mullaen, og eit som vil tekke dei yngre lesarane som har mykje å seie om kor pen eg er og som vil vete kvar eg fekk den fabelaktige t-skjorta frå. Og eg ventar at Thomas Moen straks ring meg og tilbyr seg å vere bloggmanagaren min. Eg er ein skitten liten pike!

Bah... kven er det eg prøvar å lure? Eg likar jo ikkje ungdommen ein gong! Pføy! Kom dykk vekk frå bloggen min. Mullah is in da house!

torsdag 6. mai 2010

Sjå! Ein premie!

Posten skal alltid fram! Det er regelen! Og det har alltid vore regelen! Postvesenet kan til tider somle litt, og ting kan ta tid, det må vi ha forståing for. Det er likevel ein ting som Postvesenet ikkje kan gjere noko med, og det er somlete avsendarar. Vinnaren av den nyleg avlagte lyrikk-konkurransen ventar nok tolmodig på premien sin, eller rettere sagt på at mullaen skal somle seg ned til postkontoret med både premie og adresse samstundes. For å kverke ein kvar skepsis rundt premien, så tenkte eg at eit bilete seier meir enn tusen ord.

Dette er eit originalt trykk, og det einaste som vert gjort av dette biletet i denne storleiken. Den er signert av
mullaen og kunstnaren.

onsdag 5. mai 2010

Jediisme, ja

Ja, kva er eigentleg jediisme? Det var spørsmålet. Og det er ikkje lett å svare på. Det er eit difust og mangefasettert tankesett som hentar sitt namn og sin terminologi i første omgang frå Star Wars-filmar. Jediar, tilhengjarar av jediismen, er i utgangspunktet overivrige Star Wars-fans som har sett lyset gjennom krafta til jediriddarordenen i filmserien. Det er med ein gong noko lattarleg og trist over det heile, men så lett er det aldri. Det er meir til det enn som så, hinsides det openbare klovneriet.

Men det var nok i første omgang på grunn av klovnefaktoren at mine vennar i Radioselskapet på P2 ville at eg skulle komme og opplyse dei om fenomenet idag. Til glede for mine lesarar ligg no heile programmet ute som podcast, og de finn min bit i overkant av 20-25 minutt inn i det.

Frå byrjinga av så har jediane i Star Wars-filmane forfekta tankar og evner som apellerar til eit større segment av det moderne vestlege samfunn. Deira filosofi, slik den er uttrykt i filmane er ei blanding av austlege filosofiar, i første omgang taoisme og buddhisme, såvel som ein dæsj hermetisisme mellom anna. I tillegg kjem den alltid fristande tanken at gjennom meditasjon og øvelse skal ein oppnå ein form for harmoni med det levande universet rundt oss. Dette er det same tankegodset du kjøper på trommekurs og alternativmesser kvart år. I Star Wars får det heile ein heftig innpakking, og iscenesatt som ein del av kampen mellom det gode og det vonde. Så ein skal ikkje verte særleg overraska over at det er dei som hevder å ha oppdaga jediismen rimeleg tidleg, alt er jo der. Ein lett attkjenneleg smørje av mjukt tankegods, både eksotisk og ufarleg, klar til å verte tatt i bruk.

Som fenomen stammar likevel jediismen frå 2001, då fleire på spøk og som protest førte opp Jedi som sin religion på folketeljingar i England, Wales, Australia og New Zealand. Til saman rundt 500 000 menneske som vart avfeid som 'ikkje-seriøse' fordi dei ikkje svarte ein av dei allment aksepterte religionane på skjemaet. Seinare folketeljingar demonstrerte likevel at tale hadde sunke kraftig i løpet av får år, noko som indikerte at det var få som openhjarteg såg på seg sjølv som jediar.

Ei lita kjerne på nokre får tusen på verdsbasis er framleis aktive, fordelt på ulike kyrkjer, templar og akademi, og med ulike forståingar av kva det tyder å vere ein jødi og kor bokstaveleg dei skal ta dette med krafta. Og dei kranglar, sjølvsagt, noko som kan vere ei god kjelde for underhaldning for meir jordnære utanforståande. For det er ikkje måte på kor alvorleg det skal takast når det først er alvorleg; for nokon er det framleis ein spøk, for andre ein litt forvirra livsstil, for andre ein inngangsport til ei større andeleg forståing, og for det lille mindretal er det frykteleg, frykteleg alvorleg. Det vert solgt bøker som instruerar ein i å bruke krafta, i same slengen som dei gjev tips om kampsport og meditasjon, og ein kan melde seg inn i kyrkjer der ein stig i gradane lik frimurarordenen. Her er det berre å velje din form for jediisme.

Jediisme kan vere frykteleg fascinerande, då ein glatt kan plasserast mellom scientologikyrkja, som er basert på science fictionromanar, og pastafarianismen, ein protestreligion som meiner at verda er skapt av det flygande spaghettimonsteret og at klimaendringar er forårsaka av svinnande tal på piratar.

Eg skulle likt å sjå fleire kritiske studiar av dette. Har ikkje sett mykje av dette i norden. Ein Phd i Danmark, men den har eg ikkje fått lest, og eg må innrømme at eg er litt skeptisk i den litt for vennlege tilnærminga til temaet. Så her er det berre å sette tenna i det folkens. Som ein Rancor.

tysdag 4. mai 2010

Jediisme på lufta

Star Wars er i vinden for tida etter at Mads "M" Eriksen og gutta i 501. kompani feira 30 års jubileumet for Empire Strikes Back på Finse i helga. I den samanheng vart eg oppringt igår av NRK og spurd om eg ville komme og leike med Tom Egeland i eit fjernsynsstudio, og snakke om desse finfine filmane, men då eg ikkje er å finne i Oslo fall dette tydlegvis litt i fisk. Fatt mot, for dykkar mulla er framleis villig til å bable om Star Wars-relaterte emne, og det skal eg gjere på NRK P2 imorgon, på Radioselskapet. Temaet vert Jediisme denne finurlege religionen som har oppstått som eit resultat av dei populære filmane.

Eg ventar med å fortelje for mykje om kva det er til imorgon eg. I mellomtida kan de nyte denne informative filmen...

Evt får de berre vere tolmodige, ja...

måndag 3. mai 2010

ForhandlingAAAARRRRR

Nyarlothothep, orsak, eg meinar Barack Obama, den kenyanske presidenten av USA vart valt for sine retoriske talent, og eit program basert på å forhandlingar og løyse problem og konfliktar utan å ty til aggressive metodar. På trass av at han har vidareført to okkupasjonar, kan han seie at han har levd opp til dette. Siste ekstravagante forhandling var i forbinding med helsereformen der han meir eller mindre måtte tvinge den rabiate motstandarane til å eit debattmøte. Dette sjølvsagt for å kunne vise seg fram som eit fornuftens lys innimellom deira heller fantasifulle påstandar om dødspanel og gudane veit kva.

Vi her i moskeen likar det vi ser. Vi er tilhengjarar av forhandlingar. Vi trur at vi alle er tent med å føre ein dialog, framfor å ty til vald. Likevel stusser vi litt når Obama inviterar sin neste forhandlingspartnar til det Kvite Hus, vi er klar over at somaliske piratar er eit veksande problem, men alvorleg tala...
Ikkje det at ein ikkje skal prate med piratar, men kunne han ikkje i det minste venta til Talk Like a Pirate Day 19. september... og kanskje funne nokon med litt fleire pigmentar i huden til å tale for somalierane?

Men for all del, piratar og politikk har alltid gått hand i hand.

søndag 2. mai 2010

They Live in a Brave New World

Har du sett ein film som heitar They Live? Om ikkje, så bør du gjerne det. Eg har tidlegare snakka litt om denne klassisken filmperla og kor uroleg eg er for ideen om at nokon vil spele inn filmen på ny. Ta ein kikk på det eg har skrive tidlegare, og ikkje minst traileren om du ikkje har gjort det før.

Er vi med på notene no? Godt. Her snakkar vi stor filmkunst - i flanellskjorter, trange dongeribukser og - ikkje minst - harrye solbrillar. Akkurat slik Gud såg det for seg då han gav oss filmkameraet. I den seinare tida har eg tenkt meir på korleis dagens Hollywood kan øydeleggje dette filmeposet. Ein har sett ein del historiske perler dukke opp att på lerretet frårøva sin politiske brodd, med eit bodskap som er meir 'tidsaktuelt', og med tidsaktuelt meiner vi sjølvsagt platt og innhaldslaust.

Men kva om nokon som verkeleg visste kva vårt samfunn handla om hadde laga filmen? Kva om nokon til dømes hadde vekt til live Aldous Huxley, forfattaren av Brave New World, og latt han skrive manus til filmen? Vel, mest truleg hadde manuset gått gjennom både ein og to andre forfattarar for å rydde vekk hans perspektiv og gjere den meir kinovennleg. Til slutt hadde They Live kanskje sett slik ut:

Kva hadde Huxley sagt om dette? Kva seier Carpenter om det? Eller gløym sistnemnte, eg trur vi veit kva han ville ha sagt:"Bikini babes! Groovy!"

laurdag 1. mai 2010

To for ein, ingen for...?

Her forleden, kanskje det var idag, forvilla eg meg inn på ein 7-11, ein av desse stadane der dei sel overprisa varar til alle døgnets tider. Eg ville ha ei pølse. Ei halalpølse, sjølvsagt. Og det skulle eg få, det var ikkje noko problem, kunne den unge piken bak disken fortelje meg. Glad drog eg fram mitt betalingskort for å gjere opp for meg, i det ho spurde meg eit enkelt spørsmål: Vil du ha cola til pølsa di? Svaret var enno enklare, eg likar jo ikkje cola - så svaret var simpelthen: Nei.

Det var då jenta følgde opp med følgjande salstriks: Vi har eit 2 for 1 tilbod, så om du kjøper ein cola får du to. To kva? Eg såg spørjande på jenta. To cola, vel, forklarte ho.

Eg vart ståande ei lita stund å gruble på logikken bak det heile. Om det er slik at eg ikkje likar cola, og ikkje vil ha ein cola, og difor takkar nei til ein cola, er det då rimeleg å anta at eg ombestemmer meg om eg får tilbod om to cola til same pris? Er dette ein logikk som fungerar på andre? Er to dårlege ting mindre dårleg enn ein dårleg ting?

Eg undrar... og forstår ikkje.