onsdag 30. juni 2010

Dei "fans" ein forten

Eg er frykteleg glad i dykk alle saman som vitjar mine skriveri med jamne mellomrom. Det er godt å ha sine tilhengjarar. Sine groupies. Men det er ikkje nok.

Ein må òg velje ut sine groupies med omhu. Ein kan ikkje ha kva som helst heller. Ein kan gjerne ha mange, relativt ok tilhengjarar, eller ein kan ha ein eller to ihuga fans. Eller ein kan ha ein av desse:

Eg tar det for gjeven at det der ikkje var ein av dykk.

Ein får kanskje dei tilhengjarane ein forten? Nøye lytting til musikken bandet prøver å framføre, har resultert i ein førebels konklusjon om at det er Enter Sandman dei prøvde å spele. Isåfall, så er kanskje dette opptaket minst like pinleg for bandet?

tysdag 29. juni 2010

Eit besøk i nabolaget

Det er ein del som har sådd tvil om mine soger frå mitt fargerike nabolag. Dei har insinuert at eg kanskje overdriv, eller tilogmed skrøner. Nokre har vore så vågale at dei har påstått at eg har orkestrert mykje av sogene mine sjølv, og begått storslagen narrativ svindel.

Eg tar sjølvsagt på det kraftigaste avstand frå slike påstandar, og no har eg heldigvis fått med meg myndigheitene og pressa på å fortelje om dei innfødde her i området rundt moskeen. Ja, vi har hatt onkel Politi og fetter Journalist på besøk i bygget!

Det byrja no førre fredag, då ein halvkriminell fyr (eg skulle ha sagt tomsing, men advokaten hans har tryggja oss om at eigentleg er OK), segna om død på busstoppen utanfor blokka der eg bur. Knivstukken. Eg fekk med ein gong beskjed av mi veninde i Ungarn om å halde meg innandørs, for det var jo openbart ikkje trygt i nabolaget. Eg meinte det kanskje ikkje var verdas lurast idè om eg skulle unngå same skjebne, då alles auge naturlegvis vart retta mot min bustad for potensiell åstad for overfallet.

Politiet byrja å saumfare trappeoppgangen, og snuse rundt i søpla til mullaen og hans naboar i von om å finne ein leietråd. Dei peila seg etterkvart inn mot to brødre som var bekjendte av den avdøde. To sjarmerande karar, godt representantive for mullaens naboar. Likeeins som offeret var dei sjølvsagt involvert i narkotrafikk. Og då den yngste av brødrene ein gong vart funnen blødande i korridoren, var det hans eldre bror som hadde gjort gjerninga - no harm done, han valte å ikkje vitne mot bror sin. Brødrene har gjort ei karriere av å stele baggasje frå Flesland, kvele taxisjåførar istadenfor å betale dei og å true sine naboar med kniv. Sjarmtroll som sagt.

At dei to brødrene var over alle hauger, hindra ikkje politiet i å sparke inn døra (sjå biletet) for, eg antar, å kikke i bokhylla og vurdere platesamlinga deira. Visstnok likte dei det dei fann der, for dei bar det avgarde i kasser. Og eg har ikkje anna enn sympati med etterforskarane som satt att med den jobben, for heisen streiker og det er tunge trappar å gå. Og ikkje ver uroleg for brødrene Løvehjarte, politiet fann dei og inviterte dei til å vere hjå dei til døra deira vert reparert. Snilt, er det ikkje?

Så, no vonar eg at all tvil er lagt til side om at mullaens nabolag er av det fargerike slaget. De kan jo lese nokre av desse fine artiklane:
"De er monstre", "Leter etter svaret her" og "Brødre tatt for drapet".
Det er òg dei som lurar på kvifor eg ikkje flyttar moskeen min til ein annan stad, og her har de altså svaret på dèt; for kvar enn kan eg komme i kontakt med jordas salt? Kvar enn kan eg skue ned i folkedjupet, den grunne enda av gendamenn? Kvar elles kan eg vere trygg på at onkel Politi kjeldesorterar søpla mi for meg?

Eg elskar nabolaget mitt!

måndag 28. juni 2010

Kva? Fotball? VM?

Eg har nyleg blitt informert om at det pågår eit verdsmeistarskap i fotball på sørspissen av det afrikanske kontinentet, og at dette er noko som dominerar merksemda til folk i dag. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje har fått dette med meg, men det forklarar jo ein del merkelege avisoverskrifter og meldinger folk har sendt meg, og ikkje minst den oppglødde stemninga til proletarane i mitt nabolag. Eg har forstått det slik at mykje av spetakkeleg knytta til dette verdsmeisterskapet er knytt til trompeten Vuvuzela. Eit instrument dei innfødde nytter til å lage plagsame, langdryge monotone lydar. Det perfekt akkompagnement til fotball tenkjer eg, men eg tenkjer det ikkje høgt. Eg vil jo ikkje terge på meg dei lokale innfødde fotballentusiastane heller.

Nei, fotball har eg strengt tatt aldri forstått meg heilt på. For å gjere det appellerande må dei nok gjere eit par viktige estetiske endringar. Kva med å bytte ut hovudaktørane?

Ser du? Vart det ikkje brått langt meir interessant? For tryggleiksskuld bør ein kanskje halde Vuvuzelaen unna desse kampane, for å ikkje forstyrre spelarane.

Nei, i sin noverande form er det heller bisarr tidtrøytte, og eg stiller meg bak Mr. B The Gentleman Rhymer i denne videoen (som eg stal frå Lord Bassington-Bassington);

Cricket snart, folkens?

søndag 27. juni 2010

Tidleg krøkast

Eg har stor tru på ei aktiv tilstadevering i barns liv. Det er viktig å sette dei på den rette stien så tidleg som mogleg i livet deira; lære dei gode verdiar, evne til refleksjon og empati. Livsstilsval vert tatt frå det augneblink du startar amminga, eller tenner deira første sigarett.
Denne søte lille keramikkdukka er til sals hjå Amazon, og sigarettane er eigentleg røykelse. Ikkje at det gjer det heile mindre urovekkjande.

(Via Dangerous Minds)

fredag 25. juni 2010

Jenteslagsmål

Drama. Er det ein ting kvinner er i stand til å lage, så er det drama. Det er noko vi menn har fått med oss for lenge sidan. For oss følgjer det naturleg at medan at ei kvinne er ein vakker ting, så er to kvinner i lag, dobbelt så vakkert. Det er òg dobbelt så dramatisk. Så dramatisk at det gjerne høyrer heime i avisoverskrifter.
Ei slik overskrift leiar ein gjerne til å spekulere litt. Det heile høyres frykteleg dramatisk og spesielt ut. Ein lukker gjerne auga og drøymer seg, til scena der denne sumobrytarkvinna overfallar sin lesbiske eks-kjæraste som om det skulle ha vore ein John Waters-film med Divine, Mink Stole og dei andre jentene hans. Om ein derimot les gjennom artikkelen, så vert diverre det meste øydelagd. Dramaet er der, men det er stort sett to gneldrete kvinnfolk som blåser opp intrige på intrige, og skuldar kvarandre for det eine og det andre. Og overfallet? Det skal ingen ha sett, men det kan jo hende dei dytta bortikvarandra.

Akk... det var kanskje ikkje så spanande likevel då, men fin overskrift vart det likevel. Slik berre britisk presse klarar det.

onsdag 23. juni 2010

I fyr og flamme for Sankthans

Det er solsnu, og ein feirar årets lengste dag og... at det no vert mørkare? Ja, folkens, no er vi her att. Det er Sankthans, dagen då dei vantru kristne feirar ein av sine mange guddomer med å fyre opp eit hedensk bål i tråd med sine overtruiske skikker. I mitt nabolag samlar ein til stor (og dyr) fest, utan alkohol, med med pølser, for å fyre opp eit gigantisk tønnebål. Ja, det vert framleis produsert tønner her i landet - truleg med berre det formålet at nokon skal sette fyr på det. I fleire veker har dei no jobba hardt kvar kveld med å byggje eit høgt tårn av tønner, som dei skal sette fyr på for å blidgjere gudane sine.

Og eg som trudde at dei kristne meinte at Langfredag var årets lengste dag... ein lærar noko nytt kvar dag.

Som ansvarsfull mulla var eg sjølvsagt vitne til det heile, og gjorde meg nokre tankar.
Urovekkande nok var det flust i vaktar til stades på arrangementet som la si klamme hand på mullaens enkle barnlege glede. Visstnok var det ikkje lov å forsere barrikadane for å grille nokre marshmallows og halalpølser. Då han prøvde vart han handtert heller uvennleg.

For det andre så var det strengt noko av den kristne kulturarven som mangla i dette bålet. Burde det ikkje vere ein heks her? Eit eller anna skrikande kvinne bunden til ein stige, som vert lempa inn på bålet når det var godt og varmt? Nina Karin Monsen til dømes?

Eller blandar eg tradisjonar no? Det er så mykje å halde rede på at det kanskje er best å la vere. La oss heller spele ut sankthans med dagens temasong, sunget av alles store helt: Arthur Brown!

Har eg rett publikum?

Det er vanskeleg å tale til forsamlingar, noko eg gjer nett som det er, men ein har då alltid fordelen av å sjå publikum framfor seg. Ein kan sjå dei reagere, og ein kan sjå kva dei reagerar på, og ein kan tilpasse seg. Når ein sitt her og forfattar den eine fatwa etter den andre er det litt verre. Og eg opplev ikkje sjeldan at eg vert misforstått. Ein mulla har vel seg sjølv å takke, sidan han ikkje kjem med forklarande fotnotar, men skulle det vere naudsynt? Då eg først byrja å blogge, for mange-mange år sidan, fekk eg stadig høyre at innleggja mine var for seriøse og vanskelege å forstå. For mange framandord var det nokon som sa, men dette kom frå folk som trudde at utdanning var eit framandord, så anna var det ikkje å vente. Det har likevel alltid fått meg til å tenkje på kven eg talar til. Kven er mitt publikum? Har eg rett publikum? Forstår publikum kva eg vil fram til?

Eg tar meg sjølv i å tvile nett som det er, for det store fleirtalet av mine lesarar er tause sjeler. Så einkvar misforståing som oppstår vert aldri oppdaga, medmindre den er soleklar. Så på stille somarkvelder lurar eg avogtil på kva desse tause lesarane hadde sagt, om dei hadde mot til å gripe ordet.

På den andre sida, så er det vel nok av dei som har erfaringar med at det ikkje alltid er dei smartaste ting som vert sagt når ein har misforstått... og det misforstått ein heil del.

Eg lurar på om ho fekk pengane sine attende eg... eg har i det minste ikkje tatt pengar av dykk.

tysdag 22. juni 2010

Bybaneopning tiltrekk kjendisar

Dette er ein historisk dag i Bergen. Bybanen har opna, eller Trikken 2.0 om du vil, frå Sentrum til Nestun (og attende, dersom du lurte). Og dette er noko ein i Bergen har venta lenge på, då behovet for å betre den kollektive transporten heromkring verkeleg har vore presserande. Særleg for dei utanforliggjande bydelane, der eit stramt busstilbod har vore til stor irritasjon for mange.

Ein slik gledens dag tiltrekk seg båe sosietet som Drottninga som maste seg til eit sete på den første offisielle turen, og politikarar som Vidarkleppe, som i lag med det vi må anta er Framstegspartiets ungdom ville gje uttrykk for folkekravet om å få stogga utbygginga av den ferdige Bybanen. Dei er visstnok ikkje heilt begeistra for miljøvennleg offentleg transport, eller noko slikt. Dei stilte opp mannssterke, heile tre mann... så det var ikkje rart at minst ein politimann måtte halde dei attende. Dei kunne jo ha forstyrra langt meir celebre gjestar - då eg høyrer at sjølve Kakemonsteret var til stades, sjølv om han kanskje hamna i skuggen av Noregs kanskje mest kjende Bergenser, her sett på Bybanen ilag med byens tidlegare borgermester, Friele.

Ja til meir Gullars!

måndag 21. juni 2010

Intimt kremprat

Det er varmt og klamt ute, over alt kan ein sjå menn som snik seg til å grafse seg i skrittet når dei trur ingen ser dei. Ballekløe. Irritasjon på testiklane. Til plage for alle menn som vert utsett for det. Det heile vert skjult av det faktum at menn flest likar å tafse seg sjølv på ballane, særleg på varme, sveitte dagar som dette. Det er difor vanskeleg å vete kven som grafsar for moro skuld, og kven som faktisk søkjer lindring av ein heller usøt svie.

Ikkje at eg veit korleis ein ser forskjellen, men for dei som grafsar av naud, og ikkje fryd, har japanerar sjølvsagt ei løysing. Ballekrem.

Det såg båe frigjerande og sosialt ut. Ein får nesten lyst til å prøve det sjølv, på trass av manglande kløe - ein vil jo gjerne ta del i alle syngande maskuline felleskap, ja?

søndag 20. juni 2010

Oppgrader apeøya med ein knapp

Det er somar. Det er sol. Alt er godt. Det tyder berre ein ting.

Nedtelling til Monkey Island 2: Special Edition. Framleis med den magiske knappen:

torsdag 17. juni 2010

Bento - japansk matpakke




Som eg har nemnt før, så er japansk kultur litt som ei bilulukke. Det er sjølvsagt heilt jævleg og tragisk, men ein klarar ikkje å la vere å sjå på når det først skjer, og å rive auga vekk frå vrakrestane er heller ikkje lett. Eit fenomen som har fascinert meg lenge er bentoboksen. Den japanske matpakka, enten som takeaway eller heimelaga.

Eg må ærleg innrømme at eg lenge har vore frista til å ta del i denne ofte vakkert innpakka godsakene. Dei består gjerne av ein lett blanding av japanske retter, inkludert ris, sushi og sikkert ein del tang.

Det er noko vidunderleg industrielt over det heile. All maten i sine små enklavar, klare for fortæring. Godt innpakka i plastbokser spesialdesigna for formålet. Og japanarane sluttar ikkje der, dei vil sjølvsagt pynte på maten òg. Gjerne forma som små dyr. Det kan ein vel ikkje seie noko negativt om? Ein likar å ete dyr, så maten må jo gjerne ta form som dyr òg tenkjer eg.
Men vent no litt... kva er det eg ser i hjørnet? Er det...? Ja... det er...
Pandaer. Jævla pandaer! Og veit du kva?! Eg har sjekka... det er faktisk berre ris og noko attåt! Ikkje spor av pandakjøt i det heile tatt! Nok eit motbydleg forsøk på ufarleggjere desse blodtørstige beista.

Heldigvis er det dei bentoboksane som reddar det heile inn med å appellere til nerden i meg
Eller dei meir andelege verdiane her i livet;
For du kan jo ikkje gå gale med Hello Kitty attåt maten?

Så her var det berre ein ting for mullaen å gjere. Han kasta seg inn i det. Og i dag vart det kjøpt inn bentobokser til moskeen. Til stor glede. Her vart det katsu, tempura, teriyaki og misusuppe for alle penga. Og jommen var det godt!

Presentasjonen var kanskje ikkje så fantasifull, men pokker det var velsmakande. Så kva seier dette om Japan? Anar ikkje, men her i moskeen har vi eit ordtøkke: Sjølv ein blind ape kan finne banan.

Ooooh... no fekk eg lyst på banan.

onsdag 16. juni 2010

Brenn Jesus, Brenn!


Ingen skal seie at mullaen ikkje sett pris på dei kristne. Dei tar feil, men kristendommen har gjett oss mykje bra, og var ein bra forgjengar til Islam, som forståeleg nok har ein sentral plass i vår moskè. Koranen lærar oss at vi skal ære og verne om dei kristne, då dei er bokas folk. Koranen lærar oss òg at dei er ein smule sinnsforvirra fordi dei driv med fleirgudsdyrking og tilber profeten Isa, eller Jesus.

Det er ikkje opp til oss å dømme dei for dette feiltaket det vil Gud handtere sjølv. Slik som når han sett fyr på den det falske idolet. Den enorme statua av "Kongenes konge" langs "Interstate 75" vart råka av Guds vrede i form av eit lyn, og tok fyr. Kristenfolket i kyrkja som eig den gyldne kalven sverger på at dei skal byggje den på ny. Ein allmektig Guds arbeid er aldri over, kva skal han råke no for at dei skal ta poenget? Har nokon tatt ein kikk på høgda over Rio de Janeiro?

For all del, eg seier ikkje at det var Gud sjølv som råka statuen, men han kan ha delegert ansvaret til ein av dei mindre gudane som Tordenguden Tor, Nodens, Nyarlothothep (dog han er nok opptatt med å styre USA for tida) eller Hello Kitty. Eg har eit alibi for tidspunktet, så ikkje sjå på meg. Det viktigaste er at det vart gjort.

ALLAHU AKBAR!

tysdag 15. juni 2010

Snikmordareane sitt brorskap på årets fesjå

Ein av årets viktigaste hendingar er i gang, og dette opptar såklart mullaen og han sitt låst til skjermen for å få med seg kvar einaste detalj. Dette påverker sjølvsagt hans evne til å forfatte sine daglege fatwa, men frykt ikkje han har dykk alle i tankane, trass det enorme sirkuset framfor han. Ja, vi snakkar sjølvsagt om E3, den store internasjonale messa for elektronisk som no går av stabelen. Her vert det demonstrert nye spelmaskiner, og fabelaktige nye spel, som etterlet mullaen siklande i skjegget.

Her har det vore mykje godteri, og sikkert mykje som interesserar hans lesarar, men det som tida har visst opptar litt over gjennomsnittet av lesarane her, er Assassin's Creed. Og igår fekk vi vårt første reelle glimt av framhaldinga av Assassin's Creed 2; Assassin's Creed Brotherhood. Ta ein kikk då, det er veldig pent;

Ja, ein fin video... men du lurar vel kanskje på korleis spelet ser ut i aksjon? Og kva med den mykje omtala multiplayerbiten? Vel, mullaen har deg dekka, på dette området òg.

Om du vil sjå meir kos, er det berre å sjekke ut scenepresentasjonen, der dei spelte gjennom byrjinga av spelet og snakka om innhaldet.

Elles er det berre å melde at det er mykje snasent på E3 i år, og vi er som alltid litt svimmel under denne veka. Kan eg får ein Kinect no?

måndag 14. juni 2010

Måndagskrimmen

Eg er ikkje ein stor fan av krimlitteratur, det har seg gjerne slik at det er tidtrøytte og ikkje så mykje meir. Og tidtrøytte har det med å verte middelmådig tidtrøytte. Og då er det ikkje så mykje vits lenger.

Noko krim kan ein likevel lene seg attende og nyte, særleg om det er på tv-skjermen eller i form av ein lydbok. Den treng berre det lille ekstra. Noko krydder ein elles ikkje får. Noko som gjer det originalt. Og kanskje forteljingane om Amelia Bingham har akkurat dette, kjære lesar? Her er The Sorceress' Apprentice, ei forteljing frå Enter Amelia Earhart. Lest, antar vi, av elskede Miss Martinsdale. Eller iallefall ein av hennar veninder.

Møt Amelia Bingham, lesbian detective extraordinaire!

søndag 13. juni 2010

Gudinnas mange andlet

Det er ei kjensgjerning at tomheitas gudinne er allstadverande. Ho er der du treng henne. Og ho tar den forma ho må ta for å oppfylle si rolle der og då. Vår kjære Hello Kitty kan vise seg under ulike forkledninger, og slik kan ho ta del i alt, og tilføre alt sin spesielle magi.

Det er berre å hylle henne!
Seriøst?! Korleis kan ein la vere?! Eg vil haaaa!

Vi har sett Prince of Persia

Ja, ein kan jo ha eit par forventingar når Prince of Persia kjem på storskjermen. Det er berre særs viktig å ha dei rette forventingane. Forventingar om at det vil involvere ein stad kalla Persia, ein prins og ein skalla Vizier. Det må òg vere ein del hopping, og gjerne litt springing på vegg om er av dei tilbøyligheitar.

Slik sett har Jordan Mechner klart å omsette sitt klassiske spel til filmversjon ganske bra. Han utgav sitt første Prince of Persia-spel til AppleII i 1989, og fleire konversjonar følgde. Det var òg eit av dei første spela som mullaen vart totalt oppslukt av som barn. At Mechner hadde ambisjonar om å lage film, og ikkje berre dataspel, vart tydleg i dei seinare versjonane av Prinsens eventyr som han var involvert i. Parallelt jobba han òg med eit filmmanus som han solgte inn til Jerry "Big Boom" Bruckheimer.

Resultatet er altså ei relativt underhaldande smørje utan så mykje innhald. Og når det gjeld innhald så skal ein jo vere frykteleg varsam med å etterlyse historisk korrekthet. Så det gjer vi sjølvsagt ikkje. Det kan likevel vere greit å komme med eit par opplysingar til andre som har sett filmen, og som tenkjer å sjå den. Det er følgjande.

- Det er persiske storriket, slik som vi får inntrykk av at dette er satt til, eksisterte før Islam oppstod som religion. Ikkje at religionen i filmen vert namngjeven, men det kan vere greit å kunne er det ikkje? At Persia seinare vart ein viktig region i Islam er sjølvsagt greit å få med seg. Ei heller at riket vi møter er det tradisjonelle storpersia då, sidan den visstnok skal foregå mellom 500 og 600. Framleis før Islam. Sjå komende punkta.

- Alamut er ein ekte stad. Det ligg dog ikkje i utkanten av Persia, ei heller utanfor, men i fjellområda mellom Iran og Irak, og slik midt i Persia. Det var heller ikkje ein stor by, men eit festningsverk.

- Alamut var den mytiske heimstaden til den gamle mannen i fjellet, den segnomsuste leiaren av Hashasiyyin-ordenen, assassinarane. Dei var muslimar, og eksisterte soleis ikkje samstundes som Persias stordomstid, eller i det 6. århundret. Dei herja vilt under korstogane, og det er derifrå vi vart kjend med dei som snikmordere. Dei tok heller ikkje festningsverket som sitt eiga før rundt 1060.

- Det stemmer at assassinarane nytta narkotika, i følgje fleire kjelder. Dei nytta særleg hasj (derav namnet ifølgje nokre kjelder) i innviingsrituala sine.

- Medan assassinarane var ein mystisk sekt, og slik kan lett knyttast til sufismen, så var dei ikkje tyrkiske dervisjar.

- Dervisjar er kule... men dei klarar ikkje å lage virvelvinder i ørkenen. Sjølv ikkje om dei er kledd i svarte og er mektig skumle.

- Mahatma Gandhi var aldri Vizier i Persia. Han var "a sexy beast!"

Og med det avsluttar vi dagens historietime. Kos dykk med filmen.


Som de ser er vi i gang med å tukle med designet i bloggen. I løpet av somaren vonar vi at ting vil ta seg bra ut. Kom gjerne med innspel om kva de vil sjå av statiske sider og informasjon.

torsdag 10. juni 2010

Metafråver

Her er det metameta på gong. Eg sitt her og reflekterar heftig over at eg skriv eit innhaldslaust blogginnlegg for å påpeike at eg mest truleg ikkje kjem til å blogge imorgon då eg har ein fullstappa dag. Det er veldig hipt og moderne å metablogge, tenkjer eg, men eg er ikkje heilt komfortabel med det likevel. Eg føler eg nøydd å etterlate dykk med eit eller anna som illustrerar den type sosialisering mullaen er nøydd å ta seg til imorgon.

Heldigvis har vi ein slik illustrasjon.

Ikkje reint lite meta den heller.

onsdag 9. juni 2010

Tafsing, sa du?

Vel, det er kanskje ikkje mykje ny latrinalia å hente der ute, men det hindrar ikkje folk i å vere kreative i sin uttrykksform. Så når ungdommen snublar over den nedlagte kantina for tilsette på mitt fakultet, så er et jo fritt fram for dei å ommøblere litt på skiltinga.
Eg seier ikkje at det er stor visuell kunst eller poesi. Det er korkje banebrytande eller evig, men det er kreativt. Det må dei vel ha?

La oss sjå på det som eit djupdykk ned i ungdommens sinn. Lik god latrinalia så er det deira sjel som vert blotta. Studentens innerste tankar. Studentens framste impulsar. Kva stod i studentens tankar her? Var det eksamensangst? Var det karriereplanar? Var det heimlengsel? Eller var det simpelthen...

tysdag 8. juni 2010

Tilstår simulering

Som fleire av dykk kanskje har fått med dykk, så har eg ein viss kjærleik for Sims. Denne vidunderlege lille spelserien som gjev deg kontroll over ein simulert familie i gode og vonde dagar. No er det ikkje lenger så ofte eg får fyrt opp spelet, men det er alltid installert, og dei få gongane det vart satt på, forsvinn alltid nokre timar.

Folk lurar gjerne på kvifor ein vil spele noko slikt. Dei av oss som er bitt av basillen forstår aldri heilt spørsmålet. For kven vil vel ikkje leve ut sine innerste tankar på eit eller anna vis?

Det store spørsmålet er eigentleg - kven av desse har mullaen mest felles med?

måndag 7. juni 2010

Frå barnsbein av

Det er eit mistak å tru at pandaer er som menneske, eit samansatt produkt av arv og miljø. Pandaer er ikkje menneske, dei er dyr. Dei er sin natur. Dei er eit produkt av arv, og ikkje meir. Og av natur er pandaer blodtørstige beist, og menneskas naturlege fiende.
Dei er òg i stand til å lure oss. Deire telepatiske evne til å kontrollere vår instinktive frykt til ei kjensle av at vi ser noko søtt. Forskarar i motstandsrørsla mot Pandamonium studerar no om dette kan skuldast eit hormon dei skil ut, men då dei òg har same effekta på avstand og i fotografi, er det mykje som tyder på at om dei ikkje styrar oss telepatisk, så er dei i stand til å kondisjonere oss. Berre sjå på den stakkars kinamannen, fullstendig ute av stand til å sjå at denne pandayngelen faktisk gjer seg klar til å gå til åtak på han, og bite av han trynet. Og han ville ikkje vere det første offeret for pandabrutalitet.

For pandabrutalitet er noko vi kjem til å sjå meir og meir av framover etterkvart som dei førebur som ei blodig maktovertaking. Vi er godt kjend med deira pandakommandoar og deira amfibiske pandastyrker, og vi veit at driv våpentrening. Motstandrørslas spionar kunne nyleg avsløre nok eit grep i arsenalet av skitne triks. Med livet som innsats har vår agent kunne snike seg inn på eit løynd pandatreningsleir, der dei no har tatt andre dyr som slavar til bruk i deira kamp for å undertrykke menneska. Og nok ein gong har dei stelt ideen frå oss. Ja, ver vitne, for første gong, til pandakavaleriet!
Frykt for framtida, men ta til våpen! Vi vil ikkje gje etter for Pandamoniums brutalitet! Dei kan trene så mykje dei vil, men vi vil møte dei - mann mot panda, og hest mot hest! Vi er klare! Og vi har ingenting å tape!

laurdag 5. juni 2010

Marknadens usynlege hand

Marknaden er ein finurleg ting, og det er ikkje måte på kva dei klarar å selje oss og kva triks dei nyttar for å få det til. Anten dei no freistar å selje oss to til prisen for ein, av ei vare vi ikkje ville ha i utgangspunktet, eller dei tar i bruk desperate virkemiddel for å redde ein synkande bedrift. Det er ein ting dei har felles - dei vil ha pengane våre. Det er slik det fungerar. Uavhengig av kva teneste eller vare du forventar å få i retur, er det pengane dine som står i fokus. Dei er drivkrafta. Ikkje tilbod eller etterspørsel, men valuta i sirkulasjon, helst i retning vekk frå deg.

Marknadens usynlege hand tafsar på oss alle, men handa vil berre ha vore lommebok uansett kor mange gonger den stryk oss akk så triveleg over skrittet.

Det finnes ingen grenser for kor unyttig og uinteressant ei vare er, dei vil prøve å selje den til deg. Og oddsen er i deira favør - du vil truleg kjøpe det. Det er det ein klok kjøpmann i Bergen som har forstått. Han tilbyr difor ein heller unik vare, mynta på born, og eg garanterar deg at den vil selje. Eg er faktisk rimeleg sikker på at du vil kjøpe!
Marknaden er ein vidunderleg ting du, og ingenting oppsummerar det heile betre enn akkurat dette. Du snakkar om marknadens usynlege hand, ja. Eg trur eg må kjøpe meg ein slik ein neste gong eg er i nabolaget, når eg tenkjer meg om.

fredag 4. juni 2010

Israels framtid

No har båe eg òg min gode venn Snirkelsnorkel freista å sette Israels piratverksemd i eit passande lys, men saka er ikkje over med det. Det er mykje ein skulle ha sagt om temaet, som ein gjerne er litt varsam med, men det er på tide å ta bladet frå munnen. Dette prover at Israel har ei skjebne, og at Hamas og Hizbollah har hatt fullstendig rett heile vegen.

Greit, no sitt du gjerne der og lurar på kvar eg vil hen med dette, men det er eigentleg såre enkelt, og peiker fram mot ei heller interessant framtid for den jødiske stat, og det jødiske folk. Strida i området er ganske intenst, og hatet har no gått i arv i fleire generasjonar. Fred er tilsynelatande umogleg, og medmindre noko dramatisk skjer så vil det palestinske folk vert fordreve av Israelsk terror og stadig fleire ulovlege busetnadar. Israelsk overmakt gjer dette mogleg, sjølv om det er ein langsam prosess. Hamas og Hizbollah på si side, kjempar ein desperat (fånyttes) kamp for å drive israelarane ut i havet, som dei så pent seier det.

Og det her det finurlege ligg. For kva er det ikkje Israel no har byrja med? Dei har tatt til havs! Dei har blitt piratar! Sjørøvarar! Dei oppfyller simpelthen ønsket til Hamas og Hizbollah! Og dei forfølgjer si skjebne! Israel vil sakte, men sikkert, frivillig forlate det heilage land til fordel for eit liv på havet som piratar! Kvifor jobbe hardt som bønder på stolen jord, når ein kan leve som frie piratar? Den gyldne by, Jerusalem vil i framtida vere ei flåte av skuter, som ferdast på dei sju hav og sprer frykt blant goyim ombord på verdas mange luksuscruise! Arabisk oljehandel? Gløym det! Ikkje ein einaste oljetanker vil vere trygg for Israelske piratars jakt på shekel!

For er ikkje jødane det vandrande folk? Ørken og hav, er det same i Guds auge!

Når havet stig på grunn av global oppvarming vil Israelarane ha komen oss alle i forkjøpet. Når Waterworld er ein realitet er det den israelske statsministaren faktisk ingen ringare enn the Deacon. Og nåde vere ved Kevin Costner om han prøvar seg!

I 40 år vil jødane segle på havet, som dets ukrona herskerar!

Men det er ikkje over der! For på andre sida av kloden har Obama, den svarte Farao av Amerika, på ny lova å satse på romprogrammet! Det ser nok ein gong lyst ut for at menneska skal erobre galaksen rundt oss! Og som USAs allierte vil Israel ikkje verte etterlatt her. Der ute, der det er plass til oss alle, vil Israel ta den rolla som Gud ein gong lova dei!


Kvifor har vi ikkje innsett dette før?! Hjelp Israel å ta sin rettmessige plass i historia og verdsrommet, kast dei på havet! Som piratar!

Skrifta på veggen?

Som alle veit så er skrifta på veggen det viktigaste innblikket i folkedjupet. Difor er eg kanskje meir enn gjennomsnittleg opptatt av å lese lappar i heisen min, eller kva folk har skrive med sprittusj på offentlege toalett. Det sistnemnte er kjend som latrinalia, dasskrift! Latrinalia er eit slags orakel, der ein i alle år har fått eit usensurert blikk inn i unge menneskers tankeliv og seksualitet. Veggene dekkes av vitser, tilståingar og lange samtaler ført medan ein gjer sitt fornødne - i tur og orden, vel og merke, det er sjeldan ei samtale ført i real time.

Men tidene endrar seg. Og ein ser mindre og mindre av dette - er det fordi dassveggane er fulle allereie? Eller har dei vorte erstatta av internettfora? Kommentarane på dagbladets artiklar kan kanskje tyde på at det store folkedjupet har forflytta seg. Folk er iallefall frykteleg fulle av drit der.

Eg tykkjer det er litt vemodig, og må istemme denne kommentaren eg kom over igår;
Nei, det står aldri noko nytt på dassveggen for pokker. Og eg føler avogtil òg at det er slik de mine kjære lesarar føler det, når de stikk snuten innom denne bloggen... så kva latrinalia saknar de på denne dassveggen min?

onsdag 2. juni 2010

Pondus på originalspråket?

Pondus er ei populær teikneseriestripe, særleg i Bergen der humoren tydlegvis treff godt blant byens fotballsupporterar. Her i byen kan det virke som vi alle kjenner eit eller to døme på karakterane i serien. Fascinerande korleis det kan ha seg, og det prover vel at vi menneske ikkje naudsynt har endra seg så mykje. Dei fleste trur jo at Pondus er ein norsk serie, ein serie frå Bergen, men dette er jo sjølvsagt sludder. Det var romarane som opphaveleg oppfann teikneserieformen, og då faktisk med Pondus, noko dette originale Pondusheftet på latin er ein klar indikasjon på.
Latin, dette eldgamle Lingua Franca, er sjølve varemerket til den store romerske sivilisasjonen. Sivilisasjonen over alle sivilisasjonar. Og ein har vel eigentleg ingen grunn til å faktisk verte overraska av at dei òg oppfann teikneserien og Pondus? Dei oppfann jo tross alt anna vi sett pris på idag. Utanom dampteknologien då, den kom litt seinare.

Det er i dag eit dødt språk, og originaltekster på Latin er gjerne sjeldan vare. Og dei ber ofte preg av aldaren. Likevel var dette Pondusalbumet i overraskande god stand, og eg antar det må vere verdt ei formue. Berre ta ein kikk på korleis biletkvaliteten har haldt seg gjennom nær to tusen år!
Det er veldig imponerande. Og hadde eg ikkje visst betre, så skulle eg trudd det var eit falsum.

tysdag 1. juni 2010

Kom og kjøp!

Vår alles kjære MiniTini har allereie solgt unna nokre par av denne vakre øyrepynten som vi annonserte i mai. Ho har difor flytta salet til ein profesjonell nettside der ein lett kan tinge godsakene til ein frykteleg rimeleg pris. Ja, du kan no altså kjøpe øyrepynten på Etsy! Og kva er den fryktelege rimelege prisen, då spør du? Kun 15 amerikanske dollar for norske kundar. Korleis kan du takke nei?

Tidlege rykter om at øyrepynten var utsolgt allereie denne veka, er berre delvis korrekt. I skrivande stund er vi fortald at det vert produsert 5 nye par, og fleire kjem etterkvart som dei vert solgt. Det er sjølvsagt sjanse for at dei vert utsolgt på ny, men det er berre å varsle produsenten om det store behovet så vert det produsert meir.

Det originale paret, er her vist fram av den lukkelege eigar:
Smakfullt, er det ikkje? Det er akkurat det du treng til ein fasjonabel kveld på bydn etter fredabsbønen! Det er den perfekte gåve til kjæreste, syster, mor og niese. Og kanskje og ei kusine, om du vil?

Uansett har du ingen grunn til å vente, og om veggen heime er naken skadar det jo ikkje heller å kjøpe eit lite trykk?