tysdag 31. august 2010
Livet i 8 bit
Når livet passerar deg i revy, er det ikkje best at det gjer det i 8-bit? Då Gud først skapte verda var det trass alt i dette formatet. Og det var slik det var meininga at det alltid skulle vere. I Edens hage var alt i 8-bit. Og ein dag vil det verte det att. Så smak på livet i 8-bit.
måndag 30. august 2010
Pandaterror
Inntil vidare vil pandaar like å framstå som søte og hyggjelege dyr. Som fredelege og direkte nusselege jungelskapnadar som ikkje vil skade nokon. Men vi i motstdanden mot Pandamonium veit betre, og om ikkje noko vert gjort vil snart heile jordas befolking oppleve det blodige terrorregimets sanne natur på kroppen. På sine kontor:
På kjøpesenter!
Tilogmed på sjukehuset! Ingenting er heilagt!
Over alt vil dei breie seg, og forlange at vi - deira slavar, skal føye oss etter deira urimelege krav.
Vi må gjere kva vi kan for å hindre at dette hender! Vi må gjere motstand! Vi må ha klart for oss at pandaen er ein tyrann! Eit motbydleg vesen! Og ikkje eit søtt og godsleg dyr! Og utan oss er dei berre patetiske kryp, for som dei fleste tyrannar er dei hjelpelause utan sine undersåttar!
Ha dette i minnet når du legg din støvel mot deira hals, og rifle mot deira panne! Vi skal sigre over Pandamonium! Terrorregimet vil aldri kue oss!
torsdag 26. august 2010
Tybring Gjedde sitt Noreg
Formann i Oslo FrP, stortingsrepresentant Christian Tybring Gjedde, har i lag med Kent Andersen, eit styremedlem av Oslo FrP, forfatta ein kronikk i Aftenpoften som har vekt ein smule oppsikt i dag. Under tittelen "Drøm fra Disneyland" freistar dei to genia å vise sine intellektuelle musklar ved å definere norskheit med henvising til forvirra minner av ei oppvekst på 60-talet då det var færre mørkhuda menneske i landet vårt. Arbeidarpartiet har sluppen inn for mange framandfolk, insisterar dei på, og Noreg vert riven i fillebitar. Kronikken er ei vanvittig røre av halvfordøyde tankar og usamanhengande tankespinn, henta fram frå dei gode gamle dagar då FrP var eit erklært tomsingparti. Det mytiske Noreg skal her forsvarast frå minst like mytiske inntrengjerar.
Andre lar seg ikkje lure. Den vidkjende norskheitsforkjemparen, og tidlegare Vigrid leiar, Tore Wilhelm Tvedt, er kjapt ute i VG og forsvarar den omstridte FrP-toppen:
For Tore Wilhelm Tvedt er ikkje ein del av Tybring Gjedde sitt Noreg. Tybring Gjedde sitt Noreg er ein særeigen stad, berre han kjenner til. Ein stad som er så norsk, at norskheita truleg ikkje berre har tatt fysisk form, men og ein eigen kuriøs aroma.
Han hevdar å ha budd 11 år i utlandet, men det virker for meg som han har vore langt, langt vekke mykje lenger enn det. Ein mann som har tilbragt livet sitt i sitt eiga lille Noreg bør kanskje vere litt varsam med å uttalse seg om det Noreg vi andre lev i? Men kva veit vel eg... eg er nok berre ein bergensar!
"Vi er født og oppvokst i norsk kultur siden tidlig på 60-tallet, så kom ikke her og fortell oss at kulturen vår ikke finnes. Til tross for at Oslo-folk, nordlendinger, vestlendinger, og folk fra «oppibygda» og «nerribygda» har vært i konflikt i 1000 år, så har vi alle definert oss som norske. Og de som absolutt ikke vil være med på laget, har fått lov å stå utenfor og kalle seg bergensere. I all vennskapelighet."Hans kritikerar hoppa sjølvsagt i stolane sine etterkvart som dei last nedover det nedrige skrivet. Mellom linjane kunne ein lukte rasismen som alltid har ulma i FrP. Men nei, kontrar Tybring Gjedde - eg har jo hatt ein sånn dere pakkis, eg meinar pakistanar, som sambuar i to år. Ingen lurar på kvifor det vart slutt mellom dei.
Andre lar seg ikkje lure. Den vidkjende norskheitsforkjemparen, og tidlegare Vigrid leiar, Tore Wilhelm Tvedt, er kjapt ute i VG og forsvarar den omstridte FrP-toppen:
"Tybring-Gjedde har helt åpenbart en rasist inni seg, men han tør dessverre ikke å slippe han helt ut. Jeg mener han burde tørre å snakke åpent om at vi deltar i en rasekrig, men han er mye tydeligere enn representanter for de etablerte partiene pleier å være. Det fortjener han honnør for."Tvedt er ikkje åleine om å gje han støtte. Arne Tumyr, frå den klovnegruppa Stopp islamiseringen av Norge har og trykt FrP-toppen til sitt blaute bryst.
"Denne kronikken kunne vært skrevet av oss. Vi har blitt kalt rasister i årevis, og blitt forsøkt tiet i hjel. Derfor er det veldig gledelig at en representant for et av de etablerte partiene trer fram på denne måten. [...] Mange i Frp vil ikke ha noe med oss å gjøre, fordi de er engstelige for å bli støtt ut av det gode selskap, men vi ser på Tybring Gjedde som en viktig støttespiller. Denne kronikken bidrar til å gjøre våre standpunkter mer stuerene."Og dette må jo vi ivrige tilhengjarar av den sunne norske debatt vere glade for, men Tybring Gjedde stiller seg uforståande. Han veit ikkje kven dei er, seier han. Anar ikkje kven denne Tvedt er, og har aldri snakka med han. Han understrek dette.
For Tore Wilhelm Tvedt er ikkje ein del av Tybring Gjedde sitt Noreg. Tybring Gjedde sitt Noreg er ein særeigen stad, berre han kjenner til. Ein stad som er så norsk, at norskheita truleg ikkje berre har tatt fysisk form, men og ein eigen kuriøs aroma.
Han hevdar å ha budd 11 år i utlandet, men det virker for meg som han har vore langt, langt vekke mykje lenger enn det. Ein mann som har tilbragt livet sitt i sitt eiga lille Noreg bør kanskje vere litt varsam med å uttalse seg om det Noreg vi andre lev i? Men kva veit vel eg... eg er nok berre ein bergensar!
onsdag 25. august 2010
Multitalentets pytt-i-panne!
Eg har ein gong tidlegare i denne bloggen presentert dykk for det politiske mulitalentet Heidi Aleksandra Olsen, som har store planar om å verte president i Noreg og å rydde opp i all fattigdom og naud i verda. Ho veit korleis dei svoltne har det, veit du, for det er ikkje alltid ho kan sminke seg som ho vil. Og det er vel mykje det same? Etter den tid har ho stadig dukka opp i underlege situasjonar, gjerne der ho kritiserar andre for sin utsjånad og mangel på tre lag med brunkrem. Dette er ei jentunge som har så mykje for seg, og som seier så mykje interessant, at det er for mykje av det gode. Det vert simpelthen så mykje du har lyst til å seie, at det vert tyst. Alle orda samlar seg opp i ein kjedekollisjon ein stad i hjerna di.
Difor vart eg ikkje reint lite glad, då eg oppdaga at nokon for eit halvtår sidan hadde samla opp nokre av perlene i ein video. Så her er den, kos dykk.
Vi er sjølvsagt heilt i mot mobbing av slike geni. Lover.
Difor vart eg ikkje reint lite glad, då eg oppdaga at nokon for eit halvtår sidan hadde samla opp nokre av perlene i ein video. Så her er den, kos dykk.
tysdag 24. august 2010
Bakeren eller CIA?
Det var ein stille og roleg dag i Frankrike, 16. august 1951, og alle fred og ingen fare i den lille landsbygda Pont-Saint-Esprit. Stille og roleg, om du ser vekk i frå den unge postmannen som brått fekk ei kjensle av å krympe, og å brenne, og at slangar bretta seg rutt armane på han. Han var i godt selskap, fleire andre i bygda byrja å oppføre seg merkeleg. Merkelegare enn den gjennomsnittlege franskmann, i det minste, og fleire måtte tauast inn og bindast fast til sengene medan dei ropte om insekt og snakkande skyer, og gudane veit kva anna. Det heile haldt framt og breidde seg ut i byen dei neste dagane. Den eine, etter den andre, byrja å hallusinere og å opptre som klovner i gatene.
Skulda vart lagt på den lokale bakaren. Legane meinte at det hadde gått sopp i brøda hans, og at dette hadde forårsaka hallusinasjonane. Andre, av meir konspiratorisk tilbøyligheit meinte CIA hadde testa LSD på befolkinga i den lille bygda. At slik syre vert forringa av bakeprosessen er inga hindring, for CIA kunne ha pensla brøda etter baking!
Desse teoriane er det BBC er på banen att med no. Og eg tar meg sjølv i å undrast i kvifor dette er dei einaste to aksepterte løysingane? Det trass alt franskmenn det er snakk om her, og vi snakkar kanskje likevel med heller seigliva syfilis i sine siste stadier. Det kan for all del vere bakaren som har smitta dei alle saman, anten med brødet eller pølsa si, men sist eg sjekka så var det helst herpes fransk bakverk spreidde.
Ikkje at eg skal anklagast for å ha fordommar mot franskmenn. Eg har ein venn som er fransk.

måndag 23. august 2010
Fornying av garderoba
Det er haust. Det er eit nytt semester. Nye studentar og nye utfordringar. Det skulle berre mangle at eg ikkje òg fornya meg sjølv! Ein frisk start! Ein ny giv!
Som føglen føniks må ein stige på ny ut av aska, som eit nytt og betre menneske, klar som eit egg. Fersk som eit gulpande speborn!
Og ein slik metafysisk nyføding, må ein komplementere med ein parallell reell og materiell nyføding. Ein må konkretisere den nye given, den nye starten, det nye semesteret på eit fysisk vis. Og korleis betre gjere det enn å sprite opp garderoba litt? Nye klede på kjøpast inn.
For ein stilfull mann som meg sjølv, som sett den gode smak, danninga og presentabilitet i førarsetet. Ein ekte mulla er ein gentleman, og må kle seg deretter. Stilreint og elegant er stikkord. Modent og evigvarandre. Det er "moteuttrykket" som ein satsar på.
Dette er sjølvsagt ikkje lett i dagens samfunn. Dominert som det er av dongeri- og joggebukser, onepiece og crocs. Likevel er det eit verdig tiltak å kle seg etter sin stand, om ikkje over. Å kle seg så pent at ein aldri treng å beklage sin utsjånad. Å kle seg med respekt for dei menneska ein møter. Å kle seg på eit vis som uttrykk det danna mennesket ein er.
Difor vart eg veldig glad då eg endeleg fann det perfekte haustantrekket online.
Så no er eg klar for hausten folkens! I likskap med alle gutar frå 3 til 12 år, som snublar over denne sida.

fredag 20. august 2010
Lovecraftdagen
Det er ikkje mykje som skal verte sagt i dag. Det er ein dag der ord vert fattige. For orda, var det berre ein mann som kunne meistre.
Det er i dag 120 år sidan H.P. Lovecraft vart fødd. Ein av mange profetar som har vandra på denne kloda. Ein profet som såg universet som det var, i all sin grusomhet. Og som avslørte menneskets sanne verdi i det store biletet - ingen.
Ïa! Ïa! Providence sin store son!
(Biletet er av Bruce Timm, så veit de det)

torsdag 19. august 2010
Passfoto er ikkje lett, nei!
Det stilles ganske så mange krav til det perfekte passbiletet, og det er ikkje alt som kjem gjennom nålauget hjå politiet. Her skal ein vere varsam med bekledning, brillar og frisyrar. Sjølv ein vakkar skjeggpryd må ein vere varsam med i nokre omstende. Du må hugse å sjå rett i kamera, og du må ikkje blunke. Du skal heller ikkje smile for mykje, men det er heller inga gravferd. Og kameraet, ja, det må ha ein bein vinkel - nokre skeive kunstverk er ikkje av interesse for ordensmyndigheita. Og la oss ikkje gløyme at biletkvaliteten må vere god. Ditt gjennonsnittlege mobilkamera er nok ikkje bra nok, og du ska vere varsam med eldre kamera og fotobokser. Resultata kan vere så som så, og misfargingar på biletet er ikkje noko ein vil ha.
Det opplevde nyleg ein amerikansk statsborgar, då passfotoet han ville ta i bruk viste seg å ha eit heftig gult skjær, som måtte avvisast. Biletet vart sendt i retur i lag med avslagsbrevet, med klar instruks om å prøve på ny. Trykk på biletet for å lese brevet i sin heilskap.
Betre lukke neste gong?
(Via I am bored)

onsdag 18. august 2010
Sionistballongar
"The first sentence will be that the Jewish family is the ultimate response to the Western crisis of isolation and lack of affection."Den unge sionisten er klar på kva den objektive, leksikale definisjonen av det jødiske ekteskapet er etter å ha vore på Wikipediakurs. Om kanskje ikkje forståinga av leksikonartikkel er det dei tar med seg frå kurset, så skal ein ikkje kimse av den brennande ivaren kursdeltakarane har hatt. Kven bryr seg vel om objektivitet når sionismens kamp for hegemoni i midtausten no skal utkjempast i "flame-wars" på Wikipedia.
Den som klarar å sabotere flest artiklar med å propagandere vinn ein tur i ballong i Israel, ein sionistballong, sponsa av to sionistiske organisasjonar, melder Haaretz.
Initiativtakarane til kurset og konkurransen over at Wikipedia ikkje fremjer deira sak, og at dette skadar Israels omdømme internasjonalt. Så dette skal dei kontre med utsegn som dette over.
Eg veit ikkje om dei har fått med seg dette, men dei som held kurs i å skrive Wikipedia-artiklar burde kanskje tenkje over at det ikkje hjelp sionismens omdømme å starte kampanjar for å sabotere artiklar med grunnlause påstandar av typen over. Om resten av redigeringane dei planlegg er av same type, vil dei nok verte kjapt redigert ut av dei øvrige redaktørane.
Så får dei vel heller berre klage over at verda er i mot dei. Objektivitet og leksikale sjangarkrav er i mot sionismen. Stakkars.
Men for all del, kva gjer ein ikkje for ein ballongtur over Israel... lurar på om eg skal bli med.
måndag 16. august 2010
Luftskip!
Luftskip! Ordet åleine gjer meg ein smule yr.
For nokre få år sidan dukka Ken Levine opp med eit artig lite spel, kalla Bioshock. Det gjekk føre seg i ein alternativ verd der ein Andrew Ryan (les Ayn Rand) bygde ein by under havet der andre skapande menneske kunne bu - fri frå skattar og religion. Eit objektivistisk paradis. Som snart vart eit helvete. Med flott art deco-interiør. Spelet var ein stor suksess, og fekk snarleg ein oppfølgjar der såkalla "kollektivistar" var skurkane, men dette hadde ikkje herr Levine så mykje å gjere med. Han var opptatt med eit anna prosjekt, ein annan stad i verda. Det skulle vere stort, og rykta gjekk i retning av både X-Com og Syndicate.
Og no dukka namnet hans endeleg opp att knytta til eit reelt prosjekt, med lansering tenkt til 2012. Og det er pinadø eit nytt Bioshock, med ein viktig vri.
Ja! Luftskip! Opp frå havet med serien til enorme luftskip og STEAMPUNK!
Eg siklar. SIKLAR

søndag 15. august 2010
Vader og Luke
Dei fleste av mine leserar har fått dette med dykk allereie, og eg legg dette ut først og framst for å hive ut noko i årets mest hektiske periode her i garden. Det er travle tider, men ikkje så travle at ein ikkje får med seg ein Star Wars-relatert godbit som dukka opp denne helga på Star Wars Celebration 5.
I det originale manuset av Return of the Jedi, og på det utvida soundtracket som vart tilgjengeleg på slutten av 90-talet, finn ein ei scene der Darth Vader strekk seg ut mot sin son med krafta, medan son sin fullførar det siste steget på si utdanning som Jedi - han bygg sin eigen lightsaber. Scena har aldri blitt vist.
Før denne helga. Og om du ikkje har sett den enno, så er den her. Vonar alle har hatt ein god helg. Må krafta vere med dykk.

onsdag 11. august 2010
Desse unemnelege folka...
Det er noko vi alle kjenner på oss, men som vi ikkje vil snakke om. Det er ikkje rett å snakke om det, det er ikkje høfleg. Ein skal jo ikkje snakke stygt om andre. Ein skal ikkje seie noko negativt om utsatte grupper i samfunnet. Det er simpelthen slikt ein ikkje gjer.
Ein skal ikkje innrømme at ein helst ikkje vil møte dei på fortauet. Ein vert nervøse, og føler ubehag. Ein går kanskje tilogmed over gata for å unngå det. I det minste vil ein ikkje møte blikket deira når ein smetter seg gjennom flokken. For dei er sjeldan einsame, det er alltid tre eller fire av dei på gatehjørnet som står og preikar i lag. Kanskje du er tynga ned av dårleg samvit, og du prøver å sjå dei i auga, men det går aldri. Det betrar ikkje samvitet ditt, og du klarar aldri å halde blikket der. Nei, for du er redd. Du vert redd av det du ser i dei mørke auga deira.
Betre er det ikke på butikken og andre stadar der gjerne hamnar bak dei i køen. Du lar deg sjølv irritere. Du veit du ikkje skal. Første steg er det generelle ubehaget du føler av å ha dei i nærleiken. Det neste er fordommane som snik seg inn, du forestiller dei som kriminelle, dei er tjuvar, der for å lage bråk. Irritasjonen når høgdepunktet når dei når fram til kassa og luka - dei klarar ikkje å gjere seg forstått på norsk, og forvirring oppstår. Papir vert knota med og mista, pengar ramlar til bakken og mynter vert telt opp ein etter ein.
For ikkje å snakke om kollektivtransporten. Her er dei alltid å finne. Dei forårsaker forsenkingar og generelt ubehag for alle passasjerane. Her er dei gjerne òg aggressive mot både sjåførar og passassjerar. Kor ofte har vi ikkje opplevd at særleg sjåførane får tilsnakk når han eller ho prøver å få dei til å oppføre seg? Kor ofte må ikke bussar stogge for å kaste dei av?
Og la oss ikkje ein gong byrje på lukta...
Du veit det er gale. Du veit du ikkje skal føle det slik. Men landet er fullt av narkisar og knarkerar, og dei er over alt. På gata. På butikken. I nabolaget der du bur. Dei luktar ille, og er innpåslitne. Dei er til skam for heile samfunnet. Og vi kan ingenting gjere med dei. Vi får heller ikkje lov til å seie kva vi meinar.
I motsetnad til all den driten innvandrerar, særleg muslimar, må høyre om seg sjølv. Særleg frå Oslofolk. Kva faen er det for noko? Skjerpings. I resten av landet veit vi kven som er landeplaga, og det er ikkje våre nye landsmenn, det er våre gamle.

tysdag 10. august 2010
Ein ukjend film i Star Wars-serien
Dei fleste med nokonlunde velutvikla smak likar Star Wars-filmane, i det minste dei tre som utgjer den originale trilogien. Dei same menneska vil uttrykkje ein viss forakt, om enn prega av galgenhumor, når det kjem til Star Wars Holiday Special, den heller spesielle TV-filmen satt til Star Wars-universet, som ingen vil vedkjenne seg. Som ein av dei som faktisk har sett denne filmen, meir enn ein gonger, forstår eg veldig godt kvifor Lucas & Co helst vil late som om den ikkje eksisterar, og eventuelt skyte dei som distribuerar dei kopiane av den som eksisterar. Det er i denne filmen alles favoritt dusørjegar, Boba Fett først dukkar opp, og skulle gjere folk spente på hans rolle i den komande Star Wars-oppfølgjaren The Empire Strikes Back.
Men kva om det fantes enno ein Star Wars-film, ein film enno færre kjende til og som introduserte ein heilt annan av dei ikoniske karakterane? Kva om 20th Century Fox ville fange eit svart urbant publikum med ein eigen film satt til Star Wars-universet som appelerte i større grad til dei? Det er her Frederick Jackson kjem inn i biletet, ein svart filmentusiast med ein idè, ein visjon om du vil, og ballane til å gjennomføre. Kan han faktisk ha klart å lage ein slik film? Det er det denne korte dokumentaren prøver å få svar på, og sjå alle delane før de ser den ferske godbiten eg har lagt ved til slutt.
Dette er jo banebrytande saker, ikkje sant? Og her er den beste delen - nyleg vart den originale traileren for Black Star Warrior funnen og restaurert. La meg presentere, Lando Calrissian slik han først vart visualisert.
Filmhistoria har aldri sett betre ut! Og jakta held fram på nye scener frå Black Star Warrior, følg med på www.LandoIsTheMan.com!
Men kva om det fantes enno ein Star Wars-film, ein film enno færre kjende til og som introduserte ein heilt annan av dei ikoniske karakterane? Kva om 20th Century Fox ville fange eit svart urbant publikum med ein eigen film satt til Star Wars-universet som appelerte i større grad til dei? Det er her Frederick Jackson kjem inn i biletet, ein svart filmentusiast med ein idè, ein visjon om du vil, og ballane til å gjennomføre. Kan han faktisk ha klart å lage ein slik film? Det er det denne korte dokumentaren prøver å få svar på, og sjå alle delane før de ser den ferske godbiten eg har lagt ved til slutt.
måndag 9. august 2010
Løyndomar og ein pris.

Og apropos dette spelet, så var det blant dei nominerte då ENnie-prisen skulle delast ut på GENcon i Indianapolis denne helga. Victoriana 2nd edition, som er dels forfatta av denne Bjørkelo, var nominert i kategorien for beste forfattarskap, blant mange andre verdige bidrag. Det er ikkje med lite glede at ein på laurdags morgon kunne motta nyhenda om at Victoriana 2nd edition vann sølv-ENnie for "Best Writing". Dette kan de sjølvsagt feire ved å kjøpe boka, og resten av serien. Fleire er under produksjon i skrivande stund, så det er berre å stålsette dykk for nye eventyr i Londons tåkefullte gater. Og du er helten.
Kva ventar du på? Spring og kjøp!
fredag 6. august 2010
Eit nederlag for demokratiet
Vi må diverre meddele at år republikanske guvernørkandidat i Tennessee har måtte medgje tap i eit meir eller mindre demokratisk val. Mannen som tok oss med storm, og som inspirerte sjølv son sin til å verte involvert, klarte ikkje - etter tala å døme - å få sine veljarar ut av sofaen. Det er ein trist-trist dag, når ein retorikar som Basil Marceaux (Dått kåm) ikkje kan vinne eine og åleine på klår og tydeleg språk og politikk. Berre sjå på han, sikker som han var i sin siger, under oppvarminga til den siste debatten.
Merk med kor stor slagkraft han slår fast at demokratar ikkje bør få stemme ved eit val, merk korleis han avslørar mengden seriemord i trafikkryss. Demokratiet har mista den einaste mannen som kunne ha redda det.
For denne gong, han er attende om fire år folkens! Lenge leve Basil Marceaux (Dått kåm)

onsdag 4. august 2010
Basil Marceaux senior & junior
På måndag hadde eg den store gleda å introdusere dykk for den nye stjerna til å lyse opp den poitiske nattehimmelen i USA, den republikanske guvernørkandidaten i Tennssee, Basil Marceaux (Dått kåm), som med sin motstand mot slaveri i trafikkryss har blitt skutt ut i medias søkjelys. Han har ikkje kvilt på sine laurber, men lansert fleire nye videoar og stilt opp til fleire intervju. Som dette, der han utdjuper korleis han vil bøteleggje dei som ikkje går med våpen.
Han har òg tatt på seg bryderiet med å forklare sitt syn på miljøvern... trur vi.
Kven kan stå i mot eit slikt retorisk talent? Han bankar laus det eine poenget etter det andre, og fastslår sin suverenitet som kandidat med ei enorm styrke. Og berre sjå på hans ferske offisielle kampanjevideo!
Eg vert fullstendig mållaus i møte med dette. Hadde vi berre hatt ein Basil Marceaux (Dått kåm) i Noreg, i stadenfor Jens Stoltenberg! Ja, då hadde det blitt andre bollar.
Det er jo ikkje så vanskeleg å sjå for seg korleis Basil Marceaux (Dått kåm) inspirerar dei rundt seg til handling. Og det er difor heilt naturleg at hans son, og kampanjeansvarleg, Basil Marceaux junior òg har kasta seg hovudet først inn i politikken. Hans mål er statskongressen i Tennessee. Han har enno ikkje lansert noko video, men av prinsipprogrammet hans kan vi lese den same politiske vidd og retoriske kløkt som hjå faren. Han er frykteleg opptatt av utdanning, noko som er naturleg for slike lærde menneske, og han er opptatt av biltrafikken. I motsetnad til sin far er han ikkje så opptatt av slaveri i trafikkryss som han er av bilforsikring. Inspirert av Obama tydlegvis vil han gjere bilforsikring tilgjengeleg for alle, ikkje berre dei som har råd til det. For dei som ikkje har bilforsikring vert kriminelle.
Aldri før har vi vore vitne til eit slikt politisk radarpar. Varsku her - har vi endeleg ein far + son kombinasjon som bankar George Bush senior og junior ned i støvlane? Eg trur det. Likskapane er openbare, forskjellen er at far og son Marceaux er i kontakt med grasrot. Dei er folk flest - berre flinkare til å ordleggje seg, og å tenkje politiske tanketing.
Eg sitt no her, langt unna og heiar på dei. Går det an å donere monopolpengar til dei gjennom Paypal?

"I would like to make sure car insurance is available to everyone not just the people that can afford it. Because right now we've got people that can't afford car insurance but they need to work and support their families so they are forced to drive with out insurance and here come the tickets and fines that they do not have the money to pay so there goes their license. But they still have to drive to work with out insurance or a license but this time no tickets will be given the police take them to jail. Car insurance being mandatory makes it really hard for the people that can't afford it to work. That’s why the crime rate and the number of people on food stamps have gone up tremendously. It is a lot easier to steal and let government pay for your food then to go through all the hassle of driving."Skjønner? Av denne grunn foreslår han at bilforsikring ikkje lenger skal vere obligatorisk, og at folk må betale for skadane dei gjer sjølv. Og så får dei heller ikkje gjere skade. Det neste avsnittet vart simpelthen for avansert for oss her i moskeen... men kløktig var det. Som resten av programmet hans.
Aldri før har vi vore vitne til eit slikt politisk radarpar. Varsku her - har vi endeleg ein far + son kombinasjon som bankar George Bush senior og junior ned i støvlane? Eg trur det. Likskapane er openbare, forskjellen er at far og son Marceaux er i kontakt med grasrot. Dei er folk flest - berre flinkare til å ordleggje seg, og å tenkje politiske tanketing.
Eg sitt no her, langt unna og heiar på dei. Går det an å donere monopolpengar til dei gjennom Paypal?
tysdag 3. august 2010
Tradisjonell stressmeistring
Stress har blitt ein sentral del av det moderne livet. Du er ikkje eit menneske om du ikkje er stressa - det er eit symbol på at du er produktiv og at du gjer noko med livet ditt. Stress er diverre òg ganske så skadeleg, det er simpelthen stressande for systemet. Og det er ei relativt ukomfortabel kjensle. Difor er det òg essensielt å finne eit vis å få utlaup for denne stressen. Stressmeistring som det heiter.
Nokon tyr til meditasjon og trening, til valdsspel og konedenging, andre til sex og masturbasjon. Alle utmerka vis på å få ut alle dei negative effektane ved å vere eit moderne stressa menneske. Nokre enkle tradisjonelle tankeøvingar kan òg hjelpe deg med stress, som denne dama forklarar.

måndag 2. august 2010
Basil Marceaux (Dått kåm), ein vassekte politikar
Båe delstaten Tennessee og det republikanske partiet har gjett oss ein del verkeleg interessante tilfeller av menneskearten oppgjennom åra. Og no medan republikanarane står klar til å plukke opp restane av eit impotent demokratisk parti, og ein forfjamsa kenyanar i Det kvite hus, er det godt å vete at dei stiller med det beste dei har. Som til dømes i guvernørvalet i Tennessee, der Stephen Colbert har sett seg ut to solide kandidatar.
Det er sjølvsagt Basil Marceaux (Dått kåm), som segler opp som ein klar favoritt her. Og det med god grunn for alle som har studert hans politiske karriere. På sin CV kan han skryte av å tenestegjort som marinesoldat (og vi antar at han her stilte hovudet sitt til disposisjon som skjold mot slagvåpen), han har saksøkt guvernøren for å fremje slaveri (ved trafikkryss), og saksøkt strengt tatt halve Tennessee for det same. Han har retta opp eit flagg. Og han har stilt til val som guvernør tre gonger, statssenator fire gonger og ein gong til det amerikanske senatet. Kva meir kan ein vente seg av ein kandidat? Formidlingsevne? Karisma? Intelligens? Nei, sjå kor gale det går når ein satsar på slikt med Obama. Dette er den neste George W. Bush, dersom Bush var i mot slaveri ved trafikkryss.
Det politiske programmet til Basil Marceau (Dått kåm) er imponerande lesnad. Ikkje minst fordi det er umogleg å forstå, men det kjem klart fram at han tykkjer at slaveri ved trafikkryss er ein fæsleg ting. For dei som ikkje har tid til å lese heile dokumentet har han sørga for å gje oss ei solid oppsummering:
The Colbert Report | Mon - Thurs 11:30pm / 10:30c | |||
Republican Gubernatorial Primary Battle Watch '010 - Tennessee | ||||
www.colbertnation.com | ||||
|
Det politiske programmet til Basil Marceau (Dått kåm) er imponerande lesnad. Ikkje minst fordi det er umogleg å forstå, men det kjem klart fram at han tykkjer at slaveri ved trafikkryss er ein fæsleg ting. For dei som ikkje har tid til å lese heile dokumentet har han sørga for å gje oss ei solid oppsummering:
søndag 1. august 2010
Trollmannens læregut
Eg har vore og sett film i helga, og eg føler eg må forklare kvifor. Først kom Goethe, den tyske Gaute, med diktet Der Zauberlehrling, Trollmanens læregut, eller The Sorcerer's Apprentice om du vil på engelsk. Diktet, truleg delvis inspirert av greske Philopseudes, fortel om læreguten til ein trollmann, som vert etterlatt åleine med oppgåve om å gjere reint. Han nyttar magi for å få koster og kluter til å jobbe for han, men det går sjølvsagt gale. Historia vart seinare gjort om til eit symfonisk dikt av Paul Dukas, som i neste omgang forma basis for Disney si filmatisering av den i Fantasia (1940), og seinare i Fantasia 2000.
Lite med dette å gjere har Hanns Heinz Ewers, som i 1910 gav ut sin debutroman med namn Der Zauberlehrling. Ei fabelaktig soge som absolutt er verdt å lese, og som er tilgjengeleg i ei engelsk omsetjing. Boka introduserar den djevelske Frank Braun, ein mephisto-aktig karakter som manipulerar, for moro skuld, eit lite religiøst samfunn i Italia. Dette har absolutt ingen ting med saka å gjere, anna enn at den berer same namn som vårt tema, og er høgt på lista over dei beste romanane ein har lest her i moskeen.
Det nyaste skaparverket som berer tittelen Trollmanens læregut, er frå Disney, er produsert av Jerry "Big Explosions" Bruckheimer, og har Nicholas Cage i hovudrolla. Alt er på plass for ein real katastrofe av ein film. Men då eg hadde fått gratisbilettar til premieren, og allereie hadde fått med meg at dei ville attskape scenene frå Goethe og Fantasia (med Paul Dukas sin musikk). Så dette ville eg sjå.
Filmen byrja, som filmar flest, med litt vel mykje bakgrunnsforteljing for at vi ikkje skal miste heilt tråden (vi er trass alt dumme i 2010), og creditsane i byrjinga av filmen gav oss det første teiknet på at dette ville gå gale. Ei lang liste over "manusforfattarar". Det er ei kjensgjerning at jo fleire kokkar, jo meire søl, og dette gjeld òg i Hollywood, der eit godt manuskript gjerne må gå gjennom ganske mange hender før det vert akkurat flatt og meiningslaust nok for at produsentane vil gå god for det. Dette er sjølvsagt òg tilfelle med denne filmen. Filmen er formulaisk nok; for fleire mannsaldre sidan kjempa snille Merlin mot slemme Morgana, ein av hans lærlingar var snill, og ein av dei var slem og forrådte dei. Merlin døyr og slemmingane vert fanga i eit fengsel, og det vert spådd at nokon skal ta Merlin sin plass i framtida og gjere slutt på slemmingane. Hopp fram til 2000 og deretter 2010, snill nerdete gut med jentetrøbbel er den utvalte, og må motvillig lære seg magi og i løpet av nokre få økter vert han verdas mektigaste magikar akkurat i tide til å redde verda. Hurra.
Ikkje originalt for fem flate ører. Og akkurat det ein hadde venta seg når ein gjekk inn i salen. Eg hadde simpelthen forventingar om at det ville verte ein smertefull filmoppleving, og difor er det alltid ei gledeleg overrasking når det viser seg at filmen er middelmådig! Det vert faktisk rett så artig med middelmådige filmar no om dagen, og eg var underhaldt heile vegen, sjølv om eg ikkje vart utfordra. Lo gjorde eg òg. Ganske så mykje til tider, med både henvisingar til Magic: The Gathering og 777. Ja, nokre godbitar tydar tilogmed på at ein av dei mange manusforfattarane som var innom faktisk kunne noko om okkultisme... ikkje mykje, men noko var det no både her og der. Overskugga sjølvsagt av populærkulturelt tøv og sludder i rikeleg mon. Om eg skulle samanlikne det heile med noko? Neverending Story. Ja, eg veit, eg tråkkar på ein del tær, men det er mykje av det same dette. Og så flyr dei på umoglege, svære dyr. Og det er alltid kult. Eg trur det var det som gjorde det. Det og ryggsekken til gutungen i 2000.
Så no lurar de sikkert på korleis de vart med vaskescena. Var eg nøgd? Ja, må jo seie det. Dei klarte faktisk å attskape Disneysekvensen med mykje av sin sjarm. Det skal dei ha.
Og forresten, jo mindre vi seier om skodespelarprestasjonane, jo betre. Nicholas Cage har blitt så dårleg etterkvart at det er morosamt i seg sjølv. Og sjølv ikkje Alfred Molina kan redde denslags.
Så, der har det dèt folkens, litt om Trollmannens læregut, og mine inntrykk av den siste versjonen. Bør du springe å sjå den? Det veit eg verkeleg ikkje. Ikkje om du er kresen på filmane dine. Om du keiar deg og berre vil kaste vekk tid, så gå gjerne. Har du lite pengar? Spar dei til Tron: Legacy. Det er mitt store von for filmåret 2010.

Abonner på:
Innlegg (Atom)